Referat
Kun høydepunkter
Kampen er over, og i starten var det to jamngode lag. Etter kvart fekk Sogndal verkeleg til kantspelet, og putta heile fem mål. Dagens mann er Sigurd Haugen, med sine tre mål. Det skal også nemnast at Kjetil Wæhler også puttar mål, imponerande av ein kar på 42. Kjemhus skal også nemnast, som hadde fleire målgjevande pasningar.Hausten blir spanande for Sogndal, som absolutt viser at dei ynskjer å spele på eit høgare nivå. For Levanger sin del, blir det ei tung heimreise, der dei må så absolutt byrje å plukke poeng skal dei framleis spele i denne divisjonen neste år.
Kamp slutt Slutt (5-1)
90+5'
Corneren blir klarert.
90+5'
Corneren blir klarert til ny corner.
90+4'
Jo Sondre Aas prøver eit skot for Levanger, men ballen går langt utanfor.
90+2'
Innkast Sogndal midt på Levanger si banehalvdel.
90+1'
4 minutt tilleggstid.
90'
Sogndal på nytt i angrep, der Fredriksen prøver eit skot, men keeper har grei kontroll.
88'
Sogndal får tak i ballen igjen, og Wæhler er gira på å putte to mål for dagen, men skotet går høgt over mål.
87'
Levanger får klarert corneren.
85'
1908 tilskoderar har tatt turen på kamp i saftbygda.
80'
Sogndal prøver på nytt frå kant, men Schulze rekk akkurat ikkje ballen frå Soltvedt.
78'
Levanger fekk eit lite håp med si redusering, men Sogndal svarar kjapt, og dermed står det 5-1 til heimelaget.
73'
Sogndal får klarert.
68'
Levanger prøver seg på eit forsøk, der Nissen heddar 2 meter over mål.
62'
Klabb og babb i feltet, der keeper misser ballen, og Sogndal puttar ballen i mål, men blir avblåst for offside.
61'
Frispark til Sogndal, blir nok eit innlegg frå Kjemhus.
60'
Martin Ove Roseth med eit skot for Levanger, kjem seg fri, og skyt frå 18 meter midt på Dyngeland.
59'
Sogndal med full kontroll på kampen, og dette kjem dei ikkje til å gi frå seg.
58'
Sigurd Haugen i stolpen for Sogndal! Igjen er det på kant Sogndal kjem, og igjen er det Kjemhus som finn Haugen, som set ballen i stolpen frå 4 meter. Keeper får tak i ballen, og det står framleis 3-0 til Sogndal over Levanger.
57'
Igjen er Sogndal i angrep, men er litt for upresise,slik at Levanger får klarert.
56'
Sogndal kontrar, men Levanger klarer å få ballen unna.
53'
Innlegg av Levanger, men Dyngeland viser godt feltarbeid, og plukkar ballen ned i duell med motspelar.
50'
Det her blir tungt for Levanger. Dette var vel ikkje slik Naustan på trenarbenken til Levanger hadde lagt opp kampplanen.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det pause, og i starten hang Levanger godt med her på Fosshaugane Campus. Etter kvart viste Sogndal at dei er farlege gjennom kantane sine, og dei to måla har kome frå kant. Dette skal bli tungt for Levanger, Sogndal er gode bakover, og ser ut til å ha kontroll.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
38'
Levanger kjem kontring, der dei er i overtal, men innlegget frå Lopez plukkar Dyngeland. Burde utnytta den overgangen betre.
34'
Haugen på ny med farleg hedding for Sogndal, ballen går i stolpen. Nesten 2-0 til Sogndal, og nesten to mål på Haugen.
33'
Wæhler trøkker til, ikkje redd for å få eller gi juling.
32'
Robert Stene tar frisparket, og den går over muren, Dyngeland står og ser på, og ballen går ein halv meter over mål.Godt forsøk frå Levanger og Stene.
31'
Frispark til Levanger i skummel posisjon.
27'
Kjemhus med fin stikkbal til Mandic, men innlegget frå Mandic er for upresist.
26'
Overtak til Sogndal akkurat no.
23'
Sogndal med særs mange trekk i laget, Latifu får lagt inn til Haugen, som stupheddar like utanfor, men blir avblåst for offside.
21'
Levanger er under press no, Sogndal inne i ein god periode.
20'
Sogndal nærme 1-0 med skotet til Dalen Jensen i tverrligger. Godt forsøk.
19'
Keeper plukkar den lett.
18'
Skot i tverlegger frå Sixten Dalen Jensen!
17'
Sogndal vil ikkje få 3 poeng gratis i dag, Levanger heng godt med.
16'
Levanger får klarert.
15'
Frispark til Sogndal, der det vil kome eit innlegg.
15'
Sogndal går rett i angrep, men Latifu er litt for upresis på høgrekanten, og innlegget går ut.
8'
Kjemhus med god sjangse for Sogndal, men skyt 3 meter utanfor. Burde fått meir ut av den. Godt spel av Sogndal.
6'
Levanger har vist mest her i starten på Fosshaugane Campus. Sogndal byggjer opp til angrep no.
1'
Kampen er i gong, Levanger startar med ballen. Levanger har motvind i 1. omgong.
Avspark Start 1. omgang
Det skal riktignok nemnast at det er litt vind i Sogndal i dag, og dersom Sogndal startar på den banehalvdelen dei varmar opp, så får dei medvind i 1. omgang.
Mjøndalen har sigra 1-0 over Strømmen i dag, og set dermed press på eit opprykksjagande Sogndal. Tett i toppen, og Sogndal bør kapre 3 poeng i dag. Samstundes er Levanger i desperat etter 3 poeng, ettersom dei ligg sist med sine 12 poeng.
Kjetil Wæhler, som har runda 42 år, er attende frå start i sogndalforsvaret i dag.
Hei og velkomen til kamp på Fosshaugane Campus! Det kan bli ein fin fotballkamp her i Sogndal, med 15 grader og overskya. Speleforholda kan ein i alle fall ikkje klage på, og laga er i gang med oppvarminga.I dag får heimepublikum eit nytt bekjentskap, med Nikita Baranov, tidlegare Kristiansund-spelar, som også spelar for det estlandske landslaget.Det er i dag to lag med ulike formkurve å vise til: Sogndal er i siget, og har ikkje tapt sidan 16. mai mot Åsane. Levanger har tapt dei tre siste kampane sine.