TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Kristiansund tek tre sterke poeng på bortebane mot Sogndal! Det var ei solid gjennomføring av bortelaget i første omgang. Ulvestad stanga inn det første målet på ein dødball, og Gjertsen fiksa 0-2 seinare i omgangen. I andre omgang skulle heimelaget heve seg litt. Dei får først ei redusering frå Ørjasæter, men Willumsson ser ut til å drepe kampen når han set inn 1-3 på eit straffespark. Like etter reduserte Hoven, og det var ny spenning i kampen. På overtid sikra Rakneberg dei tre poenga, og det endar 2-4. KBK går altså forbi Sogndal på tabellen, og klatrar opp til femteplass.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (2-4)
90+6'
Frispark
Prøver å sette i gang kjapt.
90+6'
Hjørnespark
Gueye er på bakerste stolpe, men får eit dårleg treff.
90+5'
Hjørnespark
Mbaye slår ut til ny corner.
90+4'
Mål!
2-4
Rakneberg sikrar tre poeng for KBK! Dei vinn ballen høgt, og Willumsson kjem åleine med keeper. Der er han sikker. Det kunne sjå ut som ein offside, men dommaren let den gå.
90+4'
Hoven slår inn mot mål, og den snik seg nesten bak Mbaye som må kaste seg ned.
90+3'
Frispark
Slår den kort.
90'
Ingimundarson dukkar opp på bakerste stolpe, og headar mot mål. Mbaye reddar. Kunne vore 3-3.
90'
Det er lagt til 7 minutter overtid.
88'
Det har vore nokre kaotiske minuttar på Fosshaugane no. Har me fleire mål i kampen?
88'
Frispark
Fij fangar ballen.
88'
Spillerbytte
86'
Spillerbytte
86'
Mål!
2-3
Hoven reduserar! Ballen sprett inn i boksen etter ein corner, og landar hos Hoven til slutt. Han spring ballen inn i eit tomt mål.
85'
Mbaye slår ein ball ut til corner.
83'
Mål på straffe!
1-3
Willumsson sender ballen ned i hjørnet. Fij er etter den, men tek den ikkje.
82'
Straffe!
Straffe til KBK! Skaanes sender Bruseth i bakken etter ein corner. Billig, men det går an å blåse der.
81'
Hjørnespark
79'
Spillerbytte
79'
Per-Egil Flo sett seg ned. Han er nok ferdigspelt.
77'
Jonsson prøver ¨å avslutte, men ballen går ut til innkast. Svakt forsøk.
75'
Frispark
Slår langt.
75'
Det kjem ei båre utpå bana, men den treng dei ikkje. Mbaye er oppe att. Då har det heldigvis gått bra.
74'
Helsepersonell er på veg for å hjelpe Mbaye. Det ser ut som at han har fått seg ein kraftig smell.
72'
Gult kort
Nundal kastar seg inn i Mbaye som tek i mot eit innlegg. Keeperen blir liggande.
69'
Mål!
1-2
Ørjasæter reduserar for Sogndal! Hoven slår inn i boksen, og der kjem den unge kantspelaren i full fart. Han sender ballen hardt i mål. Er det eit håp for heimelaget no?
68'
Sivertsen stoppar ein lang ball mot Ørjasæter. Høgrekanten til KBK har vore god i dag.
65'
Broholm er ferdigspelt. Det skjer ting når han har ballen, men han har ikkje skapt dei store sjansane i dag.
64'
Spillerbytte
64'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
63'
Det ropast på straffe når Jonsson går i bakken, men dommaren er trygg på at spelet skal gå vidare. Ikkje store protestar etterpå.
60'
Jonsson prøver å lobbe ballen over Mbaye, men ballen går for høgt.
58'
Sogndal er på veg framover i full fart, men dommaren stoppar kontringa sidan Isaksen held seg til hovudet. Isaksen kjem seg kjapt opp att.
57'
Spillerbytte
57'
Spillerbytte
56'
Tore Andre Flo skal gjere endringar.
55'
Frispark
Ballen går tilbake til keeper.
55'
Det blussast bak målet til Mbaye, Publikum prøver å fyre opp heimelaget som har vore svake i kveld.
54'
Hjørnespark
Svak corner. Klarert.
54'
Ørjasæter dreg seg inn i bana, og avsluttar rett på Mbaye.
53'
Offside
Ein høg ball sprett til islendingen, men han står i offside.
52'
Sivertsen blir spelt gjennom av Gjertsen, og prøver å avslutte frå spiss vinkel. Den går på utsida.
51'
Alle trur at Borgthorsson har redusert når han er først på eit innlegg, men ballen snik seg på utsida.
49'
Hjørnespark
Renze Fij fangar ballen, men den har vore bak linja først.
48'
Willumsson får ballen i boksen, men avslutninga hans blir blokkert. Den hadde ei fin retning mot hjørnet.
48'
Willumsson får nesten ballen på ope mål, men Hoven spring framfor og skyt den vekk.
47'
Sogndal går rett i angrep, men klarar ikkje å kome til noko avslutning.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bortelaget leiar fortjent til pause. Sogndal i haust er noko heilt anna enn det laget ein såg i vår. Ulvestad stanga KBK i leiinga, og Gjertsen dobla den ei stund etterpå. Det går mot tre viktige bortepoeng for Kristiansund med mindre det skjer noko stort etter pausa.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
45'
Frispark
Slår ut til høgre.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
45'
Hjørnespark
Kjempesjanse for Ulvestad! Han headar hardt mot målet, men Fij står i vegen. Veldig nære 0-3!
