TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Kampen er over! Det blei hektisk på slutten! Etter scoringa var Nest-Sotra farleg frampå fleire gonger, og kunne fort ha utlikna! Ai ai ai, det her blei spennande! Men Sogndal klarer å ri av stormen, og får med seg 3 poeng heilt på tampen! Men totalt sett hadde Sogndal ballen mest, og dei største sjansane, så det er heilt greitt at heimelaget stikk av med 3 poeng. Takk for at du følgte oss, neste gong er Stig Anders Hauge klar for oppdatering!
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+2'
Gult kort
90+1'
Straffe!
Innlegg frå høgresida til Sogndal, Latifu slår inn, og der blir Akor Jerome Adams holdt av ein Nest-Sotra spelar. Dommar bles straffe til Sogndal!
90+6'
Hjørnespark
Songndal får klarert!
90+6'
Hjørnespark
Kjemperedning av Dyngeland!
90+5'
Gult kort
90+4'
Gult kort
90+4'
Nest-Sotra går rett i angrep. Dyngeland får frispark, og det oppstår kranglin mellom fleire spelerar!
90+2'
Mål!
1-0
Soltvedt knallar den i mål! Selvik er på den, men skotet er for hardt! 1-0 til Sogndal!
90+1'
Straffe Sogndal!
90+1'
Tilleggstid er 4 minuttar.
89'
Hjørnespark
Skot frå Faiqi langt over mål
88'
Utspark frå Selvik no. Får nokon av laga scoringa? Det er framleis tid!
87'
Tilskodartalet er 2095.
87'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Nest-Sotra har vore mest på hugget dei siste minuttane.
82'
Nest-Sotra er igjen frampå. Skot frå Liseth, men Dyngeland får klarert.
82'
Då kom regnet i saftbygda.
81'
Halvsjanse til Nest-Sotra. Skot frå ca 25 meter, men ballen går 3 meter utanfor mål.
79'
Sogndal har vist mest initiativ i 2. omgong. Får vi ei scoring snart?
76'
Gult kort
Riise plukkar opp ballen etter at dommar har blåst for frispark. Han hindrar dermed at Nest-Sotra kan ta frisparket kjapt.
74'
Hjørnespark
Ballen blir klarert, men Dalen Jensen har ryggsekken på, og skyt himmelhøgt over frå 20 meter.
73'
Hjørnespark
Corner blir klarert til innkast.
71'
Sogndal har vore mest på hugget til no, men Nest-Sotra er klar for kontring når sjansen byr seg.
70'
Nest-Sotra kontrar, og får frispark. Men dei hadde fordel dommar! Trenar Landro er oppgitt, og protesterar 2 meter inne på bana!
68'
Eirik Bakke er aktiv på sidelinja. Han treng sårt tre poeng no.
68'
Stygg feilpasning av Latifu, Nest-Sotra i angrep, men Steiring får kontroll, og Sogndal overtar. Der kunne bortelaget ha straffa Sogndal.
66'
Igjen er Sogndal i angrep, men keeper Selvik får tak i ballen. Sogndal nærmar seg mål.
65'
Stor sjanse til Sogndal! Ballen dett ned i føtene på Dalen Jensen, som brenn til frå 6 meter, men ballen har ein litt lei sprett og han skyt dermed høgt over mål! Burde klart betre!
62'
Spillerbytte
62'
Sogndalpublikum ropar på frispark. Dalen Jensen blir tatt i skummel posisjon, men dommar vinkar spelet vidare.
61'
Dersom Sogndal tapar i dag, er det fjerde heimekampen på rad med tap.
60'
Då gjer Sogndal to bytter. Kan Riise børste støv av gammal storhet?
59'
Spillerbytte
58'
Spillerbytte
57'
Sjanse til Nest-Sotra. Innlegg, som Sande ikkje treff godt nok på, og Dyngeland overtar.
56'
Sogndal overtar, utspark frå 5-meter.
55'
Bortelaget har framleis ballen. Kven som får det første målet er vanskeleg å spå. Nest-Sotra virkar solide i dag, og dette blir ikkje lett for Sogndal.
53'
Nest-Sotra har ballen no. Prøver å finne opning i Sogndalforsvaret, men heimelaget står kompakt.
52'
Sogndal prøver seg på ein stikkar, men keeper Selvik plukkar den greitt.
51'
Nest-Sotra i angrep, men skotforsøk blir blokkert. Endar til slutt opp med innkast til Sogndal.
50'
Blir eit innlegg, men keeper Selvik er trygg og god, held ballen i fast grep.
49'
Sogndal i fint driv, Kjemhus med eit innlegg, men Nest-Sotra får klarert til kast.
48'
Framleis gode forhold for fotball, regnet held seg vekke.
47'
Ingen endringar på nokon av laga, ser det ut til.
46'
Nest- Sotra vinn ballen, og byggjer opp.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem ut på bana att. No er det Sogndal som skal starte med ballen.
Då er det pause. To jamne lag som spelar på Fosshaugane Campus. Heimelaget fekk ein stor sjanse på tampen av omgongen, og Birkelund burde fått nettsus der. Bli med vidare i 2. omgang, dette kan bikke begge vegar!
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+3'
Stor sjanse til Sogndal! Birkelund får ballen på sølvfat rundt 12 meter, men klarer å skyte over mål!
45+1'
3 min tilleggstid.
