Referat
Kun høydepunkter
Levanger dødelege effektive med sine tre mål på fem skot. Sogndal har åtte skot på mål men dei var av varierane kvalitet. Skot totalt tel vi 17-11, men i dag var det kvalitet som låg langt framfor kvantitet.
Levanger tek sin fyrste siger nokon sinne på dette nivået. Ein glimrande laginnsats frå nordtrønderane her. Det vart og eit fantastisk gjensyn med Sogn for Ørjan Hopen. Han var utan tvil dagens sogndøl med sine to målgjevnade i fyrsteo mgang. Vi vil og trekkje fram Bendik Bye, men alt i alt var dette ein glimrande laginnsat frå Levanger som no klatrar opp på 10.plass på tabellen.
Kamp slutt Slutt (1-3)
90+3'
God sjanse for Levanger til å auke til fire, men Sarr stoppar Bye i siste sekund.
90+2'
Victor Grodås kåra til dagens sogndøl. Det er feil.
90+1'
Skot frå Sørmo. Fem meter utafor.
90+1'
Levanger med ballen no.
90+1'
Tre minutt tillegg.
89'
Sogndal med ball, men skapar lite.
86'
Lopez skyt via Flo, men Sukke er med på notane og reddar.
84'
Sogndal trykkjer på no, men samtidig er det store rom bakover. Levanger har store sjansar viss dei tek overgangane slik dei gjorde i stad.
83'
Bråten skyt utafor.
83'
Levanger kontrar.
79'
Grodås skyt via muren og inn i armane til Rygg.
79'
Frispark til Sogndal på 25 meter når Sørmo er for hardt i ryggen på Shroot.
78'
Ser trøtte ut levangerspelarane no. Klarar ikkje å ta overgangane som dei får. Men ikkje så mykje sprut i Sogndal heller så blir overraska om sogningane klarar å komme tilbake.
76'
Ulrik Flo skyt rett på Rygg frå 20 meter. Ufarleg.
75'
Sogndal no svært offansive og Levanger kan få store rom på sine overgangar.
72'
Otoo skyt via ein levangerspelar og Fredik Flo får ballen skrått 10 meter frå mål og skyt rett på Rygg som er fint nede og reddar.
71'
Sogndal sin beste spelar denne sesongen Vicotr Grodås har vore svært skuffande i dag og kanskje lagets dårlegaste. For Levanger har heile laget stråla, men vi kjem jo ikkje unna Hopen med to målgivande. Bendik Bye har og imponert underteikna.
68'
22 minutt igjen for Levanger til å ri unna presset.
68'
Otoo fører opp og slår inn i feltet. Der er son til Håvard ein skotupp unna sitt fyrste seriemål for klubben.
67'
Og med Ferdik Flo har vi fått ein raudruss som dei 5 andre raudrussane kan heie på.
66'
Lang ball frå Stokke mot Bye. Sukke kjem ut og får kalrert rett framfor Bye.
64'
Knallhardt i stolpen frå Shroot.
64'
Grodås og Shroot står klar.
63'
Er nok berre 17 meter.
63'
Stokke kjem rundt på kant og får slått inn, men der er Sukke på to meter god å ha for sogningane. Plukkar lett framfor Bråten.
62'
Strand skyt rett på Rygg.
61'
Hopen feller Otoo på 25 meter. Frispark til Sogndal.
60'
Surt for Levanger dette som no trudde spenningen i denne kampen var drept.
55'
Hardt slått innover av Strand, men Bråten stangar ut. Mulig det var eit skot der frå Strand.
54'
Frispark til Shroot og Sogndal heilt på kanten av 16 meteren.
54'
Nytt skot. Denne gong utafor frå Lopez.
53'
God sjanse for Levanger. Sandmæl får ballen i boksen, vender vekk Grodås og skyt. Utvik blokkerar ballen som sannsynlegvis hadde gått inn.
52'
Strand slår, men med for mykje luft og Rygg plukkar lett.
52'
Grodås vinn eit frispark på kanten ca. 25 meter frå Ola Rygg sitt mål.
51'
Shroot skyt to meter utafor frå 20 meter.
50'
Levanger må passe seg så dei ikkje blir for baktunge no. Ligg veldig djupt inne på eigen banehalvdel.
50'
Grodås får til eit hardt og godt innlegg, men Otoo er i offside.
49'
Sogndal med eit visst trykk, men det blir mest balltrilling inne på Levanger sin banehalvdel. Klarar ikkje å trykkje Levanger inne i boksen.
