Referat
Kun høydepunkter
Oppsummering
Det blir ein komfortabel bortesiger i Sogndal! Lillestrøm tek leiinga tidleg i kampen, men Sogndal kjempar seg tilbake. Dei får ei utlikning, og skapar fleire sjansar etter det. Då det står 1-1 til pause, er denne kampen veldig open. Men etter pause blir det stygt. LSK går rett i angrep, og scorar frå avspark, og stoppar ikkje etter det. Ranger set inn 3-1 før det er spelt 50 minutt, og då er mykje avgjort. Når Drammeh set inn 1-4, er sigeren i praksis sikra for LSK. Karlsbakk får seg eit nytt mål rett før slutt, og det gjer at resultatet blir heile 1-5 etter ein strålande omgang frå Lillestrøm etter pause. Etter sigeren mot Sogndal, er det berre Hødd som manglar før LSK har slått alle laga i OBOS-ligaen i år!
Kamp slutt Slutt (1-5)
90+2'
Der kunne det blitt hattrick! Karlsbakk får ballen inne i boksen, og bankar den over målet frå ti meter. Han blir frustert når han ser at hattricket kunne blitt sikra dersom han var meir roleg der.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
87'
Sogndal får frispark ute til høgre. Posisjon for innlegg.
86'
Bra spel frå Sogndal når dei slår inn til Pedersen. Headinga er veldig upresis, og ballen går ut til utspark. Dette er Sogndal sin beste moglegheit etter pause.
82'
Det skjer noko med ankelen til Kitolano etter ei litt skeiv landing. Det ser ut som at det skal gå fint med han.
79'
Jendal må dra fram ei god redning etter eit forsøk frå Kitolano. Klarar å slå ballen ut til corner.
77'
Va prøver å slå inn mot Diop, men Jendal les det innlegget, og fangar ballen.
73'
Skaanes med ei hard avslutning frå 16 meter. Går utanfor. Det var fleire spelarar i boksen, men han vurderte det til at å avslutte sjølv var det beste.
72'
Sogndal har fått seg ein liten energiboost etter endringane, men slit med å skape store sjansar. Pedersen får ei heading mot målet, men det blir ei enkel redning for Hedenstad.
64'
LSK kjem seg inn i boksen til Sogndal, men heimelaget kjempar desperat, og klarar å slå vekk ballen etter kvart einaste innlegg i den sekvensen.
62'
Nesten for Karlsbakk! Han får ballen i boksen, og avsluttar like utanfor stolpen. Det blir corner sidan den traff ein motspelar på vegen.
61'
LSK kontrollerer kampen, og Sogndal slit med å få fleire enn 2-3 pasningar når dei vinn ballen.
57'
Lehne Olsen skaffar ein corner for bortelaget etter litt rot frå Per-Egil Flo i boksen.
55'
Paintsil forsøker seg inni boksen! Avslutninga er hard, men går langt over målet. Han gjer ein god jobb med å kome seg fram til den posisjonen.
54'
LSK har løfta seg enormt etter pause, og Sogndal ser ut som eit botnlag, som ikkje veit korleis dei skal handtere ballen. LSK trillar ballen mykje fortare, og då henger ikkje Sogndal med.
52'
Corner til bortelaget.
49'
LSK dominerer fullstendig etter pause! Sogndal heng ikkje med, og Drammeh kan spasere upressa heilt fram til boksen til Sogndal. Der kan han finne ein umarkert Ranger, som bankar til, og sender ballen opp i hjørnet i målet. Då har LSK plutseleg fått ei ganske trygg leiing etter å ha slitt i store delar av kampen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 1-1 til pause, og heimelaget har større grunn til å vere nøgde enn bortelaget. LSK tok leiinga tidleg, men klarte ikkje å ta kontroll over kampen etter det. Sogndal hadde fleire sjansar, og klarte å få seg ei utlikning. Kampen er framleis open, og begge laga ser at dette kan bli tre poeng til slutt.
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45'
Flo slår ei feilpasning rett til Lehne Olsen, men bortelaget klarar ikkje å utnytte den sjansen. Sogndal kjem tilbake med nok spelarar før det kan bli farleg.
45'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
45'
Gabrielsen er oppe att, og spelet kan halde fram. Ballen blir droppa til Sogndal.
43'
Bras forsøker seg frå distanse, og det blir corner.
42'
Vapne prøver å flikke ballen vidare til Pedersen inni boksen, men får ikkje nok kraft på den. Då tek LSK over ballen.
40'
Elkær prøver seg på eit innlegg, men denne gongen er det også upresist. Dei har Lillestrøm hatt litt for mange av i dag.
38'
Sjølstad spring over halve bana, og kjem seg inn i boksen til slutt. Avslutninga hans er ekstremt svak, og Hedenstad kan berre stå og vente på å plukke opp ballen. Dette var ein situasjon heimelaget kunne fått meir ut av.
35'
Hoff og Drammeh er ikkje einige i korleis pasningane skal bli slått akkurat no. LSK ser frustrerte ut.
33'
LSK prøver å kome seg inn i boksen ute til venstre, men det blir for vanskeleg. Jendal får tak i ballen til slutt.
31'
Flaten får ballen med mykje rom. Han prøver å avslutte med venstrefoten, men treff ein motspelar, og det blir corner. Brukbar sjanse.