45+1'
Snart pause, og det er Sogndal som har hatt den største sjansen til no i kampen.
45'
Mykje klabb og babb, som endar med 5-meter!
44'
Frispark til Nest-Sotra. Fin innleggsposisjon!
43'
Innlegg frå Nest-Sotra, men Sogndal klarerar.
42'
Mistar ballen, Nest-Sotra prøver å kontre, men blir hindra av Sogndal.
41'
Innkast til Sogndal høgt oppe.
41'
Keeper Selvik boksar ballen. God inngripen!
40'
Gult kort
40'
Kven får det første målet? Sogndal har kanskje vore hakket kvassare enn Nest-Sotra til no.
39'
Nest-Sotra er kompakte, og har kontroll.
38'
Frispark til Sogndal midt på deira banehalvdel. Trillar ball no.
36'
Hjørnespark
Blir duell i feltet, frispark til Nest-Sotra.
35'
Wæhler og Riise er under oppvarming.
34'
To lag som ønsker tre poeng her. Det er jamnt.
33'
Sogndal klarer å få ballen vekk.
33'
Dang er klar igjen. Frisparket kjem no.
33'
Frispark til Nest-Sotra eit stykke inne på Sogndal sin banehalvdel. Det ser ut til at Dang ligg nede.
31'
Offside Nest-Sotra.
30'
Frispark til Nest-Sotra midt på deira banehalvdel.
29'
Nest-Sotra står til tider høgt, dette kan laget frå saftbygda prøve å utnytte.
28'
Frispark til Sogndal ikkje langt frå midtstreken.
28'
Kontring ti Nest-Sotra, men dei klarer ikkje å utnytte sjansen.
27'
Igjen er det Sogndal som trillar ball.
25'
Nest-Sotra overtar, kast til dei.
24'
Trillar ball, og er tålmodige.
24'
Sogndal har ballen.
23'
Keeper Selvik er klar igjen.
23'
Offside Sogndal. Keeper til Nest-Sotra blir liggande, blir ein kollisjon med Schulze. Stopp i spelet nok ein gong.
22'
Til no er det to jamne lag som er interessert i å spele fotball.
21'
Dyngeland er på bærtur, men blir redda av ein forsvarsspelar. Kunne blitt farleg!
20'
Sogndal får tak i ballen, innlegg Kjemhus, men ingen plukkar opp.
20'
Frispark Nest-Sotra, midt på deira banehalvdel.
19'
Byggjer opp angrepet.
19'
Sogndal har ballen no.
18'
Vi er i gang igjen.
18'
Han er oppe igjen no, og er klar igjen.
17'
Det ser ut til at det er Stephensen som ligg nede.
17'
Sogndal får innkast langt oppe på Nest-Sotra si banehalvdel. Går inn til keeper. Og akkurat no er det stopp i spelet, ein Nest-Sotra spelar ligg nede.
15'
Nest- Sotra trillar ball.
13'
Hjørnespark
Kjemping i feltet. Blir innkast til Sogndal.
12'
Regnet ser ut til å halde seg vekke foreløpig, så det er gode spelarforhold akkurat no.
11'
Det har roa seg litt no.
11'
Igjen er det kast til Songdal langt nede på deira banehalvdel.
11'
Nest-Sotra byggjer opp.
10'
Kast til Sogndal langt nede på deira banehalvdel.
7'
Sogndal har vore gode i starten.
7'
Igjen nære på. Skot frå ein sogndalspelar, som treff Kjemhus, og ballen går 1,5 meter frå mål.
3'
Nest- Sotra byggjer opp spelet no.
2'
Hjørnespark
Nest-Sotra klarerar.
2'
Nesten mål Sogndal! Dale Jensten med skudd som keeper slår til corner.
1'
Innkast Sogndal høgt på Nest-Sotra si banehalvdel.
Avspark Start 1. omgang
Nest-Sotra skal starte med ballen.
Laga stiller seg opp, og er klar til start. Rundt 25 Nest-Sotra tilhengerar har tatt turen for å støtte laget sitt.
Spelarane er i full gong med oppvarming. Kaldt i Sogndal i kveld, opphaldsvær akkurat no, men mørke skyer over oss, og vi kan vel rekne med regn i løpet av kampen. Vi får håpe spelet varmar!
Når det gjeld Sogndal, så må dei klare seg utan storscorar Sigurd Haugen (karantene), samt at Ramsland, Sveen og Rindarøy ikkje er tilgjengeleg til denne kampen. Nest-Sotra oppgir lite informasjon på heimesida si angåande skadesituasjon, så kven som startar kampen kjem eg tilbake med ein time før kampstart. Spennande blir det i alle fall, der Sogndal ynskjer å kome attende på vinnarsporet, medan Nest-Sotra snusar på kvalikk-plass!
Når det gjeld Nest-Sotra, så kan dei vise til varierande form den siste tida. Dei seks siste kampane syner tre sigrar, to tap og ein uavgjort. Det skal nemnast at ein av desse sigrane var på bortebane mot Aalesund, så Nest-Sotra kan hamle opp med dei beste.
Hei og velkomen til kamp på Fosshaugane Campus! Sogndal tar i mot Nest-Sotra, der Sogndal ynskjer å ta tre poeng på heimebane etter tre heimekampar på rad med tap. Dette står ikkje til forventningane i saftbygda, så Sogndal er gira på å få seg ein heimesiger.