TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då er kampen slutt, og den endar 1-2. Sogndal hadde sjansar til å score fleire enn det eine, men Molde heva seg etter ein svak første omgang. Alt i alt fortent siger til gjestene. Dermed klatrar Molde forbi heimelaget, og kan setje seg godt nøgde på spelarbussen heim til Molde.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+3'
Mane utfordrar, men målscorar Toivio står fjellstøtt. Molde overtek.
90+2'
Molde er nærmare 1-3 enn det Sogndal er 2-2. Gulbrandsen får ballen på kanten av sekstenmeteren. Like over!
90+1'
Hannu Patronen kåra til dagens Sogndal-spelar av ein lokal fagleg jury.
90+1'
Det er lagt til minimum tre minutt.
90'
Det går mot tre poeng til Molde. Sogndal sin sluttspurt er det ikkje skikkeleg fres over.
88'
Sogndal har ikkje akkurat imponert på heimebane i år. Berre to sigrar er færrast av alle laga i Tippeligaen.
86'
Agnaldo slår frisparket inn i feltet. Sogndal avklarar.
85'
Spillerbytte
85'
Gulbrandsen gjer ein heroisk jobb aleine på topp. Får ballen høgt oppe i bana, og går ut mot sidelinja. Får frispark etter at Teniste er litt for tøff.
84'
Dobbeltbyte av Sogndal. Koomson får sin debut på Fosshaugane, medan Stamnestrø skal prøve å score 2-2 målet mot gamle lagkameratar.
82'
Spillerbytte
82'
Spillerbytte
82'
Bolseth slår inn mot Otoo, men avslutninga med hovudet går langt utanfor.
82'
Sagna med hårreisande feilpasning på midten. Gulbrandsen får ballen, og prøver å skru den forbi Dahlin. Det klarar han nesten, men svensken i mål får fingertuppane på kula.
79'
Molde held fram med å trille ball.
77'
Dette var ein skikkeleg kalddusj for heimelaget! Kva gjer du no, Sogndal-trenar Olsson?
77'
Dermed passerer Molde sogningane på tabellen, om dette resultatet står seg.
75'
Mål!
1-2
Aj aj aj!! Flo slår ein nydeleg corner inn i feltet, og vesle Høiland stangar ballen kontant i mål!
75'
Hjørnespark
75'
Utifrå banespelet er det ikkje tvil om at scoringa var fortent. No køyrer Molde kampen, og jaktar alle tre poenga!
73'
Mål!
1-1
Kort corner-variant, og herleg småspel på ein-touch før Toivio klinkar ballen hardt nede i Dahlin sitt høgre hjørnet. No står det 1-1!
73'
Hjørnespark
72'
Sagna prøver å finne Otoo, men den nye spissen får ikkje dreis på mottaket sitt.
71'
Mane klinkar frisparket i retning Sogndalselva. Svakt.
70'
Mane hentar ballen, og vil ta frisparket sjølv.
69'
Mane går enkelt i bakken etter at Hovland gir han ein liten puff. Den tidlegare Sogndal-midtstopparen fortviler no!
68'
Lang ball mot Hovland som har lurt seg opp i feltet. Han nikkar tilbake til innbytar Mostrøm som klinkar til, men skotet blir blokkert. Molde jaktar 1-1 no!
67'
Halvsjanse for Sogndal! Flo jaktar ein lang ball, men Nyland får etterkvart kontroll inne i feltet.
66'
Spillerbytte
65'
Mostrøm står klar på sidelinja for Molde no.
64'
Hjørnespark
Frispark til Sogndal inne i feltet.
63'
Valsvik får frispark, etter at Høiland er vel ivrig i Sogndal-trøya.
62'
Gult kort
Legg Flo i bakken på midten.
61'
Agnaldo avsluttar over!
60'
Gulbrandsen går i bakken etter eit høgt spark frå Patronen. Frispark tre meter utanfor kanten av sekstenmeteren.
59'
Høiland slår inn i feltet, men Dahlin er sjefen i feltet. Keepermat.
58'
Otoo viser seg fram på første touch på ballen. Mottar ballen på 28 meter, vender og skyt. Over!
56'
Spillerbytte
55'
Gulbrandsen får ballen inne i feltet, men er i ubalanse i det han fyrer av. Det var nok årsaken til at avslutninga gikk langt utanfor!
54'
Hjørnespark
Molde får innkast på motsett side.
