Referat
Kun høydepunkter
Der er det gjort. Sogndal vinn 2-1 heime mot Molde etter ei mirakuløs opphenting i løpet av tre minutt mot slutten av 2. omgang. Spelemessig er det slett ikkje ufortent.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+5'
Valsvik ligg nede midt inne på eigen banehalvdel.
90+3'
Frispark til eldste blad Flo i det han går over ende i duell med Linnes omtrent på midten.
90+1'
Det vert lagt til 4 minutt ekstra speletid.
90'
Utspel frå Kenneth Udjus i dette øyeblikk. Publikum er elleville.
87'
4743 tilskodarar er tilstades på Fosshaugane Campus. Noko som ifølgje speaker svarar til 65 % av innbyggjartalet i Sogndal. «Oppmøteprosent» kallar dei det i saftbygda.
84'
Det svingar på Fosshaugane Campus. Begge lag køyrer tempo.
82'
Ulrik Flo har all verdas tid og fleire pasningsalternativ men brenner til med eit laust skot frå 25 meter. Over. Langt over.
80'
Malick Mane på nytt godt løp langs høgrekanten sin. Denne gang godt til side for mål.
73'
Heimelaget maktar omsider å slå tilbake mot den regjerande seriemeisteren. Malick Mane er imponerande god langs høgrekanten og jobbar seg forbi 3-4 mann før han sler inn foran mål. Der er Tonny Brochmann (SIL) og Martin Linnes (MFK) begge borti ballen før den går i nettet. Sistnemnde vert kreditert scoringa.
69'
Emmanuel Ekpo går ned for telling etter eit Molde-angrep. Får tilsyn av medisinsk personell utanfor målet til Udjus. Han er truleg ferdig for i dag.
68'
Molde får eit frispark som garantert vil bli diskutert midt inne i eigen 16-meter. Tonny Brochmann er rasande, og publikum støttar hans vurdering. Frå pressetribuna ser det ut til at dommaren gjer rett. Hands på Brochmann.
65'
Malick Mane spelar ballen forbi Vegard Forren og går i bakken medan han sjølv er i ferd med å passere. Døvle har blåst mange frispark dei siste minutta, men denne gangen let han vere. Heimepublikum er ikkje heilt samde i den avgjersla.
63'
Det er langt mellom dei heilt store sjansane på Fosshaugane Campus no.
60'
Ulrik Flo med noko som kan minne om ein sjanse for Sogndal. Får ballen på kanten av 16-meteren, og skyt hardt til høgre for mål. Nesten for heimelaget.
59'
Erik Bergum Skaasheim har heva seg veldig i sin høgrebackposisjon utover i 2. omgang.
58'
Simonsen bryt ein potensiell Sogndal-overgang på midten.
55'
Valsvik er uoppmerksom eit halvt sekund i eige forsvar og er i ferd med å rote det skikkelig til. Heldigvis vaknar han og får hindra at Daniel Chukwu Chima får fri passasje mot SIL-målet.
52'
Tonny Brochmann er god og Magne Simonsen ditto svak når førstnemnde lurer seg innover på Molde sin halvdel. Heimelaget rotar vekk eit godt initiativ og Molde får innkast.
48'
Sogndal vinn kontroll etter corneren og Erik Bergum Skaasheim set i gang Malick Mane.
47'
Ingen av laga har valt å gjere endringar i mannskapa i løpet av pausen. Sogndal har uansett sendt Ruben Holsæter og Eirik Bakke i oppvarming.
46'
Daniel Berg Hestad og Daniel Chukwu Chima tar avspark for Molde, og kampen er i gang igjen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Flomlysa er slått på i saftbygda, og grasmatta begynner så smått å sjå sliten ut etter dei første 45 minutta. Venteleg vert det betre fotball på Fosshaugane til hausten når underlaget er skifta ut med flunkande nytt kunstgras av typen X-files.
