TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Stor stemning blant både safkokarar og andre sognignar. Sju poeng på dei tre siste kampane gjer at nedrykksstriden akkurat no ikkje er eit tema i saftbygda.
Sogndal vinn 2-0 i ein middels kamp på Fosshaugane Campus. Odd var kanskje det beste laget, men dei var dårlege framfor mål. Kanskje og grunna eit sogndalforsvar som kjempa Odd sine angriåarar i senk.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+5'
Odd held fram trykket.
90+4'
Feilkast frå Gunnarsson.
90+3'
Ny god sjanse til Odd. White dreg seg fri frå kant og slår inn, men Dahlin er igjen god og snappar ballen rett framfor ein oddspelar.
90+2'
Lagt til 5 minutt.
90+2'
God sjanse igjen for Odd. innlegg som Güven nesten når opp på.
90+1'
Valsvik skyt over.
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Frsipark til Sogndal på ca. 25 meter.
90'
Innlegg frå Gunnarsson og Johnsen får heada, men over.
89'
Igjen får Odd ein god sjans til avslutning i boksen, men skotet frå White er dårlig og går utafor.
88'
Odd spelar framleis bra, men når dei nermar seg 16-meteren så stoppar det opp.
86'
Spillerbytte
86'
2806 tilskodarar på Fosshaugane Campus i dag.
85'
Hjørnespark
Dahlin fangar ballen og spelar ut.
83'
Seks gule kort i denne kampen som langtifrå har vore stygg.
83'
Gunnarsson slår inn men Dahlin fangar rett framfor Krogsgård.
82'
No vert det tøft for Odd.
81'
Mål!
2-0
Då er det nok avgjort på Fosshaugane Campus. Eit frispark vert slått inn i feltet og etter mykje klabb og babb sett Skaasheim ballen i mål.
80'
Gult kort
80'
Dårlig klarering av Per Egil Flo som gjer at Odd held oppe trykket og Shala får til slutt avslutta. Desssvere for skienslaget har avslutningane i dag vore dårlige.
79'
Spillerbytte
79'
Innlegg frå Krogsgård ogGüven prøver seg på eit saksespark, men treff ikkje ballen.
78'
White kjem rundt på kant og får slått inn, men avslutningane er dårlige frå Odd i dag.
77'
Frispark til Sogndal som Valsvik headar, men like utafor.
77'
Semb taklar Karadas og Sogndal får frispark, men det er Semb som ligg nede med smertar etter taklinga.
76'
Er oppe igjen men virkar svimmel.
75'
Bolseth nede med hovudskade. Spørs om han kan halde fram.
74'
Spillerbytte
73'
Gult kort
Får kort når han hindrar ein overgang.
73'
Hjørnespark
Ulrik Flo får klarert.
72'
Hansen fangar ballen og set i gang kjapt.
72'
Nytt kast for Sogndal.
72'
Odd klarerar det langt innkastet til Teniste.
70'
Ulrik Flo ligg nede. Har fått seg ein i ansiktet etter ein duell i feltet.
70'
Kast til Sogndal på høgd med 16-meteren. teniste skal kaste langt inn og Sogndal har skapt in del på dette i dag.
69'
Endar med at ballen vert spelt tilbake til Hansen i oddmålet.
68'
Frispark til Odd som Shala skal slå inn i feltet.
66'
Gult kort
Karadas er på ball men viser knottar. Litt overspeling av oddspelaren også gjer at publikumet på Fosshaugane er i harnisk.
65'
Før corneren var det eit godt skot av Shala og ein god redning av Dahlin som måtte ut i full strekk.
63'
Hjørnespark
Holsæter klarerar.
62'
Stuss frå Valsvik på kastet til teniste. Bolseth har sprunge seg fri og skal bare stange ballen i mål, men bommar og ballen sklir av pannebrasken. Der skulle det stått 2-0.
62'
Innkast til Sogndal på høgd med Odd sin 16-meter.
60'
White dreg seg fri i boksen og spelar 45 grader ut. Der er ingen og Bolseth får klarert. Odd nermar seg.
58'
Kampen står og vippar no. Sogndal er betre enn i fyrste omgang og det neste målet vert nok veldig avgjerande.
57'
Frsipark til Odd som skal slås inn i feltet.
56'
God sjanse for Sogndal. Lang ball til Ulrik Flo som får tatt ned ballen i feltet og avslutta. Hansen er derimot med og held skotet som ikkje er for godt plassert.
55'
Spillerbytte
54'
Sogndal peressar mykje høgare denne omgangen og tempoet i kampen er mykje betre.
53'
Farlig med Sagna får avklara.
53'
Spillerbytte
53'
No er det Odd som får eit frsipark i farlig posisjon. Shala skal slå.
