Referat
Kun høydepunkter
Sogndal-spelararane takkar Saftkokaradn for støtta, medan gjestene ruslar bort til Moss-fansen som har tatt den lange turen hit til Fosshaugane.
Då er kampen slutt og Sogndal vinn fortent 2-0. Laget hadde banespelet og flest sjansar gjennom heile kampen. Moss skal ha ros for innsatsen og at dei aldri gav opp.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+1'
Det er lagt til to minutt.
90'
Det går mot tre poeng for serieleiar Sogndal, medan Moss framleis er tre poeng unna nedrykksstreken.
87'
Kjempesjanse for Sogndal. Nok ein gong er Olsen frampå, men får ikkje skikkeleg treff. Skotet går utanfor!
85'
Henrik Furebotn er kåra til dagens Sogndal-spelar av ein lokal jury.
84'
Moss blir utspelt no. Halvorsen, Røed og Furebotn kombinerer fint langt høgrekanten. Olsen får ballen inne i feltet, men får ikkje avslutta skikkeleg.
83'
2058 tilskodarar ser kampen.
82'
Halvorsen slår inn i feltet, og Olsen avsluttar - i stolpen!
80'
Innbytar Heia har greidd seg greit etter at Wemberg måtte ut med skade tidleg i oppgjeret. Denne gongen slår han ringreven Flo i luftrommet.
79'
Flo klinkar til frå 25 meter! God redning av Origi!
78'
Kvalheim med 14 mål i fjor har vore heilt usynleg i denne kampen, slik han som regel var under heile låneperioden i Sogndal i fjor.
76'
Olsen slår inn, men Origi plukkar ned innlegget.
75'
Håvard Flo er ei viktig brikke for Sogndal. Han bidreg med si enorme luftstyrke, både framover og bakover på bana. Denne gongen avklarar han eit Moss-frispark.
74'
Fin sjanse for Sogndal! Flo stupheadar på eit innlegg, men blir nokre centimeter for kort. Nære 3-0 de!
73'
Flo med fin pasning til Olsen som delvis rundar keeper. Ballen går i retning hjørneflagget, og spissen let ballen gå ut over dødlinja i det han skal slå inn.
71'
Henriksen skyt - like utanfor!
71'
Aabrekk er ikkje nøgd med dommartrioen og brukar ti sekund av kampen til å fortelle kva arbeidsoppgåver linjemannen har i kampen.
69'
Thømt Jensen og Henriksen gjere det vanskeleg for kvarandre og rotar det til på eit innkast. Sogndal overtek.
68'
Sist heimekamp var også Sogndal i føringa 2-0. Den kampen enda 2-2. Blir det reprise i dag?
62'
0-0 hadde vore eit godt resultat for Moss. No må gjestene framover på bana om det skal poeng i bagasjen heim frå Fosshaugane.
61'
..rett på keeper!
61'
Nicol skyt..
61'
Moss går rett i angrep og får frispark 23 meter frå mål. God posisjon.
59'
Fjerdedommaren trekk i retning Aabrekk no, og skal roe ned Sogndal-trenaren.
58'
Røed blir tatt hardt i det han skal avklare, men dommaren let spelet gå. Aabrekk er rasande.
57'
Både Kvalheim og Holmen held i Sogndal-trøyer på kort tid. Publikum fortviler over at dommaren ikkje grip inn.
55'
Kjempesjanse for Moss og Holmen. Han lurer Furebotn og kan skyte frå 16 meter. Skotet går like utanfor. Nære 0-1 der!
55'
Moss-fripsark på midten. Nicol står ved ballen.
54'
Halvorsen får kjeft av Aabrekk etter at høgrevingen sviktar i markeringsjobben: 'Ole, du må bli med!!' er beskjed frå trenaren.
53'
Furebotn sein i takling mot Thømt Jensen. Moss får berre innkast.
52'
Henriksen prøver å finne Kvalheim, men spissen som var på lån i Sogndal i fjor når ikkje fram.
49'
Klaussen prøver seg, men blir stoppa av Røed.
47'
Kjempesjanse for Sogndal! Halvorsen får ballen på bakerste stolpe, men skyt utanfor frå seks meter!
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
0-0 og pause her på Fosshaugane. Heimelaget har dominert den første omgangen, men Moss er heller ikkje ugiftige når dei får sjansen.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Furebotn med halvsjanse, men midtbanespelaren får ikkje skikkeleg treff på ballen. Keepermat.
45'
Det er lagt til eit minutt.
44'
Nicol slår inn, men Sogndal-forsvaret får kontroll.
43'
Valsvik tek tak rundt Kvalheim, og Moss frå frispark i god posisjon.
