TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det endar 1-1 på Fosshaugane, og det er ikkje fine ord som blir ropt ut mot spelarane frå tribuna etter kampslutt. Dette har vore den svakaste kampen Sogndal har spelt på heimebane i år. Levanger tok leiinga tidleg med Stakset etter ein kjempetabbe frå Eriksson. Dei første 20 minuttane dominerte bortelaget, men heimelaget tok meir over då det nærma seg pause. Etter 53 minutt kom utlikninga frå Hintsa, og då såg det ut som at Sogndal skulle klare å få med seg tre poeng. Dei hadde mange sjansar etter utlikninga, men rota mykje framfor målet. Morten Sætra vart den store spelaren i kampen i dag, og kom sigrande ut av dei fleste duellar med Sogndal sine angrepsspelarar. Levanger kan vere nøgde med eitt poeng i dag sjølv om det såg ut som at dei kunne få med seg alle tre tidleg i kampen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+3'
Frispark
Slår langt.
90+3'
Levanger vinn eit frispark langt inne på eiga banehalvdel. Det nærmar seg kampslutt.
90+2'
Frispark
90+2'
Gult kort
Stoppar ei kontring etter frisparket til Levanger.
90+1'
Frispark
Pereira skal slå langt inn mot boksen.
90'
Fire minutt, er overraskande lite tilleggstid med tanke på kor mange situasjonar det har vore i denne omgangen.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
90'
Frispark
Prøver å ta eit frispark kjapt. Slår det rett ut til innkast.
89'
Frispark
Alle spelarar er oppe på beina, og Sætra kan ta frisparket.
89'
Baidoo blir liggande etter duellen, og treng tilsyn.
88'
Flataker er rasande på dommaren etter at Levanger får eit frispark etter ein duell med Baidoo. Flataker har hatt fleire situasjonar der han ikkje har fått frispark i dag.
87'
No byrjar det å haste dersom me skal få sjå eit vinnarmål på Fosshaugane. Bortelaget vil vere nøgde med dette resultatet, men heimelaget vil nok bli skuffa.
86'
Frispark
Prøver først å slå rett i bakrom, men ballen står ikkje i ro. Forsøk nummer to er rolegare.
84'
Frispark
Skyt hardt, men går ein meter over målet. Brukbart forsøk.
83'
Gult kort
Går inn i ryggen på Bjeglerud. Klart frispark og gult kort.
82'
Frispark
Slår langt ut til venstre.
82'
Spillerbytte
82'
Sogndal er desperate etter eit vinnarmål no. Dei har hatt mange sjansar til å kome seg opp i leiinga.
81'
Frispark
Tek frisparket kjapt. Har dårleg tid.
80'
Hagbø får slått eit innlegg, men Sogndal vinn ballen.
79'
Offside
Får ballen frå Paulsen, men står i offside.
78'
Robertsen har vist seg fram dei første minutta. Speler bra ute til venstre.
77'
Jesper Robertsen får debuten sin.
77'
Spillerbytte
77'
Spillerbytte
76'
Ny god redning av Sætra etter ein sjanse frå Baidoo. Sogndal nærmar seg, men Sætra står imot.
74'
Sætra plukkar nok eit innlegg. Han dominerer boksen totalt når det kjem ballar inn mot han.
73'
Hjørnespark
Ballen blir heada vekk.
73'
Sjølstad slår inn mot Flataker. Ballen går ein halvmeter for langt bak spissen.
72'
Frispark
Keeperen slår langt.
72'
Denne kampen kan framleis gå begge vegar. Sogndal har flest sjansar, men ein såg før pause at LFK kan kome til sjansar om dei får rom.
70'
Bjeglerud prøver seg med venstrefoten frå distanse. Sklir av foten, og ballen landar på byggeplassen bak målet.
68'
Baidoo kjem seg gjennom åleine med Sætra. Keeperen gjer ein god jobb når han stoppar ballen frå å gå mellom beina hans. Eriksson var spelaren fekk ballen ut til Baidoo.
66'
Hjørnespark
Sogndal vinn ballen etter eit par forsøk på innlegg.
66'
Frispark
Paulsen headar ut til corner.
66'
Levanger kjem seg høgt opp i bana, men må slå tilbake til keeper når dei ikkje finn nokre moglegheiter mot målet.
63'
Hjørnespark
Svakt slått. Blir heada vekk på første stolpe.
62'
Spillerbytte
62'
Offside
Går i bakrom, men litt for tidleg.
