TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kristian Fardal Opseth dagens store spelar for heimelaget. Dunkar do frispark i mål på utsøkt vis og har også eit knallhardt frispark i tverra. Utfordrar verkeleg Helland som noregs frisparkkonge.
Og der er det over på Fosshaugane Campus. Sogndal vinn 3-0. Eit flaterande resultat sjølv om Sogndal nok var det beste laget i den andre omgangen, men i første omgang var Nest det soleklart beste laget. Dette viser seg att i vår avslutnignsstatistikk som seier 11-9 i heimelaget sin favør. Ikkje tal som tilseier ein 3-0 siger.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+4'
Bjørsvik og Opseth i ein skikkelig mannaduell. Bjørsvik vinn skulder mot skulder og er særs nøgd med det.
90+2'
Hjørnespark
Kort corner som Nest får kontroll på.
90+2'
Drage igjennom, men ei meisterleg redning av Øvretveit.
90+2'
2611 betalande tilskodarar i kveld på Fosshaugane Campus.
89'
Spillerbytte
89'
Då er nok den einaste spaningen for desse laga og deira sine supportarar i kveld kven som blir ordførar i henholdsvis Sogndal og på Sotra.
86'
Mål!
3-0
Det er magi det denne karen driv med! Frå venstre kant av 16-meteren dunkar han ballen knallhardt i motsatt kryss. Oppe i 13 mål no den lokale spissen. Fleire av dei har vore av internasjonal klasse, deriblant dei to i dag.
86'
Zhubi dyttar Grodås s0m driv framover og inn i feltet. Sogndal får frispark på kanten av 16-meteren.
85'
Gult kort
Feller Grodås.
85'
Nest byggjer opp igjen. Gode Bjørsvi ker sentral i si djupe midtbanerolle, men slit med å finne rom framover. Har ellers vore god i dag Bjørsvik. Gjer svært lite feil.
84'
Igjen kan Sogndal kontre, men det går frykteleg seint. Endar i innkast for Nest.
83'
Holsæter nermar seg. Skyt frå 20 meter. Ein liten meter over.
82'
Sogndal kan komme på overgangar, men viser ingen vilje til det. Serieleiaren går for å dra inn denne 2-0 sigeren no.
81'
Gult kort
Munnbruk.
81'
Hjørnespark
Klarert av Nielsen.
79'
Hjørnespark
Slått langs bakken og Nielsen breisidar ballen 22 centimeter tilside for målet til Dyngland. Det var nok Nest sin sjanse i denne omgangen.
79'
Mykje nesten frå begge lag i denne omgangen. Eit par avsluntingar, men ingen av dei har vore farlige. Veldig mange blokkerte skotforsøk for begge lag.
78'
God sjanse for Nest, men Patronen får forstyrra Hammersland i siste sekund. Litt mykje knottar der frå Patronen meiner underteikna, men Borgersen lar den tiltalte komme til gode.
76'
Spillerbytte
Deffansivt byte av Bakke. Kampens kanskje beste spelar Otoo går av og inn kjem midtbanespelar Bolseth.
75'
Klokka tikkar Sogndal sin veg, men denne kampen er langt frå over. Nest har ikkje klart å skape nokon 100%-sjansar så langt i omgangen, men har hatt fleire gode angrep. Det skurrar derimot litt frå dei siste 20 metrane og inn for strilane.
73'
Sogndal med fleire gode sjansar inne i feltet, men brukar alt for lang tid slik at dei enten må slå støtt eller får skotet sitt blokkert.
71'
Spillerbytte
71'
Flotte kombianasjonar av Nest og Hammersland får fyre inne i 16-meteren. Dessverre for bortelaget kjem det ein sogndalspelar og blokkerar.
70'
Holsæter ikkje heilt varm endå. Får ballen upressa på kanten av 16-meteren og legg innlegget sitt ca. fem meter bak mål.
69'
Sosseh har gått fram som spiss for Nest og Hammersland spelar offansiv midt.
68'
Fine kombinasjonar av Otoo og Holsæter, men sistnemnte snublar når han ladar ann til skot på 20 meter.
66'
Spillerbytte
66'
Hjørnespark
Godt slått, men det ser ut som det er Utvik som er høgast i feltet og får klarert.
