Referat
Kun høydepunkter
Me takkar for fylgjet frå Fosshaugane Campus!
Der er det slutt i Sogndal! Nest-Sotra stikk av med alle 3 poenga. Eit noko tafatt Sogndal mister viktige poeng i kampen om kvalikplass. Sjansefattig kamp der Nest-Sotra altså får ei luke ned til Sogndal etter dagens kamp.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
Totland driv oppover og får eit innkast høgt på bana.
90+4'
Klarar Sogndal å skape ein siste sjanse?
90+2'
Antonijevic vinn dei fleste duellar, men ingen er på andreballen.
90+1'
Sogndal pumpar langt.
90+1'
Fem minutt lagt til.
90+1'
Blir Schulze, sett den nokre meter over.
90'
Schulze og Roseth står med ballen.
90'
Frispark til Sogndal i god posisjon no. Totland driv framover og blir felt rett utanfor 16-meteren.
89'
Innbyttar Hestetun blir liggjande etter duell med Antonijevic. Frispark til Sogndal.
87'
Haugsdal legg ned ein enorm innsats i presset på topp for bortelaget no.
86'
Nest-Sotra opptekne av å halde på ballen no.
85'
Sogndal slår longt på Antonijevic som legg igjen til Flo. Flo blir feilvendt og prøvar å nå Antonijevic igjen, men blir upresist.
84'
Roseth driv framover i bana og endar opp med å lage frispark.
83'
Sogndal kontrar men Mannsverk bommar på ballen når han skal skyte.
82'
Svært billig frispark til Nest-Sotra til høgre på Sogndal sil banehalvdel.
79'
Lite rørsle offensivt for Sogndal no, blir difor svært passivt pasningsspel i bakre ledd.
78'
Det byrjar å haste for Sogndal no.
76'
Totland med nok eit lurt innlegg mot bakerste, diverre når ikkje Ndour den.
74'
Totland med eit godt innlegg som fører til corner for Sogndal.
73'
Nest-Sotra er svært disiplinerte i returjobben.
73'
Sogndal verkar stressa, og får ikkje til noko særleg offensivt no.
70'
Sogndal må jage mål no.
66'
Ein long ball blir slått mot Ndour som vinn duellen, men headinga går utanfor.
63'
Bakke gjer grep med ein gong etter scoringa.
61'
Sogndal med kontring, men nok ein gong blir det for upresist.
59'
Jensen med skot frå distanse. Midt på keeper.
59'
Kristoffer Hoven luktar eit tilbakespel og når nesten ballen! Keeper avvergar.
58'
Andreas Hoven testar skuddfoten frå distanse, nokre meter over mål.
58'
Sogndal kjem seg flott inn i mellomrommet, men kjem seg ikkje så mykje lenger.
55'
Sogndal har eit lite overtak her, kjem seg til ein del halvsjansar.
53'
Nest får avslutta via ein Sogndalspelar til corner.
52'
Ogbu bryt nok ein gong opp ei kontring, denne gongen blir det frispark til Nest.
49'
Startar som i 1.omgang, mykje fart fyrste minutta her.
47'
Ogbu stoppar ei kontring, viktig inngripen.
47'
Sogndal går i strupen på Nest-Sotra her, tydelig at dei vil ha 3 poeng.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Viktige 45 minutt gjenstår for begge lag.
Laga entrar bana igjen.
Som forventa ein jamn kamp her ute. Spennande å sjå om det blir meir fart og sjansar i andre omgang.
Pause på Fosshaugane Campus. Ein omgang som starta fartsfylt, med mykje fram og tilbake. Tempoet dalar utover i omgangen, og det er ingen som har eit klart overtak her ute.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Minimum to tillagte minutter.
45'
Mannsverk med ei takling på ball, men viser knottar. Blir frispark til Nest-Sotra.
43'
Soltvedt fyrar midt på keeper.
43'
Lite action dei siste minutta. Sogndal med frispark midt på Nest sin banehalvdel.
39'
Rett i muren.
39'
Soltvedt skal ta det.
38'
Sogndal hissige på å sette tidleg igang, blir ein stor sjanse då Soltvedt finn Andreas Hoven på 11 meter, men avslutninga går like til sides for mål.
37'
Blir slått inn av kaptein Haugsdal, men går gjennom feltet.
37'
Frispark til Nest-Sotra høgt på venstresida. Kan bli farleg.
36'
Fleire duellar no enn tidlegare i kampen. Blir ein del frispark midt på bana.
33'
Nytt skot frå Sogndal, Andreas Hoven skyt via ein forsvarsspelar og til corner.
33'
Totland bryt nok ein gong og legg ut til Jensen. Får ikkje skikkeleg treff og den går midt på keeper.
31'
Sogndal får roa ned og trillar ball.
30'
Sogndal med stor sjanse! Soltvedt får prikka eit legg på Kristoffer Hoven som bommar totalt med headinga.
28'
Sogndal blir liggjande veldig lave og Nest-Sotra får corner.
27'
Nest-Sotra etablerar seg på Sogndal sin halvdel og får slått inn i boks. Skotet frå skrå vinkel går midt på Dyngeland.
24'
Sogndal spelar seg fri på venstrekanten og Soltvedt skyt frå skrå vinkel. Rett i klypene på Fij.
21'
Sande kjem inn på bana igjen, ser ut til å stå bra til med han.
20'
Ein Nest-spelar ligg nede for telling. Ser ut til å vere Sande som har fått seg ein smell.
19'
Begge lag syner stor vilje til å angripe, men slit litt med presisjonen.
18'
Stor kontringsmoglegheit for Sogndal, men blir for upresise og slurvete på den siste tredelen.
16'
Gode kombinasjonar frå Sogndal som sendar Soltvedt gjennom, ballen endar til slutt hos Schulze som skyt midt på keeper frå 20 meter.
15'
Svendsen fri på bakerste stolpe, men ballen blir litt lang så han får ikkje skikkeleg trøkk i den headinga.
12'
Skot langt over frå Aas.
10'
Farleg i andre enden då Nergaard kjem til avslutning frå skrått hald, men Dyngeland står godt og fangar den.
10'
Farleg innlegg frå Soltvedt som Kristoffer Hoven nesten når. Ballen trillar ut til utspark.
9'
Bølgjar fram og tilbake her no.
8'
Bra tempo i Sogndal her i starten. Verkar farlege på kontringar.
7'
Schulze driv opp i mellomrommet og legg ut til Kristoffer Hoven som får avslutta frå skrått hold, går via Nest til corner.
5'
Totland bryt ballen høgt og leverar til Andreas Hoven som skyt utanfor frå 20 meter.
4'
Fredriksen driv opp mellom ledda til Nest-Sotra, endar i innkast til bortelaget.
1'
Startar med å slå langt, og plukkar opp andreballen.
Avspark Start 1. omgang
Nest-Sotra byrjar med ballen.
Tone Damli observert på tribuna, storfint besøk altså!
Laga entrar bana og vi er snart klare for kampstart.
Nærmar seg kampstart i denne særs viktige duellen mellom 6. og 7.plass.
Sist laga møtte kvarandre stakk Nest-Sotra av med sigeren 1-0 på heimebane. Laga har møtt kvarandre på Fosshaugane 2 gongar tidlegare i 1.divisjon, og Sogndal har vunne begge.
Begge lag står med 35 poeng før rundens kamp, men Nest-Sotra har betre målforskjell, som gjer at dei ligg på den viktige 6.plassen.
Hei, og velkomne til dagens dekning av kampen mellom Sogndal og Nest-Sotra!