61'
Hjørnespark
Ballen sprett fritt i feltet, og bortelaget slår vekk ballen.
61'
Baidoo skaffar endå ein corner. Har hatt mange blokkerte innlegg.
59'
Levanger speler fram til Stakset, men han har ikkje med seg nokre medspelarar i feltet.
58'
Baidoo slår inn mot Hintsa, men nok ein gong er Sætra nede, og plukkar ballen.
57'
Sogndal har skjerpa seg i pausen. Kom ut med ein heilt annan intensitet.
57'
Frispark
Slår tilbake til Pereira i forsvaret.
55'
Hjørnespark
Sætra plukkar ballen.
55'
Corner til Sogndal etter innlegg frå Baidoo.
53'
Mål!
1-1
Svensken slår tilbake etter ein dårleg omgang! Eriksson slår eit godt slått frispark, som Hintsa sender vidare inn i målet. Då er heimelaget tilbake i kampen!
Mål av Oliver Hintsa (1-1)
Målgivende av Felix Eriksson
53'
Frispark
53'
Eriksson vinn eit frispark langt ute til høgre.
49'
Hjørnespark
Sætra er høgst i boksen, og vinn ballen. Bojadzic blir liggande med smerter, men kjem seg fort opp igjen.
49'
Frispark
Tek det kjapt, og vinn ein corner.
49'
Frispark
48'
Hjørnespark
Offside på Flataker i boksen, men det blir fordel.
48'
Baidoo dreg seg framover i bana, og skaffar ein corner.
47'
Hintsa pressar Sætra, og får ballen ut til eit innkast. Brukbar start for spissen som sleit veldig mykje før pause.
46'
Etter tre forsøk, klarar LFK endeleg å ta avspark etter pause. Mykje rot før dei får starta.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-1 til pause etter ein kjempetabbe frå Eriksson. Målet til Stakset er det einaste av betydning som skjer før pause. Det har vore ein omgang der begge lag sleit med å kome til store sjansar. Heimelaget tok meir over kampen etter ein treig start.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Pereira headar rett på Jendal etter eit langt innkast.
44'
Fin ball frå Flaten mot Baidoo. Han slår inn til Flataker. Avslutninga er svak, og går rett på Sætra.
42'
Baidoo finn Flataker langt bak i boksen. Han headar inn mot Hintsa, men Sætre er oppe, og plukkar ballen.
40'
Frispark
Slår langt.
40'
Jendal får frispark etter ein duell i boksen.
39'
Sundnes får beskjed om å ikkje bruke så lang tid på innkasta sine.
37'
Ny avslutning frå Borgthorsson. Går ein meter på utsida av stolpen.
37'
No regnar det voldsomt i Sogndal.
36'
Flaten prøver seg på ein retur når ballen kjem sprettande mot han. Ballen sklir av foten hans, og ut til utspark for keeper. Sogndal har teke meir over kampen no.
35'
Kjempesjanse for Hintsa! Han kjem åleine med Sætre, men set ballen rett på keeperen. Der skal det stå 1-1.
32'
Frispark
Frispark på Sogndal sin banehalvdel. Hintsa slår ballen vekk.
32'
To halvsjansar for Sogndal i løpet av kort tid. Begge gongene var dei få centimeter frå å kome til ei avslutning.
29'
Hjørnespark
Flaten slår inn på nytt etter at corneren vart klarert. Høyland headar mot målet, men Sætra står på rett plass også denne gongen.
29'
Baidoo vinn endå ein corner for Sogndal.
28'
Hjørnespark
LFK får ballen vekk frå farleg posisjon.
28'
Baidoo skaffar ein corner.
27'
Sogndal vinn ballen høgt i bana. Borgthorsson finn Sjølstad ute til venstre, som fyrer av. Ballen går utanfor målet.
26'
Sjølstad prøver seg på eit innlegg, men det går alt for langt bak i feltet.
24'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
23'
Gult kort
Stygg takling på Baidoo frå Bjeglerud. Skal stoppe ei kontring, og sender Baidoo langt ut av bana.
23'
Frispark
23'
Det har ikkje blitt delt ut mykje skryt frå tribuna i løpet av dei første 22 minutta.
20'
Hardt innlegg langs bakken frå Sundnes. Ingen med grøn drakt står klare inne i boksen.
20'
Høyland prøver seg frå distanse. Sætra står på rett plass, og reddar den enkelt.
19'
Lang ball frå Paulsen mot Sjølstad. Den blir akkurat for høg for venstrebacken.
19'
Frispark
Held ballen i laget.
