TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Bataljen er over i Sogndal og det er nok ikkje så mykje å seie på at Lillestrøm tek med dei tre poenga heim til Romeriket. Kvalitet, enorm innsats og ein endå større kynisme viste seg å kvele eit sogndallag som hadde mykje ball, men som aldri klarte å trengje gjennom lillestrømmuren. Annført av ein glimrande Kairinen på midtbana var LSK svært gode og finnen vart også matchvinnar då han fekk krangla ballen i mål tidlig i første omgang. Dermed er LSK fire poeng framfor sogningane og med tromsøsiger i dag så er nok dei to første opprykksplassane i OBOS-ligaen sikre. Stig Anders Hauge takkar for seg frå Fosshaugane Campus og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+6'
LSK klarerar og kampen er over! Enorme jubelscenar frå dei gulsvarte!
90+5'
Endar i eit kast og Eid skal kaste langt.
90+5'
Sogndal på ei kontring.
90+5'
Kippe roar ned gutta i modtforsvaret no og LSK har full kontroll.
90+3'
Held ballen i laget LSK og heimelaget spring mellom. God kontroll no fula.
90+2'
Taper første duell der Kippe mot Akor som er 22 år yngre.
90+1'
Fem minutt tillegg.
90'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Så får vi Frode Kippe!
90'
Gult kort
Sparkar bort ballen.
89'
Innlegg og Akor headar utafor. I det minste ei avlsutning frå heimelaget sjølv om den er ganske langt utafor.
88'
Innlegg frå Krisoffersen, men rett i Christensen sine nevar.
87'
Lillestrøm stangar ut.
86'
Frispark no for heimelaget ute ved kanten av sekstenmeteren.
86'
Sogndal har mykje ball her, men Lillestrøm er så godt organisert at nesten må ein tilfeldigheit til om heimelaget skal score.
84'
Spillerbytte
84'
Spillerbytte
84'
Gult kort
83'
Blårud blir klippa ned og Hauge lar spelet gå. Blårud hevnar seg etterpå og får gult kort. Det faktisk ei heilt elendig dømming av Hauge. Bakke er så rasande som ein fotballtrenar kan bli.
82'
Herlig tenningsnivå på LSK gjennom heile kampen. Er også oppe i kvar einaste situasjon for å prøve å påvirke dommaren og irritere dei unge sogndalspelarane som blir meir og meir frustrerte.
79'
Heimelaget klart mest med ball i denne omgangen også, men vi tel faktisk berre ei einaste avslutning så langt og det held ikkje om dei skal tukte dette lillestrømlaget.
76'
Gult kort
Kjeks for å hale ut tida.
76'
Spillerbytte
75'
Offside!
75'
Sogndal vinn eit frispark inn på LSK son halvdel og Kristoffersen skal svinge inn.
74'
Sogndal byggjer opp og Mannsverk slår ein god krossar. Ein meget god Christensen er ute og snappar. Solid kamp av sisteskansen til LSK.
71'
Spillerbytte
70'
Sogndal får ei kontring, men heile åtte kanarifuglar stormar tilbake og hindrar sogningane. Er svært gode no Lillestrøm.
69'
God sjanse for Lillestrøm. Får avslutta i boks og Fij gjer retur. Sogndal får klarert.
68'
Gjennom heile feltet og ut til femmeter, men her er det nokon kanarifuglar som er svært nære å få nokre hårtustar på den. Bortelaget nermar seg.
67'
Frispark til LSK som skal svingast inn i feltet.
66'
Garnås ligg nede og holder seg til ansiktet. Mulig det har vært ei hand innvolvert igjen, men Hauge er ikkje einig i dette.
65'
Minner svært mykje om den omvendte kampen i år på Åråsen. Bortelaget har i begge kampane klart å stagge heimelaget sin evne til å angripe og skapt frustrasjon. Ser trygge ut no Lillestrøm.
63'
Tatt over kampen litt no Lillstrøm. Klarer å bygge opp spelet sitt langt inn på Sogndal sin halvdel.
61'
Spillerbytte
59'
Roseth mistar ballen og Lehne Olsen får ballen inne i sekstenmeteren. Dunkar den like utafor. God sjanse for bortelaget der.
56'
Blir ein stuss, men ingen i gult og svart er der og Fij fangar lett.
56'
Melgalvis skal kaste langt.
55'
Det regnar godt i Sogndal no. Blir surt og tungt utover i denne omgangen.
55'
Ser litt rådville ut no heimelaget når dei angrip. LSK får kampen meir og meir inn i sitt spor.
52'
Sogndal styrer det meste her i starten, men LSK ligg lågt og verkar å ha ganske god kontroll.
