TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og Sogndal vinn fortent 2-1 over Molde. Spelarane takkar publikum for støtta, og vi takkar deg for at du følgte vår livedekning gjennom heile sesongen. Velkommen tilbake neste år, og nyt internasjonal fotball i mellomtida!
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+1'
Gult kort
Riv i trøya.
90+1'
Det er lagt til to minutt av årets siste kamp på Fosshaugane. Publikum reiser seg og gir applaus dei siste minutta.
89'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Sogndal avklarar.
87'
Gult kort
For sein i takling på midten.
84'
Det går mot tre poeng til heimelaget over gullvinnarane frå Molde. Dermed har Sogndal tatt poeng mot 14 av 15 lag i Tippeligaen denne sesongen.
83'
Hovland taklar Stamnestrø tøft. Frispark.
80'
Spillerbytte
80'
Aabrekk har ti minutt att av karriera som Sogndal-trenar. Framleis like ivrig!
79'
Brochmann prøver å finne Flo, men pasningen er utan adresse.
78'
3254 tilskodarar ser kampen.
77'
Holsæter vart vinka bort på Sogndal-benken, men er no i oppvarming igjen.
74'
Hjørnespark
MFK sin første corner i kampen blir avklart av Sogndal-forsvaret.
73'
Brochmann med ny stor Sogndal-sjanse! Får ballen inne i feltet og klinkar til. Flott redning av keeper!
72'
Molde har enno ikkje hatt ein einaste corner på dei første 70 minutta av kampen. Når skjedde det sist, Solskjær?
71'
Hjørnespark
Ness avsluttar like utanfor med pannebrasken.
70'
Davy Claude Angan går inn som midtspiss i Molde-angrepet.
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Spillerbytte
66'
Lite som skjer ute på bana no.
62'
Holsæter skal inn for Sogndal.
62'
No snør det på Fosshaugane.
60'
Tore André Flo har vore kampens beste spelar. Ringreven har levert to mål og teknikk av høg klasse til no i kampen.
58'
Berget testar skotfoten frå 25 meter. Utanfor.
56'
Mål!
2-1
38-år gamle Tore André Flo er på rett plass på rett tid - igjen! Nok ein gong er det Brochmann som skyt, og Flo set inn returen. 2-1!
55'
Frispark frå Brochmann, over mål.
53'
Scheel viser klasse som midstoppar og sender Tore André Flo på springetur mot Forren med ein langpasning. Ballen går inn til keeper.
51'
Sogndal sine toppscorarar, Ole Jørgen Halvorsen og Ørjan Hopen ser kampen høvesvis frå tribunen og benken. Begge har scora seks mål til no i Tippeligaen.
50'
Per Egil Flo dreg seg inn i feltet og legg tilbake til Tore André Flo som jaktar sitt andre mål for kvelden. Skotet blir blokkert.
49'
Furebotn prøver eit skot frå 25 meter. Svakt utanfor.
47'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Sogndal tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er laga klare for dei siste 45 minutta.
Då går laga til pause med 1-1. Sogndal har vore det beste laget gjennom dei første 45 minutta. Det var difor fortent då Tore André Flo utlikna til 1-1 like før pause.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
43'
Hjørnespark
MFK får avklart.
42'
Brochmann skyt hardt frå 16 meter, rett i ryggen på målscorar Flo.
42'
God stemning på Fosshaugane då Flo utlikna til 1-1. Fortent scoring både til han og resten av laget.
39'
Mål!
1-1
Endeleg Sogndal-mål for Tore André Flo! Brochmann avlsuttar frå ti meter, og der er Flo på rett plass på returen. 1-1!
37'
Molde kjem seg rundt på høgrekanten, og Tripic slår inn mot Berget. Han får ikkje avslutta skikkeleg, og Bendik får kontroll.
36'
Gjermundstad slår inn frå venstresida. Keeper Valderhaug held ballen.
33'
Molde med fin kontring, og Chukwu avsluttar hardt frå 16 meter. Over!
