Referat
Kun høydepunkter
Sogndal-spelarane jublar for tre poeng, etter ein fantastisk soloprestasjon av Mane fire minutt på overtid! Gjestene har god grunn til å kjenne seg snytt for både eitt og tre poeng, ettersom dei var best store delar av kampen. Gjestene hadde to avslutningar som vart redda på streken, i tillegg til Helstad si avslutning i tverrliggjaren. Spelarane takkar publikum for oppmøtet og ruslar i garderoben.
Kamp slutt Slutt (1-0)
90+3'
Udjus med ballen og slår den heilt inn til keeperkollega Ramovic.
90+2'
Stor jubel på Fosshaugane når Fredrikstad ligg under i Haugesund.
90+1'
Ser ut som begge lag er nøgd med eitt poeng no.
89'
Det er lagt til tre minutt.
89'
LSK i angrep, og Gulbrandsen avsluttar frå skrå vinkel etter eit innlegg. Rett i nettveggen!
88'
Østli skal nikke tibake til Ramovic, men får det ikkje skikkeleg til. Santos lurer i ryggen, og får ein corner.
86'
Fofana opnar sin første kamp i Tippeligaen for LSK med tøff takling på Flo. Frispark til Sogndal.
84'
To halvsjansar for LSK. Først er det Palmason som skal skyte, men Patronen får takla i siste liten. Like etter skyt Knudtzon frå skrå vinkel, men til tilside for Sogndal-buret.
82'
Hopen med takling bakfrå på Andersson på midtbana. Sjølv om frispark-spesialisten slår oppgitt ut med armane, hadde nok dommar Staberg rett i den situasjonen.
81'
Badji slår inn, men det er for lite trøkk i avslutninga frå Mane. Keepermat.
79'
Spørst om Sogndal-trenar Olsson er nøgd med eitt poeng her, ettersom botnrival Fredrikstad også held 0-0 i sin bortekamp mot Haugesund.
78'
Hauger prøver seg med eit skot, men forsøket går høgt over.
76'
Kampen har opna seg litt dei siste minuttane. Større avstandar i lagdelane hos begge lag no.
75'
Fin sjanse for Sogndal! Ulrik Flo får ballen på sekstenmeteren. Han vender og skyt hardt. Rett på keeper!
74'
Hopen slår frisparket hardt inn, og Kippe ofrar alt og avklarar!
74'
Frispark til Sogndal oppe ved hjørneflagget. Hopen skal slå inn i feltet.
74'
Gulbrandsen skal inn for LSK.
72'
Fin sjanse for LSK! Kippe er med i angrep, og får ballen på 20 meter. Han skyt på direkten, like til side for målet til Udjus!
71'
Andersson slår frisparket inn i feltet, men Valsvik er konge i luftrommet. Mane får ballen og stormar fint framover, men touchen er ikkje like god. LSK overtek.
70'
Bolly får frispark på venstrekanten. Ligg det eit mål i lufta no?
69'
Sogndal rett i angrep, og Santos vinn hovudduell inne i feltet. Spissen får seg ein trøkk i duellen, men er på beina att.
67'
67'
Innlegg frå høgrekanten, og Kippe luktar på bakerste stolpe. Flo er først på ballen og får gitt til corner.
65'
Langt LSK-innkast, og delvis kaos i Sogndal-forsvaret før Valsvik får ballen unna. Får corner.
64'
Jamn kamp dette. Typisk kamp der første målet vinn!
62'
Begge lag har fleire spelarar i oppvarming. Får vi snart eit byte?
60'
Santos får frispark imot seg. Den brasilianske spissen har ikkje fått til så mykje i Sogndal-drakta, utanom dei to måla han har scora sidan han kom til bygda i august.
59'
Hopen skyt frå over 30 meter igjen. Også denne gongen utanfor.
57'
Berre to mål så langt i dagens tippeligarunde. Tydeleg at mykje står på spel i sesongavslutninga for mange av laga!
57'
LSK-spelaren er tilbake på beina att.
56'
Knudtzon held seg til hovudet, og Badji spelar ballen ut.