50'
Hjørnespark
Lillestrøm får klarert.
49'
Hjørnespark
Ny corner igjen.
49'
Hjørnespark
Enda ein ny corner. Den ser feil ut.
49'
Hjørnespark
Ny corner.
49'
Stor sjanse for Sogndal. Eid dreg seg innover i feltet og legg inn til Hoven. han flikkar ballen vidare og Christiansen får parert og ut til corner.
47'
På ny er det ein lillestrømspelar som held seg for ansiktet etter ein duell. Sjølv om Michael er tatt av så er ein del armar og bein på sogndalspelarane så denne gong gjer nok Hauge heilt rett.
46'
Blårud blir flytta opp.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
LSK leiar 1-0 etter at Kaan Kairinen fekk krangla inn ballen etter corner. Bortelaget har vore frampå nokon gonger og sjølv om det er heimelaget så styrer spelet så ser det farligare ut kvar gong dei svartkledde nermar seg boksen. Det har vore mange duellar i kampen og dommar Hauge har allereie delt ut tre gule kort. Vi blir ikkje overraska om det kan komme ein anna farge på korta etterkvart også. Vi får sjå kva den andre omgangen bringer.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+4'
Langt frispark inn som blir heada ned, men der er Fij og held ballen.
45+3'
Mannsverk sein i ein duell med Krogstad. Får frispark der LSK og Krogstad ligg lenge nede.
45+2'
Hjørnespark
Etter litt duellar fell ballen ned til Roseth som headar rett på Christensen.
45+1'
Tre minutt ttillegg.
45'
Sogndal styrer det meste, men også innlegga i boksen tek Lillestrøm seg enkelt av. Må gjere nokon taktiske grep her Eirik Bakke om dei skal klare å bryte gjennom.
43'
Hjørnespark
Lillestrøm klarerer. Sterke i boksen bortelaget.
42'
Michael i duell med Slørdahl som kastar seg ned og held seg til ansiktet. Det er nok ei hånd oppe i ansiktet frå Michael der, men så vondt kan det da ikkje være? Uansett har Michael vore involvert i fleire situasjonar der Lillestrøm har hevda han er oppe med både hand og alboge utan at Steinar Hauge har tatt afære.
41'
Hjørnespark
Sogndal kalrerar.
40'
Glimrande bevegelsar av Lillestrøm gjer at Haraldsson kjem seg gjennom, men Fij får gitt til corner.
40'
Lillestrøm spelar i bakre rekkjer og prøver å lokke Sogndal opp. Når det skjer så kjem den lange, men Ogbu har hatt god kontroll på Lehne Olsen sålangt i kampen.
37'
Kupen brenn av på heil volley frå 20 meter. Like utafor!
36'
Kokar godt på Fosshaugane no!
35'
Sogndal kjem fire mot tre, men Hoven vel skot frå 18 meter. Rett på Christiansen.
34'
Hjørnespark
Endar i sogndalkontring.
33'
Gult kort
Får også for kranglinga.
33'
Gir ut tre kort til dei som kranglar, men ikkje til dei som kastar seg inn med strake bein. Her er det mykje å ta tak i Steinar Hauge.
33'
Gult kort
33'
Gult kort
32'
Mannsverk kastar seg inn i ein duell og det gjer to lillestrømspelarar også. Både Lehne Olsen og Mannsverk er begge seint ute der, men det er sogndalkapteinen som får frisparket.
32'
Tumultar på Fosshaugane!
31'
Godt innlegg frå Totland, men Christiansen er fint ute og snappar ballen.
31'
Bortelaget har allereie byrja å bruke svært lang tid på dødballsituasjonar no.
30'
Kupen stuper inn i Rafn og Hauge gir spissen tilsnakk. Relativt tent sogndalspissen kan du sei og er nok heldig som slepp eit kort der.
29'
Over alle og ut til femmeter. Produsert svært lite så langt LSK.
28'
Frispark til LSK no som skal svingast inn i feltet.
28'
Har trykket heimelaget og styrer spelet, men har ikkje klart å sette Christiansen på prøve så langt i kampen.
27'
Sogndal vinn ballen 25 meter frå mål, men Michael sitt skot er alt for puslete.
24'
Blårud skyt ein meter over.
23'
Oppjusterer avstanden til 25 meter.
23'
Frispark til Sogndal på 20 meter etter at Blårud blir tatt. Av den litt billige sorten det.
21'
Ikkje så veldig mykje LSK har klart å produsert utanom målet, men samtidig ser romerikingane meget solide ut bakover.
