Referat
Kun høydepunkter
Skotstatistikken vår gjennspeglar resultatet der Soggndal vinn denne 10-5 med 7-2 i avslutningar på mål. Stig Anders Hauge takkar for seg frå Fosshaugane CAmpus. No håpar eg du held fram kvelden i vårt livestudio med fleire kampar, deriblant det svært viktige vestlandsderbyet mellom Viking og Brann.
Der er det over på Fosshaugane. Sogndal tek tre utrulig viktige poeng mot eit KBK som var tamme i siste del av spelet. Sogningane går no opp i ryggen på 23 poeng og pustar Vålerenga i nakken. KBK blir med dette meir akterutseilt og med Tromsø sin siger er det berre eitt poeng ned til nedrykkstreken.
Kamp slutt Slutt (2-0)
90+3'
God sjanse for KBK der, men Dyngeland er nede og snappar balen framfor Mendy.
88'
Sogndal på kontring og vinn ein corner.
85'
2987 på dagens kamp.
85'
Det går ikkje så veldig fort med Magne Hoseth utpå her, men nokre fine vendingar kan han i allefall skilta med.
82'
Innlegg frå Coly, men rett i armane til Dyngeland.
80'
Hoseth er i duell med Ramsland og sistnemnte går i bakken med voldsome smertar ser det ut som. Er det ein alboge frå Hoseth? Vanskelig å sjå frå vår posisjon. Ramsland uansett oppe igjen no.
78'
No blir det vanskelig for KBK å få med seg noko frå Sogn.
78'
Etter scoringa ser det ut som Mcdermott og Mendy er i klinsj. vanskelig å sjå kvifor dei er ueinige, men medspelarar må gå mellom.
75'
Kjnsli bles frispark til KBK til heftige protstar både på bana og tribuna. Ombestemmer seg!
74'
Då får vi sjå om ringreven Hoseth kan berge eitt poeng for KBK. Uansett vil det jo være viktig for KBK at Sogndal ikkje tar tre poeng.
71'
Litt meir Sogndal dei siste minutta. Kanskje på tide med ein Hoseth her no Michelsen?
71'
Innlegg frå Koomson som går gjennom heile femmeteren. Minst fire sogndalspelarar som kunne fått foten på den.
69'
Frispark til KBK i eigen boks.
68'
Frisparket går via ein KBK-ar til corner.
68'
Bye slår inn og ballen går i handa på Baranov. Frispark. Spørs om Kjensli hadde blåst straffe hadde den vore innafor.
66'
Godt skot av Økland på ein overgang. Dyngeland må gje til corner.
65'
Heilt klart at laga veit at det står mykje på spel i dag. Litt smånervøst i det meste og begge lag tek ingen sjansar i det deffansive og klarerar ved første anledning.
63'
KBK frampå, men Greenidge får kasta seg inn å stoppe eit gjennomspel til Bamba.
57'
Bye blir spelt igjennom og frå skrå vinkel avsluttar han i korthjørna til Mcdermott som må gje til corner.
56'
Stokke skyt i muren.
55'
Rønningen og Stokke vil prøve seg. Coly står også ved ball og no kjem Økland og. Kven blir det?
55'
Frispark til KBK på 25 meter.
55'
KBK med litt meir trøkk no.
52'
Utvik stangar ballen til corner.
51'
KBK vinn eit frispark på kanten av sekstenmeteren.
51'
Sogndal best i gang i denne omgangne. Klarar å halde oppe eit visst tempo i angrepsspelet, men utan å skape nokre store sjansar.
48'
Vinn eit frispark på midten tilslutt Sogndal.
47'
KBK får klarert, men Sogndal held oppe trykket.
47'
Innkast til Sogndal høgt i bana. Teniste skal slenge ballen inn i feltet.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45+2'
Sogndal prøver å spele seg gjennom, men ballen går ut over kortlinja.
43'
KBK med ball, men slit framleis med å skape noko.
39'
Nwakali skyt langt over.
38'
Sogndal held oppe presset og får eit frispark på 20 meter.
