Referat
Kun høydepunkter
Odd gjer det eit topplag skal gjere. Vinn på ein dårlig dag. I allefall ein veldig dårlig 2.omgang. Eytter 1.omgang var det ingenting å seie på at Odd leda 1-0. I 2.omgang fall Odd til tider heilt saman, men Sogndal klarte ikkje å straffe dei før Hansen mista ein ball i feltet og Psyché satte enkelt inn sitt første for klubben. Så 7 minutt før slutt dreg Samulesen seg nydelig fri frå kant og legg 45 grader ut til Nordkvelle. For Sogndal føltes det nok meget ufortent ut akkurat då og når Storbæk enkelt fekk springa igjennom og sette inn 3-1 så kunne dei ca.20 tilreisande frå Skien juble av full hals over tre nye poeng til Ibesen sin fødeby. 3.plass på Odd no, mens Sogndal etter berre 1 poeng på 4 kampar nermar seg nedrykkstriden igjen.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
Odd trillar ball.
90+3'
Sogndal prøver seg, men har resignert no.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
Strand skyt over for Sogndal.
90+1'
Viser seg som eit topplag her Odd. Er fullstendig på felgen i store delar av 2.omgang, men er knallgode i dei avgjerande situasjonane.
88'
Odd med alle mann i forsvar no. Forståeleg.
87'
2845 tilskodarar.
87'
Sogndal prøver seg, men Valgardsson lagar frispark i duell med Hurme. Ser litt resignerte ut Sogndal no.
84'
Kampen står litt og vippar no. Sogndal har initiativet, men Odd er meir med enn kva dei var tidlegare i omgangen.
83'
Johnsen og Patronen i ein duell like ved Fagermo. Odd sin trenar har irritert seg på finnen sin spelestil heile kampen og gir han nokon velvalte ord. Kanskje på finsk?
81'
Grøgaard skyt utafor.
81'
Patronen glir og gir nesten Johnsen ein sjanse. Sogndal får etterkvart klarert.
78'
Ny stor sjanse for Sogndal. Brochmann åleine på fem meter, men Eriksen kastar seg inn og blokkerar.
77'
Forresten ei forferdelig klarering av Eriksen i framkant av corneren. Burde fått den til kast, men sleiva den ut til corneren som blei fatal for Odd.
74'
Storbæk legg seg faktisk på topp så Odd held fram i 4-3-3.
71'
Tempoet sank litt no dei siste minutta. Odd flinke til å bruke tid på alt av dødballar.
69'
Når dette ikkje vart mål så kan det verte hardt for Sogndal å score.
68'
Ein enorm sjanse for Sogndal! Brochmann spring i frå Hagen. Avsluttar men Hansen reddar. Returen skal Otoo sette i det opne målet, men der er utrulig nok Hagen og blokkerar til corner.
66'
Psyche avsluttar over.
66'
Samtidig ser ikkje Sogndal livsfarlige ut. Får seg eit innkast no sogningane.
65'
Sjeldan at Odd har fått låne ballen dei siste 10 minutta. Må heve seg no skienslaget.
63'
Knallhardt skot eller innlegg frå Strand. Like utafor. Sogndal nermar seg.
62'
God sjanse fro Sogndal no.
62'
Hurme inn med strake bein på Strand. Heilt på kanten av 16-meteren. Eit under at det ikkje blir kort.
61'
Odd frampå, men Teniste får brutt framfor Shala i boksen.
60'
Haugen skyt i nettveggen. Heile den eine langsida jubla for mål.
60'
Sogndal har ballen mest no, men det ser ikkje så farlig ut når dei angrip. Odd må passe seg så dei ikkje blir alt for baktunge. Kan være farlig å ri på ein 1-0 ledelse.
58'
Er litt pressa der Otoo, men bør sette den.
57'
Veldig god sjanse for Sogndal. Strand leikar seg på kanten og legg 45 ut til Otoo som brenn ballen over.
57'
Forsøk på å tre igjennom Halvorsen, men Valgardsson er der i siste sekund og får rydda unna.
56'
Sogndal prøver seg, men Odd har veldig god kontroll bakover. Forståelig at dette er ein av Noreg sine gjerrigaste lag.
54'
Skot frå Sarr. Over.
53'
Odd kjem raskt på ei kontring, men innlegget frå Shala går rett i klypene på Dyngeland.
53'
Sogndal sin beste sjanse til no. Nilsen vert spelt gjennom av Bolseth og legg 45 grader ut. Hansen står derimot berre og ventar framfor Otoo. Godt keeperspel.