56'
Hopen prøver å finne Flo på løp, med Østli viser godt stopparspel. Nikkar roleg tilbake til eigen keeper.
55'
Han kastar langt, LSK avklarar, og Holsæter skyt frå distanse. Skotet blir blokkert.
54'
Heimelaget har opna noko betre i andre omgang. Denne gongen er det Teniste som skal kaste langt inn i feltet.
52'
Fin sjanse for LSK. Flo med feilpasning og gir gjestene ei stor gavepakke. Ballen går rett til Pálmason som skyt frå 16 meter. Rett på Udjus!
50'
Bolly gjer ein manns jobb på venstrekanten og slår inn i feltet. Knudtzon avsluttar, men Udjus kontrollerer ballen ut.
48'
Hopen klinkar til frå over 30 meter. Like utanfor!
48'
Frispark for Sogndal. Hopen står klar.
47'
Flo prøver å utfordre langs høgrekanten. LSK overtek.
46'
Begge lag stiller uendra etter pause.
46'
LSK sparkar igang andre omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er vi straks klare for dei siste 45 minuttane.
Har du spørsmål som du ikkje har fått svar på i løpet av den første omgangen, kan underteikna treffast på Twitter med @AsgeirArdal.
Då bles dommar Staberg av for første omgang. Stillinga er som den var før kampstart, men det er Lillestrøm som har vore nærmast scoring. Knudtzon avslutta frå kort hald, men kaptein Flo redda på streken. LSK har hatt ballen klart mest, og jaktar alle tre poenga her på Fosshaugane.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Fjerdedommar Hauge frå Djerv viser at det er lagt til eitt minutt.
44'
Holsæter slår inn i feltet i retning Santos, men keeper Ramovic kastar seg fram.
43'
Pálmason går i bakken, og kanarifansen vil ha straffe. Staberg høyrer ikkje på tilropa, og vinkar islendingen på beina att.
42'
Vi nærmar oss pause på Fosshaugane. LSK har vore best så langt den første omganganen.
41'
Sogndal sin største sjanse til no i oppgjeret. Santos dreg seg fri inne i feltet og skyt - like utanfor!
40'
Merkeleg situasjon på Fosshaugane! Hopen med takling på 20 meter, og ballen går rett gjennom til Helstad som avsluttar i tverrliggjaren! Linjemann er oppe med flagget, og Sogndal-forsvaret stoppar opp. Dommar Staberg velg likevel å oversjå sin assistentdommar!
36'
Sogndal har framleis ikkje produsert ein skikkeleg målsjanse til no i kampen.
35'
Langt innkast frå Teniste, men nok ein gong held Ramovic ballen i fast grep.
34'
Fin pasning mot Bolly, men linjemann er oppe med flagget. Udjus kan gjere seg klar.
32'
Holsæter og Flo slår begge inn i feltet, men LSK-forsvaret får avklart begge gongane. Ballen hamnar til slutt hos Badji som skyt, men ballen er nærmare hjørneflagget enn den er målstengene i det den trillar roleg over dødlinja.
30'
Fin sjanse for LSK! Pálmason klinkar til frå 22 meter. Like over!
27'
Det er berre blitt scora 23 mål på Fosshaugane i år. Det er 22 mål færre enn det har blitt gjort i Fredrikstad, der det er blitt scora 43 mål denne sesongen.
24'
Jubel på Fosshaugane når Molde går opp i 2-0 mot Sandnes Ulf.
23'
Holsæter får ballen inne i feltet. Han finn Mane som skyt. Får corner.
22'
Lillestrøm har hatt ballen mest dei første 20 minuttane. Laget har også hatt kampens største sjanse til no, men Flo sin redning på strek hindra 0-1.
21'
Hauger skyt frå 20 meter. Tre meter utanfor!
20'
Han slår frisparket inn i feltet, og Palmason er først på ballen. Han stussar den likevel bakover i feltet, men Ramovic ryddar opp.
20'
Frispark til Sogndal. Hopen står klar ti meter inn på eigen banehalvdel.
19'
I fjor vann Sogndal begge oppgjera mot LSK, medan våroppgjeret på Åråsen enda med poengdeling.
