TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Vi tel 7-12 i skot der Sogndal hadde 4 på mål og Odd 3. Oddrane kan no ta den lange turen tilbake til Skien med det i bakhovudetet at dei no er serieleiar iallefall fram til RBK spelar sin kamp i morgon. Sogndal har no to strake og sure tap på rad der dei nok føler at begge kampar kunne vore vunne. Det gjorde dei derimot ikkje og difor ligg dei framleis med sine 7 poeng på 9.plass.
Der er det over. Eit særs tvilsomt straffespark skil laga. Eirik Bakke tek dommaren i handa framfor handshake for peace skiltet, men den tidlegare leedsproffen er nok ikkje nøgd med unge Lundby. Resultatet er nok derimot greitt då Odd var det beste laget spelemessig.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+4'
Birkelund nede med hovudskade. Sogndal har fått frispark på eigen halvdel og skal klinke ballen opp.
90+2'
Kanonredning av Rossbach! Opseth klinkar til og Rossbach får såvdt hendene opp. Skotet er rett på keeper, men alikevel så hardt at redningen er det klasse over.
90+2'
Frispark til Sogndal på 30 meter. Skal nok slås inn i feltet.
90+1'
Tre minutt tillegg i Sogndal.
89'
Spillerbytte
89'
Blir mykje lange ballar opp for Sogndal og i lufta har Semb og Hagen veldig god kontroll. Bakke har difor flytta opp Psyche for å prøve å få med seg eit poeng på heimebane.
88'
Sogndalk som styrer kampen no. Odd satsar berre på kontringar.
86'
Ny god sjanse for Sogndal. Fint spel på kant. Kjemhus legg inn og Otoo headar over frå fem meter.
84'
Sogndal igjen frampå. Opseth prøver seg, men blir blokkert. Legg så ut igjen til Utvik som skyt ca. 10 meter over.
82'
Sogndal med eit visst trykk på Odd, men veld ubeslutsomme i siste halvdel. Odd sitt solide forsvar har som regel full kontroll.
79'
Halvorsen gjennom, men avsluttar rett på Dyngeland. Odd si fyrste avslutning på mål utanom straffesparket.
79'
Samuelsen sitt med ispose på beinet. Vi får håpe for Odd sin del at rivhjernet på midtbanen ikkje er veldig skada og klar for ny kamp til helga.
77'
Langt over.
77'
Frispark til Sogndal på 25 meter. Opseth skal skyte.
75'
Odd styrer framleis kampen og Sogndal klarar ikkje å setje noko press på den foreløpige serieleiaren.
73'
Spillerbytte
73'
Zekhnini heilt åleine gjennom og Sogndal ropar på offside. Linjerdommar held flagget nede, ungguten smell ballen over. Der kunne Odd avgjort kampen.
70'
Innsvingar frå Koomson som Patronen headar på mål, men Rossbach held enkelt.
69'
Full jubel når Lundby tildele Sogndal eit frispark på 30 meter.
68'
Og då kan vi gratuelere Rossbach med rekorden. Har no heldt buret reint lenger enn nokon anna keeper i norsk toppfotball. No er spørsmålet berre kor lang rekorden skal bli?
67'
Det betyr at Bakke ikkje har nokon byte igjen.
67'
Spillerbytte
67'
Spillerbytte
67'
Dobbelbyte for Sogndal
66'
Nordkvelle med skot like over frå kanten av 16-meteren.
64'
Otoo i ryggen på Eriksen i Sogndal sin boks. Igjen frå vår posisjon ser det meir ut som straffe enn straffen Odd fekk, men Lundby seier nei denne gongen.
62'
Manglar fem minutt på rekorden no Rossbach.
61'
Hjørnespark
Klarert.
61'
Zekhnini slår tversover og Dyngeland får kasta seg framfor Occean som berre skal tappe ballen inn i mål. God kontring av Odd.
61'
Odd kontrar.
60'
Kast til Sogndal på høgd med Odd sin 16-meter. Som corner å rekne med Teniste sine lange innkast.
58'
Hjørnespark
Patronen får til ei heading, men Rossabch plukkar lett.
57'
No må iallefall Sogndal fram så denne kampen vil nok åpne seg mykje meir.
54'
Mål!
0-1
Samulesen set straffen sikkert nede i Dyngeland sitt høgre hjørne. Bergensaren går den andre vegen.
52'
Straffe!
Straffen er høgst diskutabel, spesielt med dei to straffesitasjoneane Sogndal hadde i 1.omgang. Det ser frå vår posisjon ut som Patronen taklar reint på ball. Bentley går ned og Lundby peikar på straffemerket. Men mogleg det er Bentley som er på ball og Patronen på mann. Vi sit langt i frå, Lundby står fem meter unna så vi satsar på han har rett. Sogndal sine spelarar var uansett veldig ueinige.