66'
Gjekk for presisjon og ikkje kraft denne gongen Opseth.
65'
To meter over denne gong frå Opseth.
65'
Frispark til Sogndal på litt under 25 meter. Gjett kven som gjer seg klar?
64'
Nest med veldig høgt press og Sogndal prøver å spele seg ut før Psyche skjønnar at dette blir vanskelig og dunkar ballen fram.
63'
Sogndal prøver seg med litt småspel i boksen, men Nest får klarert. Blir litt mange touch frå kvar sogndalspelar og då blir det lett å forsvare seg for Nest.
61'
Spillerbytte
61'
Hammersland introduserar seg med eit håplaust innlegg. Bak mål.
59'
Patronen er litt hot i feltet og dyttar Øvretveit. Frispark for Nest.
58'
Teniste skal kaste eit 'hot' innkast.
58'
Har jobba hardt i dag Næss, men fått lite løn for strevet.
57'
Spillerbytte
57'
Bra angrep av Sogndal som splear fint rundt kant og får slått inn framfor mål. Heldigvis for Nest er no Nielsen nokre centimeter framfor Otoo og får klarert.
55'
Ballen endar tilslutt i armane til Dyngeland osm roar ned spelet.
55'
Menn Nest vinn eit innkast høgt i bana.
54'
I muren frå Næss.
54'
Det er Næss og Sosseh som står klar.
54'
Gult kort
54'
Frispark på 20 meter for Nest. Drage får seg og eit kort.
53'
Nest held fram med å styre kampen og kan dei få seg eit mål så kan vi få ein særs interessant andre omgang her.
52'
Norheim med ball igjenom og Dyngeland er på skovtur. Heldigvis for han er Psyche der og ordnar opp.
52'
Sogndal ligg djup og har meir intensitet i presset sitt no. Nest slit meir med å spele seg igjennom i denne omgangen.
51'
Teniste har på sin estlandsregistrerte bil skiltnummeret '111hot'. Så spørs det om det er dei heite innkasta sine eller andre ting han her har valt å referere til.
50'
Sogndal med trøkker her i starten av andre omgang.
49'
Sjokkerar alle med eit kort kast. Både bortelag, heimepublikum og ikkje minst medspelarar er i sjokk og Sogndal mistar etterkvart ballen.
48'
Walberg gjev til kast og då kjem Teniste opp.
46'
Hjørnespark
Patronen går opp på bakerste og stangar ballen rett på Øvretveit. Sterkt av Patronen der og trygg inngripen av Øvretveit som held ballen.
46'
Utvik testar Øvretveit med ein gong. Sisteskansen må gje til corner.
46'
Sogndal med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen byte på Sogndal heller.
Der kom Sogndal ut på bana og då er vi straks klare for den 2.omgangen her frå Fosshaugane Campus.
Ser ikkje ut som Nest skal gjere noko byte i pausen.
Då har vi fått Nest tilbake på bana, mens Sogndal sit inne og varmar seg litt til. Spørs om Bakke kjører ein hårfønar, mens Petter Fossmark har sendt gutta ut for å halde fram det gode spelet frå første omgang.
Pausestatistikken viser 4-6 i avslutningar der Sogndal har 2 på mål, mens Nest har 3. God uttelling av serieleirane her altså. Før målet til Opseth talde vi 0-6 i avslutningar.
Pause og Sogndal vert klappa av bana. Utanom måla burde vel heller publikumet vore misnøgde. Nest har vore soleklart best i denne omgangen. Men når Opseth fekk sjansen på 17 meter så tok han godt vare på den. Like etter var Otoo kjappare enn Nielsen og dermed stod det 2-0. To klassemål av Sogndal, men utanom det har Nest vore det klart beste laget og om dei kan halde fram dette i den andre omgangen så kan det framleis verta ein interessant kamp her frå Fosshaugane Campus.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
45+2'
Endar i frispark for Øvretveit.
45+2'
Frispark til Sogndal på midten som Grodås skal svinge inn i feltet.
45+1'
Otoo med innlegg til Opseth som set ballen utafor. God sjanse for Sogndal der.
45+1'
Det er lagt til minimum to minutt.
45+1'
Ser litt motlause ut no Nest-spelarane. Må nok komme seg til pause og få seg ein oppmuntrande prat.
