TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Skotstatistikken viser 10-9 i heimelagets favør, mens i skot på mål vinn bortelaget 1-0. Og det vart og resultet gitt. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer alle ein flott kveld og ein god 1.mai enten i tog eller med hagestell.
Viktig siger dette for LSK som vinn relativt fortent her i Sogndal. Heimelaget mest med ball, men klarte ikkje å produsere noko som helst mot eit tett lillestrømforsvar. Kampens einaste mål var ikkje mindre enn eit fantastisk brassespark frå Simen Kind Mikalsen. Og når vi då legg til at det var kampens einaste skot på mål så blir det endå meir imponerande.
Kamp slutt Slutt (0-1)
90+3'
Kippe stangar ut.
90+3'
Siste sjans for Sogndal.
90+2'
Litt pressa og der trønderen så ingen enkel avslutning.
90+2'
Flo headar gjenom til Bye som avsluttar utafor.
90+2'
Kjemperom for LSK på kontring som dei ikkje brukar.
90+1'
Sogndal held fram med å pole ballen inn i feltet.
90+1'
Tre minutt tillegg.
90+1'
3024 selde billettar i dag.
90+1'
LSK prøver å dra ut tida på corneren, men Sogndal vinn eit innkast.
90'
Spillerbytte
89'
Hjørnespark
LSK sin åttende corner denne kvelden. Sogndal har ingen.
88'
Mykje langt opp frå Sogndal no. Det er mat for Kippe.
86'
Fredrik Flo er son til litt meir kjende Håvard Flo.
85'
Sogndal mest med ball. LSK satsar på overgangar, men er realtivt halvhjerta der.
84'
Sogndal med ballen inn i feltet ved fleire høve, men LSK stangar ut.
83'
Spillerbytte
83'
Spillerbytte
83'
Sogndal med trøkk. Vinn eit kast som Teniste skal hyve inn i feltet.
80'
Kippe og AMundsen har vore gode i dag. Tek imot og stangar det meste som kjem inn i midten.
79'
Sogndal med ball, men LSK ser ut osm dei har full kontroll. Hørt den før i dag eller?
78'
Erlandsen fly forbanna på eit eller anna. Er på gutta sine no den rutinerte trenaren. Veit kor viktig det er med tre poeng i dag.
76'
Lillestrøm har veldig god kontroll på det som skjer utpå her no. Sogndal svært lite konstruktive framover.
75'
Spillerbytte
74'
Flott innlegg frå Mathew som Knudtzon bør sette. Er pressa, men frå fem meter bør han klare å få avslutninga på mål.
73'
Langt innkast frå Teniste som blir stussa bakover. Steiring får siste hovude på ballen, men avslutninga går over.
72'
Origi boksar ut.
71'
Frispark til Sogndal frå kanten som skal svingast inn i feltet.
70'
Spillerbytte
69'
Veldig lite som tyder på at Sogndal skal klare å spele seg gjennom LSK sitt kompakte forsvar.
69'
Sogndal med ball. LSK ligg halveis inne på eigen banehalvdel.
68'
LSK mest med ball etter scoringa også. Har festa eit grep om kampen no kanarifugla.
65'
Kampens første avslutning på mål forresten.
65'
Bakke er illsint på dommar Hansen etterpå. Mulig det er for angrep på keeper eller høgt spark frå Mikalsen. Er iallefall inne på bana Bakke og får tilsnakk av Hansen.
63'
Mål!
0-1
Fantastisk brassemål av Mikalsen! Ballen ligg høgt i lufta på elleve meter. Der går venstrebacken opp og brassar ballen i mål. Heilt klart ein kandidat til rundens mål. Årets?
63'
Hjørnespark
62'
Hjørnespark
Via Skaasheim og til ny corner.
62'
Rafn til linja og vinn ein corner.
61'
Bye har lukta på offsidelinja i heile dag og som regel har han sniffa litt for mykje. No kom han seg derimot gjennom, men Origi var ute å klarerte framfor trønderen.
60'
Knudtzon set fart innover og gir til Ajeti som snur på ein femøring og avsluttar centimeter utafor Dyngeland sin høgre stolpe.
58'
Hjørnespark
Sogndal får klarert.
58'
Hjørnespark
Klabb og babb i feltet og ny corner. Birkelund ligg nede med skade.
57'
LSK trykker på og vinn eit innkast høgt i bana.
