Referat
Kun høydepunkter
Vi tel 12-11 i avslutningar og 3-7 i avslutningar på mål. Då ynskjer vi alle ein fin kveld vidare med både Tippeliga og OBOS-liga på liveprogrammet. Stig Anders Hauge takkar for seg og reknar med at han ikkje er åleine om å skulle nyte sommarens EM-sluttspel før Tippeligaen sparkar i gang igjen i byrjinga av juni.
Ein jamn kamp er over. Det vart faktisk både spanande og underhaldande dette. Sogndal kjem tilbake etter at eit effektivt og fintspelande LSK hadde tatt ei fortent 2-0 leiing til pause. Sogndal trøkka godt på dei første 30 minutta av andre omgang, men på slutten kunne det bikka begge vegar. Uavgjort er vel difor eit relativt rettferdig resultat.
Kamp slutt Slutt (2-2)
90+5'
LSK med stor overgangmoglegheit, men Jradi skyt istaden for å sentre. Der fekk LSK sin siste sjanse.
90+3'
LSK har vore klart best dei siste ti minutta og Bakke ber Dyngeland roe ned når han fangar ballen.
90+3'
Sogndal gir bort ballen på eigen banehalvdel, men LSK klarar ikkje å utnytte det.
90+2'
Sogndal klarerar.
90+1'
Nytt LSK-frispark som skal inn i boksen.
90+1'
Dyngeland plukkar.
90+1'
4 minutt tillegg og LSK har frispark på 30 meter.
90'
LSK ropar på straffe då dei meinar eit skot frå Martin treff handa på ein sogndalspelar. Hadde i såfall vpre strengt frå vår posisjon.
89'
Lund ut og plukkar.
88'
Sogndal vinn eit frispark litt inne på sin eigen halvdel. Skal inn i boksen denne.
87'
Ganske jamnt utpå bana akkurat no. Begge laga kjører på framover så vi kan godt få ein vinnar her på slutten.
85'
2869 tilskodarar i dag.
85'
Jradi med skotforsøk frå 20 meter. Like utafor. Bra skot frå dansken.
84'
Koomson haltar. Kom Bakke sitt siste byte for tidlig?
82'
Skogseid med eit innlegg via Koomson til corner.
81'
Litt hawaii-fotball her no. Begge lag stormar i angrep og skapar dermed rom for kvarandre. Ingen av laga klarar derimot å komme til nokon kvalifiserte avslutningar.
79'
Opseth får stå heilt aleine i boksen, men avslutninga frå elleve meter blir for puslete. grunnen til dette er nok at han måtte bruk høgrebeinet og det er ikkje av same klasse som ventrebeinet.
75'
Stikkar til Knudtzon, men Dyngeland er ute og snappar framfor den hurtige spissen.
74'
Har iallefall blitt ein underhaldande og spanande fotballkamp. Kan gå begge vegar dette på slutten.
72'
Ligg ann til Sogndal sin fjerde uavgjort på rad dette.
71'
Koomson legg 45 grader ut til Opseth som pressa skyt rett på Lund som gjev til corner.
70'
Innocent prøver seg på heil volley frå 25 meter. Det går dessverre for han og LSK ti meter utafor.
69'
LSK gir vekk store rom deffansivt no. Sogndal har heilt klart meir plass å boltre seg på i denne omgangen enn den forrige.
66'
LSK har komme seg litt over sjokket dei første minuttane av denne omgangen og klarer å byggje opp ein del angrep her no.
63'
Opseth med ny avslutning frå 20 meter. Denne gong curlar han ballen ein liten meter over Lund sitt kryss. Verkeleg 'on fire' her den lokale kaupingen.
62'
Psyche avsluttar upressa over frå ti meter. Ein typisk midtstopparavslutning.
60'
Sogndal har to avslutningar på mål og to mål. Dette må nok irritere LSK ein del. Har gjort ein prikkfri kamp deffansivt romerikingane utanom på dei to måla.
59'
Heitt mellom Innocent og Ramsland. Ingen av dei er særleg uskyldige og dommar Nilsen må ta seg ein prat med dei.
