Referat
Kun høydepunkter
Vi tel 11-12 til bortelaget i avslutningar og 8-7 til heimelaget i avslutningar på mål. Stig Anders Hauge takkar for seg etter ein herlig fotballkamp på Fosshaugane.
Den villaste kampen i OBOS-ligaen i år er ferdig. Mjøndalen dreg heim frå Sogndal med tre fantastisk viktige poeng etter eit drama som manglar sidestykke. Med det så vinn Mjøndalen for fyrste gong ein kamp i Sogndal, men endå viktigare så er dei no oppe på direkte opprykksplass. Dei brune la grunnlaget for sigeren etter ein glimrande første omgang der dei nok skulle leia med meir enn eitt mål. I andre omgang styrte Sogndal det meste og MIF-spelarane låg for det meste nede med skade. Til slutt såg det altså ut som sogningane hadde redda eitt poeng, men på over-overtida så stanga innbyttar Scriven heile Mjøndalen til himmels.
Kamp slutt Slutt (3-4)
90+7'
MIF med frispark som skal pumpast inn i feltet.
90+6'
Schulze skyt over frå fem meter! Innlegg som han berre kan sette i mål. Der er Sogndal nære.
90+3'
Trond Olsen skal skyte.
90+3'
Frispark til Sogndal på 30 meter.
90+3'
Og Steiring oppe som spiss.
90+2'
Occean tilbake som midtstoppar no.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90+1'
Kjemperom for MIF til å kontre, men det er eit svært trøtt lag i brunt utpå her no.
89'
Sogndal bryt gjennom i midten, men Schulze si avslutning vert for lett for Makani.
86'
Hansen fly forbanna på dommar, men når det gjeld spelarar som får lett vondt så bør han vel koste litt framfor eiga dør først. Skjønnar derimot frustrasjonen for der kunne MIF avgjort kampen.
85'
Mjøndalen på kjempekontring, men dommar må blåse for Jensen ligg nede med hovudskade. Den er diskutabel, men reglane er vel slik.
82'
Får nokon veldig gode overgangar Mjøndalen, men eg syns dei utnyttar dei svært dårlig. Kanskje trøtte gutar i brunt no.
82'
Sogndal trykkjer på her no, men MIF står godt i mot.
80'
God sjanse for Sogndal. Olsen legg inn langs bakken, men ingen klarer å styre ballen på mål.
79'
Veldig rutinert av MIF som dreg ut tida i alle sitasjonar. Vitnar om eit mannskap som har det som skal til for å rykke opp.
78'
Occean i duell med Steiring. Begge fektar med armane, men Occean ser ut som han får vondast og dommar Amland lar seg lure. Brukar eitt godt minutt på å ta frisparket også no MIF.
75'
Innlegg der Kjemhus får stanga ballen på mål. Dessverre for sogningane går den rett på Makani.
74'
Ut med ein back og inn med ein spiss. Sogndal satsar alt no.
70'
Makani vil gjerne byte keeperhanskar og gjev beskjed om dette til benken.
70'
Ligg lenge på kvart frispark her no MIF-spelarane. Prøver verkeleg å dra ned alt tempo i kampen og har delvis lukkast med det sålangt i denne omgangen.
69'
Innlegg som Makani glepp. Fullt kaos i boksen, men til slutt får MIF frispark.
68'
Ein god Bojang går ut. Maglar sikkert litt på full form spissen som har vore god i dag.
67'
Schulze med godt skot frå 20 meter. Ein liten halvmeter over.
66'
MIF også nede i 4-4-2 etter at Gauseth gjekk ut. Olsen Solberg trekt ned på midtbana.
65'
Ligg veldig lågt no MIF og satsar på kontringar. Nære på at Bojang blir spelt gjennom her no, men Dyngeland er ute og får klarert.
63'
Mjøndalen med langt kast inn i feltet som Schulze får til slutt klarert.