56'
Koomson kjem seg rundt på kant og får lagt. Ping-pong inne i feltet til bortelgaet som får klarert.
55'
Koomson med skot frå 20 meter, men igjen så er det ein meter eller to utafor.
55'
Origi har slite med fotarbeidet i dag. Måkar ballen over tribuna no.
53'
Finn ingen veg gjennom betongblokka til LSK her sogningane.
51'
Sogndal med ballen no og LSK ligg lågt.
51'
Veldig avventande her i starten. Ganske likt første omgang med andre ord.
48'
Bortelaget med ballen mest starten her. Har komme til nokon innlegg utan å klare å få til nokon avslutningar.
46'
LSK startar med ein lang ball opp mot Malec, men Steiring matchar han i den første luftduellen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ingen dårlig kamp, men ingen god heller. Typsik to lag som slit som møtes her. Begge er svært redd for å ta nokon sjansar. Vi har faktisk telt 11 skot i denne omgangen, men ingen av dei har vore på mål. Då må det bli 0-0 til pause.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Lang ball opp mot Ajeti, men svært vanskelig for spissen å få noko ut av den.
44'
Sogndal trykkjer på, men slit med å komme forbi Amundsen og Kippe i midten der.
40'
Fin stikkar inn i boksen til Rafn som skyt utafor.
38'
LSK med meir trykk på Sogndal dei siste minutta etter at heimelaget styrte mykje i ein periode.
37'
Mathew frå same hold som sist, men skotet er dårligare no og går ein god meter utafor målet til Dyngeland.
35'
Hjørnespark
Klabb og babb i feltet før Skaasheim brystar ballen ned til Dyngeland. Iskaldt der frå balestreningen.
34'
Hjørnespark
Kort til Mathew som skyt bra og Dyngeland må gi til corner.
33'
Langt kast frå Teniste som Steiring er høgast på, men igjen er avslutninga over buret til Origi.
31'
Innelgg frå Teniste som Schultze set over.
30'
Koomson dreg seg innover og skrur ballen rett utafor krysset. Glimrande av Koomson der og det skotet fortente ein bedre skjebne.
29'
Får ballen litt brått på seg der Kippe så han kan nok unnskyldast litt.
28'
Kjempesjanse for Kippe. Etter frisparket vinn Sogndal ballen, men rotar den vekk. Mikalsen dreg seg fri på kant og legg inn til Kippe som fullstendig upressa på fem meter headar ballen utafor. Den skal veteranen sette.
27'
Frispark til Lillestrøm som skal slås inn i feltet.
26'
Lang ball opp mot Bye og Lillestrøm er for ein gong skuld i ubalanse. Birkelund plukkar opp andreball og gir tversover til Furebotn som avsluttar ein meter utafor. Sogndal sitt beste angrep så langt.
25'
Men klarar ikkje å komme til nokon avslutning. Koomson med eit fint initiativ innover, men vert blokkert.
25'
Sogndal med press på LSK no.
24'
Endar i ei avslutning frå Koomson, men den går eit par meter utafor.
23'
Nwakali med ein ny flott langpasning. Sogndal vinn eit kast høgt i bana.
19'
Haakenstad med hodt innlegg, men ballen snissar panna til Malec. Nytt fint angrep av LSK.
18'
Etter eit godt kvarter kan vi ikkje seie at den kampen har tatt fyr. LSK ligg lågt, men har samtidig hatt dei beste sjansane og sett mest livlige ut når dei fyrst angrip.
15'
Nwakali har starta bra i dag. Fleire flotte krossarar ut mot Furebotn. LSK ligg ganske låg så det å finna opningar vert viktig for heimelaget.
14'
Bra trøkk på Fosshaugane i dag. Både Kanarifansen og Saftkokarane er det bra liv i. Skal og takast med at Sogndalsrussen gjer ein god innsats for å skape liv.
12'
Nwakali med eit godt skot frå 30 meter. Går ein liten meter over, men den skal Origi kontroll på.
11'
No skal vi ha riktig lagoppstilling på Sogndal. Det er Furebotn som faktisk spelar høgreving.
10'
Ikkje bra dette for Bakke som har mange skadar frå før.
8'
Spillerbytte
8'
Blir nok byte på Psyche.
8'
Flott angrep av LSK. Kjem rundt på venstresida og får lagt inn framfor mål. Der kjem Knudtzon, men avslutninga hans går over. Eit lite sleivskot der frå vingen.
