TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Dette sjølv om Molde faktisk vinn skotstatistikken. Rett nok skal det seiast at Molde sine avslutningar som regel var utafor stengene til Dyngleand. Faktisk så har vi ti skot på mål i denne kampen og sju av desse går i mål. Det er ganske utrulig. Skotstatistikken viser 8-14. Sogndal har 6 på mål, mens Molde har 4.
Sogndal gjennomfører årsbeste i 1.omgang og går til pause med ein særs fortent 3-1 ledelse. Dette held fram i 2.omgang når Kjemhus dunkar ballen i kryssa innan fem minutt er spelt. Så er det relativt lite som skjer før Molde og Singh scorar to mål like før slutt. Nervane var nok i høgspenn hjå heimelaget dei to tilleggsminutta, men det ville vore eit ran om Molde fekk med seg poeng her ifrå.
Der er ein svært underhaldande kamp ferdig i Sogndal. Til dels rotete, men når det blir sju mål kan vi ikkje klage.
Kamp slutt Slutt (4-3)
90'
Mål!
4-3
Molde skårar igjen! Glimrande skot der frå Singh. No blir det action her!
90+2'
Dyngeland plukkar ned.
90+2'
Frispark til Molde. Skal slås inn i boksen.
90+2'
Igjen sprang ein moldespelar med ballen. Denne gong heilt til midten. Er regelen droppa?
90+1'
To minutt tillegg!
90'
Svendsen hentar ballen, men slepper den etter ti meter. Ikkje gult kort. Flott å sjå at dommarane har tatt til vit, men rart at det er anna praktisering her enn i 1.divisjon.
89'
Spillerbytte
88'
Mål!
4-2
Står umarkert i feltet og dunkar nedfallsfrukta i mål frå ti meter.
88'
Hjørnespark
87'
Veldig lite som skjer i denne kampen no. Sogndal ligg lågt og Molde har svært lite å komme med. Spelar seg fint fram til ein 30 meter frå Sogndal sitt mål. Der er det som regel stopp.
85'
Gult kort
Vanskelig å sjå kvifor.
85'
Molde har styrt heile denne andreomgangen og har faktisk elleve avslutningar. Ti av desse har derimot vore utafor målet til Dyngeland.
83'
Hjørnespark
Psyche stangar ut.
82'
Singh skyt to meter over.
80'
Over muren, men rett i klypene til Dyngeland. Molde sitt andre skot på mål i dag. Begge ved Toivio.
80'
Toivio igjen.
80'
Frispark til Molde på 20 meter. Høgre side sett frå Dynglenad sitt perspektiv. Kan skruast over muren denne.
78'
Spillerbytte
78'
Skal vel mykje til viss Molde skal få med seg poeng frå denne kampen no. Ser litt desillusjonerte ut Solskjær sine disipplar.
76'
Spillerbytte
76'
Lite krutt i Sogndal sine overgangar no. Bare Ramsland og Sveen som orkar ta dei offansive løpa. Luktar nokon byter frå Bakke snart.
73'
Spillerbytte
72'
Forøvrig eit godt skot av Sveen som førte til corneren.
71'
Hjørnespark
Dårlig slått og Singh avklarar på første stolpe.
71'
Fin korsong frå begge sider av bana no. Hjå Molde sine supportera er det Abba som som gjeld, mens hjå Sogndal er det Freed from desire frå Gala, eller Will Griggs-songen som jallar. Litt uvisst kva sogndalspelar dei syng om.
67'
Gult kort
Går inn med med knottane først og får eit greitt gult kort.
67'
Strand vart jo seld frå Sogndal til Molde før denne sesongen. Akkurat i dag har det vist seg å være ein dårlig avgjørelse av bergensaren.
66'
Strand med skot frå 20 meter. Langt utafor.
65'
Molde no svært mykje med ballen. Heilt klart at Sogndal vil prøve å sikre dette med deffansivt spel og kontringar.
63'
Hjørnespark
Kort til Svendsen som legg inn, men Sogndal klarerar.
61'
Godt forsøk frå Toivio, men denne gong ein halvmeter for høgt.
60'
Frispark til Molde på 30 meter. Toivio gjer seg klar på nytt.
60'
Molde no i 4-4-2 med dei to innbyttarane på topp.
59'
Sogndal igjen frampå og det er Ramsland som nesten tråklar seg gjennom.
57'
Sogndal har lagt seg lågare og kjører no berre kontringar. Dette har dei sålangt lykkast veldig god med i 2.omgang.
56'
Midtstopparkjempen er oppe igjen.
55'
Forren nede med skade.
53'
Hjørnespark
Fram og tilbake inne i feltet før det ser ut som det er Toivio som skyt i stolpen. Returen set Forren utafor. Molde med 5 avslutningar på åtte minutt mot ein på 45 minutt i 1.omgang.
