TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter

Oppsummering

LSK vinn 2-1 over Sogndal. Sogndal gjorde ein hederleg innsats her, men blir akkurat eitt nummer for små mot gjestene gjennom 90 minutt. Takk for følget!
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+4'
Sogndal-innkast høgt oppe i bana. Siste sjanse dette!
90+4'
Vi er på over-overtid.
90+3'
40 sekund att på mi klokke.
90+3'
Svendsen køyrer ei LSK-kontring aleine, men må til slutt gi opp. Slår støttepasning.
90+2'
Frispark
Blir rydda unna.
90+1'
Gult kort
Takling like utanfor sekstenmeteren.
90'
Spillerbytte
90'
Det er lagt til minimum fire minutt.
90'
Hjørnespark
Kort variant for å drøye tid.
89'
Det nærmar seg slutten, og det går mot kvartfinale for LSK-gutta.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Nok ein gong er Lehne Olsen og Åsen i snakk før hjørnesparket. Åsen slår inn, men keeper boksar ut.
85'
Sogndal slit med å skape sjansar no. Sluttspurten bør snart starte!
84'
T.A.Flo meir ivrig på sidelinja enn trenarkollega Geir Bakke.
84'
Steinset frå Florø er komen inn på midtbana for Sogndal. Kortarma og hanskar. Fin vri.
82'
LSK har ganske god kontroll no. Sogndal har ikkje klart å gjenskape det dei leverte siste halvdel av første omgang.
81'
Sogndal-keeper Renze er einaste med stilongs av dei 22 på bana.
80'
Innbytar Svendsen med nokre finter som ballhentarane kan lære mykje av. Men får frispark imot når dribleserien er over.
78'
Gult kort
78'
Gult kort
Overtenning frå Diaz? Gult kjeks etter eitt minutt på bana.
78'
Trippelbytte frå Flo. Det kan gi energien dei treng siste 15 minuttane.
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Hjørnespark
Lehne Olsen gir Åsen en beskjed før corneren blir tatt. Legg en plan no. Sogndal får avklart.
76'
LSK tar meir og meir over no.
74'
Twum småhaltar litt. Ser ut som han likevel vil halde fram.
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Mål!
1-2
Dette har vi sett før! Åsen rett på hovudet til Lehne Olsen! LSK er igjen i føringa i kampen! Får gå heilt umarkert opp i feltet der måltjuven.
70'
Hjørnespark
70'
Begge lag har mange spelarar i oppvarming. Kjem nok straks eit bytte.
69'
Hjørnespark
Blir avklart.
69'
Jonsson skyt frå 20 meter. Keeper må ut i full strekk for å redde skotet!
67'
Åsen slår inn i feltet, men der ryddar Gueye opp.
66'
Twum skyt frå 30 meter. Over!
66'
Framleis heilt open kamp dette.
65'
Ørjasæter leiker seg inne i feltet med et fint dribleraid. SKyt, men hamrar ballen like over.
63'
Frispark
Kort variant i eigne rekkjer.
62'
Hjørnespark
Sogndal får avklart. Ørjasæter snappar opp kula, og får innkast i neste trekk.
61'
Lehne Olsen har ikkje vore den trusselen ein kunne sjå for seg på førehand. Har fått til lite.
61'
Ørjasæter jobbar hardt i presset, og får applaus frå heimefansen.
60'
Offside
Grønner aleine gjennom, men på feil side av forsvarsrekkja.
59'
Frispark
58'
Frispark
Kort variant.
57'
Hjørnespark
Fram og tilbake i feltet, før Ibrahimaj får kula. Han skyt - men Fij er raskt nede og reddar.
57'
LSK har heva seg, og ser tendenser til at dei tek over banespelet.
56'
Knudsen tek med seg ballen framover og skyt frå over 20 meter. Rett på keeper!
56'
Lehne Olsen legg inn i feltet, og Åsen får sjansen. Skotet hans blir blokkert.
54'
Twum testar skotfoten frå 20 meter. Utanfor!
52'
Gult kort
Hindra igangsetting, og får det gule av Steen.
51'
Åsen med innlegg frå venstrekanten. Bak mål. Ikkje skikkeleg Åsen-kvalitet det.
49'
Grønner får en fin sjanse inne i sekstenmeteren, men klarar ikkje å utnytte det. Skotet blir for laust.
48'
Blir spennande å sjå korleis denne andre omgangen utviklar seg. Tore Andre Flo hadde nok en positiv prat, medan Geir Bakke sitt mannskap fekk nok høyre det litt, vil eg tru.
46'
LSK rett i angrep. Innlegg frå Ranger og Adams nikkar utanfor!
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga er tilbake på bana. Straks klart for avspark.
Heimepublikumet gir spelarane applaus etter dei første 45 minuttane. Det er fortent. For etter en skikkeleg kalddusj etter to minutt, jobba laget seg gradvis inn i kampen. Siste del av omgangen handla det faktisk mest om Sogndal, sjølv om vi ser at LSK også kan vere giftige. Open kamp her på Fosshaugane!
Slutt 1. omgang Pause (1-1)
45+1'
Bitande kaldt på Fosshaugane i dag. Blir godt for både skribent og publikum å trekkje inn i pausen.
45'
Det er lagt til minimum eitt minutt av første omgang.
42'
LSK tok grep om kampen første minuttane, men deretter har det blitt meir og meir Sogndal. Dei har fått trua på at dette er mogleg å vinne, og lar nok seg ikkje skremme veldig av det LSK har levert den første omgangen her.
38'
Jevn kamp på Fosshaugane no.
37'
Hjørnespark
Fij boksar unna.