7'
Ser ikkje heilt bra ut dette for stopparen.
6'
Psyche ligg nede med skade.
6'
Fin sjans for LSK. Kjem rundt på venstrekanten, men ingen klarar å komme på innlegget som går rett gjennom feltet.
5'
Kjem på ei kontring heimelaget, men LSK kjem seg raskt på rett side og det endar i eit skot frå Koomson som vert blokkert.
4'
Sogndal tar over.
4'
Hjørnespark
For langt bak i feltet og Dyngeland fangar.
3'
Hjørnespark
Ut til Mathew som skyt via ein sogndalspelar til ny corner.
3'
LSK får klarert.
2'
Kast til Sogndal. Teniste skal kaste langt.
1'
Litt vanskelig å sjå heilt kva formasjon Sogndal spelar her i starten. Vi kjem meir tilbake til det etterkvart når kampen har satt seg.
1'
Sogndal med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Furebotn og Kippe helsar på kvarandre. Finn nok ikkje større kontrastar i høgde og kilo på to kapteinar i årets Eliteserie.
Då er laga på veg ut på bana i strålande solskin. Perfekte rammer rundt kampen, men publikumsoppmøte er kanskje ikkje det beste. 100-150 tilreisande frå Romeriket er derimot bra.
Sola skin frå skyfri himmel her i Sogn idag, men temperaturen er nok ikkje meir enn ein 10-11 grader. Det bles og litt, men ikkje noko som vil påverke kampen i særleg grad.
Då er ein heller mislukka golfrunde ferdig for underteikna og vi kan konsentrere oss om større ballar på grønare gras (kunstgras). Både Erlandsen og Bakke gjer ein god del endringar frå sist. For Lillestrøm kjem Kippe inn og det gjer at det blir nokre omrokkeringar i bakre rekker. For Sogndal er det også store rokkeringar bakover då både Skaasheim og Grodås er satt på benken og erstatta med Teniste og Steiring. Sogndal i ein ny 4-5-1, mens Lillestrøm held på 4-4-2 ser det ut som.
Tore Hansen frå Feda IL er dagens dommar og med seg på linjene har han Reidar Mørkestøl Gundersen og Eivin Christofer Møllerud Hansen. Vi er tilbake ca. kl. 1700 med lagoppstillingane etter at underteikna har fått tatt seg ein golfrunde i vårsola. Vel møtt!
Ganske jamt mellom desse laga tidlegare på Fosshaugane. Sogndal står med seks sigrar, mens Lillestrøm med åtte. Tre kampar har enda uavgjort slik som i fjor då det enda 2-2 då Sogndal kom tilbake etter at Lillestrøm tidleg hadde tatt leiinga 2-0.
Begge laga har ein del skadar. For Sogndal er det kanskje mest prekært då dei manglar dei to spissane Sveen og Nissen (begge sannsynlegvis ute resten av sesongen). I tillegg er Teniste, Jonsson og Atta uaktuell til dagens kamp, mens Schultze, Ramsland og Utvik er usikre. Johan Hove er på U17-EM i Tsjekkia. Då byrjar det å bli ein tynn tropp Eirik Bakke kan velja i. Arne Erlandsen har Sheriff Sinyane langtidsskada, men håpar å få tilbake både Kippe og Innocent til denne viktige kampen.
Dei to laga kom seg greitt vidare frå cupen i helga sjølv om Lillestrøm kanskje ikkje imponerte resultatmessig etter 2-0 mot Skjetten. Sogndal hadde grei kontroll kampen gjennom då dei slo bygdekollega Fjøra 6-1.
Etter to mål dei siste minutta og 2-1 siger mot Sandefjord så har Kanarifugla gått på fire strake tap i sesongopninga. Sogndal er ubesigra heime, men med tre strake tap og 1-9 i målforskjell på bortebane så har også dei falt ned i botnstriden.
Eit skikkelig botnoppgjer har vi framfor oss her i dag. Heimelaget Sogndal har sanka saman 4 poeng så langt i år og ligg på 14.plass, mens Lillestrøm har eitt poeng mindre og ligg på 15.plass. Med andre ord så vil ein eventuell tapar i dag stå med beina godt planta i gjørma.
Då vil vi få ynskje velkomne til Fosshaugane Campus og den 6.serierunden i Eliteserien.