TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Der er kampen slutt, og Odd tek med seg tre viktige poeng her frå Fosshaugane. Begge lag hadde fleire sjansar, men Børven si straffescoring i andre omgang vart kampens einaste mål. Ikkje noko å seie på at Odd tek med seg tre poeng frå denne kampen, ettersom laget også hadde to avslutningar i stolpen.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Kjempesjanse for Sogndal! Patronen får ballen på fem meter, men klinkar ballen over!
90+3'
Hjørnespark
Keeper Udjus er oppe i feltet!
90+3'
Sogndal i angrep no.
90+2'
Hjørnespark
Kort variant, og gjestene brukar tid ved hjørneflagget.
90+2'
Fin sjanse for Odd! Samuelsen til Brenn som avsluttar frå kort hald. Via Udjus til corner.
90+1'
Det går mot tre svært viktige poeng til Odd her på Fosshaugane. Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Flo i offside, og frispark til Odd i eige forsvar.
89'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
88'
2871 tilskodarar ser kampen.
87'
Gult kort
For filming inne i feltet.
87'
Mane går ned for telling i feltet, men får gult kort for filming.
85'
Ser ikkje ut som Sogndal og Jonas Olsson har noko å komme med på slutten av oppgjeret.
84'
Spillerbytte
83'
Kjempesjanse for Odd! Innlegg frå kanten, og Børven nikkar i tverrliggjaren!
82'
Heimelaget spelar no med Dyngeland og Brochmann på topp, og har trioen Furebotn, Hopen og Mane på midten.
81'
Gratissjanse for Odd, men Krogsgård si avslutning går nokre meter til side for målet til Udjus.
81'
Odd styrer spelet no, med elleve mot ti.
80'
Mane skyt med høgrefoten, men Hansen er meisterleg nede å reddar!
79'
Brochmann får frispark på kanten av sekstenmeteren. Mane legg ballen til rette, men Hopen vil også skyte.
78'
Brenne skyt frå 16 meter. Høgt over!
76'
Viktig scoring for Odd der! Kjem Sogndal tilbake no?
75'
Mål!
0-1
Børven set straffesparket sikkert i mål! 0-1!
74'
Rødt kort
Corner inn i feltet, og det blir avslutta mot mål. Der står Flo og reddar på streken, med handa! Dermed får Sogndal sin toppscorar marsjordre av dommar Hobber Nilsen!
74'
Straffe!
Odd får straffespark, etter hands på Flo i feltet!
74'
Hjørnespark
74'
Fin sjanse for Odd! Furebotn mistar ballen i eige forsvar, og Samuelsen klinkar til frå 20 meter. Udjus reddar!
71'
Hjørnespark
Svak corner på første stolpe.
71'
Hopen skyt.. ..via muren til corner!
71'
Frispark i god posisjon for Sogndal. Hopen står klar ved ballen..
71'
Dommar Hobber Nilsen har i dag sin andre kamp i Tippeligaen gjennom karrieren. Det blir nok fleire, for hovudommaren har ikkje gjort seg bort i dette oppgjeret.
69'
Vi nærmar oss eit mål på Fosshaugane no.
68'
Mane stormar langs høgrekanten, men skotet frå 20 meter går utanfor!
67'
Brochmann får sjansen inne i feltet, men skotet går tre meter til side for krysset!
67'
Krogsgård viser seg fram på direkten, og slår hardt inn frå høgrekanten. Valsvik får kasta seg fram og avklart!
66'
Spillerbytte
66'
Krogsgård står også klar på sidelinja, men Fagermo ventar til neste stopp i spelet.
65'
Spillerbytte
64'
Spillerbytte
64'
Güven stormar mot mål, men Skaasheim får rydda opp. Får applaus av heimepublikum!
63'
I tilsvarande oppgjer i fjor enda det med 4-1 til Odd. I første seriekamp vart det 4-0 til Sogndal då laga møttest i Skien. Slike siffer får vi ikkje i dag!