Laga går i garderoben på stillinga 0-1 etter ein omgang der ingen av laga har imponert all verda. Molde har fått uttelling på sin eine store sjanse, medan Sogndal pressar voldsomt på framover utan at nokon til no har klart å omsetje sjansane i mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+1'
Det kan forøvrig opplysast om at SIL-keeper Kenneth Udjus spelar utan den mykje omtalte ansiktsmaska etter nasebrotet han pådrog seg på Ullevaal førre helg.
45'
Daniel Chukwu Chima ropar på hands inne i Sogndal-feltet. Dommar Døvle meiner imidlertid at Taijo Teniste har handa i ein naturleg posisjon og spelet får gå sin gang.
44'
Frispark ved Ørjan Hopen 40 meter frå mål. Publikum er sjølvsagt i ekstase alt før han har tatt fart. Det heile endar med eit slags skotforsøk frå Davy Claude Angan som Espen Bugge Pettersen reddar enkelt.
42'
Molde er gode til å komme seg rundt langs begge kantane. Kanskje saknar dei ein spiss med betre kvaliteter i lufta enn det Davy Claude Angan kan tilby.
39'
Tendensar til stillingskrig dei siste minutta, men stemninga er god på eit nær fullsett Fosshaugane Campus.
36'
Henrik Furebotn prøver å slå gjennom Ulrik Flo langt oppe på Molde sin banehalvdel. Even Hovland er best igjen, og avklarer for bortelaget.
34'
Daniel Berg Hestad jobbar godt for Molde. Lekker pasning til Daniel Chukwu Chima inne i boksen no. Mottaket er så som så og Sogndal får klarert.
30'
Godt innlegg frå Davy Claude Angan som Daniel Chukwu Chima forsøker å ekspedere i mål. Lukkast ikkje heilt med headinga han forsøker på frå 5-6 meters hald.
29'
Mattias Moström jobbar langs venstrekanten til Molde. Vinn innkast i møte med SIL-back Taijo Teniste.
28'
I det vi nærmar oss ein halvtime spel held Sogndal det offensive trykket oppe trass Molde sitt tidlege leiarmål. Udjus spelar ut i dette øyeblikk.
27'
Langt innkast frå Taijo Teniste på høgresida høgt oppe på Molde sin banehalvdel. Ørjan Hopen avsluttar angrepet for Sogndal ved å skyte høgt over mål.
19'
Molde-fansen syng Even Hovland sitt namn, og med rette. Midtstopparen har vore solid mot gamleklubben dei første 18-19 minutta.
16'
Davy Claude Angan vinn eit hjørnespark for gjestane.
15'
Malick Mane forsøker å utfordre Even Hovland på Molde sin 16-meter. Hovland vinn duellen og Molde kan setje i gang.
14'
Molde er noko betre med i kampen dei siste par minutta, likevel ingen initiativ av dei heilt store frå nokre av laga akkurat no.
10'
Malick Mane kjem i innleggposisjon på Sogndal sin høgrekant og Ørjan Hopen skal igjen få teste cornerfoten.
7'
Tonny Brochmann på løp langs SIL sin høgrekant og vinn ein corner i møte med tidlegare Sogndal-stoppar Even Hovland.
6'
Valsvik med eit pasningsforsøk frå eigen banehalvdel. Mane rekk ikkje den før Bugge Pettersen er ute og snappar enkelt.
5'
Frisk opning på kampen. Molde og Berg Hestad som forsøker å jobbe seg framover no, men Sogndal får klarert til innkast.
4'
Emmanuel Ekpo forsøker å skyte frå 13-14 meters distanse. Ballen går imidlertid langt over målet til Kenneth Udjus.
3'
Sogndal får kampens første frispark etter ein MFK-hands. Patronen sler frå eigen banehalvdel og skaper kampens første sjanse. Bugge Pettersen er på bærtur og Ulrik Flo får nesten sett ballen over mållinja.