34'
Var fullt fortent at Sogndal fekk scoringa si. Hadde fleire store sjansar rett før, og dei fekk verkeleg uttelling for trøkket dei hadde på gjestene.
31'
Mål!
1-1
Scoringa låg i lufta! Nysignerte Arrocha scorar i sin første offisielle kamp for Sogndal. Får gå aleine opp i feltet og nikkar inn 1-1 heile nede ved stolperota.
31'
Frispark til vertane, og Jonsson skal slå inn i feltet.
30'
No hadde Sogndal fortent ei scoring her.
30'
Hjørnespark
Gueye nikkar like utanfor!
29'
Ørjasæter testar skotfoten frå distanse. Keeper får fingertuppane på den. Corner!
28'
No har LSK-trenar Geir Bakke fått opp pulsen på sidelinja. Eller bør i alle fall fått det. Sogndal var nærme der.
27'
Hjørnespark
Nok ein stor sjanse! Denne gong ved Grønner som nikkar rett på keeper frå kort hald!
26'
Stor Sogndal-sjanse! Flott angrep, der Jonsson får ballen. Han tek den med seg framover, og prøver å curle ballen i det lengste hjørnet. Der ligg keeper langflat og slår til corner!
24'
Innlegg frå høgrekanten, og Lehne Olsen avsluttar med pannebrasken. Like over!
24'
Skal være divisjonsforskjell mellom laga, og vi har tidvis sett den. Men ikkje meir enn det bør være.
23'
Før var innkast ved hjørneflagget eitt av Sogndal sine viktigaste angrepsvåpen. Teniste vandra alltid opp på lange innkast. Den tida er over no.
22'
Hoven sikrar Sogndal eit innkast heilt oppe ved hjørneflagget. Tek det kort bakover på bana.
21'
Frispark frå Åsen, og Twum nikkar den vidare bakover i feltet mot eigen keeper. Der har Fij kontroll.
20'
Ibrahimaj skyt frå kanten av sekstenmetern. Like utanfor!
19'
Både Roseth og Adams hos LSK har altså tatt steget via Sogndal. Difor var det heller ingen særleg jubel å spore av desse på 0-1.
18'
Sogndal med mest ball akkurat no, men slit med å produsere målsjansar.
16'
Ikkje enkelt å spele seg gjennom LSK-forsvaret, som forsvarer seg med fem mann.
15'
Sogndal betre med no.
14'
Ibrahimaj vil ha frispark like utanfor sekstenmeteren, men får det ikkje. Trur Kanarifansen har meir rett enn Steen akkurat der.
12'
Fin Sogndal-sjanse! Slurv i LSK-forsvaret signert Ranger, og Jonsson får plutseleg ballen inne i feltet. Han prøver å finne Grønner, men pasningen blir brutt.
11'
Sogndal vinn eit frispark høgt oppe i bana. Får innkast i neste situasjon.
10'
Den legendariske livereporteren her på Fosshaugane, Stig Anders Hauge, spådde en tøff kamp for Sogndal i dag. Ser ut som han får rett i det.
9'
Ingimudarson må ned for telling. Steen bles av, for å sjekke korleis det går med islendingen. Heldigvis ser det ut som det går bra.
8'
Ørjasæter vinn ballen på midten, og prøver å slå gjennom Jonsson. Pasningen blir for lang.
7'
LSK trillar ball i eigne rekkjer no.
6'
Dagens dommar er Kai Erik Steen.
6'
Kanarifansen med bra trøkk så langt. Ingen pauser første fem minuttane.
5'
Twum får frispark på midten. Heimelaget kan få att pusten.
5'
Gjestene har opna klart best her.
3'
Akor lot jubelen ligge mot gamleklubben.
2'
Mål!
0-1
Akor scorar mot gamle lagkameratar! Ballen blir nikka vidare av Roseth, og Akor har ei ganske enkel oppgåve aleine med Fij. 0-1!
2'
Arrocha lager frispark etter 30 sekunder i sin første Sogndal-kamp frå start. LSK flyttar opp luftstyrke.
1'
Sogndal og Flataker tek avspark.
Avspark Start 1. omgang
Laga er på veg ut på bana. Straks avspark!
Glissent på tribunen i dag. Kanarifansen utgjer faktisk ganske stor prosentandel av dei frammøtte så langt.
Lillestrøm tek denne kampen på fullt alvor. Har flytta dei siste treningane sine utandørs på kunsgras, for å bli vand med kuldegradene som venter her. 4-5 minusgrader venter spelarane her.
Vinneren av dagens kamp møter Start/Tromsø søndag om ei veke.
LSK er store favorittar her, og om vertane skulle avansere vidare til kvartfinalen vil det være i nærheten av ei cupbombe.
Desse laga har hatt eit godt samarbeid når det gjeld spelarovergangar mellom klubbane. Igoh Ogbu tok veien frå Sogndal - Lillestrøm og videre til Slavia Praha. I fjor var Ulrik Mathisen på lån på Fosshaugane, men midtbaneteknikaren er nyleg blitt solgt vidare til Brann. Martin Roseth var ein viktig brikke i Sogndal-forsvaret, men også han tok turen til Åråsen. Isak Scheel kan vi også nemne, som var god i Sogndal for ti år sidan - men som aldri fekk det til i den gule trøya.
Begge lag har gjennomført en del treningskampar før sesongstart. Sogndal har generelt slått svakere motstand, men fått det tøffere mot sterkere lag på papiret. Gjestene imponerte i sin generalprøve og slo Haugesund 4-1.
Velkommen til livedekningen av oppgjøret mellom Sogndal - Lillestrøm i 2022-cupens fjerde runde.