33'
Nydelig gjennomspel til Teniste som går i bakrom og vippar ballen forbi Mcdermott, men assistenten står med flagget oppe. Vi har ikkje reprise, men den ser svært tvilsam ut. Såg ut som eit meget godt tima løp av Teniste.
31'
Slit med å komme til gode avslutningsmoglegheiter her KBK. Vinn ball og spelar seg fram mot Sogndal sin sekstenmeter, men så blir det lite derifrå og inn.
28'
Framleis veldig høgt tempo og då blir det fort ein god del feilpansingar eller rett og slett bom på pasningar når to lag på nedre halvdel møtes.
27'
Økland slår inn og Stokke avsluttar utafor.
26'
Frispark til KBK på 30 meter. Litt skrått så det blir nok eit innlegg.
24'
Litt vanskelig å sjå formasjonen til KBK, men ser ut som det er den sedvanlege 4-4-1-1 med Stokke osm hengande spiss bak Kalludra.
23'
God sjanse for Sogndal. Bye blir spelt gjennom og under press får han til ei avslutning som Mcdermott får ei hand på.
20'
Nwakali drar til frå 25 meter, men rett på Mcdermott.
18'
God sjanse for KBK. Innlegg frå kant og Bjerkås er høgast i feltet. Får derimot ikkje styrt headinga på mål.
10'
Offside på Bamba.
9'
Bye spelar fram Koomson som bør spele vidare til Birkelund, men vel å skyte frå 16 meter. Rett i blokka.
9'
Sogndal kontrar.
8'
Coly oppe igjen og skal kaste langt.
6'
Coly nede etter ein smell i hovudet.
4'
Mykje oppjaga tempo i starten. Ingen av laga klarar å etablere noko spela.
2'
God sjanse for KBK allereie etter eitt minutt! Økland driv framover og spelar gjennom Bamba. Sogndalforsvaret slit med kommunikasjonen og Bamba kjem åleine med Dyngeland. Heldigvis for sogningane når Utvik tilbake og får blokkert framfor KBK-spissen.
Avspark Start 1. omgang
Laga på veg ut på bana og vi er straks klare for 'sekspoengaren' frå Fosshaugane Campus.
Ein god del endringar på KBK også, men vi legg sjølvsagt merke til at Magne Hoseth er tilbake i Eliteserien og startar på benken i dag. Spanande! I tillegg har vi fått opplyst at dei vil spele i ein 3-4-3 formasjon, men det stiller vi oss undrande til og forventar nordmøringane i ein tradisjonell 4-4-2. Vi får sjå når kampen vert sparka i gang om knapt 15 minutt.
Laga er klare og vi ser at begge lag gjer ein god del endringar. Spesielt må vi jo nemne at Sogndal er uten Kjetil Wæhler i dag som er suspendert. Sogndal har endå ikkje tapt ein kamp mens Wæhler har vore på bana i år så ringreven blir nok sterkt sakna i dag.
Ein god del spelarlogistikk på desse laga dei siste vekene og vi får sjå kven Michelsen og Bakke stiller med i kveld. Mogleg vi får eit eliteseriegjensyn med Magne Hoseth. Alt dette kan vi gi deg svaret på når vi er tilbake med lagoppstillingane ca. ein time før kampstart. Vel møtt!
Desse laga har møtt kvarandre berre tre gonger. Alle desse oppgjera dei tre sisteåra. Kristiansund har aldri slått Sogndal då dei to oppgjera på Nordmøre har enda uavgjort 1-1, mens oppgjeret i Sogndal i 2015 enda 4-3 til heimelaget.
Ein utrulig viktig kamp dette i kveld. Sogndal har etter tre strake tap falt ned på 13. plass med 20 poeng. Kristiansund ligg på plassen under, det vil seie kvalikkplassen, med 19 poeng. Og med berre ti kmapar igjen av sesongen etter kveldens oppgjør kan vi vel ikkje anna enn å kalle dette ein skikkelig sekspoengar.
Hei og velkomne til den 20. runden i Eliteserien og dagens kamp mellom Sogndal og Kristiansund her frå Fosshaugane Campus.