Referat
Kun høydepunkter
Odd vinn fullt fortent 4-1 her på Fosshaugane, i Sogndal sin første heimekamp i Tippeligaen sidan 2004. Heimelaget mangla innsats, trøkk, entusiasme med meir. Gjestene takkar fansen for oppmøtet og ruslar nøgde av bana med tre viktige poeng.
Kamp slutt Slutt (1-4)
90+3'
Odd-fansen har vore ivrige, og vunne kampen på tribunen. Dei 30 tilreisande har laga liv gjennom heile oppgjeret. Det blir ei fin reise tilbake over fjellet!
90+2'
Odd i angrep no. Får innkast.
90+2'
Det er lagt til tre minutt.
88'
Publikum reiser frå Fosshaugane.
87'
Imponerande av Odd som scorar fire mål på bortebane, rett nok mot eit svært tafatt Sogndal-lag.
84'
Halvorsen slår inn, men Hovland sin stuss blir litt for lang.
83'
Frispark til Sogndal i god posisjon. Halvorsen skal slå inn.
83'
Addo blir løfta ut av bana, av Odd sitt eige støtteapparat. Publikum applauderer!
82'
Addo ligg nede og held seg til hovudet. Edvardsen stoppar spelet.
81'
Halvorsen prøver seg med venstrefoten. Langt over!
81'
Bendik har vore utrygg i Sogndal-målet i dag. Denne gongen har han problem på utboksing, men får etterkvart rydda opp i eigen feil.
79'
Heimelaget har lagt om til 4-4-2 dei siste 15 minutta, etter at Kader entra bana.
78'
Brenne brenn til frå 30 meter. Utanfor!
76'
Børven testar skotfoten frå 25 meter. Over!
74'
No ser det ut som alle poenga går til Odd og Skien!
72'
Dommar Edvarsen svært upopulær på Fosshaugane no. Odd får eit nytt frispark på midten.
69'
Frisparket går inn i feltet, men Bendik boksar ut.
69'
Halvorsen med dygg i rygg på gode gamle Johnsen. Frispark til Odd, midt på Sogndal sine banehalvdel.
68'
Ser ut som Odd har god kontroll på kampen no. Heimelaget slit med å produsere dei heilt store sjansane.
66'
Eirik Bakke skyt frå 20 meter. Rett på keeper!
64'
Børven med kjempesjanse! Dreg seg forbi Scheel og skyt, via tverrliggjaren og ut!
62'
Skal Sogndal kome tilbake for andre gong i kampen?
59'
Valsvik med lang ball mot Flo, men Hansen i Odd-buret har kontrol. Utspark frå mål.
55'
Heilt open kamp på Fosshaugane og begge lag jaktar tre poeng!
55'
Lite ut av frisparket.
55'
Halvorsen vinn duell mot Addo, men Edvardsen bles i fløyta. Odd-frispark.
53'
Addo får seg ein skikkeleg trøkk av Elvis i leggen, og småhaltar litt.
52'
17-år gamle Valsvik tek 20 år eldre Johnsen i luftrommet, og ryddar flott unna.
51'
Lang ball mot Johnsen, men Bendik vinn duellen og held ballen trygt.
49'
Samuelsen i fint driv, men får ikkje skikkeleg fart på skotet. Corner!
47'
Sogndal opnar friskt i andre omgang.
47'
Kjempesjanse for Sogndal! Cato Hansen legg inn, og Ulrik Flo bommar på ope mål!
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 1-1. Odd opna kampen best, og Sogndal sleit med å komme inn i kampen. To flott mål har i alle fall varma dei nøytrale tilskodarane på tribunen.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+2'
Det er lagt til to minutt av første omgang. Vi beklagar at tidsuret på kampen har vore noko forsinka.
45+1'
3042 tilskodarar ser kampen.
41'
Halvorsen slår inn, men ballen blir blokkert. Bakke vil ha hands, men dommar Edvardsen vinkar spelet vidare.
39'
Kaptein Eirik Bakke har sidan overgangen frå Brann vore klar på at Sogndal må trøkke til på heimebane og gi alt i krigen om laget skal overleve i Tippeligaen. Det har verken han eller lagkameratane greidd til no i kampen.