53'
Hjørnespark
Ny corner.
53'
Molde kjapt frampå. Innlegg frå Strand og Amang er sterkast i feltet og headar via Patronen til corner.
50'
Mål!
4-1
For eit mål av bergensaren! Får ein pasning frå Sveen, tek ballen med seg innover i bana og frå ca. 18 meter limer han ballen opp i Linde sitt høgre kryss.
49'
Singh med Molde sitt første skot i dag som ikkje gjekk i mål. Dette gjekk to meter over.
49'
Dei første minutta ser det iallefall ut som Molde er litt meir med enn kva dei var i 1.omgang.
48'
Sogndal kjem på ei kontring, men ingen er framme på innlegget til Ramsland.
46'
To byter der altså frå Solskjær.
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Vanskelig å sjå om Molde har nokon på benken som kan komme inn å heve laget. Dei to som har scora mest for Molde er Gulbrandsen og Elyounoussi og ingen av desse har Solskjær sjans til å bruke i dag. Han har unasett allereie sendt gutta sine ut på bana for andre omgang så her var det nok ein tordentale og så må ein ut å vise at ein duger.
Stor applaus frå heimepublikummet etter den beste omgangen av Sogndal på Fosshaugane Campus i år. Har både løpt og spelt eit Molde i senk. Svært fortent leiing og no må nok Solskjær gjere nokon ekstreme grep i pausa om Molde skal kunne snu dette.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+1'
Koomson vinn eit frispark på midten. Vert sparka ned av ein frustrert Diouf.
45'
Blir lite ut av det Molde gjer framover. Må opp eit par hakk moldensarane, men vi skal ikkje ta frå Sogndal sine spelarar æra for dei har jobba knallhardt både med og utan ball.
43'
Molde får trille litt ball.
41'
Hjørnespark
Rett i armane til Linde.
41'
Koomson med ei kanon frå 25 meter som Linde må gje retur på. Første skotet på mål som ikkje har gått inn i dag.
40'
God sjanse for Sogndal på frisparket. Koomson dunkar ballen inn framfor mål der Psyche er først på ballen, men den går i ein boge over både Linde og målet.
39'
Toivio lagar frispark igjen. Utanom perla si har finnen slite i dag. Frispark til Sogndal frå kanten ca. 30 meter frå mål.
38'
Forren med lang ball opp som ingen går etter og det blir femmeter for Dyngeland. Må få gutta sine opp eit hakk no Solskjær.
37'
Toivio og Gabrielesen har bytta plass. Toivio no høgreback slik vi hadde frå kampstart.
35'
Sogndal held fram med å presse høgt og akkurat no styrer dei også banespelet. Molde slit kraftig og bortefansen ropar 'blø for drakta'.
33'
Akkurat no ligg Molde ann til å tape sin tredje kamp på rad og vi må tilbake til 2013 for når det skjedde sist.
32'
Og ja. 3-1 i skot på mål.
30'
Mål!
3-1
Ramsland vinn ein duell på midtbane og dunkar ballen i bakrommet. Der er Sveen raskare enn Molde sine stopparar og set ballen mellom beina på Linde.
30'
Sarr seint ute på Hestad, men slepp unna det gule kortet.
29'
Heimepublikummet tek eit islansk kamprop med godt trøkk i. Sjeldan det er så god stemning på Fosshaugane.
26'
2-1 i målprotokollen og 2-1 i skot på mål. Det kallar vi god utteljing.
24'
Mål!
2-1
For ein kamp! For eit mål! 2-1 til heimelaget. Sogndal med glimrande eintouch spel der Ramsland flikkar ein ball frå Raitala til Kjemhus som prikkar ballen i Linde sitt høgre kryss. Vakkert!
22'
Ein finsk festaften dette sålangt frå midtstopparane Patronen og Toivio.
21'
Mål!
1-1
Fantastisk scoring av finnen! Limer ballen inn i Dyngeland sitt høgre hjørna frå nesten 30 meter.
21'
Ser ut som det skal skytast.
20'
Toivio skal slå inn eller prøve slegga.
20'
Molde vinn ballen og byggjer no opp inne på Sogndal sin halvdel før dei vinn eit frispark på ca. 30 meter.
19'
Gabrielsen med ein liten dytt i ryggen på Sveen midt på bana. Frispark til Sogndal Veldig unødvendig av høgrebacken.
16'
Sogndal igjen med veldig høgt press noko som gjer at Hestad spelar ein for lang ball i Gabrielsen og Sogndal vinn innkast halvvegs inn på Molde sin halvdel. Slit veldig Molde med Sogndal sitt høge press.