58'
Lillsestrøm kontrar og Jradi skyt frå 13 meter, men det blir for laust og for lett for Dyngelnad. men ei fin kontring der frå LSK.
56'
Sogndal styrer fullstendig denne kampen no.
55'
Bakke vart kritisert for byta sine sist mot Start, men no får ein vel seie at han har truffe bra.
55'
Så har altså Sogndal snudd kampen på åtte minutt. Kven hadde trudd dette?
53'
Lundemo nede for telling etter ein hard takling frå Ramsland. Repreisne viser at sogndalspissen er både på ball og mann.
49'
Skogseid for sein mot Ramsland og Sogndal vinn eit frispark på kanten.
48'
Rindarøy oppe igjen.
47'
Rindarøy nede for telling. Har fått ein mitt i kardangen. Det gjer vondt!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen byter på Lillestrøm.
Jodå. Patronen og Opseth skal inn.
Sogndal tilbake på bana. Ser ikkje ut som Bakke vil gjere nokon byter.
Fantastisk omgang for Lillestrøm dette. Sogndal såg ut som dei hadde god kontroll på denne kampen, men eit glimrande angrep av LSK gav dei 1-0 etter ein halv time. Bortelaget dobla leiinga etter at Jradi sprang seg fri i boksen og fekk satt ballen forbi Dyngeland. Om Sogndal skal klare å komme tilbake her må dei nok få meir trykk framfor mål. Det har LSK klart. Vi tel 5-4 i avslutningar fordel LSK, men romerikingane har alle sine avslutningar på mål, mens Sogndal har alle sine utafor.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+1'
Endar i corner.
45'
Innkast til Sogndal på høgd med sekstenmeterstreken. Siste sjans for sogningane i denne omgangen.
43'
LSK med god sjanse. Psyche får klarert til corner.
42'
Sogndal igjen farlig frampå etter eit innkast, men LSK parkerer bussen frmfor mål og det er rett og slett ingen plass Koomson kan skyte frå sju meter. Ser ut som det er Amundsne som blokkerer og får klarert.
35'
Kampen held fram i same spor. Sogndal styrer spelet, men slit med å skape sjansar.
33'
Igjen er Sogndal frampå. Lund tapar ein duell etter eit innkast og ballen blir stussa bakover. Der er Birkelund høgast, men headar over.
32'
Sogndal svarar nesten på eit frispark som blir svinga inn i boksen. Dessverre for dei kvitkledde er det ingen som er hissig nok på grauten og LSK får klarert.
28'
Bolseth med ein glimrande innsvingar igjen. Psyche vinn duellen mot Lund i feltet, men headar over. Det var uansett offside på Sogndal sin midtstoppar.
28'
Heilt klart Sogndal som har festa eit grep om kampen no. LSK sine offansive forsøk vert sjeldnare og sjeldnare.
25'
Kjemhus set fart inn i boksen og skyt via Skogseid til corner.
23'
Jradi prøver skotfoten frå 25 meter, men forsøket går rett på Dyngeland som held sikkert.
23'
Koomsom stormar fram på venstresida, men innlegget blir for høgt og Lund er fint ute i feltet og snappar.
22'
Sogndal har festa eit visst grep om kampen dei siste minutta, dog utan å skape noko særleg framfor mål.
21'
Bra tempo i kampen dei første 20 minutta, men ingen store sjansar å snakke om utanom Lundemo sitt skot tidlig i kampen.
18'
Bra innsvingar av Bolseth, men til slutt får Lundemo klarert.
17'
Frisaprk til Sogndal frå ca. 30 meter. Skal svingast inn i feltet.
16'
Svingar litt fram og tilbake her no. Mykje spel mellom dei to sekstenmeterane.
14'
Raitala skyt eit par meter over.
13'
Bolseth spelar ballen forbi Rindarøy som handsar. Frispark til Sogndal på ca. 25 meter.
12'
LSK prøver å byggje opp, men Sogndal er tøffe i presset og Jradi mistar ballen ut over sidelinja.
10'
LSK klarerar og slår lang på Knudtzon som vert stoppa av Kjemhus.
9'
Endar i eit kast som Teniste skal ta. Det er så godt som ny corner for Sogndal.