53'
Hjørnespark
Valsvik nikkar ballen unna.
53'
Fin sjanse for Molde! Per Egil Flo vil score mot gamle lagkameratar, og skotet går via Teniste, og rett på Dahlin!
51'
Sogndal blir spelt låge, men Molde klarar ikkje å produsere store nok målsjansar.
49'
Hjørnespark
Ufarleg.
49'
Fin Molde-sjanse! Innlegg frå venstrekanten, og Teniste er nære på å setje ballen i eige mål. Ballen trillar utanfor stolpen, og gjestene får hjørnespark.
46'
Spillerbytte
46'
Molde held fram slik dei avslutta den første omgangen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Spelarane er på veg ut på matta.
Der går laga til pause etter dei første 45 minutta. Sogndal har hatt dei to største sjansane, og står att med eitt mål. Molde eig banespelet, men kula går litt for seint, og i tillegg har laget ein del balltap på midten som gir heimelaget fine overgangar. Det blir likevel ein spennande andre omgang, for her er ingen ting avgjort!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Kjempesjanse for Sogndal! Holsæter slår frisparket gjennom heile feltet, og ballen går i stolpen. Der er Patronen på plass, og brystar ballen i tverrliggjaren frå 1,5 meter! To i stanga på under eitt sekund skjer ikkje ofte i toppfotballen!
45+1'
Gult kort
Etter duellen mot Mane. Dermed må han sone neste kamp.
45+1'
Toivio legg Mane i bakken. Klart frispark.
45+1'
Mane køyrer karusell med Toivio, men innlegget er hverken fugl eller fisk og Molde får kontroll.
45'
Ekpo med balltap på midten, og Sogndal overtek.
43'
Vi nærmar oss pause her i solskinnet på Fosshaugane.
42'
Møller Dæhli viser gode tekniske ferdigheiter, men innlegget som går bak mål held ikkje akkurat same kvalitet.
40'
Gjestene held fram med å styre spelet.
39'
Mane får frispark etter at Gulbrandsen taklar han på sidelinja. Saftkokaradn held fram med pipekonserten, som skyldast filming på Åråsen som Lillestrøm-spelar, i følgje sikre kjelder via Twitter.
37'
Molde eig mesteparten av banespelet, med Sogndal er giftige på overgangar og dødballar - som vanleg.
36'
Hjørnespark
Sagna klarerar.
35'
Gjestene trillar ball no.
34'
Teniste legg inn, men Hovland ryddar opp.
33'
Molde prøver seg, men Sogndal jobbar beinhardt og er tøffe i duellspelet.
31'
Gulbrandsen viser seg fram, men skotet frå 18 meter går ein meter til side for målet.
29'
Lang ball over mot Per Egil Flo, men venstrebacken får to Sogndal-spelarar på seg, og får ikkje avslutta.
28'
Finsken fekk seg ein smell i feltet, og må ned for telling. Hardhausen reiser seg meisterleg på beina att.
27'
Hjørnespark
Patronen ryddar unna i luftrommet.
26'
Mane sprang rett bort til Sogndal-benken, og gjennomførte feiringa si der saman med lagkameratane. Viktig scoring for heimelaget.
24'
Mål!
1-0
Langt innkast frå Teniste som Valsvik stussar vidare. Karadas nikkar på mål, men Nyland må gi retur. Der er Mane på bakerste stolpe og bankar ballen knallhardt opp i nettaket. 1-0!
23'
Sogndal-seier vil gi laget sin triumf nummer 100 i øvste divisjon. Skjer det i dag?
22'
Mane skyt frå 12 meter, men Flo blokkerer skotet. Han får ballen tilbake, men Nyland tek seg enkelt av innlegget.
21'
Ein liten pipekonsert på Gulbrandsen kvar gong han har ballen. Ukjent årsak.
19'
Hjørnespark
Kort corner-variant, og Hussain får etterkvart ballen. Han skyt hardt, like utanfor!
18'
Fint Molde-spel, men ein feilpasning hindrar laget å avslutte angrepet. Dahlin gjere seg klar for utspel frå målet.
15'
Hjørnespark
Forren klinkar til, men Ulrik Flo står i vegen og blokkerer forsøket.
15'
Flo slår inn, men Patronen gir til corner.
15'
Skaasheim klinkar til frå 20 meter. Rett i klypene til keeper Nyland.