51'
Odd trillar ball og prøver å lure Sogndal opp i bana. Det klarar dei, men så kjem ofte den lange frå Odd. I lufta har Patronen og Psyché hatt god kontroll i 2.omgang.
49'
Tas kort og tilslutt endar det i eit innlegg som Sogndal får klarert.
48'
Samuelsen får frispark 30 meter frå Sogndal sitt mål.
48'
Sogndal som festar litt grepet i starten og det må dei og viss dei skal klare å komme tilbake. Spørs om vi får sjå litt fleire kontringar frå Odd i denne omgangen.
47'
Teniste med innlegg for Sogndal, men Panser-Hagen stangar ballen ut. Steffen Hagen har vore bautaen i Odd sitt forsvar i dag.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi straks klare for 2.omgang.
Greitt at Odd leiar 1-0 til pause. Sogndal spelemessig best i ein halvtime, men skapar ingen sjansar. Forståelig dei slit med å lage mål då dei ikkje klarar å skape målsjansar. Odd veldig gode det siste kvarteret og heilt fortent då Samuelsen satte inn ein enkelt mål upressa i boksen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Patronen med eit karatespark. Skal være glad han traff ball. Bentley får eit velfortent frispark der.
45+1'
Sogndal får eit frispark høgt i bana.
45+1'
To minutt tillegg.
39'
Svingar ein del her no. Sogndal med ein halvsjanse, men Otoo vert avblåst.
39'
Så ein god moglegheit for Odd. Halvorsen slår inn og igjen er det Dyngeland som er fyrst på ballen.
37'
Odd spelar dristig bak, men kjem seg ut av det.
35'
Innlegg frå Odd, men Sogndal får klarert. Odd som styrer kampen no.
33'
Sogndal får ein fin overgang, men Nilsen rotar vekk sjansen.
32'
Sogndal berre dunkar ballen vekk.
32'
Odd heilt klart det styrande laget dei siste minutta. Får betre til kombinasjonane sine.
31'
Shala legg inn, men Utvik får kalrert framfor Halvorsen.
31'
Odd med trykket no.
29'
Der kom kampens første sjanse. Til Odd. Halvorsen kjem rundt på kant og får lagt inn. Shala er først på ballen inne i 5-meteren, men treff ikkje heilt reint og avslutninga går rett på Dyngeland.
29'
Stuss som kunne blitt ein god sjans for Odd, men Sogndal får klarert.
28'
Odd med innkast høgt i bana.
26'
Vi har endå ikkje notert ein målsjans.
26'
Og på frisparket er det vel verdensrekord i holding av drakter. Men ca 50-50 så Hobber Nilsen gjer ingenting med det.
25'
Så er det Johnsen som denger til Utvik. Ser på reprisen at Johnsen kanskje er litt aktiv med albogen der. Endar i frispark til Odd faktisk.
25'
Der kunne Odd fått ein stor sjanse. Forsvarsfiraren til Sogndal såg ut som eit trekkspel, men den siste pasningen treff Patronen og ikkje Halvorsen som kunne gått åleine gjennom.
24'
Fagermo i harnisk over Patronen. Finnen går knallhardt inn i ein duell med Shala. Dommaren meiner Patronen berre er sterkare.
22'
Alle tre på beina igjen no og vi kan halde fram.
21'
Odd klarerar og tre spelarar frå Skien ligg nede med hovudskade. Stopp i spelet.
21'
Shala mistar ballen og Sogndal kan kontre. Endar i kast for sogningane.
19'
Strand slår frispark med Tippeligaen sin kanskje beste keeper er ute i feltet og held ballen enkelt.
19'
Samuelsen svært sein i ein duell, men Hobber Nilsen held korta i lomma.
18'
Sjansefattig med høgt tempo sålangt i kampen.
18'
Odd trykkjer Sogndal bakover, men kalrar ikkje å komme til avslutning.
15'
Sogndal er veldig ivrige i lengeretninga, mens Odd spelar meir. Heilt klart Sogndal som har truffe best med taktikken sålangt.
14'
Utvik oppe igjen og der ser ut som stoppartalentet kan fortsette kampen.
13'
Utvik ligg no nede og får hjelp. Spørs om nyervervelsen Psyché må inn.
13'
Sarr går i duell utan å sjå Utvik. Ser ut som Utvik får albogen til Sarr i ansiktet.
10'
Sogndal trykkjer på og Haugen stussar ballen over på innlegget frå Strand. Sogndal kanskje best i gang, men relativt jamnt sålangt.
10'
Odd med ein del langt opp på Johnsen, men dei prøver og å finne Shala i mellomrommet.