51'
Frisparket vert slått inn og fleire spelarar går på ballen. Vanskelig å sjå kven som avsluttar, men ballen går i stolpen og etterpå gjer Hansen ein feberredning.
50'
Frispark til Sogndal no. Per Egil Flo skal slå innover.
49'
Gult kort
Hindrar ein overgang.
49'
Shala krigar til seg ballen på kanten av 16-meteren. Slår inn og der får oddspelarane to til tre sjansar før Frode Johnsen skyt i nettveggen frå seks meter.
48'
Jonassen prøver seg på sida, men innlegget går ut over kortlinja til utspark for Dahlin.
47'
Karadas bryt og prøver seg frå 20 meter, men skotet er elendig.
46'
Odd startar med ballen, men Sogndal bryt kjap med eit høgt press. Får vi sjå eit anna sognalag i denne omgangen? Første omgang hadde dei eit veldig lågt press.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal på bana. Vi ventar på Odd.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Eit minutt lagt til.
45'
Sogndal held fram og Ulrik Flo får gå opp å heade, men avslutninga er for dårlig.
45'
Ufortent av Sogndal er i leiinga, men i ein kamp der avslutningane har vore svake er det Mane sin enkeltprestasjon som er tunga på vektskåla så langt.
43'
Mål!
1-0
Eit fantastisk mål av Mane! Akkurat som mot Brann dunkar han ballen over muren, men denne gong er ballen endå meir klistra i vinkelen.
42'
Mane står klar til å skyte.
42'
Mane får frispark på ca. 20 meter frå målet til Hansen.
41'
Sogndal er veldig tafatte og Odd får leikeseg framover. Samuelsen slår ein lekker flikk til Eriksen som legg inn, men avslutninga til Oldrup Jensen er svak.
39'
Odd kontrar og Dahlin får kasta seg rett forran Güven som berre skal breiside ballen i mål.
38'
Hjørnespark
Godt slått, men Hansen plukkar lett.
38'
Like etter har Sogndal ei god overgang, men innleggt frå Holsæter går bak mål.
36'
Ny god sjanse for Shala. Odd spelar fint og Johnsen leg gtil rett for Shala igjen på 16 meter, men denne gongen går avslutninga rett på Dahlin.
35'
God sjanse for Shala. Han kjem seg fri på 16 meter og skyt like til side for Dahlin. Odd best no.
34'
God sjanse for Odd, men Fevang hedar over. Det var blåst frispark i situasjonen også.
32'
Blir slått kort og endar i kast på motsatt side.
32'
Nytt frispark til Odd.
31'
Blir slått inn og til slutt får Fevang avslutta. Kunne blitt farlig då ballen tok i ein spelar og skifta retning, men Dahlin var på rett plass.
30'
Frispark i god posisjon for Odd.
30'
Gult kort
For sein i duellen med Güven.
29'
God sjanse igjen til Sogndal då Eriksen slår ein katastrofal tverssoverpasning. Karadas kjem ein mot ein mot Fevang, men rotar vekk moglegheiten.
27'
Så ein god sjanse for Sogndal. Mane kjem rundt på vingen og får slått inn. Karads er like høgt som Hansen som får ei hand på ballen. Får også frispark i situasjonen.
26'
Ballen går i armen på Valsvik og Odd skrik på straffe. Det skulle det nok også vore.
25'
Odd det beste laget så langt, men telemarkingane har endå ikkje spelt seg til nokon store sjansar.
23'
Sagna klarerar og Odd spelar tilbake til Hansen.
23'
Innkast til Odd på høgde med 16-meteren til Sogndal.
22'
Godt slått, men Frode Johnsen stangar ut.
21'
Per Egil Flo skal curle ballen innover.
21'
Frispark til Sogndal i god posisjon no.
21'
Veldig mange dødballar så langt i kampen. Begge laga er sterke i lufta så det har vore mykje kriging i boksen. Lite sjansar derimot ut av dødballane.
18'
Relativt kjedelig kamp så langt.
18'
Odd bygger opp mot høgrekanten og Samuelsen får slått inn. Innlegget er derimot veldig dårlig og går bak mål.
16'
Odd får trille ein del ball for Sogndal ligg veldig lågt.
15'
Valsvik får avslutta, men Hansen er med på notane.
14'
Hjørnespark
Hansen boksar igjen, men Sogndal kan bygge opp på nytt.
13'
Hjørnespark
Hansen boksar til ny corner.
13'
Farleg sjanse for Odd. Guven vert spelt gjennom og han er mykje raskare enn Næss Lund. Dahlin er ute og får klarert før Guven.
12'
Hjørnespark
Etter litt klabb og babb endar ballen hjå keeper Dahlin.
11'
Hjørnespark
Ny corner.
10'
Hjørnespark
Ulrik Flo får stussa rett forran Fevang som nok hadde satt inn den der.
