Referat
Kun høydepunkter
Då takkar vi for føglgje her.
Det er klart for markering av seriemeisterskapet på Fosshaugane. Trass i at Brann kan ta det att om dei betrar målforskjellen med 17 mål i høve Sogndal, og tek seks poeng meir...
Nei var svaret på det. Sogndal tek tre poeng.
Kamp slutt Slutt (4-3)
90+3'
SKal det bli spennande likevel?
90+2'
No er heile Fosshaugane oppe ståande og klappar. Det er bra stemning på overtid, i det Sogndal ser ut til å bli seriemeister i OBOS-ligaaen. Knapt matematikken kan hindre det.
90+2'
Berg forsøker skotfoten, men Dyngeland reddar enkelt.
90+1'
Det er lagt til tre minutt på Fosshaugane.
90+1'
Nordlendingen Drage blir ropt opp som dagens sogning. Få som protesterer på det.
90'
Bortelaget virkar å ha gitt opp.
89'
Skjer lite på matta no. Mykje surr.
89'
Nytt firspark i mot bortelaget. Igjen virkar Sogndal ueinige.
88'
Det er 2339 tilskodarar på stadion i dag.
84'
Sogndal broderer seg gjennom høgresida til gjestane, og Bergum Skaasheim serverer til slutt Fardal Opseth. Men toppscoraren finn ikkje nettmaskene, og heading går over.
81'
Slik ståa er no er nemleg Brann klar for Tippeligaen.
81'
Det er ti minutt igjen av kampen, og no er det lite som tyder på at Kristiansund skal greie å hindre Brann i å kunne sprette sjampisen i kveld.
77'
Stor sjanse for Otoo, headar utanfor frå seks meter. Men dommaren bles for offside, så han misser nok ikkje nattesøvnen.
76'
Bortelaget prøvar på ein innøvd variant, men den funkar ikkje. Sogndal får klarert.
75'
Kristiansund får frispark om lag 20 meter frå mål. Sarr får beskjed frå dommaren.
73'
Kristiansund er nær å komme seg gjennom på høgrekanten, men endar med eit kast.
72'
Det bytet fører til at Kjemhus vert flytta over på venstrekanten, medan Holsæter tek den høgre.
71'
Sogndal kjem til eit par innlegg, utan å få noko ut av det. Derimot får Conny Månsson jubel, etter å ha sleiva på eit utspel.
69'
Otoo forsøker skotfoten frå langt hald. Men ballen går i ein fin bue over mål.
64'
Petter Strand forsøker eit skot, men frå 20 meter flyg den over mål.
63'
Kristiansund forsøker å kontre, men ballen endar hos Dyngeland i Sogndal-buret.
60'
Så vartar Månsson opp med ei kjemperedning. Eit hardt innlegg av Skaasheim blir styrt mot eige mål av Ulvestad, men Månsson viser at refleksane er på plass.
59'
Nytt langt kast frå Teniste. Gjestane slit med å få klarert, men får den unna til slutt.
55'
Petter Strand og ein Kristiansund-forsvarar går i bakken med eit smell.
53'
Dermed er Fardal Opseth opp på 15 ligamål, og får auka avstanden til Otoo igjen.
51'
Kristiansund kontrar etter at Psyche tapar ballen, men Bamba avsluttar utanfor.
50'
Denne gangen er det farlegare. Både Otoo og Fardal Opseth ropar på straffe etter det dei meinar er halding. Endar med at det blir klarert.
49'
Teniste kastar langt inn, men får sjansen igjen etter ei klarering.
46'
Ingen av laga har gjort byter til 2. omgang.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er begge laga på bana igjen, og det er klart for avspark. No er det Sogndal som set i gang.
Sogndal er i føringa 2-1 etter 45 minutt, og akkurat er no Brann også klar for Tippeligaen. Men det kan endre seg om Kristiansund får ei scoring.
Der er det pause på Fosshaugane. Etter ein underhaldande omgang.
Slutt 1. omgang Pause (2-1)
45'
Nytt frispark til Sogndal. Også denne gangen sender Fardal Opseth den over mål.
43'
Fardal Opseth prøvar skotfoten. Skotet går via muren og tvingar Månsson til å gjere ei god redning.
43'
Frispark til heimelaget frå 30 meter. Strand og Opseth står der.
42'
Men det tok av etter ein roleg periode. No pressar Sogndal på.
42'
Uvisst om Otoo var på ballen før den gjekk i mål, eller om det er eit sjølvmål.
38'
Petter Strand forsøker å kopierer, men skotet blir blokkert til corner.