60'
Var visst relativt frisk Gauseth, men klarte å bruke eit godt minutt på dette. Taktisk klokt.
59'
Gauseth nede. Mogleg det er ein skade, men ser meir ut som ein særs tiltrengt kvil både for han og resten av MIF-gjengen.
58'
Sogndal skaper svært lite på dødball mot robuste MIF-spelarar.
57'
Sogndal med trykket her no og MIF har senka seg langt ned i bana.
54'
Kjemhus prøver eg frå 20 meter, men skotet går rett på Makani.
54'
Men svært ballsikre Mjøndalen og når dei får tid til å splele er dei gode.
53'
Sogndal har nok starta omgangen best og prøver å kjøre tempo. Då slit MIF ein del.
51'
Fekk hjelp av både assistentar og fjerdommar der dommar Amland så vi satsar på han gjorde riktig. Femtedommer Gauseth blei ikkje hørt.
50'
Rar situasjon. MIF kontrar, men Steiring og Olsen Solberg er i tottane på kvarandre midt på bana. Endar i frispark til Sogndal etter holding av sistnemnte.
47'
Rett nok berre fire oppgjer, men statistikk er uansett veldig moro å leike med.
47'
Må jo nemnast at vi har fått fleire mål på ein omgang enn kva ein har hatt på alle oppgjera i Sogndal mellom desser laga sidan 1982.
Start 2. omgang Start 2. omgang
For å være ærlig, og det skal ein ofte være, så vil eg seie at Mjøndalen er minst eitt hakk for gode for Sogndal. Iallefall visst vi byggjer på denne første omgangen. MIF er best både i duellspelet og med ball. Men alikevel så er stillinga berre 2-3 og sogningane har nok eit lite håp om at dei skal springe Mjøndalen i senk. Vi får sjå når den andre omgangen startar korleis dette går.
Slutt 1. omgang Pause (2-3)
45+2'
Birkelund dunkar ballen ut over linja. Har vore svært dårlig i dag midtbanespelaren.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
43'
Innlegg til Mandic som headar utafor. Sogndal har fått blod på tann.
40'
For ein kamp vi har fått. Mjøndalen har vore klart best, men Sogndal svært effektive som harskora på sine einaste to avslutningar.
37'
Lindseth skyt i muren.
36'
Wæhler feller Brochmann på 20 meter. MIF spelarane prøve å snakke på han sitt andre gule. Lever farlig no Wæhler.
34'
Låg lenge i lufta dette då MIF har styrt alt etter at Sogndal tok leiinga.
32'
Bojang skaffar MIF ein ny corner.
30'
Birkelund mistar midt i bana og MIF stormar framover. Får til slutt ein corner.
28'
Brochmann men lekent mottak rundt Totland, før dansken avsluttar utafor. MIF styrer mykje akkurat no.
26'
Wæhler spring ned Lindseth og får eit klart gult kort.
23'
Gauseth får svært vondt etter ein duell med Kjemhus midt på bana. På reprisen ser det ikkje akkurat ut som han slo seg seg så alt for mykje.
23'
Herlig start på kampen dette.
22'
Og då kan vi gratuelere Mjøndalen med deira første skoring i Sogndal. I allefall i nyare tid.
19'
Tek eit kort frispark til Rindarøy som har 30 meter som han kan forsvere framvoer. Vel heller å slå eit skyhøgt innlegg som dalar ned i armane til Makani.
18'
Sogndal vinn eit nytt frispark ute på kanten. Svært billig.
15'
Vinn tilslutt ein corner.
14'
Frispark til Sogndal ute ved kanten som skal slås inn i feltet.
13'
Bojang kliner til frå 25 meter. Det er hardt, men nokre meter til side for mål.
11'
Sogndal sin første sjanse for kvelden. Spelar seg fint rundt på kant, men Kjemhus sitt innlegg ser meir ut som eit skot og går ein meter over mål.
9'
Bojang via Wæhler og til corner.
