Referat
Kun høydepunkter
Då er kampen over, og den endar med 1-2. Alle måla kom i ein periode på ni minutt i første omgang. LSK eigde første omgang, medan Sogndal var best etter pause. Heimelaget hadde sjansar etter pause som fort kunne ført til nettkjenning, men LSK greidde å halde tett bakover. Dermed held LSK fram sin gode trend, medan Sogndal går på sitt fjerde tap på seks kampar.
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+5'
Mane slår inn, men LSK avklarar. Sogndal framleis i angrep.
90+4'
Straks over på Fosshaugane no!
90+3'
Innkast ved Teniste no, og Utvik får ballen. Han slår langt inn i feltet, men Karadas når den ikkje.
90+1'
LSK i angrep no, og får corner.
90+1'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Mane er kåra til dagens Sogndal-spelar av ein lokal jury.
90'
Heimelaget har dårleg tid no, om det skal bli poeng her. Viss ikkje går laget på sitt tredje heimetap denne sesongen.
89'
Innbytar Mjelde må dermed stå over neste kamp, etter at dette var hans tredje gule kort i sesongen.
88'
Mjelde med høg alboge i duell mot Næss Lund.
86'
2942 tilskodarar ser kampen. Det er under snittet for Sogndal sine heimekampar denne sesongen.
85'
Blir ein forsvarskamp for gjestene dei siste minuttane no.
83'
Innlegg frå venstre, og Valsvik vinn duellen i feltet. Han avlsuttar over!
82'
Det er Sogndal som styrer spelet no, og er langt nærmare 2-2 enn det LSK er 1-3. Denne gongen var det Otoo som klinkar til frå 25 meter. Udjus må gi til corner.
78'
Mane tek frisparket - og Udjus er nære på å kopiere keepertabben til Dahlin tidlegare i kampen! Men heldigvis for LSK-målvakten får han kontroll på ballen, før den passerer streken. Sogndal nærmar seg 2-2 no!
76'
Frispark i fin posisjon for Sogndal. Hadde Hopen framleis vore i klubben og på bana hadde nok han lagt ballen til rette no. Istaden er det Mane og Koomson som melder seg til teneste.
74'
Stor sjanse for Sogndal! Lang ball opp i feltet som Næss Lund nikkar vidare. Det luktar Valsvik, som set ballen i stolpen! Udjus var nok på ballen, og kan ta store deler av æra for at det framleis står 1-2!
74'
Koomson har vore med å heva Sogndal etter sitt innhopp. Heimelaget har kome litt lenger opp i bana, og jaktar utlikning.
73'
Karadas med sitt beste forsøk i kampen. Får ballen på 17 meter, og skrur ballen forbi både keeper og utsida av stolpen.
71'
Med Næss Lund inne på bana, går Utvik ut på høgreback, medan innbytaren går inn på midtstopparplass.
69'
Ringstad ligg nede for telling, etter at han fekk seg ein trøkk av medspelar Udjus i feltet.
67'
Mane skyt, via Stoor til corner!
67'
Kampen har roa seg i intensitet, og LSK satser nok på at kampen skal ebbe ut i dette 1-2 resultatet.
65'
Unge Høibråten må ut på sidelinja, etter at Flo treff han i ansiktet. Han er ute for å tørke litt blod, men er nok straks tilbake på bana. Stoor vikarierer på stopparplass imens.
63'
Karadas pressar Udjus, som avklarar til innkast.
61'
Innbytar Koomson viser seg fram og skyt frå 15 meter. Via Udjus til corner!
61'
Koomson kjem inn, tidsnok til å få børspoeng. Så gjenstår det å sjå om han klare å heve heimelaget - og snittet på Sogndal-børsen.
57'
Langt innkast frå Teniste mot Valsvik, som ikkje heilt fekk til det han prøvde på. LSK overtek.
55'
Sogndal prøver seg no. Speler seg fint fram, og Stamnestrø skyt frå 16 meter. Utanfor.
52'
LSK har berre to sigrar på elleve forsøk på bortebane denne sesongen. Blir det årets tredje i dag?
50'
Sogndal trillar ball på eigen halvdel, men blir pressa av LSK-spelarane, som legg inn presset langt høgare oppe i bana enn det heimelaget gjer - sjølv om det står 1-2.
47'
Sogndal-frispark frå Stamnestrø, over alle kvitkledde i feltet.
46'
Dei same 22 spelarane som avslutta første omgang er å finne også etter pause. Men det går nok ikkje lang tid før Olsson tek sitt første byte, om han har lyst på poeng her i ettermiddag.
46'
LSK tek avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga går til pause med 1-2. LSK har hatt banespelet og flest sjansar den første omgangen. Difor er det heilt fortent at gjestene er i føringa.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Stamnestrø skyt frå 24 meter. Like utanfor!
45'
Sagna er først på ballen når frisparket blir slått inn i feltet, men Udjus har ingen problem med å plukke ned andreballen.
44'
Pálmason ufin mot Stamnestrø, som tek frisparket sjølv.
42'
Stamnestrø går i bakken. Får frispark på eigen banehalvdel.
42'
Stamnestrø går i bakken. Frå frispark på eigen banehalvdel.
40'
Det går mot ein alvorsprat i Sogndal-garderoben i pausen. Olsson er nok langt ifrå nøgd med det spelarane har levert den første omgangen.
38'
Sogndal blir pressa bakover på bana, og LSK har full kontroll på banespelet no.
36'
Flo klinkar til med eit frekt forsøk frå 30 meter. Like utanfor!
