TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
10-6 i avslutningar og 4-3 i avslutningar på mål. Vi takkar alle Notodden sine supporterar for sesongen. Kanskje snakkast me att neste år. For Sogndal sine supportarar skal nemleg ut i kvalikk og vi møtes difor igjen søndag 25. novmember når Ull/Kisa kjem på besøk til Fosshaugane.
Det vart med tre minutt tillegg og ein enorm jubel hjå notoddenspelarane. Ikkje den store skuffelsen å spore hjå Sogndal sine spelarar, men generealprøven til kvalikkampane kunne nok vore betre. Alt i alt eit greitt resultat her på Fosshaugane. Sogndal var best i første, mens Notodden hadde eit fyrverkeri det første kvarteret av den andre omgangen og det holdt til siger.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Har ikkje fått med oss tilleggsminuttane i dag. Tippar 4 eller 5.
90+3'
2020 betalande på Fosshaugane i dag.
89'
Spillerbytte
89'
Vi har i alle fall fått ein særs underhaldande andreomgang her frå Fosshaugane Cmapus.
88'
Spillerbytte
86'
Straffe!
86'
Bom på straffe!
Set ballen langt utafor. Elendig straffe
86'
Stering av alle driv inn i feltet og blir lagt i bakken. Straffe til Sogndal.
86'
Igjen innlegg frå kant der ingen kvitkledde kjem på ballen. Noko å trena på dei neste to vekene før kvalikken dette for Bakke sine menn.
85'
Innlegg frå Haugen og igjen blir ballen liggande fri i boksen utan at nokon kvitkledde klarar å komme seg på den.
82'
Hjørnespark
Notodden klarerar.
82'
Hjørnespark
Sogndal stangar ut.
82'
Spillerbytte
81'
Baranov med århundrets tilbakespel. Spring rundt med ballen på midten før han serverar Hustad åleine med Dyngeland. Steiring kjem inn og forstyrrar og dermed får Notodden bberre ein corner.
80'
Soltvedt med innlegg som ein pressa Johansson glepp. Ingen kvite kjem først på ballen og dei blå får klarert.
79'
Latifu prøver seg på eit langskot, men Johansson er nede og held ballen.
78'
Oppe igjen no trønderen.
77'
Steiring nede med hovudskade.
74'
Soltvedt verkeleg satt litt fart i Sogndal her etter at han kom inn. Kjem til innlegg, men Ledger får klarert.
71'
Hjørnespark
Notodden får klarert, men Sogndal beheld ballen. Går til slutt i offside.
71'
I muren og til corner.
71'
Soltvedt står klar!
70'
Gult kort
Klipper ned Adams, men eg syns no engelskmannen var først på ball. Uansett frispark til Sogndal på ca. 22 meter.
69'
Spillerbytte
66'
Innlegg frå Brekke og igjen får Hustad stå heilt umarkert i feltet. Klarar derimot ikkje å stokke beina og avsluttar utafor.
64'
Sogndal tilbake der dei var i første omgang med gode kombinasjonar. Klarar derimot ikkje å skape dei heilt store farligheitane framfor Notodden sitt mål.
63'
Nydeleg ball gjennom frå Riise til Adams som gjer eit dårlig touch og Johansson er ute og snappar.
62'
Gult kort
62'
Sogndal meir med ball no og Notodden har lagt djupare.
59'
Spillerbytte
59'
Om Sogndal var best i første omgang så har Notodden vore soleklart best dei første minutt her i andre. Bakke tar grep med nytt bytte.
57'
Der blir nok kanskje Notodden snytt for straffe. Latifu er igjen ute med armen og det ser ut som det er Hustad som igjen går i bakken. Kanskje litt for lett, men det var absolutt ein arm inne i bilde der.
55'
Ja her har vi fått både mål og underhaldning servert av Notodden i starten av denne omgangen.
54'
Skjer mykje her no. Enorm sjanse for Notodden! Ball i bakrom og Sogndal si offsidelinje er igjen håpløs. Brekke legg over til Hustad som på opent mål skyt i stolpen og ut. Litt skrått for spissen der så kan bruke det som unnskyldning.
53'
Spillerbytte
52'
Mål!
0-1
Tverrvender inne feltet og frå litt skrå vinkel dunkar han ballen forbi Dyngeland. Klasseavslutning.
52'
Kan legge til at straffa kom etter at Latifu held ein feilvendt Hustad. Såg heilt greitt ut frå vår posisjon ca. 70 meter unna.
51'
Hjørnespark
Songdal klarerar.
50'
Hjørnespark
Sogndal stussar ballen ut til corner på motsatt side.
48'
For ein repporter som er meir enn middels interessert i vær kan vi melde gode 10-12 grader frå Sogndal. Deilig novembervær, men no har det byrja å regne litt.
47'
Sogndal startar som i første. Rett i angrep. Flo legg inn mot Haugen, men Johansson får kasta seg inn og boksa ballen unna.
46'
Spillerbytte
46'
Notodden med avspark og vi merkar oss at like før pause så gjekk Nest-Sotra opp i 1-0 mot Åsane. Det betyr at Notodden no er veldig nære fornya kontrakt.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ikkje så mykje å skriva heim om denne førsteomgangen frå Fosshaugane Campus. Sogndal har vore det førande laget, men det var mest i starten at dei klarte å produsere nokre gode sjansar. Notodden har etter kvart komme litt meir med i kampen, men slit veldig med å skape nokon gode målsjansar. Vi håper både på mål og litt meir underhalding i andreomgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Hjørnespark
Klarert
45'
Bakke dreg seg innover i feltet og rundar 3-4 mann i sin veg mot mål. Går seg etter kvart og skrik både på frispark og straffe, men til lite nytte.