8'
MIF veldig aggressive i starten og har styrt mykje her. Sogndal mistar fort ballen når dei først får tak i den.
5'
Mjøndalen klart vassast i starten. Bygd opp to fine angrep på kant, men begge innlegga har gått i klypene til Dyngeland.
3'
Tidlegare sogndalspelar Brochmann kjører ein herlig tunnel på Schulze før han blir lagt i bakken. Leken fotball frå dansken.
2'
Ikkje så alt for mykje folk på stadion, men to gode supportergjengar lagar bra liv her i starten. 20-30 tilreisande frå Nedre-Eiker er særs imponerande ein tirsdagskveld i OBOS-ligaen.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er laga på veg ut på bana og vi er straks klare for denne meget viktige toppkampen frå Fosshaugane Campus.
Henrik Furebotn vert takka av for innsatsen i Sogndaldrakta. Årdølene valte å legge skoa på hylla etter lite speletid og vert no spelarutviklar i klubben.
Opphaldsvær og ein 16-17 grader i Sogndal no. Lite vind og gode tilhøve for å overvære ein fotballkamp frå tribuna. Men vi får sjå kor mange som tek turen til Fosshaugane etter heimelagets dårlige prestasjonar både på bana og i overgangsmarknaden dei siste vekene.
Og med all denne statistikken så er det vel ikkje noko bombe at oppgjeret tidlegare i vår enda 0-0. Lite å skrive heim om frå den kampen for å seie det slik.
Om ein derimot lener seg på årets heime- og bortestatistikk så bør ein kanskje revurdere trygda ein no har satt på Sogndal. Den viser nemleg at Sogndal står med 5-3-2 på heimebane, mens Mjøndalen står med knallsterke 7-1-2 på bortebane. også to svært gjerrige lag dette. Sogndal har sluppe inn 19 mål i år, men MIF berre har sluppe inn 12.
Om ein lener seg til statistikken så kan det være greitt å sette pengane sine på Sogndal i dag. Mjøndalen han nemleg aldri vunne ein obligatorisk kamp mot sogningane. No skal det jo også seiast at laga berre har møttes fire gonger sidan 1982. Det har enda med to heimesigrar og to uavgjorte. Interresant også å sjå at MIF aldri har scora i Sogndal og at det ofte vert lite mål. 4-0 i målskilnad til heimelaget på desse fire oppgjera.
Då har vi fått laga og for bortelaget i brunt er det berre ei endring frå sist kamp. Gundersen går ut og Bojang kjem inn. For heimelaget er det fleire endringar. Olsen og Riise som skulle være redningsmenna til Sogndal er satt ut og inn er Mandic og Kjemhus komne. Med andre ord slik ein har starta dei fleste kampane i år. Riise er heller ikkje på benken så her er det nok snakk om ein skade. I tillegg er Baranov satt ut til fordel for Steiring. Det ser også ut som Sogndal sin beste spelar i år, høgreback Latifu, er skada. Han er verken i startoppstillinga eller på benken. Inn kjem 19-åringen Tomas Totland.
Ingen av dei sju øvste laga på tabellen med siger så langt i denne runden. Ein eventuell vinnar i dag vil difor kunne skaffe seg eit forsprang på dei andre laga i kampen om opprykk til Eliteserien.
Toppkamp og ein skikkelig sekspoenger dette. Mjøndalen ligg på 3.plass tre poeng framfor heimelaget og vil med siger i dag ta steget opp på 2.plass og direkte opprykk. Heimelaget som ligg på 4.plass har falt fullstendig saman og tapt dei to siste kampane mot dumpekandidatane Strømmen og Florø. Utan siger i dag vil det bli svært vanskelig for Bakke sitt mannskap å blande seg inn i kampen om direkte opprykk.
Velkommen til Fosshaugane Campus og siste kampen i den 21.serierunden mellom Sogndal og Mjøndalen.