TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det ender 1-1 på Fosshaugane, og det blir ikkje kvalifisering til Eliteserien på Sogndal. Det er ein tydeleg skuffa gjeng ute på matta no. Heimelaget hadde grei kontroll på kampen før pause, men klarte ikkje å setje ballen i mål. Kinn stod bra i målet, og var avgjerande i dag. Det var bortelaget som skulle score først då Granaas banka ballen i mål. Utlikninga til heimelaget kom på straffespark av van der Spa. Då Bryne tok leiinga mot Raufoss, måtte Sogndal jakte scoring. Det klarte dei ikkje, og kampen endar 1-1. Dei tilreisande frå Mjøndalen er ganske nøgde med resultatet, og heidrar laget sitt etter kampen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Hjørnespark
Heading rett på Kinn! Veldig nærme 2-1.
90+2'
Frispark
Slår langt, og Sogndal held på ballen.
90+2'
Sogndal vinn eit frispark. Her kan dei slå langt.
90'
Hjørnespark
Fij fangar ballen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Jonsson slår inn med høgrefoten. Den går over alle i boksen.
89'
Granaas prøver seg. Skyt over målet. Tida renn ut for Sogndal.
87'
Frispark
Kaos i boksen. Mjøndalen får slått vekk ballen til slutt.
87'
Sogndal ropar på straffe når Grønner går i bakken. Det får dei ikkje.
86'
Sogndal kastar alle dei store spelarane opp på topp no.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
82'
Grønner og Jonsson skal inn.
82'
Hjørnespark
Flo er der, men treff ikkje ballen slik som han vil.
81'
Frispark
Held ballen i laget.
81'
Stor sjanse for Nundal! Headinga frå ungguten snik seg utanfor. Sogndal jaktar scoring.
79'
Frispark
Sentrar til Flo.
78'
Frispark
Sentrar tilbake til keeper.
77'
Bryne har scora mot Raufoss, og Sogndal er nede på 7. plass.
76'
Ovenstad prøver å skru ballen i mål. Fij har full kontroll.
74'
Frispark
Sentrar tilbake i bana.
74'
Sogndal er no tilbake på kvalifiseringsplass.
73'
Gult kort
Diskuterer på seg kort.
72'
Mål på straffe!
1-1
Utlikning! Svakt straffespark, men Kinn slår den i eige mål. Då er det håp for heimelaget att.
71'
Straffe!
Solberg er borti ballen med armen. Då er dommaren aldri i tvil. Han peiker på merket.
70'
Hjørnespark
Rotar vekk hjørnesparket.
69'
Frispark
Slår langt.
68'
Gult kort
Her kan han ikkje diskutere. Farleg spel.
67'
Frispark
Van der Spa sparkar Holten i hovudet. Klønete.
66'
Nundal får eit frispark langt ute til høgre.
66'
Spillerbytte
64'
Akkurat no er Sogndal utanfor topp seks i OBOS-ligaen.
64'
Olsen Solberg skal inn.
62'
Spillerbytte
61'
Mål!
0-1
Den unge stjerna Granaas bankar bortelaget i føringa! Dei stormar fram ute til venstre, og ballen går til slutt til Granaas som fyrer av frå kanten av boksen, Fij kan berre stå og sjå på at den går inn. Krise for heimelaget.
60'
Fij kastar seg ned, og fangar eit innlegg frå Bringaker.
59'
Bringaker består hjernerystelsetesten, og får lov til å fortsette.
57'
Bringaker har fått seg ein smell. Treng hjelp frå benken.
56'
Rasmus Holten har gode minner frå Fosshaugane. Han scora her tidlegare i år for Brann mot Fjøra i cupen.
53'
Frispark
Held ballen i laget.
53'
Tøff duell mellom Twum og Ovenstad. Twum får frispark.
51'
Frispark
Leiter etter van der Spa, men finn han ikkje.
51'
Gult kort
Stoppar Hoven som dreg med seg ballen inn i bana.
49'
Skummelt tilbakespel av Eriksen. Kinn klarar akkurat å slå vekk ballen før Nundal kjem.
48'
Frispark
Sentrar tilbake til kapteinen i laget.
47'
Offside
46'
Øverby slår eit hardt innlegg, men det er ingen som går i rommet mellom stoppar og keeper.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Frispark
Kampen starta roleg, men heimelaget tok stadig meir over. Kinn har vore god i målet til Mjøndalen, og redda fleire sjansar. Begge lag må uansett opp nokre opp dersom dei har tenkt å score mål i denne kampen.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Sogndal får eit par moglegheitar. Den siste fekk Nundal som avslutta på utside. Høgt press frå Sogndal i perioden før det.
41'
Frispark
Slår langt.
