Referat
Kun høydepunkter
Sogndal vinn fortent 2-0 her på Fosshaugane mot Løv Ham etter mål av Espen Olsen og Lars Grorud. Heimelaget hadde full kontroll gjennom heile kampen, og held på tredjeplassen også etter denne runden. Løv-Ham var tafatte og produserte få sjansar mot eit sterkt heimelag.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+4'
Øren`s første ballberøring går til innkast for Løv-Ham.
89'
Håvard Flo vil ha straffe etter ein dytt i feltet. Det får han ikkje og spelet held fram.
89'
Moldskred med eit svakt skotforsøk frå 20 meter. Rett på Piotr.
89'
Smålekkert av Ulrik Flo inne i feltet, men Thorbjørnsen ser kva som skjer og plukkar.
88'
Det er lagt til fire minutt.
86'
Ehiorobo blør frå hovudet og ruslar roleg av bana. Løvene har gitt opp no!
84'
Ein lokal jury har kåra kaptein Lars Grorud til dagens Sogndal-spelar.
84'
Ehiorobo i trøbbel no. Denne gongen er han oppe med ein stygg alboge i luftduell. Frispark!
83'
Marøy gir Flo juling i ein duell, og dommaren bles frispark.
81'
Lite som skjer ute på matta no. Heimelaget har grei kontroll, og styrer mot tre poeng.
78'
Furebotn slår eit frispark i retning Flo-karane og Grorud, men Thorbjørnsen er sjefen i feltet og plukkar lett.
76'
Røed med innlegg frå høgre, men ballen går over dødlinja.
75'
Erlend Storesund skyt hardt frå 20 meter. Like utanfor!
75'
Sogndal har grei kontroll på kampen, og er nærmare 3-0 enn gjestene er redusering.
73'
2003 tilskodarar ser kampen.
70'
Moldskred får gå upressa framover og avsluttar frå 20 meter. Skotet går to meter utanfor målet til Piotr!
68'
Addo med eit innlegg frå venstre i retning Marøy. Kraftspissen når ikkje opp i duell mot Hovland og heimelaget får innkast.
66'
Kjempesjanse til Sogndal og Barry Kader. Han får ballen etter eit langt innlegg, og klinkar til! Berre centimeter utanfor!
65'
U.Flo og Halvorsen kombinerer fint på høgrekanten. Den siste pasningen frå sistnemnde blir litt for hard og Thorbjørnsen plukkar.
63'
Storesund slår frisparket inn i boksen. Rett i klypene til Piotr!
63'
Furebotn taklar Storesund bakfrå, og er heldig som slepp unna det gule kortet. Midtbanespelaren skal sjølv slå frisparket inn i feltet.
61'
Lang ball mot Marøy som Hovland sleivar til corner. Heldigvis for Sogndal er linjedommaren oppe med flagget og Sogndal får frispark.
60'
Marøy skyt frå 18 meter. Utanfor!
59'
Ulrik Flo får ballen på 35 meter. Han driv framover, og innbytaren veit ikkje om han skal skyte eller leggje inn mot onkel Håvard.. Utspark frå mål!
57'
To blad Flo stod klare på sidelinja og såg Olsen score 2-0 for Sogndal. Aabrekk vil ha meir trykk i boksen med Flo-karane på topp.
50'
Kjempesjanse for Hovland og Sogndal. Halvorsen slår frisparket inn i feltet, og der er midtstopparen høgst. Ballen går rett i stolpen!
49'
Ehiribo går hovudstups over Elvis, og trenar Sandstø som står like ved slår oppgit ut med armane. Dommaren vinkar spelet vidare.
48'
Med berre åtte baklengsmål denne sesongen har Sogndal divisjonens tettaste forsvar. Vil Piotr helde nullen i dag, også?
46'
Addo rotar det til i eige forsvar, men ryddar sjølv opp feilen.
46'
Løvene tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 1-0 til Sogndal. Heimlaget har vore det beste laget i store delar av omgangen, unnateke ein periode midtvegs der gjestene heldt ballen mykje i laget. Den andre omgangen blir likevel spennande her på Fosshaugane Campus!
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+1'
Det er lagt til eit minutt.
44'
Løv-Ham blir pressa bakover på bana. Denne gongen er det venstresida med Flo og Kader som prøver seg, men sistetouchen til ivorianaren blir for lang. Dermed utspark frå målet til Thorbjørnsen.
43'
Storesund skyt frå 20 meter, men skotet blir blokkert i Grorud.
40'
Kader vil ha mål og skyt frå 25 meter. Skotet går rett på felt F på Fosshaugane = langt utanfor!