1'
Kapteinane Daniel Berg Hestad og Henrik Furebotn har møttest til myntkast. Sogndal tar avspark.
Avspark Start 1. omgang
Dagens hovuddommar er Trond Ivar Døvle frå Svarstad. Assistentar Reidar M. Gundersen og Kai Lafjell. 4. dommar er rutinerte Tommy Skjerven.
Laga går i garderoben for siste gong. Ti minutt att til avspark på Fosshaugane.
Klokka passerer 19.30 og begge lag er i god gang med oppvarming. På tribunene er det i ferd med å fyllast opp, og førebels er det ein gjeng på 20-30 tilreisande frå Romsdalen som lagar mest liv.
Begge lag går ut i ein klassisk 4-4-2 formasjon frå start. Som følgje av Strømsgodset sin siger over LSK tidlegare i dag er ei veke på 2. plass maksbelønninga for laget som tar 3 poeng på Fosshaugane i dag. Som følgje av målskilnaden er dette dog mest realistisk berre for Sogndal. Saftkokarane har scora 7 og sleppt inn 1 til no i 2012. Molde har 7-7 som sin statistikk.
Vi ser av lagoppstillingane som nettopp er publisert at SIL-trenar Jonas Olsson satsar på nøyaktig dei samme 11 som starta då Vålerenga vart slege 2-0 førre helg. Ole Gunnar Solskjær gjer tre endringar på sitt Molde-lag: Simonsen startar på venstrebacken i staden for Rindarøy, Chima Chukwu på venstrekanten i staden for unge Zlatko Tripic og på topp får Mattias Moström tillit til fordel for Jo Inge Berget.
Tilsvarande kamp i fjor enda med 1-0 siger til Sogndal, men det var i siste serierunde og då var som kjend Molde allereie seriemeister, så det resultatet er det ingen grunn til å leggje særleg vekt på i dag.
Hos Molde er Joshua Gatt usikker, og tidlegare Sogndal og Viking-kaptein Børre Stenslid er framleis ikkje kampklar etter langtidsskaden han pådrog seg i første halvdel av 2011.
Sogndal har samme skadesituasjon som sist. Det inneberer at Jasmin Mecinovic, Joakim Rudolfsen, Thomas Ness, Espen Næss Lund, Eivind Daniel Røed og Per Egil Flo er uaktuelle.
Molde låg under 1-2 heime mot Lillestrøm sist, men klarte å snu til 3-2 og ta tre svært viktige poeng. Ole Gunnar Solskjær sine menn ligg på sjetteplass med ni poeng. Spelemessig har det ikkje glitra av Molde førebels, og borte har laget verken scora eller tatt poeng i løpet av laget sine to første kampar på framand gras.
Sogndal var naturleg nok tippa nord og ned av ekspertane før seriestart, men har endå ikkje tapt ein kamp denne sesongen. Forrige runde vart det 2-0 borte mot Vålerenga, noko som førte laget heilt opp på fjerdeplass. Legg merke til at det berre er blitt eitt baklengsmål på dei fem første kampane, noko som vitnar om at Sogndal som i fjor er botnsolide defensivt samstundes som den nye trenaren Jonas Olsson har tilført laget offensive kvalitetar.
Det er venta i overkant av 5000 tilskodarar til oppgjeret, og det i verdas einaste Tippeligabygd med knappe 7400 innbyggjarar.
Det er flotte speleforhold i Sogndal denne laurdagen. 6-7 varmegrader og lettskya blå himmel. Alt ligg til rette for perfekte rammer rundt det som vert hovudkampen i runde 6. Også grasmatta ser betre ut enn tidlegare i år. Enn så lenge.
Velkommen til Firda, ANB, Nettavisen og Dagbladet si LIVE-dekning av 6. runde i Tippeligaen og oppgjeret Sogndal - Molde frå Fosshaugane Campus.