TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Vi tel 18-6 i skot og av desse hadde heimelaget 11 på mål, mens bortelaget hadde 2. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer deg ein fin kveld enten om du føl oss her i liveportalen eller Varg frå godstolen. Den siste kampen har vi ikkje liveoppdateringar på desverre.
Sogndal vinn 4-1 i ein kamp dei hadde full kontroll i frå det 30. minutt og utover. Faktisk så var det då klasseforskjell på laga. Kongsvinger hang godt med i starten og fekk leiinga, men gav den vekk igjen kjapt etter eit horribelt forsøk på å spele seg ut av eigen banehalvdel. Det gjenspegla mykje av kampen også. Bortelaget kan ikkje spele slik mot lag som jaktar slik Sogndal etterkvart gjorde. Då vert det mange fleire stygge tap for Eriken sine gutar.
Kamp slutt Slutt (4-1)
90+4'
Soltvedt prøver seg frå 50 meter. Like over.
90+2'
Castro aleine gjennom, men blir avblåst for offside.
88'
KIL får lov å trille litt ball her no. Sogndal har senka tempoet.
85'
Lite som skjer her akkurat no.
82'
1719 på Haugadn i dag. Bør verte fleire neste gong viss Sogndal held fram som i dag.
81'
KIL med dagens andre skot på mål, men Castro sitt forsøk frå 18 meter går rett på Dyngeland. Faktisk den fyrste avslutninga til KIL i denne omgangen.
78'
Spillerbytte
78'
Hjørnespark
Flo stangar ut.
78'
Kjempesjanse for Sogndal. Innlegg til Schulze som berre skal trille ballen i mål, men sklir og set den utafor.
77'
Ikkje ofte at laget som leiar 4-1 har fire gule og dei som ligg under ingen. Men seier kanskje noko om trøkket i laga i dag.
76'
Spillerbytte
75'
Gult kort
Klypper ned Aanesland.
73'
Synonymt for dagens kamp dette for Kongsvinger. Over alle og ut til femmeter frå Øby.
73'
Frispark til KIL. Skal svingast inn.
71'
Spillerbytte
70'
Spillerbytte
70'
V må dessverre faktisk berre melde heim til hedmarken at det kun er eitt lag på bana her no. KIL er omtrent ikkje inne på Sogndal sin banehalvdel.
67'
Igjen fint spel av Sogndal og Mandic avsluttar rett på Thomas.
65'
Hjørnespark
KIL får klarert.
65'
Då ser det nok mørkt ut for KIL. Ser ikkje ut som dei har trua på sitt eige spel i det heile tatt og blir brutt gong på gong.
62'
Mål!
4-1
Soltvedt går for mål og det overraskar Thomas som må gje retur og der er den omskolerte midtstopparen og pirkar inn sitt andre for dagen.
62'
Spillerbytte
62'
Frispark til Sogndal på kanten av sekstenmeteren.
61'
Mandic får tilsnakk igjen. Lever farlig no vingen.
60'
Endar i frispark til Sogndal.
59'
Frispark til KIL.
59'
Gult kort
59'
Igjen bryt Sogndal sjølv om KIL kanskje skulle hatt eit frispark. Soltvedt legg fint over til Mandic som skyt rett på¨keeper.
57'
Sogndal stryrer alt utpå her no. KIL slit veldig, men får nokon overgangar som dei dessverre ikkje har klart å utnytte så godt.
55'
Hjørnespark
Sogndal ropar på straffe igjen etter Fredriksen går ned i ein duell. Nope! seier Hansen.
54'
Gult kort
54'
Mandic ropar på straffe igjen. Heilt idiotisk av vingen som også pådreg seg gult kort.
51'
Spillerbytte
51'
Sogndal bryt KIL sitt håplause forsøk på å spele seg ut. Fredriksen gir til Soltvedt som heilt upressa frå seks meter skyt rett på Thomas.
48'
Flott angrep igjen av Sogndal. Nydelig stikkar frå Birkelund til Soltvedt som åleine med keeper skyt rett på Thomas.