39'
Hovland slår langt mot Olsen, men spissen er ingen stor luftbaron. Keeper får kontroll.
37'
Marøy er rasande på dommar Bruheim, og meiner han skal ha frispark i duellen mot Hovland. Det får han ikkje!
34'
Flo finn Halvorsen inne i feltet. Han fintar bort Addo og har berre keeper igjen. Thorbjørnsen kastar seg fram og reddar forsøket til Sogndal-angriparen. Nære 2-0!
33'
Grorud rotar det til, og Marøy får ein fin sjanse til å teste toppfarten sin mot Hovland. Den strekk ikkje til, og Sogndal overtek.
31'
Furebotn med eit godt skot frå 20 meter, og Thorbjørnsen må strekkje seg i full lengde for å redde skotet. Corner!
30'
Storesund leitar etter alterntiv på topp, men Marøy og Moldskred er pakka godt inn av Hovland og Grorud. Dermed går pasningen heilt inn til Piotr.
27'
Halvorsen får ballen og set fart. Han skyt frå 25 meter - utanfor!
27'
Aabrekk er langt meir ivrig på sidelinja enn trenarkollega Sandstø.
24'
Ehirobo testar skotfoten sin frå 35 meter hald. Høgt, høgt over..
22'
Sogndal har igjen festa grepet om kampen, slik dei gjorde i dei første opningsminutta.
22'
Eit fantastisk innlegg frå Flo som Halvorsen berre skal banke i mål. Han får ikkje skikkeleg treff med hovudet, og ballen sklir av panna hans. Nære 2-0 der!
19'
Rudolfsen stussar Olsen gjennom, men Eek får gitt til corner.
18'
Gjestene frå Bergen betre med, og er for augeblikket det beste laget ute på Campus-matta.
17'
Løv-Ham trillar ball, og Sogndal-spelarane får tydeleg beskjed frå trenar Aabrekk: 'Gutta, kom oppi dei!'
15'
Rudolfsen spelar Halvorsen flott igjennom. Han skyt, via ein forsvarspelar og til corner!
14'
Løv Ham farleg frampå, men Næs bles ballen over frå åtte meter!
12'
Halvorsen og Furebotn kombinerer fint langs høgrekanten. Får corner.
11'
Lang ball mot Marøy som Grorud har full kontroll på. Men kommunikasjonen mellom kapteinen og keeper Piotr er totalt fråværande, og midtstopparen må likevel gi til innkast.
9'
Storesund slår tunell på Kader og stormar innover i feltet. Han skyt frå kanten av fem-meteren. Rett i nettveggen!
8'
Kaland utfordrar langs høgrekanten og jaktar corner. Får berre innkast!
7'
Barry Kader skyt med høgrefoten, like utanfor målet til Thorbjørnsen! Nesten for Sogndal!
6'
Heimelaget har opna klart best dei første minutta av kampen.
5'
Lang ball mot Marøy, men Grorud og Røed får kontroll.
3'
Kaland slår inn frå høgrekanten, men Piotr plukkkar greit.
2'
Mellom 20 og 30 løvesupportarar har tatt turen til Sogndal i kveld.
1'
Espen Olsen skyt frå 25 meter, rett på keeper!
1'
Rudolfsen og Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Då er spelarane på veg ut på bana. Nærmar seg kampstart!
Eivind Daniel Røed debuterer frå start for heimelaget i kveld. Han erstattar Isak Scheel som fekk seg ein overtråkk på trening tidleg i veka.
Firda kjem tilbake med meir informasjon og lagoppstillingar når det nærmar seg kampstart.
Ole Jørgen Halvorsen og Espen Olsen er begge toppscorarar for Sogndal med fire mål kvar. For Løv-Ham er Sindre Marøy den mest målfarlege med fem mål til no i sesongen.
Totalt har det vore 18 oppgjer mellom desse to naboane på Vestlandet. Sogndal har vunne 12 og Løv-Ham har gått sigrande ut av 6 av kampane. Får vi den første uavgjort-kampen i kveld?
Løv-Ham slit med skader til dagens kamp. Marius Solberg, Fredrik Haugen, Nicolai Misje, Arve Walde, Kevin Dure og Matias Møvik er alle utilgjengelige.
Dagens lag er høvesvis nummer fire og åtte på tabellen. Sogndal har to poeng opp til direkte opprykk, medan løvene frå Bergen ligg fire poeng unna kvalikk-plassane.
Velkommen til Firda si livedekning av oppgjeret Sogndal - Løv-Ham frå Fosshaugane Campus!