TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det er over, og Sogndal tek alle tre poenga i dag! Det vart ein kamp der begge lag hadde store sjansar, men forskjellen var at Sogndal klarte å få ein av dei i mål. Det regna stort sett heile kampen, og spelet vart prega av det. Mange sleit med å halde seg på beina, og det blei mange balltap. Sogndal sitt mål kjem frå ein lang ball frå Fij som går over samtlege utespelarar, og det er Grønner som er først på den. Åleine med keeper er han sikker, og set ballen i mål. Etter scoringa jakta Mjøndalen utlikning, men dei vart stoppa av Fij og eit godt forsvar.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+6'
Offside
Skistad avsluttar på keeper, men står i offside.
90+5'
Fij snappar eit innlegg.
90+5'
No er det Lereng sin tur til å gå i bakken. Kjem seg fort opp igjen.
90+4'
Michael legg seg ned til stor frustrasjon for Mjøndalen. Dei jaktar framleis den siste sjansen til å skapa ei utlikning.
90+3'
Frispark
90+1'
Frispark
Slår langt framover.
90'
Mjøndalen får åtte minutt på å jakte utlikning!
90'
Frispark
90'
Det er lagt til 8 minutter overtid.
90'
Spillerbytte
90'
Gult kort
90'
Tida renn ut for Mjøndalen no.
88'
Spillerbytte
88'
Michael kjem seg til avslutning med ein gong, men Kinn svarar med ein god redning.
86'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Ballen sprett framfor målet, men Fij får tak i den til slutt!
85'
Hjørnespark
Strålande redning frå Fij! Endå ein corner.
84'
Hjørnespark
Fij slår ut til ny corner.
84'
Mjøndalen pressar Sogndal no!
84'
Frispark
84'
Hansen prøver seg frå distanse, men skotet er ikkje i nærheiten av målet.
82'
Lereng stoppar Ovenstad i boksen.
80'
Van er Spa er sterk, og klarerar alt som kjem inn i boksen!
79'
Mjøndalen jaktar utlikning, men kjem seg ikkje til dei store sjansane. Kampen lever framleis!
78'
Frispark
77'
Flo blokkerer Olsen sitt innlegg.
75'
Flo gjer tre byte!
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Spillerbytte
72'
Gult kort
Smeller ned Jonsson som er på veg framover!
71'
Meinhard Olsen slår eit dårleg innlegg over målet.
70'
Fij med ny redning. Denne gongen var det Skistad som hadde avslutninga.
68'
Frispark
67'
Ingimundarson med ein svak ball mot Jonsson.
67'
Fij reddar frå ein volley.
65'
Stokke med ein svak avslutning mot mål.
63'
Hjørnespark
Kryger headar ut.
62'
Frispark
62'
Jonsson slår inn, men Nakkim headar ut igjen.
60'
Hansen gjer grep for å forsøke å snu kampen.
60'
Spillerbytte
60'
Spillerbytte
59'
Skistad gjer seg klar til å kome innpå.
57'
Kinn ligg nede etter ein duell med Grønner. Hovudsmell.
56'
Ovenstad leiter etter Moldskred i feltet, men han klarar ikkje å få tak i ballen.
54'
Kinn snappar eit innlegg frå Nessø.
53'
Frispark
52'
Gunnarsson avsluttar langt utanfor på volley.
51'
Frispark
Forsøk på innlegg, men blir stussa vidare.
51'
Gult kort
Alt for sein takling på Ørjasæter.
48'
Mål!
1-0
Grønner sender Sogndal i føringa! Ein lang ball blir slått over forsvaret, og spissen brukar farta si på å kome seg først på ballen. Avslutninga er god, og Kinn har ingen sjanse til å redde.
47'
Stokke står fri på fem meter, men headingen hans er ikkje presis nok.
46'
Frispark
46'
Dei siste 45 minutta er i gong.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause her i Sogndal. Det har vore nokre sjansar begge vegar, men avslutningane går sjeldan på mål. Bana var veldig glatt, og mange sleit med å få eit godt grep. Det førte til det blei ein del slurv med ballen, og skumle balltap. Sogndal har hatt flest sjansar, og var nærmast då Kryger fekk eit skot blokkert på streken. Begge laga har kome til ein del innlegg, men det står ofte ikkje nokon klare til å ta imot ballen. Dei gongene innlegga treff nokon blir avslutningane for svake. Det fører altså til at det står mållaust til pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Moldksrev leiter etter Stokke, men kommunikasjonen sit ikkje.
