TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Sogndal avgjer kampen på overtid! Det var ein kjedeleg første omgang der omtrent ingenting skjedde. Jonsson scora det første målet etter 70 minuttar. Like etter utlikna Braga etter kaotisk forsvarsspel frå Sogndal. Flo tok inn Flataker og Grønner for å prøve å få til meir offensivt. Det skulle han få godt betalt for! På overtid headar Grønner ballen ned til Flataker som stangar inn 2-1. Då blir det tre poeng til heimelaget.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Frispark
Ballen får forbi alle. Då er det nok ferdig for i kveld.
90+4'
Gult kort
90+3'
Mål!
2-1
Flataker sende Sogndal i føringa på overtid! Twum slår eit frispark inn i boksen. Grønner headar ned til Flataker som bankar ballen i mål! Målet kjem med eit halvt minutt att av kampen.
90+2'
Gult kort
Stoppar Twum frå å ta eit frispark.
90+2'
Frispark
90+1'
Spillerbytte
90+1'
Frispark
Hoven headar vekk. Dårleg frispark.
90+1'
Gult kort
Stoppar ei kontring. Frispark i god posisjon, men kanskje litt langt ute.
90'
Frispark
Tek det kjapt.
90'
Frispark
Ender med hands på Pedersen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Gult kort
Arrocha kjeftar på dommaren. Då blir det kort.
89'
Braga prøver seg, men ballen går rett på Fij.
87'
Grønner headar eit innlegg rett over målet. Han har hatt nokre sjansar etter at han kom inn.
86'
Frispark
Moss klarerar ballen.
85'
Gult kort
Stoppar Skaanes i full fart framover.
85'
Grønner prøver seg frå distanse. Ballen snik seg over tverrliggaren.
84'
Grønner kan kome seg åleine i bakrom, men blir stoppa av Strande. God jobb av stopparen.
81'
Frispark
Ranmark slår langt.
81'
Spillerbytte
81'
Flataker går for hardt inn i Hoffmann og lagar frispark.
81'
Strande er tilbake på bana.
79'
Spillerbytte
78'
Spillerbytte
78'
Flataker og Grønner skal inn for Sogndal.
78'
Strande ligg nede, og får behandling.
77'
Borgthorsson får ein god sprett på ballen før han fyrer av, men ballen går langt over målet. Nesten over taket på tribuna.
75'
Offside
Står for langt framme når han ventar på ballen.
73'
Mål!
1-1
Braga utliknar kjapt! Ballen sprett mange gonger i boksen utan at nokon får klarert. Til slutt havnar den hjå Braga som bankar ballen over Fij, og inn i målet. Leiinga til Sogndal var ikkje langvarig.
73'
Hjørnespark
70'
Spillerbytte
70'
Mål!
1-0
Jonatan Jonsson herjar i boksen til Moss! Han tek imot eit innlegg, og driblar seg forbi fleire spelarar. Til slutt står han rett framfor målet, og sender ballen roleg inn. Det var den magien ein trengde for at det skulle skje noko i dag.
69'
Braga får seg ein smell i hovudet, men er kjapt oppe att. Treng ikkje behandling.
69'
Fij fangar eit innlegg frå Andresen. Det var to spelarar frå bortelaget i den same duellen.
67'
Frispark
Slår langt.
67'
Hjørnespark
Tek det kjapt. Sogndal mistar ballen.
67'
Ny sjanse for Ørjasæter! Ny god redning frå Ranmark.
63'
Hjørnespark
Hoven er høgast i boksen, men stussen går på utsida av stolpen.
62'
Braga set seg ned på bana, og Ranmark kastar ballen utover sidelinja. Moss bruker tida til ein kjapp team talk.
61'
Hjørnespark
Ballen havnar ute til Jonsson att. Han forsøker seg, men Ranmark får den rett på seg.
61'
Ny redning frå Ranmark. Corner.
60'
Braga gjer ein god jobb når han dreg med seg ballen ute til venstre. Han ser Andresen motsatt, men høgrebacken sitt mottak er ikkje bra nok.
58'
Frispark
Slår for langt, og ballen går ut til utspark for Fij.
58'
Gult kort
Taklar Alexandersson bakfrå på veg framover. Den er soleklar.
57'
Ørjasæter dreg seg fram, og prøver seg. Ranmark får ei god redning.
55'
Thomas Myhre skrik mykje om andreballane. Moss har vunne dei fleste andreballane, og heimelaget slit i dei duellane.
52'
Borgthorsson slår langt mot Skaanes. Ranmark er ute og plukkar.
50'
Hjørnespark
Ballen havnar på nettaket. Moss hevdar at Fij var borti den først. Vanskeleg å sjå for dommar Hagenes. Han dømmer utspark.
49'
Andresen kastar langt, men Borgthorsson skyt ballen vekk.
48'
Det er lov å håpe på ein omgang med litt meir innhald enn det meg fekk i den første.
48'
Frispark
Slår kort.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ein kald omgang er ferdig på Fosshaugane. Det har ikkje skjedd spesielt mykje. Moss har vore nærmast scoring. Heimelaget slit med å kome til store sjansar. Ingimundarson måtte ut med skade. Den er tung for Sogndal. Han har vore viktig i år.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Pedersen får ballen på nesten ope mål, men sklir og set ballen utanfor. Det kunne blitt veldig farleg.
