TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Sogndal snur kampen og vinn 4-1 etter at Notodden leia 1-0 til pause. Dagens mann var Ndour som vart bytta inn etter 30 minutt. Scora to mål, skulle hatt eit straffespark og bytta ut i det 80.minutt. Notodden kjempa bra, men etter at Sogndal fekk 2-1 var det fullstendig slutt for dei blåkledde. Dermed kan altså sogingane innkassere sin første trepoengar i år, mens telemarkingane står med fattige eitt poeng etter tre kampar. Stig Anders Hauge takkar for at du fulgte livesendinga her frå Fosshaugane og håpar du gjer som han med å benke deg forran tv'en for å følge Tigers veg mot ei ny grøn jakke. God påske!
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+6'
Hjørnespark
Klarert.
90+5'
Hjørnespark
ny corner.
90+4'
Skudd like utafor frå Robson.
90+1'
Hjørnespark
Endar i offside på Flo.
90+1'
Seks minutt tillegg.
88'
Notodden si første avslutning i andre omgang. Ibrahim dreg seg innover og avsluttar rett på Dyngeland.
86'
Spillerbytte
85'
1718 tilstades på Fosshaugane i dag.
84'
Ekstrem tempoforskjell på Haugen og Jenssen der på scoringa til Sogndal.
83'
Spillerbytte
82'
Mål!
4-1
Haugen joggar forbi Jenssen og chippar ballen over Johansson. Lekkert av fjorårets toppscorer.
81'
Notodden fullstendig i oppløyisng her no. Sogndal har vore klart betre denne omgangen, men dei blåkledde har også senka seg fleire hakk.
80'
Ndour åleine gjennom og blir klippa ned av Jenssen. Kanskje det klaraste straffesparket eg har sett på Fosshaugane. Ekstremt svakt av Skarsem der. Hadde også blitt raudt kort for Ndour er heilt åleine med Johansson.
79'
Sogndal nære på å auke til 4-1. Ramsland legg inn til Haugen som sett ballen like utafor.
77'
Mål!
3-1
Og der kom nok spikeren i notoddenkista. Innlegg frå Schulze til Ramsland som står heilt åleine. Set ballen enkelt i mål. Kva er det Notodden sitt forsvar tenkjer med der?
76'
Hjørnespark
Nodur er nesten oppe og stangar inn sitt tredje, men ballen stryk den korte luggen hans.
76'
Eit kvarter igjen no. Kan Notodden komme tilbake?
75'
Gult kort
Feller Ramsland på kontringa til Sogndal.
74'
Spillerbytte
74'
Notodden med presset ein periode her no, men Sogndal tek over og kontrar.
72'
Spillerbytte
72'
Steiring og Haugen som ligg nede. Båremannskap er inne, men begge kom seg igjen ganske kjapt.
70'
Hjørnespark
To sogndalspelarar kolliderar og begge ligg nede. Ser ut som der er alvorleg på ein av dei.
66'
Spillerbytte
64'
Engelskmannen på beina igjen. Kan ikkje miste denne sentrale spelaren no Notodden.
63'
Så ser det ut som Ledger slit med ein skade.
62'
Mål!
2-1
Lang ball opp og Ndour riv seg fri på høgrekanten, stormar inn i feltet og dunkar ballen i mål frå 14 meter. Korleis kan denne mannen sitte på benken trenar Bakke??
59'
Dei blåkledde under eit tungt press no. Klabb og babb framfor mål før Steiring avsluttar med brassespark rett på Johansson.
58'
Hjørnespark
Notodden får gitt ut til kast på motsatt side.
56'
Meir fart i kampen no. Notodden er frampå, men innelgget går inn i armane til Dyngeland.
54'
Liten vitamininnsprøyting dette for dei kvite som no tek nokre meter ekstra på kvart løp. Sogningane på tribuna vakna også etter scoring.
53'
Så er det rot i Notodden sitt forsvar. Jenssen sklit og Ndour kjem åleine med Johansson som gjer ei kjemperedning.
51'
Mål!
1-1
Sogndal kontrar etter corneren. Ramsland spelar fint gjennom innbyttar Ndour som gjer det fleire andre kvittklede har slitt med i dag nemleg å treffe mål.Set ballen fint nede i Johanssons venstre hjørne.
50'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
50'
Sola rett i ansiktet akkurat no så får vi sjå kor mykje det hemmar Notodden sin rosakledde keeper.
49'
Haugen med avlsutning igjen, men rett på ein god Johansson.
47'
Så er Sogndal farlig frampå, men Haugen blir avblåst for å klatre på ryggen til Jenssen.
47'
Sogndal sparkar i gang denne andreomgangen og etter kort tid sparkar Birkelund ballen opp i sin eigen arm og Notodden vinn eit frispark litt inn på Sogndal sin halvdel.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Notodden leiar etter ei scorng av André Bakke. Sogndal har vore det spelemessig beste laget og har skapt ein god del gode sjansar, men utnytta dei dårlig. Også veldig mange pasningsfeil av heimelaget og spelarane har slitt med å forstå kvarandre i det oppbyggande spelet. Der har bortelaget vore mykje betre og spesielt offansivt har vi sett flerie godt oppbygde notoddenangrep. Vi ventar spent på andre omgang her frå Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+2'
Og for dei som er interessert i toppidrett kan eg no nevne at Tiger Woods er i delt ledelese med 7 hol igjen i The Masters.