42'
Frykteleg ufotent dette her. Nest har vore det soleklart beste laget og hadde fortent mykje meir enn kva dei har fått i scoringsprotokollen. Men det gjeld sjølvsagt å ta vare på sjansane sine og det har serieleiaren gjort. Men hugs at Nest også låg under 2-0 mot Brann på stadion og kom tilbake og fekk uavgjort.
40'
Mål!
2-0
Ball i bakrom og Otoo spring i frå Nielsen og set ballen bak Øvretveit. Blir avslørt på farta der Nielsen sjølv om Otoo er rask og god som kjem seg framfor midtstopparen.
39'
Godt slått, men Utvik stangar ut.
39'
Frispark til Nest like utafor 16-meteren. Men veldig skrått.
38'
Som sagt tidlegare så er denne leiinga svært ufortent. Opseth sitt frispark var Sogndal si første avslutninga på mål i kampen.
38'
Nytt frispark frå Opseth og denne gongen i tverra. Kaupingen må aspirere til den med mest krutt i støvla i dette landet.
34'
Mål!
1-0
For ein spelar! Kristian Fardal Opseth! Får denne mannen skyte frå 25 meter og inn så blir det farlig. Det blir det no og. Dunkar ballen i krysset bak Øvretveit. I keeperhjørna og alt men Nest-keeperen får ikkje ein gong opp hendene. Ein frykteleg ufortnet ledelese til Sogndal her på Fosshaugane Campus.
34'
Opseth skal skyte. Sannsynlegvis hardt.
34'
Frispark til Sogndal på 17 meter.
34'
Svidd av mykje krutt no Nest. På tide at dei får lønn for strevet eller kan det bli tungt å halde dette trøkket utover i kampen trur eg.
32'
Hjørnespark
Frispark til Sogndal etter holding i feltet.
32'
Hjørnespark
Ny corner.
32'
Sosseh med glimrande skot frå 20 meter. Dyngeland slår til corner.
31'
Ny fin sjanse for Nest, men Zachariassen speler Næss som er i offside. Litt for hissig på grøten der spissen til Nest.
29'
Ny fin sjanse for Nest. Norheim slår inn i feltet, men ingen grønnkledde klarar å komme først på ballen.
28'
Men ingen silkefot her no. Dreg til, men skotet vert for laust og går samtidig utafor.
28'
Er silkefoten Nielsen som skal ta det.
27'
Frispark til Næss og Nest på ca. 30 meter. Skal svingsat inn i feltet ser det ut som.
26'
Brann allereie oppe i ei tomålsleiinga og dette set meir pressa på Sogndal i kampen om opprykk.
25'
Hardt og godt innlegg frå Grodås som går gjennom heile feltet. Tendensar frå heimelaget.
25'
Vi er halvegs i omgangen og så langt skulle ein tru at det var Nest som var serieleiar og Sogndal osm sleit i botnet. Heimelaget har vore udner pari, men samtidig har Nest vore svært gode både offansivt og deffansivt.
23'
Opseth inne på bana igjen.
23'
Nielsen i midtforsvaret har vist fram ein utsøkt langpasningsfot så langt. Er også med offansivt og viser seg som ein midtsoppar med godt blikk for spelet og ein god pasningsfot.
22'
Nest ein peridoe med ein mann ekstra no då.
21'
Opseth har fått eit kutt over auge og må ut for å få stoppa blødningen.
20'
Blir viktig å for Nest å få seg eit mål no når dei har serieleiaren i kne.
19'
Men kontringar endar i to støttepasningar og Nest kjem seg tilbake. Veldig godt jobba av Nest sine spelarar vel å merka.
18'
Hjørnespark
Sogndal kontrar.
17'
Vi har spelt eit kvarter og det er Nest som har vore det soleklart beste laget sålangt. Har og begynt å holde meir i ballen no enn kva dei gjorde i starten.
16'
Bjørsvik med skot frå 35 meter. Langt over.
14'
Fine dragningar av Furdal. Kjem seg forbi 3-4 sogndalspelarar, men får ikkje avslutta.
13'
Innlegg frå Grodås som liknar meir på eit skot. Går nokre cm over tverrliggaren til Øvretveit.