14'
Molde litt meir med i kampen no. Får trille litt meir ball og det er nok viktig for sjølvtilliten.
14'
Solskjær velde ikkje å spela akkurat slik vi trudde så vi har gjort nokre små endringar på Molde si lagoppstilling.
11'
Igjen forsøker Molde å byggje opp, men slit veldig med aggressive sogndøler.
9'
Hjørnespark
Skrur nesten ballen i mål. Linde boksar unna på streken.
9'
Molde får endelig tid til å byggje opp bakfrå, men Gabrielsen vert pressa til å slå ein dårlig pasning ut over sidelinja.
8'
Sogndal veldig aggressive her i starten.
7'
Sogndal beheld ballen, men innlegget frå Ramsland går ut over kortlinja.
6'
Hjørnespark
Linde boksar ut.
5'
Hjørnespark
Endar i ny corner frå motsatt side.
5'
Linde ropar på frispark i situasjonen, men vanskelig frå vår posisjon å seie om han hadde ei god sak.
3'
Mål!
1-0
Hardt slått corner av Koomson. Sarr stussar, Linde kjem ut og skal bokse, men vert hindra. Bak han dukkar Patronen opp og sklir inn leiinga for heimelaget.
3'
Hjørnespark
1'
Klarert av Mostrøm før Kjemhus sleivar eit skot utafor frå 16 meter.
1'
Heimelaget vinn eit kast heilt nede ved Molde sitt hjørneflagg.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga komne ut av spelartunnellen og vi er straks klare for kveldens kamp her frå Fosshaugane Campus.
Langt ifrå fullsatt i Sogndal, men ein god kontigent frå Romsdal har funne vegen til Sogn. Eit kjapt blikk mot tribuna bak det eine målet, måler antalet til litt over 100. God støtte dette for Solskjær sine utvalde.
Opphaldsver og 15 grader i Sogndal no. Gode forhold for fotball, men temperaturen kjem nok til å krype nedover utover kvelden.
Førre gong desse laga møttes i Sogndal vann Molde 1-0 etter scoring av Mohamed Elyounoussi. Det får han diverre for Molde ikkje anledning til i dag då han denne veka vart seld til det sveitsiske storlaget FC Basel.
Molde har tre tap på dei fem siste kampane og dette er sjølvsagt svært skuffande for eit lag som skulle utfordre Rosenborg og gullet. Romsdalingane kan derimot motivere seg med at dei har god kontroll på Sogndal historisk sett. På Fosshaugane har Molde vunne åtte av dei 16 siste kampane. Fire har enda uavgjort og fire har Sogndal vunne.
Sogndal på papiret i veldig god form. Sogningane har ikkje tapt på sju seriekampar, men ser ein litt bak tala så har fem av desse kampane enda uavgjort samt at ein tapte borte mot Nest-Sotra i cupen. Det blir og lite mål når Sogndal spelar. På 14 kampar har laget scora 13 og slept inn 13.
Då er laga klare og vi ser at begge trenarane gjer ein del endringar frå sist veke. Eirik Bakke set ut Bolseth og Utvik og inn kjem Birkelund og Psyche. Kaptein Bolseth er heller ikkje på benken så her er det nok snakk om ei skade eller for mykje belastning for den rutinerte midtbanespelaren. Solskjær gjer og fleire endringar. Forren er tilbake i midtforsvaret og det gjer at Per Egil Flo forsvinn ut. Han er heller ikkje på benken så her og er det kanskje snakk om ei skade. I tillegg går Sander Svendsen ut og inn kjem Fredrik Aursnes.
Dommar i kveld er Tore Hansen frå Feda IL og han bles i gang kampen kl. 20.00. Vi er tilbake ca. ein time før dette med lagoppstillingane. Vel møtt!
Molde har den veka mista Mohamed Elyounoussi til Basel og det er heller ikkje forventa at Eidjur Gudjohnsen har landa på Årø lufthavn etter sitt høgtflygande EM-eventyr med Island. I tillegg er Joshua Gatt skada og nysigneringa Fredrik Brustad er usikker.
Sogndal starta mykje betre etter sommarpausen då dei slo Stabæk 1-0 på bortebane. Dette førde sogningane opp på 9.plass på tabellen, 6 poeng bak Molde, og det er dei nok særs nøgde med i saftbygda.
Molde starta andre del av sesongen dårlig med eit 0-1 tap heime mot Viking. Dette førde til at Solskjær sine disiplar ramla ned på 6.plass på tabellen og det er nok ikkje eit meisterskaps-jagande moldelag nøgde med.
Hei og velkomne til den 15.serierunden i Tippeligaen 2016. det vil seie halvspelt serie. Dagens kamp her på Fosshaugane Campus er mellom Sogndal og Molde.