14'
Mane utfordrar sin gamle lagkamerat Flo, og får lagt inn. Gjestene får avklart til innkast.
13'
Hjørnespark
Ufarleg.
13'
Halvsjanse for Sogndal! Ballen blir slått inn i feltet, og Nyland går ut. Han vil ha frispark i feltet, men får det ikkje. Ballen blir liggjande i ro, men ingen Sogndal-spelarar maktar å få den i nota.
11'
Valsvik med fin ball mot Mane, men toppscoraren når den akkurat ikkje. Gir midtstopparen tommel opp for ein god pasning.
10'
Høiland slår inn i feltet, men det får Gulbrandsen det tøft aleine mot Sogndal-forsvaret.
9'
Tripic prøver eit innlegg frå høgrekanten, men ballen fyk himmelhøgt over målet til Dahlin.
8'
Molde prøver seg med Høiland og Gulbrandsen, men Teniste får ballen unna.
6'
Hovland til Hussain, men sistnemnde sklir, og Sogndal overtek. Mane får etterkvart ballen, men får ikkje det hjørnesparket han vil ha i duellen mot Forren.
4'
Holsæter slår inn, men Molde får avklart.
4'
Mane utfordrar, og blir frispark i duell mot Hussain. Fire meter utanfor kanten av sekstenmeteren.
3'
Mange tilreisande frå Molde å sjå på Fosshaugane i dag. Dei er plassert bak målet til Dahlin i første omgang.
2'
Han skyt - høgt over!
2'
Toivio står ved ballen.
2'
Hovland bryt foran i eige forsvar og driv framover over midten. Får frispark i fin posisjon for gjestene.
1'
Molde tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Hovland er kaptein for Molde, slik han også var i sine glansdager i Sogndal.
Spelarane på veg ut på bana!
Sogndal opnar med dei ferske spelarane Koomson og Otoo på benken. Førstnemnde spelte godt i kampen mot Rosenborg, og blir også ein fin tilvekst til Sogndal-laget.
Ole Gunnar Solskjær byter ut fem av seks offansive spelarar sidan førre kamp i Legia. Blir mellom anna spennande å følgje duoen Høiland og Guldbrandsen på topp for Molde.
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Dommar er rutinerte Espen Berntsen. Med seg på linjene har han Kim André Johnsen og Jon-Michael Knutsen. Vi ynskjer dommartrioen, spelarar og trenarar lykke til!
På heimebane har det variert for Sogndal til no i år. Laget står med 2-5-1 på sine kampar på Fosshaugane denne sesongen. Einaste tapet kom mot Rosenborg 7. april. Sist vart det 1-1 mot Haugesund etter straffescoring av Malick Mane på overtid.
På bortebane står Molde med 1-5-3 på sine åtte kampar. Einaste sigeren har kome borte mot Tromsø. Samstundes viser bortetabellen at det berre er Rosenborg som har færre tap enn Molde til no i sesongen.
Sogndal kunne denne veka stolt presentere Mahatma Osumanu Otoo som ny spelar i klubben. 21-åringen frå Ghana har vore toppscorar toppdivisjonen i heimlandet med 20 mål i 2012/13-sesongen, i tillegg til spel for aldersbestemte landslag. Etter å ha sett nokre minutt av Otoo på nettstaden YouTube, er det ikkje tvil om spissen har spissferdigheiter som kan kome sogningane til god nytte dei neste åra!
Denne kampen blir nok ekstra spesiell for enkelte av spelarane. Både Even Hovland og Per Egil Flo har spelt ei årrekkje i Sogndal. Sistnemnde var lagets kaptein før han vart henta til Molde. På same tid er Magnus Stamnestrø på lån den andre vegen.
Store kontrastar for Molde om dagen. Onsdag møtte laget Legia Warszawa i kvalikk til Champions League. Fredag trakk dei russiske storklubben FC Rubin Kazan til kvalikk mot gruppespelet i Europa League, der kampane blir spelt 22. og 29. august. Men først ventar vesle Sogndal for mannskapet til Ole Gunnar Solskjær.
Før denne kampen er vertane nummer 9 på tabellen med 23 poeng. Gjestene er nummer 12, med to poeng mindre.
Sogndal står utan siger på sine siste fem kampar, medan Molde berre har eitt tap i same periode.
Hei, og velkommen til Sogndal - Molde frå Fosshaugane Campus!