8'
Sogndal mest med ball i innleiinga, men LSK har sett mest gifitge ut dei gongene dei har nerma seg mål.
6'
Kanonskot frå Lundemo frå 14 meter. Dyngeland må ut i full strekk og slår til corner.
5'
Lillestrøm prøver seg på venstre med Ofkir som dreg seg inn i bana. Tilslutt endar det i ein feilpasning som Utvik plukkar opp.
4'
Bra trøkk frå begge sider av stadion der dei to supportergruppene er plassert. Ein gode 30-40 frå Lillestrøm har tatt turen til Sogn.
3'
Sogndal prøver seg på si venstreside, men Skogseid har grei kontroll på Kjemhus og Raitala. Endar i utspark frå Lund.
2'
Veldig intensivt her i starten. Begge lag med høgt press.
Avspark Start 1. omgang
Lillestrøm med avspark.
14-15 grader, overskya og litt regn i lufta i Sogndal i dag. Bra spelevær med andre ord sjølv om publikum kanskje ville hatt ei sol som varma. Under ti minutt til kampstart og vi er difor straks klare for den 13.serierunden i Tippeligaen frå Fosshaugane Campus.
Lillestrøm står med 2-0-3 på sine siste fem kampar, mens Sogndal står med 1-4-0. Sogningane altså ubesigra, men har likevel berre eitt poeng meir enn Lillestrøm grunna mange uavgjorte kampar. Lillestrøm har 1-2-3 på bortebane i år, mens Sogndal har 2-3-1 på heimebane. Vi må tilbake til 8.april for å finne sist trepoengar for heimelaget på eiget kunstgras. Lillestrøm sin bortesiger var av den sterke sorten då dei slo Odd 3-1 den 24.april.
Desse laga har møttes 16 gongar i sognebygda sidan 1982. Sogndal står med seks sigrar, Lillestrøm har åtte sigrar, men berre to kampar har enda uavgjort. Sist laga møttes i Sogn vann Lillestrøm 1-0 etter at Marius Amundsen avgjorde kampen eitt minutt før slutt.
Heilt klart at det tette kampprogrammet har røyna på for begge lag og Lillestrøm er spesielt svekka framfor denne kampen. Friday som har spelt kvart einaste minutt i Tippeligaen denne sesongen måtte altså kaste inn handkledet og det skal nok Sogndal være nøgde med. Toppscoraren har åtte mål så langt i år og det er berre to mål bak det heile sogndalslaget har klart å score på dei tolv første seriekampane.
For Sogndal er den hardtarbeidande spissen Sveen ute med ein strekk. I tillegg er Otoo og Patronen satt på benken etter kampen mot Start og inn kjem Ramsland og Utvik.
Då er vi klare med laga og vi ser at det kom ein del overraskelsar frå begge leirar. Mest oppsiktsvekkjande er det at Tippeligaen sin toppscorar Fred Friday er ute med ein lårskade. I tillegg er ikkje keeper Origi tilbake slik vi antok før kamp. Og som ikkje dette var nok så er heller ikkje Frode Kippe 100% og startar difor dagens kamp på benken.
Begge laga slapp å spele cup i midtveka etter kvar sine fadesar tidlegare i år. Vi forventar difor å sjå to utkvilte og friske lag ved avspark kl. 1530. Vi er tilbake ein time før med lagoppstillingane. Vel møtt!
For Kanarifuglane er Simen Kind Mikalsen ute med skade, mens Frode Kippe er usikker etter at han halta av bana til pause mot Viking. Arnold Origi er venta å starte denne kampen eter at Faye Lund fekk vokte buret mot Viking. For Sogndal er Victor Grodås framleis skada, men det blir ikkje rapportert om andre problem på skadefronten i saftbygda.
Heimelaget ligg på 10.plass med 14 poeng framfor dagens kamp og vil med siger passere Lillestrøm som ligg på plassen framfor med 16 poeng.
Hei og velkomne til den 13. serierunden i årets Tippeliga. I dag er det Lillestrøm som vitjar Fosshaugane Campus. Avspark kl. 1530. Etter denne runden får vi ein lang sommarpause. Neste runde i Tippeligaen er ikkje før 1. juli.