43'
Klaussen skyt hardt frå 30 meter, rett på Piotr!
42'
Klaussen viser fram flott teknikk. Blir lagt i bakken av Elvis og får frispark.
41'
Elvis avsluttar over.
39'
Kampens største sjanse: Henrik Furebotn klinkar til frå 20 meter, og ballen fyk i tverrliggjaren!
39'
Sogndal festar eit grep om kampen no og jaktar 1-0 før pause.
37'
Røed med fin ball mot Flo, men spissen får ikkje godt nok treff på innlegget. Keepermat.
34'
Halvorsen med innlegg frå høgre, men Origi kastar seg fram og har full kontroll.
32'
Sogndal si venstreside med Flo og Kader har vore aktive den første halvtimen.
30'
Moss har god støtte frå ti supporterar som lagar bra med liv på tribunene.
28'
Luktar eit mål på Fosshaugane no. Og det er Sogndal som har vore nærmast..
27'
Flo slår frisparket hardt inn i feltet. Valsvik går opp, men ballen går utanfor. Halvsjanse.
26'
Frispark på Moss sin banehalvdel. Grorud og Valsvik blir flytta opp.
25'
Sogndal spelar betre fotball enn på lenge. Denne gongen er det Furebotn som slår ut til Per Egil Flo som finn Ulrik Flo inne i feltet. Olsen tek sats, men når ikkje opp mot sterke Origi.
23'
Kader skyt frå 20 meter. Utanfor.
22'
Kader slår inn mot Flo som er einaste Sogndal-spelar i feltet. Får corner.
21'
Elvis med frykteleg balltap på midten. Toppscorar Klaussen prøver seg med eit skot - utanfor!
18'
Kaptein Grorud tek med seg framover og ventar på innlegg når Halvorsen skal slå inn. Litt for upresist og Moss får avklart.
17'
Både Holtan og Aabrekk er ivrige på sidelinja no.
16'
Nicol med beintøff takling på midten, men får ikkje anna enn tilsnakk frå dommar Hakestad.
15'
Holmen utfordrar Furebotn, men Sogndal-forsvaret får kontroll.
14'
Midtstopparen haltar og får hjelp av Sogndal sin fysioterapaut. Gjestrumbakken spelar i forsvaret no.
13'
Wemberg fekk seg ein smell i feltet i cornersituasjonen, og ligg nede.
12'
Godt Sogndal-spel. Flo vidare til Furebotn som finn Elvis. Han skyt, får corner!
10'
Kader legg inn, men Origi er nede å snappar opp.
10'
Eit par tekniske detaljar av Holmen og Henriksen, men Ness sin lange ball fram blir for upresis.
8'
Kader utfordrar på kanten, men Ness taklar. Innkast.
7'
Valsvik slår langt igjen, men for langt denne gongen.
4'
Nicol med godt treff på frisparket, og Piotr må strekkje seg så lang han er for å redde skotet! Corner!
4'
Nicol står klar..
3'
Grorud med dytt i rygg på Kvalheim. Frispark like utanfor sekstenmeteren!
3'
Flott ball frå Valsvik i retning Halvorsen. Får applaus.
2'
Kader kjem rundt på venstrekanten, men innlegget blir avklart.
2'
Lite folk på tribunene under dagens kamp.
1'
Moss og Klaussen tek avspark. Kampen er i gang!
Avspark Start 1. omgang
Kapteinane Grorud og Kvalheim helsar på kvarandre.
Spelarane i full gang med oppvarming. Nærmar seg kampstart her på Fosshaugane!
Erik Holtan har av ulike årsaker gjort fleire endrignar på laget som vann 2-0 mot Alta. Jonathan Meades og Tommy Edvardsen er ute og blir erstatta av Fabian Næss og Marius Henriksen. Songdal-trenar Harald Aabrekk har også gjort endringar. Even Hovland og Mats Solheim er ute av laget, medan unggutane Gustav Valsvik og Eivind Daniel Røed får tilitt frå start.
Både Even Hovland og Jonathan Meades fekk raudt kort i førre serierunde og står over denne kampen. Meades kom frå den engelske toppklubben Cardiff og fekk marsjordre i sin debutkamp mot Alta.
Espen Olsen er toppscorar for Sogndal til no i sesongen med ni mål. Moss-spiss Thomas Klaussen er ikkje mykje dårligare. Han har åtte fulltreffarar på dei første 18 kampane.
Moss kjem til Sogndal for å ta sin tredje strake siger, medan serieleiar Sogndal jaktar sin første siger på fire kampar.
Velkommen til Sogndal - Moss frå Fosshaugane Campus!