Referat
Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 3-0 over Mjøndalen. Olsen, Flo og Furebotn scora måla, og sigeren kunne ha blitt mykje større. Mjøndalen var likevel lenge med på leiken, men sleit med å få ballen i mål bak Piotr. Det blir ein kamp for å overleve for gjestene, medan heimelaget har stø kurs mot spel i Tippeligaen neste sesong.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+2'
Publikum applauderer laget siste minutta og er tydeleg nøgde med tre poeng.
90+1'
Halvorsen skyt frå 20 meter, men ballen går rett i reklameskiltet tilside for Rotevatn.
90'
Dommaren har lagt til to minutt.
90'
Mjøndalen skal ha skryt for innsatsen i denne kampen, og har aldri gitt opp sjølv om Sogndal tidleg fekk 1-0.
89'
Kjempesjanse for Tommy Øren! Kader slår inn og Flo let ballen gå vidare. Der står Øren klar med venstrefoten, men skotet går i stolpen!
87'
Frekk frispark-variant av Sogndal. Flo slår tidleg til Furebotn som er på løp. Han avsluttar - rett på keeper!
86'
Barry Kader er kåra til dagens Sogndal-spelar av ein lokal jury.
86'
Kader skyt og skotet blir blokkert. Øren prøver seg, men får ikkje kontroll.
83'
1967 tilskodarar ser kampen.
80'
Flo stormar framover og skyt frå 16 meter. Får corner.
77'
Ny stor sjanse for heimelaget! Denne gongen er det Per Egil Flo som slår inn frå kanten, men innbytar Håvard Flo når akkurat ikkje fram. Ligg eit mål i lufta på Fosshaugane!
76'
Kjempesjanse for Sogndal! Kader legg inn frå venstrekanten. Olsen har ei enkel oppgåve å setje ballen i mål, men treff ikkje ballen!
75'
Midtgarden skyt frå 25 meter. Over!
74'
Mjøndalen jaktar redusering no. Skal det bli poeng med heim til Nedre Eiker bør 2-1 målet kome snart!
74'
Solberg legg inn og Granaas avsluttar. Over!
72'
Hovland ropar til Aabrekk: 'Flo er ferdig, orkar ikkje meir!'
72'
Kader skyt frå 20 meter - like utanfor!
69'
Kader og Sogndal stormar i angrep, men Rotevatn får gitt til corner.
69'
Kjempesjanse for Mjøndalen! Olsen kastar langt og Reinoso stussar vidare. Strange er på bakerste stolpe, men avsluttar i tverrliggjaren og ut! Nære 2-1 der!
67'
Olsen får ballen tilbake etter innkast, men skotet går nærmare hjørneflagget enn målet til Piotr. Svakt forsøk.
66'
Solheim med feilkast, og Olsen får sjansen.
65'
Solheim med 'gul takling' på Hansen. Frispark, men Rafiq held kortstokken i lomma.
63'
Hansen skyt frå 25 meter. Utanfor!
63'
Darbo står klar på sidelinja for Mjøndalen.
61'
Dei lange innkasta frå Olsen er eit godt angrepsvåpen for Mjøndalen. Men også denne gongen får Sogndal-forsvaret kontroll.
56'
Langt salto-innkast frå Olsen som går gjennom feltet. Strange får avslutta frå fem meter, men Piotr reddar!
54'
Kader skyt hardt frå 25 meter. Keeper Rotevatn reddar, men må gi retur. Den snappar Halvorsen opp, men han set ballen høgt over frå skrå vinkel!
50'
Mjøndalen ligg djupt no, og berre Laajaab ligg i midtsirkelen. Resten av spelarane ligg bak ballen.
49'
Langt innkast frå Olsen som Piotr slit med å halde. Sogndal-forsvaret får etterkvart rydda unna.
48'
Stor sjanse for Sogndal! Flo får avslutta frå 16 meter, men Rotevatn reddar flott! Må gi retur, men Olsen når ikkje fram.
47'
Ingen av laga har gjort byter i pausen.
46'
Mjøndalen sparkar igang andre omgang!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 1-0 til Sogndal. Mjøndalen opna kampen bra, og har spelt seg fram til seks hjørnespark. Laajaab hadde kampens største sjanse, då han frå seks meter avslutta like utanfor etter eit hjørnespark. Likevel er det Sogndal og Ulrik Flo dei einaste som har noko å juble for etter dei første 45 minutta. Men denne kampen er ikkje avgjort og alle poenga kan framleis bli med i bagasjen over fjellet for Mjøndalen!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Kader med godt skotforsøk. Like over!
45'
Det er lagt til eit minutt.
45'
Mjøndalen har spelt seg fram til heile seks cornerar i første omgang. Alle gangane har det samla seg mykje spelarar rundt Piotr. Skal 1-1 komme på ein dødball?
42'
Midtgarden gjere seg klar.. via ein Sogndal-spelar og til corner! Godt skot!
42'
Halvorser legg Hansen i bakken. Frispark over 30 meter frå mål. Sogndal stiller opp tre mann i mur.
