TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatiskken viser 14-20 til gjestane og eg kan ikkje hugse å ha notert så mange skot før så lenge eg har vore repporter på Fosshaugane Campus. I skot på mål vinn bortelaget 10-7. Vi takkar for følgje ger frå Sogndal og ynskjer velkomne tilbake ved eit seinare høve. Ha ein riktig god kveld vidare.
Det var det frå Fosshaugane Campus. Ein meget underhaldane kamp sjølv om kanskje ikkje spelet og spesielt det deffansivet var av høg klasse. Første omgang var fantstisk med fire mål der to av dei var utsøkte langskotsperler. Molde går med dette opp 2.plass på tabellen og held seg der om RBK slår Sarpsborg i kveld. Sogndal hadde nok håpa på tre poeng då Nwakali sendte dei opp i 2-0-leiing med eit fantastisk lanbgskot, men slik kampen utarta seg skal nok sogningane være nøgde med eitt poeng.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+4'
Amang med skot langt over.
90+4'
Molde med ball. Power-play.
90+3'
Bye med skot frå 20 meter like til side for mål.
90+2'
Men akkurat no ser det ikkje ut som nokon av laga har noko særleg å by på framover. Tilfeldigheiter derimot kan jo alltid skje...
90+2'
I fjor scora Molde to mål på overtid. Eg seier ikkje meir.
90+1'
Fire minutt tillegg.
89'
Kampen svingar kraftig her no. Vi kan fort få ei scoring her på slutten.
88'
Spillerbytte
88'
Hjørnespark
Sogndal stangar ut.
87'
Birkelund reddar Sogndal. Molde kontrar og eit innlegg går mot hovudet til Aursnes som berre skal stange ballen i mål. Birkelund svevar fram og får gitt til corner.
86'
3012 tilskodarar i dag.
85'
Nwakali med stygg feilpasning på eigen halvdel. Sigurdarson avlsuttar langt over.
84'
Ein sliten Mandic går ut.
84'
Spillerbytte
82'
Lite som skjer framfor mål no. Mykje spel mellom dei to sekstemetrane. Molde kanskje med størst initiativ.
79'
Amang gjennom igjen og denne gang avsluttar han over. Nermar seg no spissen.
77'
Molde på kontring. Amang spring frå alle, men innlegget går i armane til Dyngeland.
75'
Hjørnespark
Molde får klarert.
75'
Vart eit kort innhopp dette for Wæhler som nok fekk ein trøkk i kneet.
74'
Spillerbytte
74'
Wæhler skada. Må nok ut.
74'
Koomson riv seg fri frå Forren. Kan spele ballen til Birkelund som er heilt åleine, men vel å skyte. Tabbe av Koomson.
71'
Hjørnespark
Sogndal stangar ut igjen. Etter at tWæhler kom på bana har ikkje Molde sett så farlig ut på dødball.
70'
Spillerbytte
68'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
68'
Fin ball gjennom til Aursnes som får til ei avslutning. Corner.
67'
Solskjær og Bakke 'kranglar' på sida. Begge to med eit smil på lur så dei vert nok ikkje uvenner med det første.
66'
Kampen står verkeleg og vippar no. Begge laga er litt meir kyniske og ikkje så ivrige på å kaste folk i angrep.
61'
Begge lag har forresten verkar litt shaky deffansivt så mitt tips er fleire mål i denne kampen.
60'
langt innkast som Greenidge får stussa vidare, men rett i armane til Linde.
60'
Molde med mykje risiko på eigen banehalvdel. Skal absolutt spele seg ut, men ikkje mykje imponerande verken på bevegelse eller pasningskvalitet.
57'
Bye åleine gjennom igjen, men set ballen utafor. Der skal du score Bye!
56'
Grodås svingar ballen over alle og ut til femmeter.
56'
Frispark til Sogndal. Skal svingast inn i feltet.
53'
Hjørnespark
Sigurdarson med heading like over.
53'
Hjørnespark
Sogndal klarerar.
52'
Bles framleis godt i Sogndal og no er det Molde som har vinden i ryggen.
