TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Heilt utruleg at Sogndal ikkje tar poeng i denne kampen. På slutten kan vi kanskje sei at sogningane hadde uflaks, men tidlegare i kampen var det meir udyktigheit som gjorde at dei ikkje scora. Molde kontrollerar mykje av 2.omgangen, men imponerar ikkje i dagens kamp. Litt av grunnen til dette er nok at Sogndal kjempar knallhardt og gjer det vanskelig for seriemestaren, men offansivt er Skullerud nøydd til å grep fram mot cupfinalen.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Sogndal har nokre enorme sjansar. Desse må sjåast på tv for dei kan ikkje beskrivast. Innkluderar både tverrliggar og redning på streken.
90+2'
Hjørnespark
Heilt utrulig!!!
90+2'
Sogndal prøver å pumpe opp, men Toivio og Forren har full kontroll.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
Mostrøm åleine mot Strand, men bergensaren får stoppa svensken i siste sekund.
90'
Hjørnespark
Stor sjanse, men Molde kontrar.
90'
Ulrik Flo med skot som Bugge slår til corner.
89'
Sogndal får ingenting ut av frisparket.
88'
Sigurdarson riv ned Strand på veg framover. Bør vere kort. Svakt av Døvle.
87'
Sogndal får eit frispark i midtsirkelen og skal slå langt opp.
87'
Skot frå Ulrik Flo i nettveggen.
86'
Molde klarerar.
86'
Teniste skal kaste langt. Igjen.
85'
3763 tilskodarar på dagens kamp.
84'
Sogndal har ikkje produsert noko det siste kvarteret og dette verkar som Molde har god kontorl på no.
83'
Spillerbytte
82'
Udjus fangar.
82'
Frisaprk til Molde ved hjørneflagget.
82'
Forren med ein fantastisk pasning som Patronen såvidt får panneluggen på. Viss ikkje hadde Mostrøm vore på blank kasse.
81'
Lang ball mot Guldbrandsen som jagar slik at Udjus på gje til kast. Guldbrandsen har sprunge mykje i dag.
80'
Sogndal bygger opp på nytt.
80'
Hjørnespark
Bugge boksar vekk.
78'
Hjørnespark
Redning på strek av Sogndal.
77'
Valgardsson mistar på veg framover og Mostrøm har motorveg mot Udjus. Patronen kastar seg inn og blokkerar til corner.
76'
Inndirekte frispark til Molde då Otoo er litt høgt oppe med foten.
76'
Molde spelar ballen umotivert ut over linja og Teniste får kaste langt igjen.
76'
Molde tek frisparket kort og trillar ball. Lufta har nok gått ut av sogndalballongen, men dei har tross alt lagt ned mange meter i dag.
75'
Guldbransen sprellar i lufta og Døvle dømmer frispark. Meget billig.
74'
Flo slår inn, men Sogndal får klarert.
73'
Spillerbytte
73'
Frispark til Molde som også skal svingast inn.
72'
Over alle og ut til 5-meter.
72'
Frispark til Sogndal som skal slås inn i feltet.
71'
Spillerbytte
71'
Ser ut som Ofere skal inn for Sogndal.
70'
Ser ut som Sogndal har sprunge ifrå seg no. Molde får trille meir og meir ball uforstyrra.
70'
Bortepublikum ropar at dei er seriemester.
69'
Heimepublikum ropar på Brochmann.
68'
Molde verkar å ha grei kontroll på dette, men får ikkje til så mykje offansivt.
67'
Hjørnespark
5-meter.
66'
Hjørnespark
Haugen stussar via ein moldespelar til ny corner.
66'
Forren headar til corner.
66'
Nytt innkast og Teniste skal kasta langt.
65'
Bolseth legg hardt inn, men Forren stangar ut. Songdal trykkjer, men det endar i 5-meter.
63'
Igjen får Sogndal svært lite ut av situasjonen og til slutt går Strand i offside.
62'
Kampen lev og det er Sogndal som styrer. Vinn eit innkast og Teniste skal kaste langt.
61'
Tøffe duellar ute på bana no.
60'
Gult kort
Sparkar vekk ballen.
59'
Hjørnespark
Strand skyt 10 meter utafor.
59'
Molde med Svendsen og Guldbrandsen på topp. Gabrielsen inn på midtbana.
58'
Flo med innlegg og Teniste er millimeter frå å styre ballen i mål med skallen. Spørs om rollen skulle vore byta om?
57'
Stor sjanse på corneren. Gulbrandsen stussar nokre centimeter utafor.
56'
Spillerbytte
56'
Hjørnespark
55'
Hjørnespark
Molde kontrar.
55'
Nytt kast til Sogndal.
54'
Hjørnespark
Molde klarerar til kast.
53'
Sogndal vinn ballen og byggjer opp på nytt. Vinn eit kast og Teniste skal kaste langt.
