TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det blir til slutt tre poenget til heimelaget, og det er ikkje heilt ufortjent. Sogndal skapte mest, men det skulle gå lang tid før målet kom. Etter 71 minutt, skrudde Eriksson eit frispark rett i mål. Begge lag hadde fleire sjansar, men effektiviteten var ikkje på topp i dag. Sogndal forsvarte seg bra, og det var vanskeleg for Moss å jakte utlikning. Hegland kunne ha utlikninga åleine med Jendal, men vart litt grådig, og prøvde seg på ein chip. Det var det nærmaste Moss kom scoring i denne kampen. Det blir altså 1-0 til slutt her på Fosshaugane.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Frispark
90+3'
Farah kjem seg inn i boksen, og prøver seg. Avsluttar rett på Jendal.
90+2'
Hjørnespark
Flaten klarerer ballen langt vekk.
90+1'
Frispark
Prøver å forsvare ballen nede i hjørnet.
90+1'
Sogndal speler trygt no. Kontrar kun når dei har sjansen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
89'
Hjørnespark
Hoven stussar ballen vidare.
89'
Moss jaktar utlikning, men dei slit med å kome seg heilt fram til målet.
87'
Spillerbytte
87'
Spillerbytte
86'
Frispark
Bruker ikkje lang tid på frisparket. Har dårleg tid no.
85'
Offside
84'
Frispark
Ender med ein offside på Sogndal.
84'
Eriksson må skifte drakt. Har fått blod på drakta si.
82'
Frispark
Blir heada ut.
82'
Gult kort
Held Eriksson i trøya etter at svensken snappar ballen.
81'
Eriksson prøver seg igjen. Denne gongen er Ranmark klar.
79'
Sogndal vender spelet ut til venstre, men Sjølstad får innlegget sitt blokkert. Han er også på den før den går ut. Utspark for Ranmark.
77'
Offside
Går på løp, men ballen frå Baidoo kjem for seint.
76'
Frispark
Slår langt mot venstre.
75'
Spillerbytte
75'
Potur skal inn for bortelaget.
74'
Sogndal har lenge vore svake på dødball, men endeleg fann dei ein variant som fungerte.
71'
Mål!
1-0
Frisparket til Eriksson snik seg rett inn i hjørnet! Han slår den lågt mot lengste stolpe, og ingen er borti den. Ranmark ventar lenge, og rekk ikkje ned når ballen kjem. Der er Sogndal både smarte og heldige.
70'
Frispark
70'
Eriksson vinn eit frispark høgt i bana. Prøver å dra seg mellom to spelarar.
69'
Hjørnespark
Blir utspark for keeper.
69'
Moss vinn ein corner etter fint spel ute til venstre.
68'
Frispark
Sentrar tilbake til Strande.
67'
Spillerbytte
65'
Hegland får ei banehalvdel for seg sjølv. Han ser at Jendal er langt ute, og prøver å chippe over. Ballen går langt over målet. Denne burde han fått meir ut av.
63'
Sogndal kontrar, men innlegget til Baidoo blir for svakt.
61'
Frispark
Prøver på ein kjapp variant for å lure Sogndal. Bruker for lang tid med ballen, og Sjølstad vinn den.
58'
Moss har fått låne ballen dei siste minutta, men kjem ikkje til nokre store sjansar.
56'
Moss kjem seg fram i bana, og forsøker eit innlegg. Sjølstad klarerer ballen ut til kast.
56'
Frispark
Slår inn mot midten.
55'
Flaten har vunne mange ballar på midten i dag. Har vore ein av dei beste på Sogndal.
52'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
52'
Gult kort
Treff Elmi hardt når han taklar. Gult kort til midtbanekrigaren til Sogndal.
51'
Det såg ut som at Strande måtte ut, men han prøver litt til. Det betyr at Race tek på seg vesten att. Han stod klar til å kome inn.
50'
Hjørnespark
Ballen går forbi alle i boksen.
49'
Sogndal vinn ein corner, men Strande blir liggande etter ein situasjon som skjedde før sjansen til Sogndal.
47'
Frispark
47'
Pedersen prøver å snike inn ei avslutning, men treff berre Jendal. Begge får vondt, og Pedersen treng hjelp.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause. Begge lag har hatt sjansar til å score, men ingen har klart å få det første målet enno. Heimelaget har flest store sjansar, og er nok det laget som er mest frustert over å ikkje ha scora.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
43'
Frispark
Ranmark fangar ballen i lufta.
42'
Baidoo slår mot hovudet til Eriksson, men innlegget er litt for hardt. Svensen klarar ikkje å plassere headinga mot mål.
41'
Frispark
40'
Offside
Står i offside når han jaktar ein retur.
40'
Eriksson stormar inn i boksen når det kjem eit innlegg frå høgre. Han headar ned mot hjørnet, men der er også Ranmark.