45'
Hjørnespark
Birkelund avlsuttar utafor.
44'
Gult kort
Uthaling av tid faktisk!
43'
Notodden får låne ballen litt og kjem seg til eit innlegg, men der er Dyngeland fint ute og snappar.
42'
Sogndal kontrar rett etter frisparket og denne gong så er det Haugen som er relativt åleine med keeper. Toppscoraren frå i fjor set ballen svakt tre meter utafor.
41'
Salasiwa med ein chipp til Brekke som prøver seg på eit brassespark. Høgt over.
40'
Frispark til Notodden frå ca. 25 meter.
39'
Ndour skal berre sette ballen i mål frå kort hald, men sklir og fell. No er det mykje som går i mot sogningane her.
38'
Haugen spelar Ramsland aleine gjennom med Johannson, men spissen set ballen rett på keeperen. Der skal du utligne Ramsland.
33'
Ser ut som ei formasjonsendring også på Sogndal så mulig det ikkje var nokon skade alikevel.
32'
Spillerbytte
32'
Ndour skal inn for Sogndal. Er det taktisk eller skade? Bakke bytta også etter gode 30 minutt sist kamp også då dei vart rundspelt av Ull-Kisa.
30'
Erlend Hustad ligg nede med ein skade etter duell med Fredriksen.
28'
Ramsland får avslutta, men rett i blokka til dei blå.
28'
Frispark til Sogndal på 35 meter. Soltvedt skal svinge innover.
27'
Duell mellom Brekke og Dyngeland i boksen der begge to vil at dommaren skal blåse. Det gjer han også, men som vanleg så går det i keepers favør.
24'
Hjørnespark
Ballen på bakerste til haugen som headar mot mål. Der er Johansson og gjer ei god redning.
23'
Notodden ser farlige ut kvar gong dei kjem over midtbana på overgangar. God fart og gode kombinasjonar mellom dei tre på topp.
22'
Får til svært lite her no sogningane og til og med på tribuna begynner det no å komme ein del mishagsytringar mot dei kvitkledde.
20'
Hjørnespark
Igjen får blåtrøyene klarert. Denne gong til og med over tribuna. Og den er på to høgder!
20'
Hjørnespark
Vert stanga ut.
19'
Hjørnespark
Stussast ut til ny corner.
19'
Godt innleg som Jenssen må gi til corner.
18'
Slit ein god del i det oppbyggande spelet etter scoringa Sogndal. Blir mange pansingar bakover i bana og lite trykk framover.
16'
Litt mot spelets gang at Notoddden tok leiinga. Sogndal klart farligast i starten av kampen.
12'
Mål!
0-1
Bakke kranglar seg forbi tre sogndalspelarar og set ballen forbi Dyngeland. Glimrande kjempa av Bakke og hårreisande deffansivt spel av Sogndal.
11'
Ganske glissent på tribunanae i dag også i Sogndal, men ein 10-15 stykker har tatt turen frå Notodden. Rallarberget kosar seg i solsteiken og held bra liv.
8'
Hjørnespark
Endar i femmmeter.
8'
Ein sjuk sjanse til Sogndal. Haugen driv gjennom feltet og avsluttar via keeper i tverra og så i stolpen.
6'
Hjørnespark
Nytt frispark til Notodden.
5'
Hjørnespark
Frispark til Notodden.
5'
Fine takter av Sogndal på høgresida og dei vinn tilslutt ein corner.
4'
Notodden spelar fint opp i mellomrommet og Gustavsen brenn til frå 25 meter. Dyngeland må ut i strekk og klarer å halde ballen.
1'
Notodden med avspark. lang ball fram og dei blåkledde vinn eit innkast.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga inne på bana og vi er straks klare her frå Fosshaugane Campus.
Fantastisk vær i Sogndal i dag. Strålande sol og 10-12 grader. Ein liten trekk i flagga, men ingenting som skal kunne prege spelet.
For Sogndal er det nok mest markant at Sigurd Haugen er tilbake. Han var heilt klart sakna då sogninga vart utklassa 3-0 på Jessheim av Ull-Kisa.
Ingen store endringar på Notodden sitt lag frå uavgjort kampen mot Skeid sist helg. Strange går ut og inn kjem Borchgrevnik.
Eit bunnoppgjer får me vel kalle denne bataljen frå Sogn i kveld. Sogndal akkurat no på nedrykksplass med berre eitt poeng. Den same mengda poeng har Notodden og ligg på 13.plass. Så får vi sjå om godt to timar om ein av laga har komme seg eit lite stykke opp av dumpa.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den tredje serierunden i årets OBOS-liga.