9'
Sogndal slår ein del langt, men prøver å få ballen i bakrom eller ut på sidene slik at Otoo og Nilsen får utfordre med farten sin.
8'
Spelet bølgar fram og tilbake. Begge lag har høgt tempo. AKkurat no fekk Hagen såvidt hindra Nilsen på å komme åleine gjennom.
6'
Odd får etterkvart klarert på frisparket.
6'
Hurme må ty til ulovlege midlar og stoppar Strand. 10 meter inn på Odd sin banehalvdel.
4'
Hurme med fint innlegg og Bentley prøver å hæla ballen i mål. Lykkast ikkje og Dyngeland plukkar.
3'
Tek det kort og Sogndal bryt.
3'
Sarr brukar armane i duell med Johnsen. Frispark til Odd.
3'
Høgt press frå begge lag og.
2'
Veldig Hawaii her i starten. Begge laga med lange ballar i lengderetninga.
2'
Otoo vippar ballen over Hurme, men når han skal setje fart mot mål går ballen over kortlinja. Artisteri frå ghanesaren der.
1'
Lang ball opp frå Patronen, men der har Hagen og Eriksen bra kontroll.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark.
Då er laga på bana og kick-off er berre nokre minutt unna.
25 grader og overskya. Perfekte forhold for fotball. Vi reknar med det ikkje trengs drikkepause i dag. Laga er gått i garderoben og om 10 minutt er vi klare for action frå Fosshaugane Campus.
Viss vi skal ta ein pre-match analyse ein halvtime før kampstart så får vi betegne dette som ein veldig open kamp. Sogndal er sterke heime, men saknet etter leiaren Karadas kan verta essensielt. Odd har mista sentrale Rashani og kjem nok til å sakne han, men Halvorsen er ein god erstatning. Med tanke på at Sogndal er inne i ei lite scoringskrise og Odd er solide bak så vil det nok verta hardt for heimelaget å få hol på byllen. Odd kjem frå ein lite imponerande 0-0 mot Haugesund, men i kampen føre var skienslaget glimrande og smadra Bodø-Glimt 3-0 på bortebane. Dette vert nok ein jamn kamp, men vi utroper Odd som ein liten favoritt akkurat som oddsen til Norsk Tipping.
Petter Strand har eit snitt på 5.63 og er dermed inne på topp 10 på lista. Det blir dermed ein duell på midtbana i dag mellom dei to klubbane sine beste spelarar denne sesongen.
På vår spelarbørs er Jone Samulesen den soleklart beste spelaren i årets tippeliga. Han har eit snitt på 6.25. Full børs finn du nede i venstre hjørna.
Odd har berre sluppe inn 14 mål så langt i serien og har dermed det nest beste forsvaret i Tippeligaen, berre slått av suverene Molde.
Sogndal har endå ikkje scora i tippeligaen etter VM-pausen. Dei tapte 3-0 mot Molde, spelte 0-0 mot Viking og tapte sist 1-0 mot Rosenborg.
Då skal laga være klare og vi ser at Ole Jørgen Halvorsen får sjansen mot gamle lagkameratar.
Kven dei to trenarane, Fagermo og Olsson har valgt ut skal de få vite når vi er tilbake frå Fosshaugane Campus ca. kl. 1700. Vel møtt!
Det har vore ein del utskiftingar i begge klubbane no i løpet av sommaren. Odd har mista Rashani og Semb Berge til Brøndby. Foreløpig er det ikkje komme inn nokon nye ansikt i skiensklubben. Sogndal har mista dei to kraftstoppa Valsvik og Karadas. I motsetnad til Odd har Sogndal klart å hente inn erstattarar for desse. Tom Søderberg skal være klar til dagens kamp og i tillegg er franskmannen Christophe Psyché komme frå Ham-Kam. Om begge startar dagens kamp er nok veldig usikkert.
Ingen av dei to laga har nokon utrprega toppscorar, men Jone Samuelsen har putta 6 mål for Odd, mens Mahatma Otoo har 5 mål for Sogndal.
Begge laga har vore best på heimebane i årets sesong. På dei 6 siste kampane heime står Sogndal med 5-1-0, mens Odd sine borteform på dei siste 6 kampane viser 2-3-1.
Dette er to lag som har gjort det overrraskande bra i årets sesong. Sogndal har etter ein trå start komme seg opp på 10.plass med 19 poeng og har dermed lagt nedryksstriden eit stykke bak seg. Odd har imponert kraftig og ligg i skrivande stund på 4.plass med 29 poeng.
Hei og velkomne til den 17.serierunden i Tippeligaen. I dag er det Odd frå Skien som vitjar Fosshaugane Campus og heimelaget Sogndal.