41'
Granaas jobbar godt og stressar Piotr på eit tilbakespel. Får innkast som løn for innsatsen.
40'
Solheim med sitt første innlegg i kampen. Litt for langt og Flo får ikkje skikkeleg treff.
38'
Hansen slår ballen inn i feltet, men Elvis ryddar unna. Får corner i neste situasjon.
37'
Frispark til Mjøndalen i god posisjon. Kaptein Hansen står ved ballen.
36'
Aabrekk med klar tale til Elvis, men ivorianaren skjønnar lite. I alle fall når beskjeden frå trenaren er på norsk.
34'
Flott driv i kaptein Hansen for Mjøndalen, som har opna kampen bra.
32'
Sogndal har tatt meir og meir over banespelet, og styrer kampen no.
32'
Hovland tek med seg ballen framover, men pasningen vidare til Olsen blir litt for lang. Berre nesten for Sogndal.
31'
Nydeleg innlegg frå Kader, og Strange må gi til corner.
30'
Sogndal-frispark blir tatt kjapt, men Olsen er i offside.
29'
Furebotn finn målscorar Flo inne i feltet. Han tek med seg ballen utover, men får ikkje skikkeleg kontroll.
28'
Olsen rotar det til i Sogndal-angrepet og gjestene får frispark.
27'
Med siger i dag vil Sogndal ha seks poeng ned til Fredrikstad på andreplass, som spelte uavgjort 2-2 mot Nybergsund Trysil tidlegare i dag.
25'
Sogndal spelar seg fram til sin første corner. Kader slår inn, men innlegget blir blokkert.
24'
Innlegg frå Hansen i retning Olsen. Han slår Flo i luftrommet, men klarar ikkje å styre ballen i mål mellom stengene.
20'
Paul brukar Solheim som rundingsbøye og legg inn. Piotr går ut, og får venstrehanda på ballen. Corner.
19'
Halvorsen testar skotfoten frå 30 meter. Høgt over!
18'
Bra tempo i kampen og begge lag prøvar å spele fin fotball.
16'
Fin sjanse for Sogndal. Halvorsen legg inn, men ballen stryk hovudet til fleire av spelarane inne i feltet.
15'
Sjølv om det står 1-0, har Mjøndalen vore fullt på høgde med heimelaget dei første 15 minutta.
14'
Strange vart litt for liten i duellen mot Flo inne i feltet, og spissen avslutta i det lengste hjørnet. Fin scoring!
11'
Nydeleg ball frå kaptein Hovland på skolissa til Kader. Han legg inn, men Reinoso får ballen unna.
11'
Tilbakespel til Rotevatn som sleivar på sitt utspark. Furebotn prøver seg på direkten. Svakt forsøk!
10'
Olsen tek som vanleg salto på sine innkast, men også denne gongen får Sogndal kontroll.
9'
Frykteleg balltap av Elvis på midten. Olsen prøver å finne Laajaab, men Valsvik får avklart til innkast.
8'
Langt innkast av Olsen. Piotr plukkar lett.
7'
Paul i duell mot Valsvik. Får innkast ved hjørneflagget.
6'
Kaptein Hansen driv framover og finn Laajaab på kanten. Han legg inn, men Valsvik avklarar til corner. Fin sjanse for Mjøndalen!
5'
Fotballpresident Yngve Hallen ser kampen frå tribunen i dag.
4'
Frispark til Halvorsen etter duell mot Hansen.
3'
Mjøndalen pressar høgt og legg tidleg press på Hovland og Valsvik.
2'
Sola skin rett på Piotr, som ropar etter ein caps. Elles flotte speletilhøve på Fosshaugane.
1'
Sogndal og Furebotn tek avspark!
Avspark Start 1. omgang
Lars Grorud soner karantene for fem gule kort, og blir truleg erstatta av Gustav Valsvik i midtforsvaret.
Mange nye fjes i Mjøndalen i dette overgangsvinduet. Keeperen Torstein Myre frå Stord, backen Kristian Høvring frå Frigg, midtstopperen Graham Dugoni frå Portland Timber, kantspelaren Lasse Olsen frå Herd og Abdou Darboe frå Hønefoss. Ute av stadionportane på Nedre Eiker er rutinerte Paal Christian Alsaker, Fabian Andersen og Henrik Hontvedt.
Fire av dei siste sju kampane mellom desse laga har enda med uavgjort. Men på Nedre Eiker i juli var det Sogndal som var det beste laget, og vann 1-0 etter eit sjølvmål etter pause.
For Mjøndalen har Erik Midtgarden scora ti av lagets 27 mål. Hos Sogndal er det Espen Olsen som er mestscorande, med sine ni fulltreffarar.
Begge desse laga hadde spelefri førre helg. Mjøndalen grunna Lyn sin konkurs, medan Sogndal fekk utsett kampen mot Follo grunna fleire spelarar på landslagsoppdrag.
Etter 19. serierunder toppar Sogndal tabellen med 39 poeng. Det er 20 poeng meir enn Mjøndalen som ligg under nedrykkstreken før dagens kamp.
Velkommen til Sogndal - Mjøndalen frå Fosshaugane Campus!