18'
Sogndal ligg svært lavt, og startar ikkje presset før langt inn på eigen banehalvdel.
17'
Sogndal-frispark på midten, men det går heilt inn til keeper Ramovic.
16'
Gjennomspel mot Helstad, men Udjus les spelet godt. Nesten for LSK der!
14'
Bra stemning på tribunen, der kanarifansen førebels leiar 1-0.
13'
Hopen ut til Flo, men innlegget er for svakt.
12'
Frisk opning på kampen her på Fosshaugane.
11'
Bolly slår inn frå venstre, men Valsvik nikkar unna.
10'
Langt innkast frå Teniste, men Flo får frispark imot seg inne i feltet.
9'
Teniste får verkeleg køyrt seg på sin høgreback. Farten til Bolly har estlendaren lite å stille opp mot.
7'
Kjempesjanse for LSK! Bolly herjar med Sogndal-forsvaret på venstrekanten og slår inn i feltet. Der er toppscorar Knudtzon på rett plass og avsluttar frå kort hald, men Flo reddar på streken!
6'
Hopen inn sentralt, medan Holsæter går inn på venstrekanten.
5'
Furebotn hinkar skuffa langs sidelinja på motsett side. Ikkje kvar gong årdølen berre får tre minutt på bana.
4'
Han kastar inn, men Sogndal får avklart.
4'
Innkast til LSK heilt oppe ved hjørneflagget. Stoor skal kaste langt.
4'
Blir nok anten Holsæter eller Brochmann som kjem inn for Sogndal, der Hopen overtek den sentrale midtbanerolla.
3'
Furebotn må ned for telling, og held seg til låret. Han signaliserer byte.
2'
Lang ball mot Helstad, men Udjus gjere seg klar til utspark.
1'
Vind på Fosshaugane i dag. Likevel gode speletilhøve.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Spelarane på veg ut på bana!
LSK har gjort ei endring på laget no før kampstart. Vaagan Moen startar likevel ikkje grunna vond akilles, medan Knudtzon kjem inn på laget.
Spelarane er i garderoben for å gjere sine siste førebuingar før kampstart.
Lillestrøm har tatt fleire poeng på borte enn det Sogndal har gjort på heimebane denne sesongen. Berre to lag har fleire baklengsmål enn gjestene på bortebane i år. Samstundes er det berre Stabæk som scorar færre mål enn det Sogndal gjer på sin heimebane i år.
Begge lag i full gang med oppvarming nede på kunstgraset no.
Sogndal-keeper Kenneth Udjus har alt signert for Lillestrøm neste sesong. Ingen tvil om at dette blir ein spesiell kamp for heimelaget sin solide målvakt.
Gjestene har også gjort endringar på laget. Bjørn Helge Riise var lenge usikker til kampen, men er ikkje å finne i startoppstillinga. Han er likevel med til saftbygda, men ser likevel dagens kamp frå benken. Inn kjem Johan Andersson. Palmi Rafn Palmason og Fredrik Stoor er også tilbake på laget sidan Viking-kampen, medan Ohi Anthony Omoijuanfo og Erling Knudtzon er ute av laget. Sistnemnde er å finne på benken i dag.
Sogndal-trenar Jonas Olsson har gjort ei endring på laget som spelte uavgjort mot Hønefoss sist. Ruben Holsæter er plassert på benken, etter at Ørjan Hopen er tilbake frå karantene.
Begge desse laga spelte 0-0 førre runde. Og når Fosshaugane er den stadion i Norge der det har blitt scora færrast mål denne sesongen, skal ein ikkje sjå bort ifrå at enkelte ivrige tipparar har satsa på eit målfattig oppgjer også i dag.
Botnoppgjer i Tippeligaen dette. Lillestrøm er før helgas runde nummer 12 på tabellen med sine 28 poeng, medan heimelaget er plassen bak med sine 24 poeng. Difor ein svært viktig kamp for begge lag.
Hei, og velkommen til livedekning av oppgjeret Sogndal - Lillestrøm frå Fosshaugane Campus!