35'
Sagna ligg nede for telling, men LSK held fram med å angripe. Endar med offside på Stoor, etter at han nikkar like utanfor.
34'
Kampen har roa seg nokre hakk, etter nokre intense minutt rundt scoringane.
32'
Innlegg frå venstrekanten, og Karadas avsluttar. Over tribunen, og rett på Sogndalselva.
30'
Framleis gjestene som styrer på Fosshaugane, noko dei tilreisande supportarane frå Lillestrøm set pris på.
28'
Ny fin sjanse for LSK! Ringstad kjem nydeleg rundt på venstrekanten og slår inn i feltet. Der kjem Knudtzon på bakerste, men set ballen utanfor!
27'
Sagna testar skotfoten frå 25 meter. Over!
26'
Scoringa kom etter ein corner, der Andersson fekk ballen i returrommet.
22'
LSK har hatt problem utan Kippe på laget. Med midtstopparen på laget går det i snitt 105 minutt mellom kvar gang LSK slepp inn mål. Utan Kippe på laget viser statistikken eitt baklengsmål i snitt per 31. minutt.
21'
Sogndal sin toppscorar Mane, har vore heilt usynleg til no i oppgjeret.
20'
LSK held fram med å styre spelet her på Fosshaugane.
19'
Svensk trenar-duell på sidelinja i dag. Olsson vs Haglund. Er det sistnemnde som skal vere sterkast i dag?
18'
Det var Pálmason som vart lagt i bakken i situasjonen som førte til frisparket.
17'
Dermed fekk LSK den opninga dei hadde håpa på denne kampen. No må Sogndal meir framover på bana.
17'
Meget fin scoring av LSK-kapteinen! Skrudde ballen over muren, bak ein stilleståande Dahlin i Sogndal-buret.
15'
Vaagan Moen står ved ballen.
14'
Frispark i fin posisjon for LSK! Vaagan Moen går nok rundt med eit lite smil om munnen no. Ligg det 0-1 i lufta?
14'
Han er tilbake på beina att, og signaliserer til både dommar og benken at det går betre no.
14'
Sogndal-keeper Dahlin legg seg ned på kne, og slit tydlegvis med ein skade.
13'
LSK trillar ball, og styrer spelet på Fosshaugane - nett slik dei har uttalt på førehand at dei ville gjere.
11'
Kampens største sjanse! Knudtzon slår inn i feltet, og Vaagan Moen hoppar over ballen. Der kjem Pálmason i stor fart, men han bles ballen hardt over!
10'
Ballen går i mål bak Udjus, men Flo er i offside. Ingen protestar på den.
10'
Helstad får ballen inne i feltet, men er i offside.
8'
Tilbakespel mot Udjus som Stamnestrø jaktar. Sisteskansen må leggje ballen bort på venstrefoten, og får straks litt dårleg tid. Han avklarar til innkast.
7'
Jamn opning på kampen.
6'
Riise finn Vaagan Moen, som legg tilbake til Stoor som klinkar til frå 25 meter. Over!
5'
Alle dei fire spelarane i Sogndal si forsvarsrekkje har spelt kampar med flagget på brystet. Teniste for Estland sitt A-landslag, medan Skaasheim, Valsvik og Utvik alle er representerte på ulike norske aldersbestemte landslag.
4'
Andersson er tilbake på bana, og det er no 11 mot 11 att.
3'
Midtbanespelaren ruslar roleg haltande ut over sidelinja, men er nok snart tilbake på bana.
2'
Andersson får seg ein smell etter at Karadas er litt tøff i ein duell. Svensken ligg nede for telling.
1'
Sogndal tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Stao no pao på full styrke over stadionannlegget like før kampstart. Dette blir spennande!
Laga er no i garderoben for å gjere sine siste førebuingar til kampen.
Då er lagoppstillingane klare, og det er verdt å merke seg at midtstopparane Hannu Patronen og Frode Kippe høvesvis blir erstatta av Bjørn Inge Utvik (17 år) og Marius Høibråten (18 år).
Vi kjem tilbake med lagoppstillingar og meir informasjon om oppgjeret når det nærmar seg kampstart. Følg med!
Både Kenneth Udjus og Isak Scheel har hatt Fosshaugane Campus som arbeidsstad. Laurdag møter dei gamle lagkameratar i saftbygda.
Tilsvarande oppgjer i fjor enda med 1-0 til Sogndal. Den gongen scora Malick Mane i det 90. speleminutt.
Både Hannu Patronen og Ruben Holsæter må sone karantene i denne kampen. Dei har tilsaman vore på bana i 41 kampar i år, så det er ikkje tvil om at trenar Jonas Olsson får ei litt større oppgåve med å setje sammen laget denne gongen. Hos LSK må Frode Kippe sone karantere for det raude kortet han fekk mot Odd. Dermed har begge lag ute to av sine beste midtstopparar til kampen.
Lillestrøm er inne i ein fin periode, og har ikkje tapt sidan 7. juli. Berre Rosenborg har ei lengre rekkje utan tap akkurat no, enn LSK. Sist serierunde vart det 1-0 mot Odd heime på Åråsen.
Dei tre siste Sogndal-kampane har alle enda 1-0. Det gav laget totalt seks poeng etter kampane mot Sarpsborg og Viking, medan Brann vart for sterke i førre runde.
Dette er den 23. serierunden av årets Tippeliga. Sogndal er nummer sju med 29 poeng, medan gjestene er to plassar bak med eitt poeng mindre.
Hei, og velkommen til Sogndal - Lillestrøm frå Fosshaugane Campus!