12'
Sogndal mest med ball, men Nest det beste laget etter ti minutt. 0-3 i avslutnignar så langt.
11'
Fin kontring av Nest like etter på, men Næss avsluttar over frå 20 meter. Kunne kanskje spelt Zhubi der, men greitt å få avslutta angrepet.
10'
Rett i armane på Øvretveit.
10'
Innakst for Sogndal. No, skal Teniste kaste langt.
9'
Zhubi dreg seg innover og avsluttar frå 16 meter. Skotet er litt for laust og Dyngeland plukkar lett.
7'
Sogningane kjem på kontring, men får ikkje meir enn eit frispark som dei tek kort.
7'
Sogndal får klarert det lange frisparket.
7'
Frispark til Nest midt på bana. Tek seg god tid og sender fram tungskytset.
6'
Hjørnespark
Nei det vart corner og ikkje kast. Sogndal trykkjer på i boks på corneren, men Øvretveit får etterkvart kontroll.
5'
Nest gjev vekk eit innkast og Teniste skal kaste langt.
4'
Hjørnespark
Langt bak i feltet til Norheim som med maske stangar balen på mål, men rett i klypene til Dyngeland.
4'
Nest pressar høgt frå start her. Lar ikkje serieleiaren få noko gratis.
3'
Grodås tilbake, men han kjente nok den smellen. Så får vi sjå om dette hemmar han utover i kampen.
2'
Ser ut som han har fått seg ein smell i eit ribbein. Må ut for å få behandling her venstrebacken.
1'
Grodås nede med skade allereie etter eit minutt.
1'
Zhubi spelar høgrekant og Sosseh offansiv midt ser vi her no.
Avspark Start 1. omgang
Nest-Sotra med avspark.
Laga på veg inn på bana på eit ikkje alt for velfylt Fosshaugane Campus.
Fem minutt til kampstart til dette viktige oppgjeret for både botn og toppstriden i 1.divisjon.
13-14 grader i Sogndal i kveld, men ein skikkelig sur vind gjer det kaldt for publikum samtidig som den og kan verta gjeldande i spelets gang.
Lite møter mellom desse to laga tidlegare, men i det føregåande møte på Sotra vann Sogndal 2-1. Opseth sende Sogndal i leiinga før Hammersland utlikna. På slutten stakk derimot sogningane av med sigeren etter ei scoring av Sarr.
Då har vi laga klare og vi ser at Petter Strand er tilbake for Sogndal samt at Utvik kjem inn Bolseth på midten. For Nest er det byte på venstrebacken der Martinsen går ut og Walberg kjem inn. I den offansive midtbanerolla gjer også Nest eit byte frå kampen mot Ranheim der Zhubi erstattar Hammersland.
Om Norheim stiller med eller utan maske skal du få svar på kl. 1900 i kveld. Laga vil du her få presentert ca. 1 time før kampstart. Vel møt!
Begge laga har lagt ut lite informasjon om kva spelarar som er tilgjengelege, men for Nest-Sotra er John Olav Norheim klar sjølv om han braut nasa si i kampen mot Ranheim for to veker sidan. Han skal etter alle solemerker spele med maske, men viss den hemmar han så vil han kaste den opplyser Nest si heimeside.
Nest-Sotra har sett fortapt ut heile sesongen, men eit lite oppsving i det siste har gjort at strilane for fullt er med i kampen om fornya kontrakt i 1.divisjon. Berre fire poeng skil opp til sikker grunn og ein trepoengar i dag hadde nok vore svært godt i kamp for overlevelse.
Etter at Kristiansund vann i går og Brann etter alle solemerker slår Fredrikstad på Stadion er Sogndal nøydde til å plukke poeng. Akkurat no er det berre fire poeng ned til Kristiansund og den same skilnaden vil det bli om Brann vinn sin kamp og Sogndal ikkje tek poeng.
Ein kjem sjeldan nærare eit topp-botn oppgjer. Sogndal ligg øvst på tabellen, mens Nest-Sotra ligg nest sist.
Då vil vi få ynskje velkomne til mandagskamp og fullføringa av den 23. runden i 1.divisjon. I kveld er det Sogndal og Nest-Sotra som brakar saman til kamp på Fosshaugane Campus. Kampstart kl.1900.