51'
Strand med frispark rett på Dyngeland.
50'
Spillerbytte
50'
Gult kort
Held igjen Amang.
49'
Stor sjanse for Sigurdarson. Skyt via Fredrisken og set Dyngeland ut av spel. Ballen trillar mot mål, men Sogndal sin sisteskanse får kaste seg etter den og reddar på streken. Nære for Molde.
48'
Strand med avslutning på volley, men eit par meter over buret til Dyngeland.
47'
Molde rett i angrep og etablerar spel rundt Sogndal sin boks, men ballen går ut over kortlinja.
Start 2. omgang Start 2. omgang
For ein omgang vi har fått servert frå Fosshaugane! Sogndal kjapt opp i 2-0 etter ei debutscoring av Mandic og eit kremahus av Nwakali. Sogningane såg nedrykkspøkelset forsvinne, men så er Sigurdason klinisk framme på ein corner før Strand på over-overtida klinkar eit frispark i krysset. I tillegg til dette har begge laga hatt to stolpeskot. Spørs om vi kan fylgje opp dette i andre omgang, men vi kan no berre håpe.
Slutt 1. omgang Pause (2-2)
45+3'
Mål!
2-2
Dunkar ballen rett i mål i ein fin boge over Dyngeland. Keeperen bør nok ta den, men vi skal ikkje ta i frå Strand det fantastiske skotet.
45+3'
Frispark til Molde på kanten av 16-meteren til Sogndal.
45+1'
Det har vore ein særs underhaldande omgang frå Fosshaugane Campus. To minutt ekstra med morro har dommaren lagt til.
43'
For ein gedigen sjanse for Sogndal! Forren med feilpasning og Sogndal slår i bakrom på Bye som kjem åleine med Linde. Gjer alt rett og set ballen mellom beina på keeper, men ballen går i stolpen.
41'
Molde spelar seg inn i boksen og ei avslutning blir blokkert ut til Sigurdarson som skyt, men Dyngeland får slått ballen i stolpen og ut.
39'
Hjørnespark
Rett i armane til Linde.
39'
Sogndal kjem på ei kontring og vinn ein corner.
36'
Mål!
2-1
Kaos i feltet og Sogndal får ikkje klarert. Sigurdarson er klinisk og dunkar ballen i mål frå tre meter.
36'
Hjørnespark
35'
Hjørnespark
Amang er høgast, men klarar ikkje å styre headinga mot mål. Ny corner til Molde.
35'
Strand skyt via ei soogndalspelar til corner.
34'
Molde ligg og stangar mot sogndalsmuren. Klarar ikkje å skape noko særleg, men med spissar som Sigurdarson og Amang på topp så treng nok ikkje moldenasarne mange sjansar.
29'
Ut frå Sigurdarson.
27'
Hjørnespark
Endar i at Bye får ballen litt skrått 7-8 meter og skyte. Linde slår til corner.
27'
No står Molde ovanfor ei stor oppgåve. Det bles forøvrig mykje meir no enn i starten av kampen så Sogndal har ein fordel med vinden i ryggen i denne omgangen. Kan Molde utnytte dette i den andre?
24'
Kraftig medvind og no Sogndal så spørs om Linde vart litt satt ut av det.
23'
Mål!
2-0
For eit mål av Nwakali! Får ballen på rundt 25 meter, tek eitt skritts fart før han dunkar ballen klin i krysset. Til og med Peter Lorimer skyt ikkje hardare enn det der!
20'
Kjempsjanse for Molde! Aursnes dreg seg inn i feltet og smell til, men Dyngeland ligg strakk ut og reddar.
19'
Nwakali dreg seg fri på 20 meter og skyt, men rett på Linde.
18'
Forren opp igjen.
17'
Forren ligg nede med hovudskade.
16'
Hjørnespark
Stangast ut av Sigurdarson.
16'
Blir ein elendig variant, men Sogndal vinn eit kast.
15'
Frispark på 30 meter for Sogndal. Nwakali vil skyte.