33'
Stor Sogndal-sjanse! Teniste legg inn, og Molde-forsvaret får såvidt avklart.
32'
Fint angrep av Sogndal. U.Flo til Brochmann som skyt frå 20 meter. Rett på keeper.
29'
Sogndal prøver seg, men slit den siste tredjedelen foran mål. Styrer spelet på Fosshaugane.
26'
Flo spelar tilbake til Bendik, som får rotar det til for seg sjølv. Avklarar rett i målscorar Tripic, men Gjermundstad ordnar opp.
22'
Hjørnespark
Keeper boksar ut.
20'
Keeper Bendik må nok ta på seg skylda for 0-1 målet. Hadde han vore litt meir vaken, hadde han vore først på ballen då Tripic vart spelt gjennom forsvaret.
19'
Gjermundstad prøver seg frå kanten av sekstenmeteren. Keepermat.
18'
Lang ball frå Elvis mot U.Flo, som klinkar til på heil volley. Like over!
16'
Mål!
0-1
Tripic kjem åleine med keeper, og set ballen under Bendik og i mål.
16'
Både Aabrekk og Solskjær held seg rolege på benken.
15'
Forren legg T.A.Flo i bakken. Frispark til heimelaget på midtstreken.
14'
Sogndal nærmar seg mål på Fosshaugane. Denne gongen er det Furebotn som finn Gjermundstad på venstrekanten. Han stormar mot målet og slår 45 grader ut i feltet. Der er det fleire blåkledde spelarar, som til slutt får avklart.
12'
Tore Andrè Flo viser seg fram igjen. Går inn i feltet og avsluttar frå ti meter, rett ein MFK-forsvarar!
10'
Molde-fansen har vore best dei første ti minutta på Fosshaugane.
8'
Kjempsjanse for Sogndal! Tore Andre Flo køyrer karusell med Simonsen på høgrekanten, og legg inn. Der kjem Gjermundstad stormande inn i feltet - og skyt avsluttar hardt. Like utanfor!
6'
Frispark til Molde midt på Sogndal sin banehalvdel, etter at Elvis er for tøff i takling.
5'
Hovland finn U.Flo på kanten, men innlegget er for svakt og går bak mål. Utspark frå Valderhaug.
3'
Stammestrø prøver seg frå frå 20 meter, men skotet blir blokkert.
2'
Lang ball mot Dantas og Hovland avklarar til innkast.
1'
Hovland mot Brochmann, men dansken er i offside.
1'
Molde tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Ole Gunnar Solskjær får pris som årets trenar, og Even Hovland får prisen som årets forsvarar i Tippeligaen.
No blir Espen Olsen, Joe Bendik, Isak Scheel, Barry Kader, Cato Hansen og Mats Solheim heidra av klubben før kampart. Alle seks forlet Sogndal etter sesongen. Også trenar Harald Aabrekk får stor applaus for sin innsats gjennom alle sine år i Sogndal.
Då er laga på veg ut på bana. Nørmar seg kampstart!
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon når det nærmar seg kampstart her på Fosshaugane Campus.
Mykje nedbør i Sogndal denne helga, og grasmatta får det nok tøft utover i kampen.
Dette blir også Harald Aabrekk sin siste kamp som sjef på sidelinja. Alt før sesongen starta gav han beskjed om at dette var hans siste sesong Sogndal-trenar.
Også Molde manglar fleire spelarar i dagens kamp. Magne Hoseth, Magne Hoseth og Knut Olav Rindarøy er alle uaktuelle. I tillegg startar landslagskeeper Espen Bugge Pettersen på benken.
Sogndal manglar fleire sentrale spelarar til denne kampen. Både Mats Solheim, Barry Kader og Eirik Bakke er ute i kveldens kamp.
Begge desse laga hadde god grunn til å feire sist helg. Sogndal sikra ny kontrakt i Tippeligaen, medan Ole Gunnar Solskjær og Molde fekk beviset på at dei har vore landets beste lag gjennom ein heil sesong.
Velkommen til siste serierunde, og Sogndal - Molde frå Fosshaugane Campus!