47'
Eit oppjaga fyrste minutt. Trur ballen skifta fem eller seks gonger mellom laga.
Start 2. omgang Start 2. omgang
KIL-spelarane allereie ute og gjer eit par strech-øvelsar med sin fysiske trenar. Spørs om det er det som skal til for å snu dette.
KIL trudde dei hadde fått kampen der dei ville då dei tok leiinga 1-0 og Sogndal såg ekstremt desillusjonerte ut. Men etter at hedmarkingane absolutt skulle spele seg ut frå eigen halvdel kunne Sogndal bryte og dermed redusere. Etter dette tok heimelaget meir og meir over kampen og etter to gode angrep var plutselig stillinga 3-1. No vert det tungt for KIL å komme tilbake her, men ingenting er umulig for raudtrøyene har til tider vist god angrepsfotball.
Slutt 1. omgang Pause (3-1)
45+2'
På ny ein situasjon der det ser ut som eit soleklart frispark til Sogndal, men Hansen bles ikkje. Ingen heimedommar i allefall denne Hansen.
45+1'
Eitt minutt tillegg.
45'
Mandic på veg gjennom og blir hekta. Ser ut som ein soleklar straffe, men så var det dette med å legge seg lett då Mandic. Kan heilt klart sjå at han er ute etter straffe der.
44'
Hjørnespark
Dyngeland ute og fangar.
43'
Hjørnespark
Ny corner.
43'
Kolstad, som er oppe igjen, er på veg gjennom blir takla av Birkelund og KIL vinn ein corner. Kunne blitt ein god sjanse der for KIL.
41'
Mål!
3-1
Sogndal har verkeleg fått hyll på byllen her. Og igjen kjem målet etter godt spel. Rullar fint opp på høgre og Schulze chippar ballen inn til Fredriksen som stangar ballen i mål.
39'
KIL vrir spelet glimrande og Pålerud gir til Kolstad som kjem i hundre. Han klinkar til som på målet, men bommar fullstendig og skadar seg samstundes. Ligg nede no den viktige midtbanespelaren til KIL.
36'
Mål!
2-1
Så sitt den for Sogndal og det kjem faktisk etter godt spel. Fine kombinasjonar av Jensen og Soltvedt. Sistnemnte skyt og Thomas må gi ein retur som Schulze dunkar i mål frå fire meter.
33'
Hjørnespark
Greenidge er høgast i feltet, men stangar ballen ein liten meter over.
31'
Stillingskrig her no. Mest spel mellom sekstenmetrane.
29'
Igjen er KIL håplause i bakre rekker. Blir redda av ein total fei lavgjørelse av dommar Hansen som gjev dei frispark.
28'
Castro på veg gjennom og blir hekta av Totland. Dommaren bles, men for offside. Der hadde nok spissen allereie gjort seg klar for å ta straffespark. Er svært marginal den offsiden trur eg.
26'
Utrulig ivrige etter å spele seg ut KIL. Må seie at det verkar litt hovudlaust nokon gonger og det var jo også slik målet til Sogndal kom.
25'
Men det skal seie at den har vore prega av svært mange individuelle og taktiske feil frå begge lag. Dette har derimot ført til ein del sjansar slik at pulsen på dei frammøtte iallefall har auka litt.
24'
Vind og regn har bytta ut våridyllen i Sogn. Kampen derimot har vore relativt morosam sålangt.
24'
Ingen frispark forresten og godt var det.
23'
Mandic i bakken etter duell med Røer. Legg seg ufattelig lett der vingen. Ganske pinlig å sjå på.
22'
Lang polar i bakrommet som Soltvedt nesten når. Berre Røer sitt panneband som reddar KIL der.
21'
VIktig den for Sogndal og ditto surt for KIL. Ser på reprisen her at overganen kjem etter at dei prøver å spele seg ut bakfrå.
17'
Mål!
1-1
KIL gjer ein deffansiv blunder og Sogndal kjem fire mot to. Held på å rote det vekk, men ein lekker pasning frå Mandic gjer at Soltvedt enkelt kan sette ballen i mål frå fem meter.