10'
Fevang stussar og heldigvis er Hansen parat og fangar ballen.
10'
Innkast til Sogndal no. Teniste skal kaste langt.
8'
Begge laga slit med å bryte seg gjennom. Solide forsvarspelarar i begge endar.
8'
Begge laga slit med å bryte seg gjennom. Solide forsvarspelarar i begge endar.
7'
Sogndal klarerar, men Odd vinn ballen tilbake og byggjer opp på nytt.
7'
Innkast til Odd som Eriksen skal kaste langt inn i feltet.
6'
Senegalesaren er ein viktig mann for Sogndal og publikum klappar då han reiser seg og held fram kampen.
6'
Nemnte Mane ligg no nede med ein skade.
5'
God sjanse til Sogndal. Mane rundar Jonassen og slår inn, men Odd får klarert.
4'
Sogndal klarerar ut.
3'
Frispark til Odd ti meter inn på Sogndal sin banehalvdel.
3'
Det er Sogndal som har ballen mest i byrjinga her.
1'
Hjørnespark
Odd klarerar, men Sogndal slår ballen inn igjen. Karadas blir dytta over ende og sogningane skrik på straffe, men det ville nok vore billig.
1'
Hjørnespark
Ny corner.
1'
Sogndal med avspark og Valsvik dunkar ballen opp på Karadas.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og om ein 4-5 minutt er vi klar for den 9.runden i Tippeligaen 2013 frå Fosshaugane Campus.
Mykje fokus på dommaren etter Sogndal sin kamp mot Lillestrøm der sogningane fekk eit feil idømt straffespark mot seg samt at forsvarskjempe Patronen vart utvist som følgje av straffesituasjonen. Mr. Sogndal, Rolf Navarsete, var ute i lokalavisa og hevda at Sogndal vert forskjellsbehandla av dommarstanden. Så får vi sjå om dagens dommar Svein-Erik Edvardsen let seg påverke av dette.
Laga i oppvarming. Det er ca. 10-12 grader i Sogndal og sol. Litt vind som kan bli ein faktor i dagens kamp, men eller gode speleforhold.
Då er lagoppstillingane klare og det var ingen overraskelsar på nokon av laga. Fredrik Oldrup Jensen klar etter smellen mot Godset og tek plass på midtbana til Odd.
Vi ynskjer våre lesarar velkomne tilbake ca. ein time før kampstart for lagoppstillingar og anna prematch-info.
For Sogndal er nok Ørjan Hopen framleis ute og vil sannsynlegvis miste heile vårsesongen med ein strekkskade. Hannu Patronen er utestengd etter det det raude kortet han drog på seg mot Lillestrøm. Espen Næss Lund vil sannsynlegvis erstatte finnen i midtforsvaret. Forventa sogndallag blir difor: Erik Dahlin, Taijo Teniste, Espen Næss Lund, Gustav Valsvik, Per Egil Flo, Malick Mane, Sidy Sagna, Rune Bolseth, Ruben Holsæter, Azar Karadas, Ulrik Flo
Fredrik Oldrup Jensen gjekk ut med skade i ryggen mot Strømsgodset, men er med i troppen til dagens kamp melder heimesida til Odd. I fylgje same kjelde kjem Odd med fylgjande tropp til Sogndal: André Hansen, Sondre Rossbach, Niklas Gunnarsson, Lars-Kristian Eriksen, Fredrik Semb, Morten Fevang, Emil Jonassen, Christer Kleiven, Jone Samuelsen, Fredrik Oldrup Jensen, Herolind Shala, Snorre Krogsgård, Elba Rashani, Adem Güven, Frode Johnsen, Håvard Storbæk, George White.
I tilsvarande oppgjør tidlegare på Fosshaugane har Sogndal fire sigrar, Odd to og ein kamp har enda uavgjort. Verdt å merke seg er derimot at dei to sigrane til Odd har vore dei i dei to siste oppgjøra laga i mellom. Ein må heilt tilbake til 2008 for å finne siste siger til Sogndal her i saftbygda.
Begge laga har kapra fire poeng på sine to siste kampar. Odd vann heime mot Lillestrøm før dei spela uavgjort mot Strømsgodset. Denne kampen gjekk også i Skien. Sogndal slo Brann heime før dei spela uavgjort mot Lillestrøm på Åråsen.
Vi har snart spelt 1/3 av kampane i årets sesong og vi kan difor, sjølv om det er jamnt på tabellen, byrje å snakke om eit botnskikt og eit toppskikt. Med Sogndal på 12. og Odd på 14.plass er dette ein viktig kamp i botnen av Tippeliagen. Ingen av desse lag har difor råd til å tape dagens kamp.
Då vil vi få ynskje velkomen til den 9.runden i Tippeligaen og kampen mellom Sogndal og Odd frå Fosshaugane Campus.