62'
Johnsen frå frispark i duell mot Skaasheim. Frisparket blir boksa ut av Udjus.
61'
Mane skyt frå 28 meter. Like utanfor!
61'
Hjørnespark
Ufarleg.
61'
Brochmann finn P.E.Flo som er på løp inne i feltet. Han prøver å vippe ballen over Hansen som kjem ut, og får corner.
59'
Hjørnespark
Flo avsluttar høgt over.
58'
Brochmann finn Skaasheim på løp på høgresida, men han får ikkje særleg godt treff på innlegget.
55'
Andre omgang opnar med fire cornerar på nokre få minutt. Ein meir enn gjennom heile første omgang.
54'
Hjørnespark
Brochmann får ballen unna.
52'
Hjørnespark
Güven snappar ballen opp på sekstenmeteren, og set fart framover. Han blir stoppa av Valsvik, og Odd får frispark.
50'
Hjørnespark
Kjempesjanse for Odd! Corner frå Jonassen som Fevang nikkar i stolpen!
49'
Johnsen legg inn frå høgreside, men Udjus held ballen i fast grep.
47'
Hjørnespark
Gjestene får avklart.
46'
Fin sjanse for Sogndal! Furebotn skyt frå 19 meter, og Hansen får fingertuppane på ballen! Corner.
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause på stillinga 0-0. Sogndal har vore nærmast nettkjenning, etter at både Brochmann og Dyngeland har hatt sine sjansar. Odd er likevel for alvor med på notane, og har hatt ballen mykje i denne omgangen. Nærmast var dei når Johnsen prøvde å lobbe over Udjus som stod langt ute i Sogndal-målet, men keeperen fekk likevel avverga scoring. Følg med også dei siste 45 minutta!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Fin sjanse for Sogndal! Mane slår inn frå venstrekanten, og Dyngeland stormar inn i feltet. Han avsluttar like over frå kort hald!
43'
Fin ball mot Brochmann, men Samuelsen viser at han har fart i kroppen og vinn løpsduellen.
41'
Mane slår eit frispark inn i boksen, og Valsvik vil ha straffe grunna holding i feltet. Det får han ikkje, og Odd kan overta.
40'
Sogndal-slår eit frispark inn i feltet frå midtstreken, og Hansen er langt ute for å bokse. Det gjer han godt, og avklarar dermed ein sjanse for vertane.
39'
Güven kjem seg fri inne i feltet, men Udjus leverer ei fin redning!
36'
Stor sjanse for Odd! Udjus rotar det til, og er langt ute. Johnsen prøver å lobbe over Sogndal-keeperen, som ryggar bakover i maksfart. Sisteskansen får akkurat fingrane på ballen, og ryddar dermed opp eigen feil. Nær 0-1 der!
35'
Mane slår inn i feltet, og Bakke får hovudet på ballen. Utanfor.
35'
Bakke får frispark etter ein fin teknisk detalj. Mane og Brochmann står ved ballen.
33'
Odd rotar det til i eige forsvar, og Brochmann får sjansen frå 20 meter. Han klinkar - like over!
32'
Mane er igjen ego - heilt til han mistar ballen. Heimepublikum fortvilar.
31'
Odd spelar seg fint fram, men det er ingen som luktar på innlegget frå høgrekanten.
29'
Hjørnespark
Odd får kontroll.
28'
Kampen har jamna seg seg ut, etter at Odd opna oppgjeret friskt.
27'
Lang ball mot Güven, som bruker høgrehanda for å ta ned ballen. Slikt blir det frispark av!
25'
Mane vinn ballen, og finn Flo på høgrekanten. Han slår opp mot Dyngeland, som er heilt åleine i Sogndal-angrepet. Lett jobb for Odd-forsvaret.
23'
Samuelsen testar skotfoten frå 20 meter, men ballen fyk tre meter til side for målet til Udjus.