43'
Frispark
Strande slår tilbake til Ranmark.
41'
Frispark
Islendingen prøver å lure keeper, og setje ballen i nærmaste stolpe. Ballen går utanfor.
41'
Sogndal prøver å kontre, men pasninga frå Jonsson blir stoppa av Strande.
38'
Spillerbytte
36'
Fij fangar ein stuss som er på veg mot bakerste stolpe.
34'
Frispark
Sentrar kort til Skaanes.
34'
Gult kort
Stoppar Skaanes frå å ta eit frispark. Då blir ein straffa.
33'
Frispark
Sentrar tilbake til Ranmark.
33'
Pedersen prøver seg på ei lur avslutning frå 17 meter. Den går rett utanfor stolpen. Fij var nervøs der.
32'
Låret til Ingimundarson er spraya, og han kan kome inn att.
30'
Ingimundarson stoppar ei kontring frå Braga, men får vondt i baksida av låret når han sklitaklar.
29'
Strande stangar vekk eit innlegg frå Ørjasæter.
27'
Det er vanskeleg å seie kven som har kraftigast stemme av Myhre og mannen med tromma på bortefeltet. Det er lett å høyre begge.
25'
Frispark
Ranmark slår langt denne gongen også.
23'
Hjørnespark
Dei prøver seg på bakerste stolpe, men lukkast ikkje.
23'
Arrocha blokkerer ein ball ut til corner.
23'
Frispark
Ranmark slår langt akkurat slik som sist gong.
23'
Ingimundarson får ballen i boksen, men tek imot med handa. Då blir det hands.
22'
Det har ikkje skjedd mykje så langt i kampen. Ingen enorme sjansar.
20'
Frispark
Sentrar til sin stopparkollega.
18'
Braga forsøker seg i det nærmaste hjørnet. Fij er nede, og reddar.
17'
Jonsson vil at Ørjasæter skal gå i bakrom. Den unge guten frå Oslo fekk ikkje med seg det, og ballen går ut til utpsark for Ranmark.
14'
Skaanes forsøker seg frå distanse. Det er ikkje mykje kraft, men retninga er så bra at Ranmark må kaste seg.
13'
Ingimundarson prøver å finne Borgthorsson i boksen. Timingen sit ikkje heilt enno.
12'
Bra angrep frå Moss. Dei slår inn frå venstre, og legg tilbake til Potur som står åleine. Avslutninga er ikkje god nok, og ballen går over.
11'
Alexandersson prøver seg frå distanse, men skotet er svakt. Flo blokkerar.
10'
Frispark
Slår vekk ballen. Moss kan kontre.
10'
Sogndal prøver seg på ei kontring, men ei pasning frå Ørjasæter er ikkje presis nok. Moss vinn ballen til slutt.
8'
Hjørnespark
Sogndal klarerar ballen.
7'
Frispark
Held ballen i laget.
6'
Hjørnespark
Ballen går gjennom heile feltet, og ut til utspark.
5'
Me kan sjå at Ørjasæter legg seg ut til høgre medan Jonsson er ute til venstre. Dette kan endre seg i løpet av kampen.
3'
Frispark
Slår langt.
3'
Braga får seg ein smell i ryggen i ein duell med Ingimundarson. Er fort oppe att.
1'
Hjørnespark
Ranmark fangar ballen.
1'
Sogndal får ein corner tidleg.
1'
Nundal har det første sparket på ballen.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer ei endring sidan kampen mot KBK på onsdag. Twum går ut, og Jonsson kjem inn. Det vil truleg bety at Ingimundarson går tilbake til midtbana, og at Nundal startar som spiss. Moss gjer heile fire endringar. Hoffmann er inne for Kubr på backen. Haugli er inne for Kukleci. Alexandersson og Jakobsen kjem også inn for Hegland og Håpnes.
Med siger i dag vil Moss vere kun eitt poeng bak Sogndal. Før kampen ligg Sogndal som nummer seks på tabellen med 38 poeng. Moss ligg på niandeplass med 34 poeng. Sogndal har i stor grad klart å hekte seg av opprykkskampen i haust, så no handlar det om å henge med dersom nokre av laga over på tabellen skulle kollapse. Moss er eitt av mange lag som kan klare å kjempe seg inn i topp seks med ein god avslutning på sesongen. Å slå Sogndal i dag, kan gje Moss noko å kjempe om i dei siste kampane. Eit tap for Moss vil truleg gjere det vanskeleg å kjempe om topp seks, men det er langt ned til nedrykksplassane, så denne sesongen må gå under kategorien "godkjent" for det nyopprykka laget.
Dette er tredje gongen i år der desse laga skal møtast. I serierunde tre kom den første kampen i år mellom Sogndal og Moss. Resultatet på Melløs vart 1-2, og Sogndal tok med seg tre poeng heim. Så skulle dei også møtast i tredje runde i cupen på Fosshaugane. Då vann Sogndal 2-0 i ein kamp der begge laga fekk kvile ein del spelarar som hadde spelt mykje.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Moss i OBOS-ligaen!