38'
Frispark
Slår langt.
37'
Hjørnespark
Hintsa er for tøff med Ranmark, og keepern får frispark.
37'
Sjølstad vinn ein corner for heimelaget.
36'
Frispark
Flo slår tilbake til Jendal som slår langt opp i bana.
33'
Målet bak Ranmark får seg ein trøkk etter at ein spelar treff stolpen. Dommaren må ut og rette opp att stolpen.
32'
Hjørnespark
Blir litt kaos i boksen. Moss klarerer ballen til slutt.
32'
God redning frå Ranmark når Hintsa blir spelt gjennom.
30'
Baidoo slår ballen til Hoven som har teke turen opp i bana. Høgrebacken avsluttar utanfor.
27'
Sjølstad slår inn mot Flataker og Baidoo, men ingen av dei når fram til ballen. Sogndal har teke meir over kampen etter at Moss fekk eit par gode sjansar tidleg.
26'
Stavdal har vore god til å rydde opp framfor boksen til Moss. Har stoppa fleire angrep.
24'
Baidoo headar ballen til Flataker som headar i tverrliggaren! Hadde blitt eit fantastisk mål.
23'
Frispark
Slår ballen tilbake til Arrocha.
22'
Offside
Sogndal kontrar, men pasninga frå Hoven til Flataker kjem litt for seint.
20'
Baidoo får ballen i boksen, men avslutninga er svak, og skrur seg på utsida av stolpen.
19'
Frispark
Jendal slår langt også denne gongen.
18'
Hjørnespark
Eriksen Ranmark er høgst i boksen, og hentar ballen ned frå lufta.
18'
Sogndal får ei avslutning blokkert ut til corner.
16'
Frispark
Held ballen i laget.
16'
Det er trangt å kome gjennom forsvaret til Moss. Stavdal går ned som stoppar når Sogndal står høgt.
14'
Frispark
Jendal slår langt.
13'
Hegland finn Pedersen på bakerste stolpe som headar ballen rett på Jendal! Veldig nærme 0-1.
11'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
9'
Frispark
Innlegget blir klarert.
9'
Jakobsen er tøff i ein duell med Flaten, og Sogndal får frispark.
9'
Frispark
Slår ballen langt opp i bana.
9'
Sogndal går i angrep, men angrepet blir avslutta ved at Flataker lagar frispark.
8'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
7'
Frispark
Sogndal får frispark etter ein duell i boksen.
4'
Offside
Flaten finn Hintsa, men svensken går litt for tidleg.
4'
Hoffmann får ballen åleine ute til venstre. Han dreg seg inn i bana, og avsluttar rett over målet. Dagens første sjanse.
2'
Flo prøver å finne Sjølstad i bakrom, men Stavdal skjermar ballen ut til utspark.
1'
Hintsa tek avspark, og Sogndal går rett i angrep.
Avspark Start 1. omgang
Ali al Hatam er dagens hovuddommar. Han har med seg Erik Westrøm og Torje Andreassen som assistentar.
Kasper Skaanes og Oskar Borgthorsson er framleis ute for Sogndal. Skaanes vart operert i kneet denne veka, og treng nokre veker på å bli frisk att. Borgthorsson er truleg ute heile vårsesongen etter ein alvorleg skulderskade i januar. Håpnes, Gjesdal og Potur mangla for Moss mot Ranheim. Laurent Mendy måtte ut med skade tidleg i kampen.
Begge laga har hatt ein brukbar start på sesongen. Moss har vunne to kampar, og tapt ein kamp, og kjem til denne runden med ei god kjensle etter å ha slått Ranheim 2-1 tidlegare i veka. Sogndal har vunne den eine heimekampen sin, og spelt uavgjort i begge bortekampane. Sogndal hadde faktisk akkurat fem poeng etter tre kampar i fjor også.
Det vart heile tre oppgjer mellom desse laga i fjor. I ligaen, vann Sogndal 2-1 i begge kampane. I cupen, vann Sogndal 2-0. Sjølv om det vart siger i tre av tre kampar for Sogndal, dominerte dei ikkje i alle kampane. Mange hugsar nok då Flataker avgjorde kampen for Sogndal på overtid i fjor, og den unge spissen frå Måløy har starta sesongen bra, og er svolten på nye mål mot Moss i dag.
Sogndal er laget Moss "aldri" slår. Ein må faktisk heilt tilbake til 2007 for å finne sist gong Moss klarte å vinne over Sogndal. Mahmoud El Haj og Amin Askar scora for Moss på Melløs den gongen. For å finne sist gong Moss vann over Sogndal på Fosshaugane, må ein heilt tilbake til 2002. Då vart resultatet heile 0-4.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Moss i OBOS-ligaen.