43'
Hjørnespark
Steiring avsluttar utafor.
43'
Hjørnespark
Mølje og ny corner.
41'
Hjørnespark
Vert klarert.
41'
Hjørnespark
Ny corner
41'
Enorm sjanse for Notodden! Sogndal med ei hårreisande offisdefelle som sender Hustad åleine med Dyngeland. Sistnemnte er kjapt nede på Hustad si relatvit dårlige avslutning og får gitt til corner.
40'
Veldig krevande spelestil på Notdodden. Skal absolutt tre ballen gjennom forsvaret til Sogndal og då må ein være meir nøyaktig enn kva telemarkingane har vore i dag.
37'
Hjørnespark
Baranov heilt åleine, men header ballen kraftlaust over.
35'
Hjørnespark
Over alle og ut til kast på motsatt side.
35'
Mandic er ti centimeter unna eit kremmerhus. Klinkar ballen dei få nemnte centimetrane over krysstolpen frå ca. 20 meter.
32'
Sogndal med nokre gode overgangar, men utan å komme til avslutning.
30'
Notodden forsøker å bygge opp litt spel, men det har vore lite dei blåkledde har fått til sålangt.
27'
Hjørnespark
Johansson er ute og bommar på ballen. Den dalar ned på hovudet til Schulze som headar utafor. Nære for Sogndal!
25'
God sjanse for Sogndal. Latifu og Mandic med fine kombinasjonar og innlegget får Flo nesten satt i mål.
23'
Siste ti minutta har vore relativt kjedelege. Ingen av laga har eigentleg klart å produsere noko osm helst og det meste har skjedd mellom dei to laga sine sekstanmetrar.
21'
Hjørnespark
Kort corner som endar i ingenting.
21'
Hjørnespark
Schulze høgast og vinn ein ny corner frå motsatt side.
17'
Hjørnespark
Over alle og ut til femmeter.
14'
Nydelig pasning frå Ferreira til Bakke i bakrom. Han vel å legge ut 45-grader i staden for å skyte. Der er Baranov og får klarert.
13'
Igjen er Sogndal frampå. Innlegg frå Latifu som Johansson får tak i rett framfor Flo.
10'
Notodden kjem fint rundt på kant og Bakke får lagt inn. Dyngeland ute og boksar.
7'
Igjen Sogndal. Haugen rundt på kant får lagt inn og no klarar Flo å fa ballen på mål, men der er Johansson og held sikkert.
6'
Sogndal har verkeleg festa grepet her i starten her. Haugen snurrar rundt og sender ein markkrypar inn i feltet. Der får Robson såvidt klarert framfor Schulze.
3'
Igjen er Sogndal nære. Ball inn i bakrom og berre ein god Mac-Intosch får hindra Haugen i å avslutte.
1'
Latifu legg inn og Haugen headar ballen inn igjen til feltet og over ein notoddenstoppar. Der står Ulrik Flo og set ballen utafor frå tre meter. Lettare å score enn å bomme der.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Straks klare for kamp. Rallarberget stiller mannsterkt opp på eit glissent Fosshaugane Campus. Har nok store forhåpingar her notoddingane om å framleis kunne kalle seg eit OBOS-lag om knappe to timar.
Ikkje mange oppgjør mellom desse to laga å vise til. Sju offisielle kampar tel vi og Notodden har faktisk aldri slått sogningane. Fem sigrar til Sogn og to uavgjorte er fasiten, men i 2007 vann faktisk dei blåkledde ein treningskamp mot sogningane så dei får ta med seg denne som statistisk motivsajon
Ikkje så mange endringar på nokon av laga frå sist runde, men for Notodden ser vi at Midtgarden er satt ut til fordel for Hustad samt at kaptein Ledger er tilbake. For Sogndal er det vel mest å bemerka seg at Riise som fekk fri frå den lange turen til Tromsdalen er tilbake sentralt på midtbana til Sogndal.
Bortelaget frå Telemark derimot har veldig mykje å spela for i dag. Det såg lenge mørkt ut etter ein tung periode, men med to strake sigrar har frykta for direkte nedrykk blitt snudd til å kunne halde seg utan å havne på kvalikkplass ein gong. Med siger i dag vil Notodden være sikra spel i 1.divisjon neste år. Med poengtap må ein sette sin litt til at Nest-Sotra gjer ein jobb mot Åsane. Med lik poengssum og betre målskilnad enn laget frå Bergen er situasjonen nemleg som alle forstår enkel. Like mange eller fleire poeng enn Åsane i dag gjev fornya kontrakt. Dersom ikkje er det ut i kvalikk mot KFUM.
Heimelaget har allereie sikra seg 4.plassen og har absolutt ingenting å spele for. Men Bakke sine menn har nok eit sterkt ynskje om å ta med seg den gode formen inn i kvalifiseringsspelet. Etter ein elendig periode som sende dei ut av opprykkskampen har laget frå Sogn no vunne 4 av dei 5 siste kampane og er dermed i lag med Strømmen eit av dei to store formlaga i divisjonen. Sigersrekka på tre kampar satsar ein nok på å forlenge i dag slik at sjølvtilliten er på topp før kvalifiseringa til Eliteserien.
Vi ynskjer velkomne til siste runde i årets 1.divisjon og kampen mellom Sogndal og Notodden frå Fosshaugane Campus.