15'
Og med det så klatra Sogndal forbi både Vålerenga og Lillestrøm på tabellen.
12'
Mål!
1-0
Debutanten gjer det for Sogndal. Frisparket vert curla inn i feltet. Hovland vinn duellen og får til ei heading som har retning hjørneflagget. Tilfeldigvis står Mandic der og ballen treff han i hovudet og går i mål. På reprisen vi faktisk at det er Sarr som headar ballen i hovudet til Mandic.
12'
Sogndalfrispark ca. 25 meter frå målet til Molde. Litt skrått så blir eit innlegg.
10'
Hjørnespark
Fredriksen klarerar.
9'
Molde trillar ball. Sogndal ligg svært djupt.
8'
Molde får klarert kastet.
6'
Koomson vinn eit kast i duell med Sarr. Teniste skal kaste langt.
5'
Sogndal får trille litt ball når Molde senkar presset til midtstreken. Gjekk ut i hundre her Solskjær sine gutar.
4'
Innlegg frå Gregersen som Amang styer over med hovudet. Molde klart best i gang.
3'
Bergensarduell der Fredriksen er alt for sein inne mot Strand. Frispark til Molde på 35 meter.
2'
Forøvrig stygg kommunikasjonssvikt mellom Hovland og Dyngeland som gav Molde corneren.
1'
Hjørnespark
Ballen gjennom heile faltet, men Sarr er nære på å få ein fot på den.
Avspark Start 1. omgang
Molde med avspark.
Kalenderen viser oktober. Eplene blir plukka eller fell av trea. Molde er i medaljekampen og Sogndal kjempar for å overleva i Eliteserien. Alt er med andre ord som det skal være i noregs land. Laga er på veg inn på bana og om nokre minutt er vi i gang med denne viktige kampen frå Fosshaugane Campus.
Sjølv om Sogndal har hatt eit godt takk på Molde i det siste så viser statistikken at det er moldenasarane som har hatt mest å juble for i Sogndal dei siste åra. 5-4-8 viser stastiskken til fordel bortelaget.
For Sogndal er det Stanisa Mandic som tar plassen på topp i lag med Bye og Koomson. Ellers er Sogndal uforandra frå sist. Mandic frå Montenegro startar sin første kamp for Sogndal. Har berre 20 minutt eliteserieerfaring frå før ungguten.
Då har vi laga klare og vi ser at Sigurdarson er tilbake frå start og som kaptein for dagens moldelag. I tillegg er også tidlegare sogndalspelar Petter Strand tilbake frå start for moldensarane.
Vi forventar å ha lagoppstillingane klare ca. kl. 1700. Vel møtt tilbake då!
Solskjær valde å spare sin toppscorar Sigurdarson sist helg og Amang og Håland svara greitt med å vise seg som eit giftig tospann på topp. Så får vi sjå om ikkje islendingen er tilbake til bataljen på Fosshaugane. Molde og Solskjær har ikkje slått Sogndal på tre år (både heime og borte) så moldensarane er nok svoltne på å hente med seg tre poeng frå saftbygda.
Både Ramsland og Schulze er ute pga gule kort og dette vil nok svekke sogndalangrepet kraftig. I tillegg til Bye er det uvisst kven som spelar saman med Koomson på topp. Kanskje vel og Bakke ein ny formasjon med desse to ute.
God runde for begge laga sist. Molde tok ein oppskriftsmessig 3-1 siger heime mot Sandefjord, mens Sogndal klinka til med ein hardtkjempande 1-0 siger borte mot Aalesund.
Veldig viktig kamp for begge lag dette. Molde kjempar om medalje bak suverene RBK og Sogndal kjempar som vanleg for å overleve. For sogningane er det 4 poeng ned til Tromsø på nedrykk og berre 1 poeng ned til Aalesund på kvalikk. Molde ligg likt med Brann på 40 poeng, mens opp til Sarpsborg på 2.plass er det berre 1 poeng. Moldensarane kan difor ligge på sølvplass etter dagens kamp.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 24. serierunden i årets Eliteserie. Dagens kamp er mellom Sogndal og Molde.