44'
Frispark
44'
Twum får tilsyn, men er oppe og går igjen.
41'
Hjørnespark
Kinn tek imot ballen. Twum fekk seg ein smell i hovudet.
41'
Jonsson skyt, og Sogndal får corner.
40'
Solberg slår eit bra innlegg, men ingen frå Mjøndalen er klare.
40'
Nessø er tilbake på bana.
38'
Nessø ligg nede med skade. Ser ut som det er ankelen han har vondt i.
37'
Frispark
37'
Gult kort
River i trøya til Jonsson, og sparkar vekk ballen.
36'
Moldskred prøver seg frå distanse utan hell.
35'
Hjørnespark
Ingimundarson headar utanfor målet frå bakerste stolpe.
34'
Hjørnespark
Avslutninga går ut til ny corner.
32'
Grønner stussar vidare, men ingen treff den.
32'
Hjørnespark
31'
Nessø driblar seg til ein corner.
30'
Frispark
30'
Solberg slår mot Olsen, og headingen blir blokkert.
28'
Frispark
28'
Meinhard Olsen headar over frå ni meter.
27'
Mjøndalen prøvde å skape eit angrep, men endte opp med å felle ein motspelar.
27'
Frispark
25'
Stor sjanse for Kryger som bli redda på streken! Jonsson set returen utanfor.
22'
Hjørnespark
Blir slått for langt.
22'
Avslutning frå Grønner går ut til corner.
21'
Hjørnespark
Kort variant.
20'
Fleire sjansar i starten av kampen, men laga slit med å få avslutningane mot mål.
17'
Hjørnespark
Fleire halvsjansar og Jonsson set den til slutt utanfor.
17'
Frispark
Heada ut til corner.
15'
Hjørnespark
Jonsson sitt skot blir blokkert.
15'
Kryger bommar frå tre meter. Stor sjanse.
12'
Hjørnespark
Nakkim headar ballen til side for målet.
10'
Frispark
Blir heada rett ut igjen.
10'
Det er ganske glatt utpå bana, og fleire slit.
9'
Frispark
9'
Rot i forsvaret til Sogndal, men Mjøndalen klarar ikkje å ta nytte av det.
8'
Frispark
8'
Meinhard Olsen skyt over mål på volley.
6'
Solberg slår eit innlegg rett på Fij.
4'
Hjørnespark
Mathisen får eit skot frå distanse, men treff ikkje mål.
4'
Hjørnespark
Blir heada vidare.
3'
Kryger får eit innlegg klarert.
2'
Frispark
1'
Kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Eit minutt stillheit for å markera hendingane i Oslo i helga.
Eirik Lereng kjem inn for Mansour Gueye som blei skada under oppvarminga.
Det nærmer seg kampstart, og det er akkurat no ikkje regn i lufta, men det er fare for at det kan bli litt nedbør i løpet av kampen. Temperaturen er grei, og både Tore Andrè Flo og Vegard Hansen går for shorts og t-skjorte i dag.
Sidan forrige kamp har det skjedd endringar i trenarteamet til Sogndal. James Simmonds sitt låneopphold i klubben er ferdig, og han har returnert til Chelsea. Erstattaren hans kjem også frå Chelsea på lån. Andy Ross frå Skottland skal ta over som Flo sin assistent ut året.
Sist gong Sogndal og Mjøndalen spelte mot kvarandre var i kvalifiseringskampen til Eliteserien i 2020. Det enda med at Mjøndalen behaldt plassen i Eliteserien med ein dramatisk snuoperasjon rett før slutt.
Begge lag fekk seg ein tøff periode rett før landslagspausen der det blei ein del poengtap. Sogndal har spelt ein seriekamp etter pausen mot Skeid der dei klarte å kjempe seg til tre poeng. Mjøndalen har ikkje spelt ein seriekamp sidan dei tapte heile 7-0 mot Brann! Andre runde i cupen er også gjennomført, og der gjekk Mjøndalen på ein smell då dei tapte mot Kjelsås. Sogndal tok seg komfortabelt vidare mot Bjarg til tross for at dei hamna under i førsteomgang.
Ein tredjedel av sesongen er ferdigspelt, og ein kan no begynne å sjå kva slags lag som skal kjempe om opprykk i år. Begge aktørane i dagens kamp er naturlegvis med i den kategorien, men Mjøndalen er det laget som ligg best an mellom dei og Sogndal. Etter ti kampar står Sogndal med 17 poeng, og Mjøndalen med 22 poeng.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Mjøndalen!