44'
Frispark
Sentrar tilbake til Fij.
43'
Rakneberg slår mot bakerste stolpe, men der står det ingen.
42'
Frispark
Frispark nummer ti for bortelaget. Mbaye slår langt.
42'
Sivertsen prøver seg venstre slik som han gjorde for ei stund sidan. Same utfall. Langt utanfor.
40'
Frispark
Held ballen i laget.
38'
Mål!
0-2
Gjertsen doblar leiinga til bortelaget! Sivertsen slår inn, og Flo stoppar innlegget. Andreballen er Gjertsen først på, og han dunkar ballen i mål.
38'
Sivertsen prøver seg, men ballen går langt utanfor.
36'
Stor sjanse for Sogndal! Borgthorsson blir spelt gjennom åleine med keeper, men den første touchen hans er så svak at han ikkje får avslutta slik som han vil. Det der kunne blitt veldig farleg.
35'
Frispark
Slår langt.
34'
Flo vinn ballen frå Broholm som leikar seg framover i bana.
32'
Hjørnespark
Ballen blir klarert.
32'
Dette har vore ein uvanleg svak omgang av Sogndal på heimebane så langt.
31'
Offside
KBK prøver å spele seg inn i boksen, men det går litt for fort.
29'
Frispark
Sentrar tilbake til Olsen.
27'
Hjørnespark
Twum headar ballen vekk.
26'
Sivertsen prøver å finne ein lagkamerat i boksen, men Flo les den pasninga.
24'
Rakneberg vinn ballen, og prøver seg sjølv frå distanse. Bommar på ballen.
22'
Hjørnespark
Kort variant som mislukkast heilt. KBK vinn ballen.
22'
Sogndal speler seg inn i boksen, men bortelaget får klarert.
21'
Skaanes klarerar eit innlegg frå Gjertsen.
17'
Frispark
Sjølstad skyt ballen langt over målet.
17'
Sogndal får frispark i farleg posisjon.
15'
Mål!
0-1
Ulvestad sender bortelaget i leiinga! Sivertsen slår eit godt frispark som veteranen stangar inn. Det var mange rundt han, inkludert Fij, men Ulvestad var høgast.
15'
Frispark
14'
Nundal har den første avslutninga på mål i kampen. Mbaye har god kontroll.
13'
Heimelaget har laga mange frispark i starten av kampen.
13'
Frispark
Slår ballen til sin stopparkollega.
10'
Frispark
Frisparket går rett i muren.
10'
Twum mistar ballen i farleg posisjon, og lagar frispark.
9'
Sogndal slår eit par skumle innlegg, men ingen klarar å stå i enden av dei.
8'
Heimelaget prøver å slå langt mot Borgthorsson, men timinga er ikkje bra nok.
6'
Frispark
Sentrar til Flo.
5'
Hjørnespark
Flo er først på ballen, men headar utanfor.
5'
KBK klarerar ein ball ut til corner.
4'
Frispark
Vender spelet mot høgre.
4'
Sogndal pressar høgt, og bortelaget slår vekk ballen.
3'
KBK har hatt ballen mest i opninga medan Sogndal gjekk rett mot mål den gongen dei vann den.
2'
Frispark
Sentrar tilbake til forsvaret.
1'
Frispark
Held ballen i laget.
1'
KBK startar med ein lang ball som ender opp hos Fij.
Avspark Start 1. omgang
Det er mykje fyring på feltet til heimesupportarane!
Me nærmar oss kampstart på Fosshaugane Campus!
Sogndal gjer ein endring frå kampen mot Jerv. Oskar Borgthorsson kjem inn for Kristoffer Nessø. For KBK har Oskar Sivertsen og Snorre Strand Nilsen kome inn for Benjamin Stokke og Heine Bruseth.
I førre runde var Sogndal tilbake på vinnarsporet for første gong sidan 27. august. Dei reiste til Grimstad der resultatet vart 1-3 mot Jerv. Samtidig tapte Kristiansund 0-2 heime mot KFUM Oslo. KBK sin siste siger kom 28. august mot Moss. Det har altså vore ein tung haust for begge lag, og sjansen for opprykk blir stadig mindre, men ingenting er avgjort!
Tidlegare i år var det KBK som tok alle tre poenga då dei fekk besøk av Sogndal i ein kamp som enda 2-1. Rakneberg og Kartum scora for KBK medan Nessø scora for Sogndal. Det er faktisk den einaste sigeren KBK har mot Sogndal. På totalt fem kampar mot KBK, har Sogndal vunne to gonger, spelt uavgjort to gonger og tapt den siste.
Denne kampen skulle eigentleg spelast 9. august, men den vart utsett på grunn av ekstremvêret “Hans”. Det har altså ført til at desse laga har spelt ein kamp mindre enn dei andre laga i ligaen. Etter kampen har alle lag i OBOS-ligaen spelt 25 kampar. Både heime- og bortelaget hadde tru på opprykk denne sesongen, men akkurat no kan det bli vanskeleg å ende på ein av dei to øvste plassane. Sogndal ligg på femteplass med 38 poeng. Kristiansund ligg rett bak med 35 poeng.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Kristiansund i OBOS-ligaen!