36'
Men førebels ser det ikkje ut til at det var det som skulle til for å vekke bortelaget. Coly spelar ballen upressa ut av bana.
35'
No er det roleg på Fosshaugane Campus. Så stille var det att speaker tydelegvis måtte til å teste lydanlegget. Det bråka.
34'
Sogndal får firspark på eigen halvdel. Skaasheim vert lagt i bakken. Blir slått inn til Månsson.
32'
Babacar Sarr tek for seg i luftrommet, vinn ballen, men får frispark imot.
29'
Så finn dei neste opningen. Kjemhus og Fardal Opseth småspelar, og Kjemhus kjem nesten igjennom. Blir til slutt pakka inn av Kristiansund-forsvaret.
29'
Sogndal trilar ball no. Tek få sjansar, men skapar også lite.
26'
Sivertsen kjem til eit innlegg på venstrekanten, men unge Dyngeland er ute og fangar ballen i klypa.
24'
Etter ei frisk opning på Campus, har tempoet blitt lågare no.
22'
Kalludra jagar ein ball, men Pshyche har kontroll og skjermar ut.
20'
Fardal Opseth forsøkar eit skot, men det går høgt over mål. Ufarleg.
20'
Sogndal vinn frispark 30 meter frå mål. Er det duka for Opseth?!
19'
Kristiansund forsøker å tre seg rundt på kanten, men Bamba slår ballen vekk. Sogndal sin overgang gir heller ikkje grunn til å gjespe etter luft. Fardal Opseth mister ballen.
16'
No er det heimelaget som ser farlegast ut. Skaasheim får to sjansar til å svinge inn eit innlegg, men begge gangane bommar han på lagkameratane, og Kristiansund vinn ballen.
15'
Der bles dommar Kai Erik Steen kampens første frispark. Det er det Sogndal som får, like utanfor eigen 16-meter.
13'
Bakke er ute på linja og kjem med beskjedar til spelarane.
13'
Stor sjanse til Sogndal! Petter Strand slår eit knallhardt, og millimeterpresist, innlegg som finn Fardal Opseth. Han headar rett på Månsson.
11'
Kristiansund kjem til ei avslutning etter eit innkast. Men Otoo er der og får blokkert skotet.
9'
Førebels har Sogndal lete gjestane ha ballen mykje, men det er lite rom på Sogndal sin halvdel. Heimelaget er kompakt.
6'
Kristiansund er farleg frampå. Torske forsøker ei avslutning, men skotet går utanfor mål.
5'
Sogndal forsøker seg på eit angrep på høgresida, men Otoo sitt innlegg enda i klypene på Månsson.
4'
Forøvrig skriv Firda i dag, at Kristiansund hadde litt trøbbel med logistikken på veg til Sogndal. Draktene dukka nemleg opp på flyplassen Førde, og måtte sendast med taxi(!) til Sogndal.
3'
Kristiansund forsøker ei kontring etter at Otoo si pasning mot Fardal Opseth har mislukkast. Endar med kast høgt i bana.
2'
Så kjem kampens første avslutning. Andreas Hopmark kjem til eit innlegg frå venstre. Blir heada utanfor.
1'
Kristiansund byrjar med å spele ball bak på bana, men får tilslutt eit kast på venstrekanten.
1'
Då har Kristiansund teke avspark.
Avspark Start 1. omgang
Det er ikkje veldig tett mellom personane på Campus denne onsdagskvelden.
Publikum på Fosshaugane Campus reiser seg når speaker presenterer laget som nyopprykka og dei kjem gåande inn på bana.
Og Næss Lund markerte seg førre gang laga møttast. Då utlikna han på overtid, og sikra Kristiansund poeng.
For Espen Næss Lund er dette eit gjensyn med Fosshaugane Campus, kor han før hadde heimebane.
Ifølgje Sogn Avis sin mann på Fosshaugane skal Brann-spelarane følgje kampen frå Brann stadion.
Sogndal har gjort tre endringar. Hannu Patronen og Victor Grodås er på benken, medan Rune Bolseth ikkje er med i troppen i dag.
Dermed er det nok nokre spente sjeler som følgjer spent med i Bergen. Sogndal kan nemleg sende erkerivalen opp igjen til Tippeligaen med siger i dag.
Men for Kristiansund betyr kampen alt i jakta på direkte opprykk. Om dei tapar dagens kamp kan dei vinke farvel til det.
For Sogndal har dagens kamp mindre å bety enn den kunne hatt, då dei sikra opprykket mot Hønefoss søndag.