29'
Bras skaffar ein corner for Sogndal.
28'
Bra spel av Sjølstad og Skaanes. Venstrebacken slår inn langs bakken, men Hedenstad er kjapt nede, og plukker opp ballen.
27'
Flaten prøver seg på det som kan ha vore ei avslutning. Den går i alle fall 10 meter over målet, og det blir ikkje farleg for Hedenstad.
26'
Dette er ein open kamp der begge laga ser at dei har store moglegheitar til å ta tre poeng!
24'
Ny corner til bortelaget.
20'
Gabrielsen er kynisk, og riv Hintsa i bakken når han rotar ballen vekk. Blir ikkje gult kort, og det reagerer fleire på.
18'
Elkær prøver seg på eit hardt innlegg, men det blir så hardt at ingen frå LSK står klare i boksen. Bortelaget har ikkje eit stort overtak i kampen sjølv om dei har leiinga.
14'
Flaten og Bras prøver å kombinere ute til høgre, men pasningane blir for upresise. Bras slår ein ball rett ut til utspark for Hedenstad.
12'
Corner til Sogndal etter bra spel. Bras prøver å finne Hintsa, men LSK får sparka ballen ut.
9'
Sogndal prøver seg på fleire innlegg, men dei vinn ikkje duellane i boksen, og dei blir stort sett heada vekk frå farleg sone.
7'
Sogndal var det einaste laget som LSK ikkje hadde scora på i år, men no er det ikkje lenger sånn.
7'
LSK kjem inn i boksen til Sogndal på nytt, men denne gongen får dei ikkje til ei god avslutning. Lehne Olsen står heilt åleine, men han treff ikkje ballen reint når han skal skyte.
4'
Granheim får ballen på halvspretten etter eit mislukka innleggsforsøk frå Flaten. Treffet til Granheim er ikkje reint, og ballen går langt utanfor målet.
2'
Begge laga får kjenne litt på ballen i innleiinga av kampen. Ingen av dei har klart å holde på den spesielt lenge.
1'
Pedersen tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
LSK-supporter Lukas Matheo Jensen blir også hylla med applaus i eitt minutt før kampstart. 15-åringen tapte kampen mot kreft for kort tid sidan.
Per-Egil Flo blir hedra før kamp etter å ha passert 150 spelte kampar for Sogndal.
Sogndal stiller med det same laget som spelte 1-1 mot Åsane før landslagspausa. Bortelaget gjer fleire endringar. Elkær er inne igjen på venstreback. Woxen er på benken, og Paintsil er inne frå start. Det vil seie at Kitolano går ned som indreløpar.
Magnus Koløy er hovuddommar i dag. Han har med seg Ivar Jahr og Martin Javier Solheim som assistentar. Mattias Gripsgård Sakstad skal vere fjerdedommar, og får oppgåva med å stå mellom Pimenta og Ødegaard dersom dei skulle bli ueinige om noko i kampen.
Skadesituasjonen til Sogndal har vore ganske god i det siste. Det er ikkje meldt om nokre store skadar, så eventuelle fråver vil kome som ei overrasking. For Lillestrøm sin del, kan det sjå ut som at Felix Va er på veg tilbake. Lehne Olsen har slitt litt på trening, men han skal vere klar til denne kampen. Yaw Paintsil er tilbake etter at han stod over kampen mot Skeid, men Linus Alperud er truleg ikkje med til Sogndal. Det er også stor usikkerheit rundt både Krygård og Åsen før denne kampen.
Både Sogndal og LSK har klart seg i mange kampar på rad utan å tape før denne kampen. Det har no blitt seks kampar på rad for Sogndal utan tap. Fem av dei har enda med tre poeng før det vart poengdeling borte mot Åsane rett før landslagspause. LSK har ikkje tapt ein einaste kamp i år, og har dermed 21 strake kampar utan tap i serien i år. I førre runde slo dei Skeid, som var eitt av laga dei spelte uavgjort mot i vår.
Med ni kampar att av sesongen, er det lite som tyder på at LSK ikkje har sikra opprykket. Dei ligg på ein soleklar førsteplass med 12 poeng ned til nummer to. Ned til Sogndal på 3. plass, er det heile 18 poeng, og det er mykje som skal gå gale dersom ikkje LSK skal sikre opprykket med dette utgangspunktet.
Sogndal er berre eitt av to lag som Lillestrøm ikkje har klart å slå i år. I vårsesongen har dei spelt uavgjort mot fem lag, og dei har klart å slå tre av dei laga i haust. Dei manglar Sogndal og Hødd, men viss det blir tre poeng i dei kampane, så har dei slått alle laga som speler i OBOS-ligaen i år.
Det har tidlegare blitt spelt tre kampar mellom Sogndal og Lillestrøm i denne divisjonen. Og ingen av kampane har enda med siger for heimelaget. I 2020 vart det bortesiger i begge kampane, og tidlegare i år vart det 0-0 på Åråsen. Om denne trenden skal følgast, så har Lillestrøm gode sjansar til å ta poeng i dag. Og med tanke på kva slags sesong LSK har hatt, så bør dei ha gode sjansar til å ta poeng i dag uansett kva tidlegare statistikk hadde sagt.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Lillestrøm i OBOS-ligaen!