40'
Offside
Endå ein offside på Reuterswärd.
39'
Frispark
38'
Der skal Ingimundarson score! Han får ballen av Flataker i boksen, og skal eigentleg berre legge ballen i mål. Han sender den utanfor.
37'
Frispark
Sentrar til sin stopparkollega.
36'
Van der Spa gjer ein god jobb når han blokkerer avslutninga til Bringaker.
34'
Reuterswärd kombinerer fint med Singh. Avslutning skrur seg over målet. Vanskeleg å sjå om Fij hadde kontroll.
32'
Hjørnespark
Per-Egil Flo er først på ballen, men headar over målet.
32'
Ny god redning frå Kinn! Denne gongen frå Flataker. Bra spel av Sogndal først.
31'
Hjørnespark
Twum headar ballen vekk.
29'
Sogndal prøver seg på eit par avslutningar, men alle blir blokkerte.
29'
Kevin Nicol er ikkje nøgd med Granaas så langt. Det kjem nokre beskjedar frå sidelinja.
26'
Hjørnespark
Twum får ballen på volley, og bles den like over! Enorm moglegheit for heimelaget.
26'
God redning frå Kinn når Borgthorsson skaffar ein corner.
23'
Bringaker prøver seg på ei avslutning frå høgre. Ballen sklir av foten.
20'
Offside
Sogndal trillar ballen lenge før dei slår mot Flataker. Spissen står i offside.
18'
Det har ikkje skjedd spesielt mykje så langt i kampen.
17'
Frispark
Sentrar tilbake til keeperen.
16'
Hjørnespark
Dommaren dømmer frispark mot Sogndal.
14'
Offside
Går på løp for tidleg.
13'
Innlegg mot Flataker. Spissen strekk seg fram, og treff ballen akkurat. Kinn får tak i ballen før den går inn.
13'
Kaos inni boksen til Sogndal. Fij reddar til slutt.
12'
Laga slit med å skape store sjansar. Ingen avslutningar på mål så langt.
11'
Frispark
Held ballen i laget.
11'
Gult kort
Stoppar Flataker som skal kontre. Den er soleklar.
10'
Nesten sjølvmål av Sogndal! Ein ball skal eigentleg berre roleg leggast att til Fij, men den går heilt ned mot hjørnet av målet. Keeperen kjem seg akkurat langt nok ned til å ta den.
9'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
6'
Frispark
Prøver på fleire innlegg, men ballen går til slutt ut til utspark for Fij.
4'
Flo prøver å slu langt, men ballen går heilt bort til Kinn.
2'
Frispark
Prøver å finne Holten. Kjem ikkje til ein sjanse.
2'
Bringaker vinn eit frispark høgt i bana.
1'
Hjørnespark
Sogndal får ballen vekk til slutt.
1'
Tidleg corner til bortelaget.
1'
Sogndal startar med ballen, men rotar den vekk med ein gong.
Avspark Start 1. omgang
Legenden Joackim Olsen Solberg blir heidra av bortefeltet før kampstart.
Det nærmar seg kampstart på Fosshaugane. Det er som vanleg veldig kaldt her, og folk har kledd seg godt.
Sogndal prøvde seg på 3-4-3 mot Bryne, men i dag går dei tilbake til 4-3-3. Unggutane får sjansen på topp. Twum og Skaanes er inne i laget att. Van der Spa kjem inn på stopparplass. Det er eit par endringar hos bortelaget også. Appiah erstattar Sveen medan Brinder Singh er inne for Pedersen.
Heimelaget må truleg klare seg utan nokre viktige spelarar i dag. Skaanes gjekk av med skade mot Bryne, og er usikker inn mot kampen. Midtstopparen Arrocha fekk seg også ein smell i den kampen. Bortelaget må klare seg utan Ole Amund Sveen som har karantene på grunn av seks gule kort. I tillegg er Kristoffer Tokstad usikker med ein lyskeskade.
Bortelaget har ikkje spesielt mykje å spele om. Dei har sikra plassen, men kan ikkje rykke opp. Dei kan ende på alt frå 8. plass til 13. plass, så dei har framleis ære og økonomi å spele om. For heimelaget er denne kampen meir avgjerande. Dei har framleis ikkje sikra 6. plassen, og kan potensielt miste den i dag om dei ikkje vinn. Bryne ligg eitt poeng bak Sogndal, og har betre målforskjell. Sogndal kan i beste fall klare seg med tap dersom Bryne også tapar. Uavgjort går også bra dersom Bryne ikkje vinn.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Mjøndalen i den siste runda av OBOS-ligaen! I dag skal sesongen fullførast, og me får vite kven som rykk ned, og kven som endar på kvalifiseringsplassane.