18'
Sogndal prøver stadig meir no. dei slit framleis med å finne opningane i forsvaret til bortelaget.
15'
Frispark
Frispark inne i eigen boks. Jendal slår langt.
14'
Levanger satsar på lange innkast kvar gong dei får sjansen. Nytt forsøk frå Sundnes no.
13'
Borgthorsson prøver seg frå distanse. Rett på Sætra.
12'
Hjørnespark
Kort variant. Saugestad får ballen tilbake, og sentrar til Bojadzic. Avslutninga hans går over målet.
12'
Ny feil frå Eriksson. Denne gongen blir det berre corner.
11'
Jendal slår langt mot Baidoo som kjem seg inn i boksen. Han finn Flaten som står klar til å avslutte, men han blir pressa hardt nok til at han må slå ballen tilbake.
9'
Levanger har hatt full kontroll i innleiinga av kampen, og heimelaget har omtrent ikkje vore borti ballen.
7'
Frispark
Langt inne på eiga banehalvdel. Sætra slår langt.
5'
Mål!
0-1
Eriksson rotar det til fullstendig! Han snublar over ballen når Stakset kjem i press. Spissen får ein enkel jobb med å legge ballen inn i eit ope mål. Forferdeleg start av heimelaget!
Mål av Herman Stang Stakset (0-1)
4'
Bortelaget har hatt ballen omtrent samanhengande sidan avspark.
4'
Nytt langt innkast. Sogndal får kontroll også denne gongen.
3'
Høyland headar vekk eit langt innkast frå Sundnes.
2'
Levanger kjem seg langt fram i bana, men må gi frå seg eit innkast til Sogndal.
Avspark Start 1. omgang
Dommar Stian Røvig Sletner er straks klar for innmarsj. Kristian Solvang Johannessen og Lasse Johannes Skogstad Patrikainen er hans assistentar i dag. Jakob Sande Søgnen er fjerdedommar.
Det blir to endringar på laget til Sogndal. Baidoo er inne igjen på laget, og dyttar Eriksson ned på høgreback. Olugbe går ut. Kristoffer Paulsen erstattar Per-Egil Flo. Bortelaget gjer også fleire endringar. Pollen kjem inn for suspenderte Hajdari. Bjeglerud kjem inn for Teigen på midtbana, og Stakset går inn på topp for Gunnes. Inkludert keeper, har Levanger berre fire spelarar på benken i dag.
Det er ikkje berre Sogndal som har mista ein nøkkelspelar i førre runde. Ermal Hajdari fekk sitt fjerde gule kort for sesongen, og må stå over denne kampen. Det vil seie at me kjem garantert til å sjå endringar når lagoppstillingane kjem cirka 75 minutt før kampstart!
Per-Egil Flo fekk seg ein skade mot Egersund i førre runde, så Sogndal har vore aktive i overgangsmarknaden denne veka. Jesper Robertsen kom inn på lån frå Tromsø for å ha betre dekning på høgreback. Kristoffer Paulsen vart henta inn på lån frå Viking for å erstatte Flo. I tillegg har også den unge lustringen Andreas Kalstad fått proffkontrakt.
Tidlegare i år vart det 0-0 då laga spelte mot kvarandre i ein kamp der det ikkje skjedde spesielt mykje. Ein må ganske mange år tilbake i tid for å finne tidlegare resultat mellom laga. I 2018 vann Sogndal begge kampane mot Levanger, og slo dei heile 5-1 på heimebane. I 2015 vann Levanger begge kampane mot Sogndal. Statistikken mellom laga er altså heilt lik etter fem kampar mot kvarandre. To sigrar til kvar, og ein uavgjort.
Etter ein god start på sesongen, har poengfangsten til Levanger roa seg litt ned. I førre runde vart det tap mot Bryne på heimebane, og i runda før dette, spelte dei 3-3 mot Kongsvinger. Poeng i dag, hadde vore viktig for å halde laga i nedrykksstriden bak seg på tabellen. Det er eit godt stykke opp til kvalifiseringsplassane, men det kan uansett bli ein brukbar sesong for nyopprykka Levanger som har vist seg å vere eit tøft lag å møte i år.
Haustsesongen har starta, og i Sogndal har det ofte vore synonymt med dårlege resultat. Slik har det ikkje vore så langt etter halvspelt sesong. Det har blitt tre poeng for Sogndal i både runde 16 og 17, og no har dei sjansen til å få tre sigrar på rad.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Levanger i OBOS-ligaen!