21'
Totland stormar oppover og rundar Melgalvis som heng i trøya hans. Ingen frispark og til og med familietribuna på Fosshaugane reagerer. Då veit du at du har gjort feil Hauge.
20'
Ligg meir i ein 4-4-2 no bortelaget med Krogstad og Lehne Olsen på topp.
18'
Hjørnespark
Frispark til Sogndal.
17'
Kupen riv seg laus og fyrer av like utafor. Er upressa frå 14 meter der sogndalspissen så burde kanskje fått til ei bedre avslutning.
16'
Hjørnespark
Rett i hanskane på Christiansen.
15'
Hjørnespark
ny corner.
14'
Ligg lågt no heimelaget og lar Kanarifugla styre.
13'
Lillestrøm byggjer fint opp, men innlegget mot Lehne Olsen vert snappa av Fij.
12'
Vanskelig for oss som sitt 50 meter unna å vurdere om corneren som førte til målet var feil i dømt, men på reaksjonen til alle spelarar rundt så var det i alle fall slik veldig mange oppfatta det. Vi får sjå på repetisjonen.
11'
Hjørnespark
Lillestrøm får til slutt klarert.
10'
Eid skyt via ein lillestrømspelar og like utafor.
10'
Eirik Bakke sin siste kommentar til LSK-benken og fjerdedommar rett før målet var; 'Det var faen ikkje corner'!
8'
Mål!
0-1
Og så scorer Lillestrøm på den særs omdiskuterte corneren! Ballen vert slått lågt inn i feltet og etter litt klabb og babb får finnen trilla ballen i mål.
7'
Hjørnespark
7'
LSK vinn ein corner til store protestar frå sogndalspelarane.
7'
Kupen og Garnås i knallharde duellar. Blir nok ikkje dei siste i dag det.
6'
Sogndal lagar eit par frispark her i starten då dei kjem seint inn i duellar. Eirik Bakke har nok fyrt opp gutta sine godt framfor dagens kamp.
4'
Stor diskusjon på benkane om det var alboge eller ikkje. Vanskelig for å oss å sjå, men Mathew er i alle fall oppe igjen no utan alt for varige men.
4'
Michael og Mathew i duell og sistnemnte blir liggande igjen og halde seg for ansiktet. Frispark til LSK.
2'
Langt kast inn av Eid men Marhew får klarert.
1'
Sogndal vinn eit kast nede ved hjørneflagget.
1'
Og der er vi i gang. Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Det er haust i Sogndal, og temperaturen har sunke ned til 5-6 grader. Det bles og ein liten trekk som kan påverke spelet. Laga på veg inn på bana no og vi er straks klare for denne ekstremt viktige kampen frå Fosshaugane Campus.
Desse to laga spelar ofte jamne kampar og statistikken både på Fosshaugane og Åråsen er ganske lik. Faktisk så har Kanarifuglane vunne halvparten av dei siste 18 møta her i Sogndal og sogningane har faktisk ikkje vunne sidan 2014. Men i det omvnedte møte i år på Åråsen vann faktisk Sogndal 2-0 etter scoringar av Hoven og Kupen.
I dagens kamp vil vi også få besøk av FIRDA-live legenda Asgeir Årdal som ekspertkommentator. Han vil med argusauge følgje opp tvilsame straffesituasjonar samt aktivitet og kommentarar nede ved dei to benkane.
Fleire av spelarane på begge lag står i fare for å få karantener ved sine neste gule kort. Det er derimot ikkje venta at verken Bakke eller Bakke kjem til å spare nokon av sine beste menn her i kveld. Og kanskje får vi også eit gjensyn med Frode Kippe som i kveld er på benken til LSK. Svaret på dette får de når vi er tilbake med lagoppstillingane ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Lillestrøm som sagt i veldig god form. 13 poeng på dei 6 siste kampane mot Sogndal sine 5 poeng viser jo heilt klart kven som har vore sterkast i det siste. Men det skal også leggast til at Sogndal er eit svært godt heimelag og står med 9-1-1 på sine heimekampar i år. LSK sin siste bortekamp enda også i eit sjeldant tap då dei rauk 2-0 mot Raufoss.
Dette er heilt klart ein sesongavgjerande kamp. Lillestrøm som er i kjempeform kan verkeleg kople av sogningane i opprykkskampen med siger i dag. Det skil berre eitt poeng på tabellen fordel romerikingane, men med siger i dag vil det då blir fire, pluss at dei gulsvarte har ein kamp til gode. Det vil nok være game, set, match når det då etter dagens kamp berre står igjen fem rundar i OBOS-ligaen.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og denne særs viktige kampen mellom Sogndal og Lillestrøm.