Oppsummering
Det blir til slutt tre poeng til Sogndal på Fosshaugane. Bortelaget opna best, og scora på corner ved Rasmus Holten. Mindre enn ti minutt etterpå, stoppa Vogt eit innlegg med handa. Dommar Bodding ser dette, og dømmer straffespark. Der scorar Arrocha, og rett etterpå får Sogndal eit nytt straffespark når Skogen sparkar ned Hoven i boksen. Arrocha scorer på dette også, og kampen er snudd. Etter pause ønskte Sogndal å drepe kampen, og klarte det til slutt etter ei scoring av Baidoo. Då var det over for Mjøndalen som lenge såg eit håp om å få med seg poeng frå denne kampen.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-1)
90+3'
Tida renn ut for bortelaget. Sjølstad spring til han får krampe.
90'
Baidoo får applaus frå publikum etter ein god heimedebut.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Sogndal kontrar, og ballen endar opp hjå Flataker. Åleine med Kinn, set han ballen rett på målvakta.
88'
Skogen slår langt mot Vogt, men ballen sklir av foten hans, og ut til innkast.
86'
Det er 2241 tilskodarar på Fosshaugane i dag.
84'
Kampen har roa seg ned på Fosshaugane. Begge lag ser kva veg denne kampen går.
76'
Det begynner å bli ein halvstygg camp på Fosshaugane. Mange duellar og frispark i løpet av dei siste minutta.
70'
God redning frå Kinn etter ei avslutning frå Eriksson.
68'
Singh stoppar Flataker på veg fram. Blir småstygt mellom dei to.
62'
Sjølstad prøver seg med sin svakaste fot. Ballen sklir ut til innkast.
58'
Øverby vinn ein corner for bortelaget.
55'
Bringaker er plutseleg åleine med keeper! Jendal er god, og stoppar ei utlikning. Strålande pasning frå Øverby før sjansen.
50'
Singh slår inn til Ovenstad som akkurat ikkje rekk fram til ballen. Innkast til Sogndal.
46'
Mjøndalen gjer eitt byte i pausen. Tokstad kjem inn for Appiah,
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dette var ein merkeleg omgang. Heimelaget sleit lenge med å kome inn i kampen, og Mjøndalen straffa dei på corner då Holten stanga inn 0-1. Etter 35 minutt skal det snu. Sogndal får to straffespark på rad, og Arrocha scorar på begge. Dermed er det Sogndal som leiar til pause. Dette er frustrerande for bortelaget som ikkje fortjener å ligge under til pause.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
43'
Det er ikkje ofte ein ser at eit lag får to straffespark på so kort tid. Dette er nok frustrerande for bortelaget.
43'
Baidoo forsøker seg, men avsluttar langt utanfor.
32'
Eriksson avsluttar frå distanse. Ballen går rett på Kinn.
25'
Baidoo vinn eit frispark ute til høgre.
25'
Baidoo vinn ballen ute til høgre. Ballen kjem til Flataker via Eriksson. Spissen avsluttar rett utanfor boksen, men den går utanfor. Heimelaget har begynt å skape meir enn dei gjorde i starten av kampen.
23'
Sogndal speler seg fint inn i feltet ute til venstre. Sjølstad prøver å avslutte, men treff ikkje ballen slik som han vil.
21'
Heimelaget har kome seg høgare i bana dei siste minutta, men ingen har klart å skape nokre store sjansar so langt.
18'
Øverby slår langt mot Bringaker, men han klarar ikkje å ta imot ballen.
16'
Baidoo snappar ballen frå Skogen som ikkje følgjer med. Høyland får ballen, og prøver å avslutte med venstre fot. Langt over.
14'
Det manglar ein del på presisjonen hjå heimelaget. Dei slit med å spele seg fram i bana.
1'
Sogndal går rett i angrep, men blir stoppa av Vogt.
Avspark Start 1. omgang
Det nærmar seg kampstart på Fosshaugane. Det er plussgrader, men det er både vind og regn. Det kan bli ein kald ettermiddag for folk på tribuna. Forhåpentlegvis blir det ein innhaldsrik kamp som gjer at folk gløymer vêret. Det er ein stor gjeng som har møtt opp i Juniorsvingen i dag, og dei tek naturlegvis sin vanlege runde rundt bana før innmarsj.
Sogndal gjer eitt byte frå kampen mot Vålerenga. Oliver Hintsa kjem inn for Joakim Nundal. Simon Appiah erstattar Alie Conteh som er suspendert. Så blir det spennande å sjå korleis bortelaget har tenkt å løyse spissrolla i denne kampen.
Anders Bodding dømmer dagens kamp. Som assistentar har han med seg Ruben Haugland og Amang Kanyi. Jakob Sande Søgnen er fjerdedommar.
I dag besøker ein ekte legende Fosshaugane Campus. Den tidlegare midtstopparen Raoul Kouakou har teke ein tur til Sogndal for å besøke sin gamle klubb. Mange vil nok hugse den fysiske stopparen frå starten av 2000-talet med kallenamnet "Raude Raoul". Det vart seks raude kort på 44 kampar i Eliteserien for spelaren frå Elfenbenskysten.
Begge oppgjera mellom Sogndal og Mjøndalen enda med uavgjort i fjor. På Consto Arena vart det 0-0, medan Mjøndalen sørga for at Sogndal mista kvalifiseringsplassen når resultatet vart 1-1 på Fosshaugane i siste serierunde. Desse laga kan ikkje møtast utan at kvalifiseringskampen til Eliteserien i desember 2020 må nemnast. I Sogndal har ein framleis ikkje gløymt korleis dei tapte opprykket rett før slutt. Sidan den gong, har kampane mot Mjøndalen betydd ekstra mykje for folka i og rundt klubben.
Mellom rundane har også overgangsvindauget stengt. Før det stengte, rakk Mjøndalen å hente inn ein siste spelar. Erik Brenden vart henta inn for å forsterka midtbana. Dei to siste sesongane har Brenden spelt for Jerv, og i fjor scora han på Fosshaugane då Sogndal slo Jerv 5-1. Det vart ingen signering på tampen for Sogndal, men dei har offisielt bekrefta overgangen til Emmanuel Olugbe som allereie var med i troppen mot Vålerenga.
Det er klart for runde to av sesongen, og begge lag kjem hit med eitt poeng etter opningsrunden. Sogndal klarte 1-1 borte mot Vålerenga i ein kamp der heimelaget dominerte i store delar av kampen. Mjøndalen opna sesongen på heimebane ved å spele 1-1 mot Raufoss. Nysigneringa Alie Conte fekk raudt kort i denne kampen, og blir då ikkje med i troppen mot Sogndal. Begge lag jaktar altså årets første siger.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret mellom Sogndal og Mjøndalen i OBOS-ligaen!