47'
Sogndal treng nok eit tidleg mål om dei skal kunna drøyma om tre poeng i denne kampen.
46'
Ingen byter på dei to laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Dette er fyrste gong desse to laga møtes. Levanger FK vart etablert i 1996 og har sidan då aldri vore oppe på dei to øverste nivåa. Sogndal har sidan 1976 aldri vore nedafor dei dei to øverste nivå så dette er fyrste moglegheit for dei to å møtast. Ser ut som Levanger sannsynlegvis trekke det lengste strået i dette fyrste møtet, men vi har framleis 45 minutt igjen.
Fullt fortent leiing til Levanger som har vore solklart best, med ein Ørjan Hopen i storlag på gamle jaktmarker. Skotstatistikken viser 6-6, men Levanger har to skot på mål som har gått inn og Sogndal har ignen skot på mål.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45+1'
Det er lagt til eitt minutt i 1.omgang.
44'
Denne gongen går ballen i armane til Sukke.
44'
Frispark til Levanger frå samme posisjon osm for nokre minutt sida. Hopen skal igjen svinge ballen utover.
43'
Shroot med slapt skot to meter over. Gjenspeglar omgangen for Sogndal.
42'
Frispark til Sogndal på ca. 25 meter.
41'
Levanger får klarert sjølv om frisparket til Grodås er bra slått.
40'
Igjen glimrande slått av Hopen. Knallhard curl som går over Sukke, men Bråten er ikkje hissig nok og ballen går ut over sidelinja.
39'
Frispark til Levanger ute på kanten ca. 30 meter frå Sogndal sitt mål. Hopen med ballen.
38'
Flo med innlegg til Otoo som headar nokre centimeter utafor. Sogndal sin største sjanse i kampen så langt.
37'
Levanger kjem på overgang, men pasningen frå Bråten til Bye er upresis.
36'
Lang ball frå Sarr mot Otoo, men der har Nordberg full kontroll. Sogndal har lite å komme med no. Levanger med full kontroll.
34'
No ligg Ligg Levanger godt inne på eigen banehalvdel og stinne av sjølvtillit har dei full kontroll på Sogndal sine angrep. Solid forestilling så langt av nordtrønderane.
32'
Hopen på ny med silkepasning inn til Stokke som er umarkert på fem meter. Dett då han skal skyte og levangersupporterane bak mål meiner det skal være straffe, men det hadde nok vore hardt idømt.
31'
Ein liten trøst for sognignane på tribuna får være at den einaste sogndølene på bana har vore kampens store spelar med to assist.
29'
Tidlegare sogndalspelar Hopen arkitekt bak begge måla til Levanger.
26'
Sarr skyt langt utafor, men før det var det gode tendensar i Sogndal sitt angrepsspelet. Heilt klart at Sogndal har tatt over kampen meir no. Viktig for Levanger no å ikkje falle for langt ned på eigen banehalvdel i denne fasen i kampen.
25'
Folk rundt meg meiner Opseth heldt seg til låret så det var nok ein skade og ikkje ein reaksjon frå Bakke på den svake starten til Sogndal.
24'
Ingenting ut av frisparket til Sogndal.
23'
Norberg riv ned Otoo og Sogndal får frispark på ca 30 meter.
21'
Utvik med fantastisk ball til Strand som dreg seg inn og skyt via Flakk til corner.
20'
Levanger sine spelarar er oppe i sogningane i kvar duell. Glimrande fyrste 20 minutt av det nyopprykka laget.
19'
Dagens fyrste applaus frå heimepublikummet då det vert rapportert om utlikning i Bergen.
18'
Ingenting ut av kastet.
18'
Strand kjem rundt kant, men Hopen stoppar innlegget og måkar ballen ut til kast for heimelaget.
17'
Ligg djupt no Levanger. Har flytta det høge presset sitt ned på midtbana.
16'
Bakke sender tre mann i oppvarming. Kan være eining i denne avgjersla, for Levanger er klart best på Fosshaugane.
14'
Hopen stjel ballen lett frå Bolseth inne på Sogndal sin banehalvdel. Dessverre for trønderane finn dei ikkje ein vidare veg gjennom Sogndal sitt forsvar og Utvik får klarert.
13'
Levanger held fram å styra kampen. Trykkjer no Sogndal tilbake til sin eigen 16-meter.
12'
Fem bortesupporterar har fått akkurat den opninga på kampen som dei ynskja. Fem er også det antal raudruss som har tatt turen til Fosshaugane her i skulebygda Sogndal. Heldigvis har ein del svartruss også tatt turen og lagar litt stemning i lag med Saftkokarane.