52'
Occean med skot utafor frå 18 meter. Odd sin 6 avslutning i kampen. Ingen på mål sålangt.
51'
Det er Erik Johannsessen som har den gamle rekorden forresten. I 1974 heldt han buret reint i 672 minutt i strekk. Om 16 minutt har Rossbach den rekorden om ikkje Sogndal klarar å score.
49'
Litt lurvete innleiing av omgangen frå begge lag her. Feilpasningane florerar.
48'
Rekorden til Rossbach som han tok sist kamp var frå Tippeligaen. Klarar ungguten å halde nullen til det 66.minutt er det ny rekord i toppdivisjonen gjennom alle tider.
47'
Då er vi i gang. Sogndal med vinden i ryggen i denne omgangen. Ein vind som har tatt seg opp og er kaldare enn i den 1.omgangen.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen tillegg. Jamt i denne omgangen, men Odd viser at dei ligg eit nivå over Sogndal. Spesielt offansivt har Odd fleire strengar å spele på. Sogndal har to svake avslutningar på mål, mens Odd har 5 avslutningar utafor. No tar vi oss ein tur inn i varmen for det har vore ein kald omgang her på Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Samulesen med avsluttning på volley frå 10 meter. Ballen stryk av foten og går utafor. Ny god sjanse frå Samuelsen som har vore Odd sin beste i denne omgangen.
42'
Hjørnespark
Dyngeland boksar ut.
41'
Skal vi få ei scoring før pause? Begge lag har i allefall satt opp tempo dei siste minutta.
39'
Så er Sogndal farlig frampå i andre enden før Odd igjen stormar i angrep. Mykje som skjer her no.
38'
Ser ut som det er Semb som stngar ballen i mål etter mølje i feltet, men dommar Lundby bles for noko i boksen. Særs vanskelig å sjå for kva. Men lite protestar frå Odd så noko var det sikkert.
37'
Hjørnespark
37'
Dagens første corner når Psyche stangar ut eit innlegg frå Grøgaard.
36'
Litt meir futt i kampen dei siste fem minutta etter ei kjedeleg periode midtvegs.
34'
Ramsland går ned i boksen og igjen er det tvilsomt. Dersom det ikkje er kontakt så er det filming. Lundby lar spelet gå.
33'
Såg derimot ut som dommar Lundby gjorde rett i den situasjonen.
32'
Gult kort
Får gult kort etter å sparke vekk ballen. Sogningane i harnisk då meinte Sogndal skulle ha frisparket.
32'
Otoo prøver seg i motsatt ende men skotet er puslete og trillar inn til Rossbach som no nermar seg 640 minutt utan baklengs.
30'
Så til kampen. Samulesen skyt frå 20 meter. I stolpen! Den hadde ikkje Dyngeland kontroll på.
30'
Derimot skal vi vel vere glad at shortsmoten frå eldre tider ikkje gjeld slik at det ikkje blir for mykje lår.
29'
Det er kaldt i Sogn for å være slutten av april. I eldre tider hadde vi nok sett fleire av spelarane på bana i både stilongs og knickers. Dagens fotballungdom lar derimot ikkje sjansen gå frå seg til å vise solariumsbrune leggar og lår så her er det shorts som gjeld blant dei 22 på bana.
25'
Otoo kjem såvidt framfor Semb ser det ut som i det forsvararen skal klarere. Er nok både på ball og mann der Semb. Sogningane som ikkje er for bortskjemte med straffespark meinar i allefall dommaren gjer feil når han lar spelet gå.
22'
Innlegg frå Grøgaard og Occean er like høgt oppe som Dyngeland, men keeperen får til slutt hendene på ballen.
21'
Kastar kort og byggjer opp. Litt annleis frå Sogndal sin trykk-alt-inn-i-boksen ved innkast høgt i banen.
21'
Kast for Odd heilt nede ved Sogndal sitt hjørneflagg.
19'
Første kvarteret har vore jamnspelt med Odd som det førande laget. Otoo med ei svak avslutning på mål og Samuelsen med ei god avslutning like over mål.
17'
Odd får slått unna etter eit visst sogndalspress i boksen.
16'
Fint angrep av Sogndal som endar i kast. det betyr at Teniste skal kaste langt.
15'
Bentley viser sittefotballferdigheiter på høgt nivå og fintar ut Kjemhus frå sittande posisjon. Dessverre for nigerianaren går ballen ut over kortlinja.
11'
Koomson avblåst for å dytta Grøgaard. Protesterar kraftig, men frå vår posisjon 80 meter unna såg det veldig klart ut.