38'
Furebotn slår inn frå venstrekanten, men keeper Hansen les spelet godt. Keepermat.
37'
Våt grasmatte på Fosshaugane no, og ballen får ekstra fart grunna underlaget.
35'
Halvorsen viser seg fram på midten, men pasningen mot Hansen blir litt for hard. Berre nesten for heimelaget.
33'
Brenne får frispark i duell mot Furebotn, noko Sogndal-spelaren er tydeleg missnøgd med.
32'
Sogndal prøver seg, men blir for upresise i det siste trekket før mål.
30'
Hopen på raid langs venstrekanten, men får ikkje skikkeleg kontroll over ballen. Utspark frå mål.
30'
Bakke og Halvorsen er uenige på midten. Frustrasjon i Sogndal-laget no.
28'
Frispark til Odd i midtsirkelen.
27'
Regn på Fosshaugane no.
26'
Lang ball mot Cato Hansen, som får innkast ved hjørneflagget.
24'
Frisparket går inn i feltet, men Bendik kan gjere seg klar til utspark.
24'
Flo slit med småskade, og Hopen går rett inn på venstrebacken.
23'
Fin Odd-sjanse. Frode Johnsen skyt frå 20 meter. Like utanfor!
22'
Han slår frispark langt, og bak mål.
22'
Storbæk legg Flo i bakken. Frispark som Halvorsen skal slå inn i feltet.
19'
Sogndal sin lovande venstrekant, Ørjan Hopen er i oppvarming.
18'
Fint Odd-angrep. Børven med hælspark og Addo skyt på direkten. Over!
18'
Addo slår frisparket inn i feltet, men heimelaget ryddar unna.
17'
Frispark til Odd og Addo går over på motsatt side for å slå innover i feltet.
16'
Innlegg frå venstrekanten, og Johnsen avsluttar med hovudet. Bendik er nede i høgre hjørne og reddar.
14'
Sogndal betre med no, og Halvorsen får corner.
11'
Stor sjanse til Sogndal! Keeper er på bærtur, og Bakke skyt frå 20 meter. Hansèn reddar på streken!
10'
Elvis med lang ball mot Flo, men keeper Hansen er best i luftrommet og snappar lett opp.
9'
Bakke med upresis pasning mot Halvorsen, og heimepublikum er missnøgde.
8'
Flo tilbake på beina. Får applaus.
8'
Storbæk og Flo i duell, og Sogndal sin venstreback blir liggjande att på bakken.
7'
Heimelaget slit, og kjem ikkje skikkeleg inn i kampen.
6'
Flo driv oppover langs venstrekanten, men får ikkje kontroll. Odd overtek.
5'
Pangstart for gjestene som scora på sin første store sjanse.
2'
Hovland seint ute i duell mot Storbæk. Frispark til Odd i god posisjon.
2'
Flo legg inn og Bakke avsluttar med pannebrasken. Blir blokkert.
1'
Gjestene prøver seg med lang ball mot Johnsen, men Hovland skjermar ballen fint inn til Bendik.
1'
Odd tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
2352 dagar sidan sist Sogndal spelte Tippeliga på Fosshaugane, og publikum klappar spelarane inn på bana!
Det nærmar seg kampstart her på Fosshaugane, og publikum strøymer til Sogndal sin første heimekamp i Tippeligaen sidan 2004.
I førre runde vart det tap på begge desse laga. Sogndal tapte 2-1 mot Strømsgodset i Drammen, medan Odd tapte 2-0 mot Start på heimebane.
Flotte speletilhøve i dag, og grasmatta er grøn og fin - til å vere i april månad.
Gjestene har Fredrik Semb på skadelista, medan Mattias Andersson er høgst usikker grunna magesmerter.
Sidan sist serierunde har begge lag henta inn nye spelarar. Sogndal har fått signaturen til Tore Andre Flo, medan Odd har henta Paul Addo på lån ut sesongen frå Løv Ham. Av desse er det nok berre Addo som vi ser på bana i dag, mest truleg frå start på venstrebacken.
Sist desse laga møttest var i Adeccoligaen i 2008. Då vant Sogndal 3-2. Sist laga møttest i Tippeligaen var i 2004. Også den gongen var heimelaget best, og vann 4-2.
Velkommen til Fosshaugane Campus og Sogndal - Odd!