53'
Molde brukar lang tid på dødballsituasjonane no.
52'
Hjørnespark
Patronen klarerar til kast.
50'
Først er det redning på strek av Molde før Haugen skyt knallhardt rett i Patronen. Den hadde nok gått i mål viss ikkje Patronen stod i vegen.
48'
Hjørnespark
For nokre sjansar!
48'
Sogndal bryt og kjem framover.
47'
Molde vinn eit innkast høgt oppe på Sogndal sin banehalvdel.
46'
Molde med avspark. Lang ball opp som går ut til 5-meter.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Og der kom dei også. Straks klart for dei siste 45 minutta.
Sogndal er på bana. Vi ventar på Molde.
Eit under at det står 0-1 til pause, men dei beste har vore best i dei avgjerande situasjonane. Sogndal med sjansar som dei fleste minuputtar kunne satt i mål, men det vil seg ikkje for sogningane. Då blir det nok nedtrykkande for dei når Elyounoussi dunkar ballen i mål frå 25 meter. Eit kremmarhus frå østfoldingen.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Blir corner, men Døvle bles av.
45+2'
Frispark til Sogndal. Skal slås inn i feltet.
45+1'
To minutt tillegg.
44'
Men der er det utjamna. Utvik innpå igjen.
43'
No er det Molde som kan spele 11 mot 10.
43'
Oppe igjen no, men uvisst om han kan fortsette.
42'
Utvik ligg og nede med skade.
41'
Hjørnespark
Utvik reven ned av Chima! Ingenting seier Døvle. Sterke reaksjonar på Huagadn og vi får heller ikkje sjå situasjonen i reprise på storskjermen.
39'
Er det mulig! Bolseth får skyte frå sju meter heilt upressa, men rett på Bugge. Dette er ikkje uflaks, men rein og skjær udyktighet.
39'
Skyt ein meter over.
38'
Frispark til Molde på 25 meter. Forren ladar kanona.
38'
Dette føles nok svært urettferdig for Sogndal, men fotball handla om å sette sjansane sine og det har Molde gjort.
37'
Og der fekk vi den store forskjellen på topp og botn i norsk Tippeliga.
35'
Mål!
0-1
Får ballen ute ved langsida og dreg seg innover før han dunkar ballen i mål frå 25 meter. Eit fantastisk mål!
35'
Det har roa seg litt her på Fosshaugane etter nokre minutt med mykje sjansar og høgt tempo.
33'
Molde med lange ballar opp på Guldbrandsen og det er nok ikkje så lurt. Enkelt for Utvik i dei duellane.
32'
Sogndal spelar faktisk Molde låge akkurat no.
30'
No høljar det godt ned i saftbygda.
30'
Ny stor sjanse for Sogndal. Otoo avsluttar 20 cm utafor.
29'
Frispark til Sogndal som Valgardsson skal svinge innover.
28'
Molde verkar litt rysta av Sogndal sin fightingspirit, men på eit par angrep har dei verkeleg vist at dei er Noreg sitt beste lag.
27'
Så er Guldbrandsen frampå igjen. Dreg av to mann før han avsluttar via Chima og utafor. God sjanse og bra gjort av ungguten.
26'
Sjølv om Sogndal har hatt nokon feite sjansar så blir det kanskje feil å sei at dei hadde fortent ei scoring fordi avslutningane har vore under ein kvar kritikk.
24'
Flo stussar, men Bolseth når ikkje fram. Igjen ein god sjanse for Sogndal.
23'
Molde rotar igjen og Sogndal vinn eit innkast.
23'
No svingar det her.
22'
Kontringa endar i frispark etter høgt spark av Guldbrandsen.
21'
Så enda ein sjanse til Sogndal! Flo stussar vidare og Bolseth set ballen på keeper frå tre meter før Molde får klarert og kjem på kontring.
21'
Ny stor sjanse for Sogndal. Nilsen vert spel igjennom og er raskare enn Toivio. Skyt frå spiss vinkel og Bugge reddar.
19'
Hjørnespark
Otoo headar over.
19'
Sogndal med dei to største sjansane og Molde med det beste spelet så langt.
18'
Bugge og Forrem forærar Sogndal ein gedigen sjanse. Bugge spelar til Forren som ikkje føl med. Flo stel bellen, men i staden for å slå inn til to medspelarar på blank kasse skyt han utafor. Slikt kan ein ikkje gjere Flo.
17'
Ser ut som Mostrøm spelar sentralt på midten, Svendsen høgre og Elyounoussi på venstre for Molde no etter byte.
16'
Molde i førarsete igjen no. Spørs om Sogndal utnytta minuttane dei fekk 11 mot 10 litt dårlig.
15'
Guldbrandsen skyt like utafor frå 20 meter. Molde nermar seg.
14'
God sjanse for Molde. Rullar opp frå høgre mot venstre for Elyounoussi skyt over.