9'
Teniste har hatt god kontroll på stortalentet Zekhnini dei første minutta. Odd sine angrep har for det meste komme frå høgrekanten der Bentley og Eriksen har kombinert fint.
6'
Lekkert tiki-taka spel frå Odd. Samuelsen avsluttar angrepet med å curle ballen 20 cm over frå 16 meter.
6'
Jamnt i innleiing her. Begge lag med fine tendensar i sitt spel.
4'
Endar i åpent spel og ei laus avslutning frå Otoo frå ca. 18 meter. Enkelt for rekordhaldaren Rossbach.
3'
Kast til Sogndal på høgd med Odd sin 16-meter.
3'
Endar tilslutt i innlegg frå Eriksen som Occean prøver å heade tilbake til Berg. heldigvis for Sogndal får Utvik klarert framfor midtbanespelaren.
3'
Offside på Otoo. Semb skal slå ballen langt og inn i Sogndal sin boks.
2'
Kjemhus rundar Eriksen og får slått inn. Ballen over alle og ut til kast for Odd.
1'
Lang ball opp frå Hagen. Occean stussar, men ingen går i bakrom. Dyngeland kan plukke opp.
Avspark Start 1. omgang
Odd med avspark og dei har også ein svak bris i ryggen i denne 1.omgangen.
Ca. 20-30 oddrarar lagar god stemning mens laga er på veg inn på bana. Straks klart for kamp frå Sogndal.
10 minutt til avspark. Fosshaugane begynnar å fyllast opp, men det blir nok langt frå publikumsrekord i kveld. Det bles og ein svak dalatrekk og det er kaldt i Sogn. 5-6 grader og overskya.
Det har og vore mange målrike oppgjør mellemo desse laga og vi nemner resultat som 3-3, 5-0, 4-4 x 2, 4-2 og 3-2 dei siste 15 åra. Sjansane for at det blir målrikt i år skal vi ikkje sjå bortifrå, men statistikken så langt i år skal ikkje gje oss for store forhåpningar. Ingen av laga har sålangt vore innvolvert i kampar der det er blir scora meir enn 3 mål.
Litt statistikk før kampen startar: Sist møte mellom desse laga var i 2014. Då vann Odd 3-1 her på Fosshaugane. Oddrane havna det året på bronseplass, mens Sogndal rykka ned. Statistikken dei siste 15 åra viser at Sogndal har vunne 5 og Odd 3 her på Fosshaugane. 1 kamp har enda uavgjort.
Espen Ruud er forøvrige ute pga at han sonar for å allereie ha pådratt seg 3 gule kort.
For Odd er det og nokre endringar frå den knusande sigeren over Start. Eriksen kjem inn for Ruud, Berg kjem inn for Nordkvelle og stortalentet Zekhnini kjem inn for tidlegare sogndalspelar Halvorsen.
Litt endringar for Sogndal grunna Sarr sitt raude kort sist. Bergensaren Birkelund spelar sentralt i lag med veteran Bolseth. I tillegg kjem endå ein bergensar inn nemleg Kjemhus. Han tek plassen til Sveen på kanten.
Kampstart er kl.1900 og vi ynskjer alle våre lesarar tilbake ca. kl 1800 for ferske lagoppstillingar og anna informasjon rundt kampen. Vel møtt!
Når ein og snakkar om baklengsmål skal det leggast til at Sogndal endå ikkje har slept inn mål på heimebane i årets sesong. Difor må i alle fall ein av laga få øydelagt sin defensive statistikk om vi skal få ein vinnar her i kveld.
Heimelaget har og komme delvis godt i gang, med serien og det såg veldig lyst ut fram til midtbanestjerna Babacar Sarr fekk raudt kort i Drammen på laurdag. I den augneblinken var faktisk sogningane serieleiarar, men Godset kom tilbake med ein mann meir og snudde kampen slik at laget frå fruktbygda no ligg på 9.plass med 7 poeng.
I tillegg til fjorårets slutt på sesongen er då Rossbach oppe i 606 minutt sidan sist gong han slapp inn mål og det er rekord i Tippeligaen. Spørsmålet er kor mykje det unge keepertalentet kan utvide denne rekorden med i løpet av kvelden?
Bortelaget har hatt ei glimrande sesonginnleiing og ligg heilt oppe på 2.plass. Endå meir imponerande enn at skiensklubben er ubesigra er det at dei endå ikkje har slept inn mål i år dvs. at Rossbach i Odd-buret har heldt nullen i alle Tippeligaen sine 450 minutt i år.
Hei og velkomne til den 6.runden i årets Tippeliga og midtvekekampen mellom Sogndal og Odd.