22'
Skaasheim slår inn frå høgre, og ballen får ein lur skru! Hansen hadde nok likevel kontroll, og kan gjere seg klar til utspark.
20'
Samuelsen vil ha straffe, etter at dribleraidet hans fekk ein brå stopp i Valsvik. Dommaren vinkar spelet vidare.
19'
Dommar Hobber Nilsen er berre 26 år, og fekk sin debut i Tippeligaen i fjor. Til no i kampen har mannen i svart greidd seg fint.
17'
Fevang prøver lykken frå 35 meter. Udjus kan gjere seg klar til utspark..
16'
Hjørnespark
Sogndal avklarar, og Brenn får ballen i returrommet. Han skyt - men skotet blir blokkert.
16'
Mane går med ballen, heilt til det ikkje går lenger. Odd overtek.
15'
Valsvik prøver Dyngeland i bakrom, men det er for mykje krutt i venstrefoten til vikjen. Utspel frå keeper.
14'
Frispark til Sogndal på midtstreken, og heimelaget flyttar opp folk i feltet.
12'
Hjørnespark
Bakke avklarar.
12'
Brenne brenn til frå 25 meter, og Udjus må ut i full strekk for å redde skotet. Corner!
11'
Framleis Odd som styrer spelet på Fosshaugane, sjølv om det er Sogndal som har hatt den største sjansen.
11'
Flo legg inn til toppscorar Flo som avsluttar rett på Hansen med hovudet. Publikum applauderer.
9'
Hopen er sendt i oppvarming alt etter ni minutt. Uvisst kvifor.
9'
Brochmann gir til Flo som skyt frå over 20 meter. Utanfor.
8'
Güven viser fram sitt tekniske register, men ballen trillar likevel over sidelinja. Innkast til vertane.
6'
Stor sjanse til Sogndal! Brochmann snappar opp ballen og set fart mot mål. Han avsluttar frå 16 meter, men Hansen leverer ei flott redning!
6'
Odd har festa eit lite grep om kampen dei første minutta.
4'
I fjorårets oppgjer var det mykje 'gjørme' ute på grasmatta. No er underlaget kunstgras, og vi har enno ikkje sett ein einaste langpasning til no i kampen. Begge lag vil gjerne spele ballen langs bakken.
3'
Odd trillar ball i eige forsvar.
2'
Flo kjem rundt på venstrekanten, og slår inn. Får ikkje corner, og det blir utspark frå keeper Hansen.
1'
Odd tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane kjem inn på bana!
Sogndal har gjort ei endring på laget sitt under oppvarminga. Teijo Teniste går ut grunna ein strekk, og inn kjem Per Egil Flo.
Odd stiller med sitt beste tilgjengelige mannskap i kveld. Unnateket er Lars-Kristian Eriksen som er uaktuell. Sogndal manglar Badji som er med i OL-troppen til Senegal, men elles er dei mest meritterte spelarane klare til innsats i kveld.
I fjor vann Odd tilsvarande oppgjer på Fosshaugane 4-1. Torgeir Børven, Jone Samuelsen, Frode Johnsen og Erik Midtgarden scora måla den gongen. Laga møttest også i første serierunde i år. Det enda med 4-0 til Sogndal i Skien.
Ulrik Flo er toppscorar for Sogndal med seks mål, medan Torgeir Børven er Odd sin mestscorande spelar denne sesongen. Han har funne vegen til nettmaskene sju gonger. Toppscorar i serien er Molde sin Davy Angan med ti fulltreffarar.
Sogndal står bokført med berre èin siger på dei siste ti tippeligakampane. Den kom mot tabelljumbo Stabæk på Fosshaugane 15. juli.
Odd tok ein sterk 2-1 siger mot serieleiar Strømsgodset førre runde. Sogndal tok eitt poeng i sitt bortemøte med FK Haugesund.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Odd frå Fosshaugane Campus!