10'
Innlegg frå Grodås som Otoo headar over. Dommaren meiner ballen har vore innom ein levangerspelar og dømmer corner til store protestar frå trønderane.
9'
Innlegg frå Teniste som går rett i armane til ein trygg Ola Rygg.
6'
Otoo med fine finter på kant, men innlegget går rett i armane på Rygg.
5'
Tidlegare liveskribent Årdal er plass på Fosshaugane for å følgje dette oppgjeret. Han skal hjelpe underteikna med spelarbørs, og spelarane bør difor vere i dei beste hender gjennom desse 90 minuttane.
5'
Endar i utspel frå Rygg.
5'
Så etter fire minutt har Sogndal ballen inne på Levanger sin banehalvdel for fyrste gong i kampen og vinn eit innkast.
4'
God sjanse for Levanger. Stokke vippar gjennom Bråten som skyt like utafor på halvspretten frå berre fem meter.
3'
Levanger har sett eit lite trykk på heimelaget her i starten. Sogndal har endå ikkje vore over midtstreken.
3'
Heimepublikum bit negler kvar gong Hopen slår corner.
1'
Lopez med lang ball opp, men Utvik stangar unna.
Avspark Start 1. omgang
Levanger skal starte med ballen.
Ti minutt til kampstart. Laga har rusla i garderoben og vi er straks klar for den 5.runder i årets 1.divisjon.
Levanger kunne trengt ein Opseth i stormform då dei så langt i sesongen berre har klart å putte to ballar i nettet. Det gjorde dei dog på bortebane så vi får sjå om nordtrøndarane på ny klarar å scora på framand kunstrgras.
Sogndal sin lokale spiss Kristian Fardal Opseth er 'on fire' for tida og har putta tre mål på dei to siste kampane. Sist heimekamp var han heller ikkje snauare enn at han scora frå over 50 meter.
Ørjan Hopen er og tilbake på gamle jaktmarker. Talentet med venstreslegga er no blitt stor gut og fylte heile 23 år i går. Då kontrakten med Sogndal gjekk ut i fjor, sette han nasa mot Trøndelag. Så får vi sjå om han og gutta frå Levanger kan gje sogndølen ei god bursdagsfeiring på etterskot.
Sogndal gjer ein del byter frå kampen mot Nest-Sotra. Psyché går ut og inn kjem Grodås slik at Sogndal no speler med sin anntatte beste firar bak. Inn kjem og Ulrik Flo og ut går Lars Christian Kjemhus.
Då skulle laga være klare og vi ser at Levanger stiller heilt uforandra frå uavgjortkampen mot Sandnes-Ulf.
Då har vi fått lagene og om fem minutt skal vi ha fått lagt det inn og er klare til å presentere dei for dykk. Hang on!
Vi har ikkje lukkast å få tak i troppen som Levanger tek med seg til Sogn, men det vi allefall veit er at det berre er Daniel Stensland som er meldt udisponibel til dagens kamp. Trønderane og trenar Andreas Holmberg stiller difor omtrent med sitt sterkaste mannskap.
Sogndal har slite med ein del skadar så langt i sesongen, men no ser det ut som dei fleste er komne tilbake. Høgreback Skaasheim er framleis ute, men utanom han ser det bra ut for Eirik Bakke som har tatt ut denne troppen til kveldens kamp: Kristian Rutlin, Christian Sukke, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Victor Grodås, Hannu Patronen, Christophe Psyché, Rune Bolli Bolseth, Petter Strand, Babacar Sarr, Lars Christian Kjemhus, Simen Brekkhus, Jim Johansen, Fredrik Flo, Robin Shroot, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo, Ulrik Flo.
Levanger har fått ein tung start på sin fyrste sesong i 1.divisjon og står berre med to poeng og ligg så langt nede som ein 15.plass på tabellen. Men to sterke uavgjortresultat mot henholdsvis Fredrikstad og Sandes-Ulf gjer at optimismen framleis rådar i Nord-Trøndelag.
Sogndal har starta årets sesong veldig bra med 3-1-0 og 10 poeng. Godt over forventa for sogningane, men alt utanom tre poeng mot nyopprykka Levanger i dag vil nok væra ein skuffelse.
Prestisjeduell her då Sogn og Fjordane sitt beste fotballag møter Nord-Trøndelag sine beste menn til dyst.
Då vil vi få ynskja velkomen til den 5.serierunde i årets 1.divisjon. Dagens kamp på Fosshaugane Campus går mellom heimelaget Sogndal og nyopprykka Levanger.