11'
Spillerbytte
11'
Sogndal med eit visst press på serimestarane no. Istaden for å slå langt prøver ein å finne bakrommet og dette har ein lukkast med ved fleire høve.
10'
Slike sjansar må kaptein Bolseth sette i mål om Sogndal skal halde plassen. Ballen kom litt rask på han, men uansett skal det vere mogleg å sette den forbi Bugge.
9'
Endar i innlegg som Nilsen headar over.
8'
Hjørnespark
Molde klarerar, men Sogndal vinn tilbake ballen.
8'
Enorm sjanse for Sogndal! Nilsen slår inn og Bolseth bommar regelrett på ballen på blank kasse.
7'
Erik Hestad ligg nede og det ser ut som han må gje seg.
7'
Mykje langt frå Sogndal i innleiinga. Litt rart med tanke på at dei ikkje akkurat har to tanksentera på topp. Spørs om sogningane har fått beskjed om å ikkje ta nokon sjansar no i starten.
6'
Sogndal frampå, men Molde har god kontroll.
5'
Guldbrandsen og Chima ser freske ut på topp. Her skal Patronen og Utvik få litt og jobbe med i dag.
4'
Molde held ballen i laget, men Sogndal pressar høgt. Enn så lenge vert sogningane springande mykje mellom og brukar også mykje krefter.
3'
Jamnt i innleiinga og veldig høgt tempo.
2'
Kast til Sogndal, men Molde kontrar. Valgardsson får stoppa Mostrøm i siste liten.
1'
Begynnar med å slå langt, men Forren og Toivio skal vere sterkare enn Otoo og Nilsen i lufta og det er dei også.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på bana og vi er straks klar for kamp! 'Kampen for tilværelsen' om du ser det med sondalsauge.
Ellers ser det ut som det er fleire på kamp i dag enn ellers i Sogndal. Spørs om sogningane verkeleg vil støtta laget no i den dramatiske sesonginnspurten.
Ca 40-50 moldensarar har tatt turen i uværet. Imponerande med tanke på at dei har absolutt ingenting å spele for i dag.
Då har laga tusla i garderoben og om ti minutt er vi klare for kampen mellom Sogndal og Molde. Sogndal med klart mest å spele for, men moldelaget vil nok heilt klart gjere opp for den slette innsatsen sist helg. Følg med! Dette blir spanande!
Geir Bakke leiar oppvarminga for Molde. Det skal han gjere i dei tre siste tippeligakampane og cupfinalen før han tek til som hovudtrenar i Sarpsborg 08.
Begge laga i full oppvarming. Det reganr godt i Sogndal i dag, men vinden som har herja Vestlandet har ikkje komme til sognebygda så den slepp å verte eit problem for spelarane.
Statistikken på Fosshaugane viser eit lite overtak til Molde som står med 7 sigrar. Sogndal har vunne 4 og det same antalet har enda uavgjort.
Tidlegare i år utklassa Molde Sogndal på Røkkeløkka med 3-0, men i ein treningskamp tidlegare i år hadde sogningane sereimesteren i kne og leia faktisk 3-0 før Molde kom tilbake og tilslutt enda det 4-4. Sogndal må nok opp på det nivået dei var i starten av den treningskampen om det skal verte viktige poeng i dagens kamp.
Då er laga klare og vi får ein familieduell då Ulrik Flo etter all sannsynlegheit spelar høgre midtbane og tremenning Per Egil venstreback.
Vi ynskjer velkomne tilbake ca. 1 time før kampstart då vi har fått klare dagens lagoppstillingar.
Tor Ole Skullerud held korta tett til brystet, men røper at det nok kjem endringar på laget som sist tapte mot Haugesund. Sogndal sin svenske sjef, Jonas Olsson, har Babaca Sarr ute med suspensjon, men ellers skal han ha mykje den same troppen som sist å velja i frå.
Etter sist heimekamp der Sogndal utklasa Haugesund med 4-1, så har sogningane funne tilbake til normalen og gjort to svært svake bortkampar mot Vålerenga og Sandnes Ulf som begge enda med tap. Det har ført dei rett ned i sumpa og i skrivande stund er eitt poeng som skil Sogndal frå deira kvalikkplass og Brann sin nedrykksplass.
Molde rauk på ei blemme sist mot nedrykkskjempande Haugesund og tapte 2-1 på heimebane. Deira fyrste heimetap for sesongen. Ellers har moldensarane vore outstanding i årets sesong og for å finne sist bortetap må vi tilbake til 5.april og Skagerak Arena då Odd vann 2-1. Med andre ord er det litt av ei utfordring Sogndal får i dag.
Hei og velkomne til den 28. runden i Tippeligaen 2014. Dagens kamp er mellom seriemester Molde og nedrykkstrua Sogndal. Det kan fort verta ein triller frå Fosshaugane Campus.