17'
Sogndal prøver å sette trykk på KIL, men strukturen i det offansive spelet eksisterar ikkje.
14'
Hjørnespark
Skjellum stussar ballen ut til kast.
13'
Mål!
0-1
Castro drar seg forbi begge midtstopparane og legg ballen ut 45 grader. Der har tre menn i raudt sjansen til å sette ballen i mål og det er Jørgen Kolstad som dunkar ballen i mål.
11'
KIL forresten i ein 3-5-2 formasjon og ikkje 4-4-2 som i heimekampen mot Jerv.
10'
Hjørnespark
Klabb og babb i feltet før KIL til slutt får frispark.
9'
Kolstad med eit godt skot, men ein liten meter over. Bra trøkk i kula der midtbanespelaren.
9'
Lang ball på bakerste der Røer ikkje når opp.
8'
Frispark til KIL som skal svingast inn i feltet.
7'
Dei første minutta såg KIL bra, men no har Sogndal etablert eit greitt press på gutta i raudt.
6'
Så er det ein av hordalandingane, Sixten Jensen, som er frampå etter eit innlegg frå Latifu. Thomas på plass og hindrar scoring der. Godt spel av Sogndal
5'
Derimot finn vi seks spelarar frå Hordaland frå start. Att klubben viser ein så stor iver i fylkessamanslåinga som først skjer i 2020 må varme Erna
5'
Sogndal som tidlegare har omtala seg som «Fylkeslaget» stiller i dag utan ein spelar frå Sogn og Fjordane frå start. Dette er faktisk fyrste gong dette skjer i klubben, mens dei spelar på Noregs nest høgaste nivå.
5'
Så er det Soltvedt som testar skotfoten. Denne kula går også nokon meter utafor.
4'
Schulze smell til frå 20 meter, men inga reint treff og ballen går eitt par meter utafor.
2'
Fin sjanse for KIL. Øby chippar ballen inn i feltet og Castro får nesten avslutta.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal med avspark i denne fyrste omgangen.
Eit glissent Fosshaugane tek i mot laga som no er på veg inn på bana.
Ein flott vårdag i Sogndal i dag. 13-14 grader og sol, men akkurat no har det senka seg eit mørkt skydekke over oss. Håpar ikkje det er eit teikn på korleis dagens kamp vert.
Statistikken når desse laga møtes i Sogn talar til heimelagets fordel. På 14 møter har Sogndal vunne 12 og KIL berre 2. Målskilnad 30-14. Sist gong desse laga møttes, i 2009, tok derimot hedmarkingane ein sjeldan siger med 2-1 etter mål av Ørjan Berg Hansen og Andreas Storsveen Romøren. Dagens Strømmen-trenar Espen Olsen scora for Sogndal.
Då har vi laga klare faktisk ein time før avspark. Vi ser at Eriksen som forventa ikkje gjer nokon endringar. Bakke vel derimot ei interessant løyisng, med å benke alle spissane og går for den omskolerte midtstopparen Ulrik Fredriksen som midtspiss. Blir interssant å sjå om dette kan løyse måltørken for sogningane.
Kva lag Bakke og Eriksen stiller med får du vite om du kjem tilbake ca. 45 minutt før avspark. Då satsar vi på å være på plass med lagoppstillingar og anna info rundt kampen. Vel møtt!
Kongsvinger tok seg lett vidare med 4-0 mot Oppsal etter to scoringar av Adam Güven. Nemnte Güven er ikkje med i troppen til KIL i dag. Det er heller ikkje brasilianske Marlinho og det vert fort venta at Hans-Erik Eriksen stiller med same lag som slo Jerv sist då dei to sistnemnte sat på benken.
I cupen kom Sogndal seg vidare sjølv om det lenge såg mørkt ut borte mot Øystese. Det stod 1-0 til heimelaget fram til eit kvarter var igjen av kampen. Då fekk sogningane hyll på byllen og vann til slutt 4-1.
På plassen over ligg dagens heimelag. Etter fadesen mot Ranheim i fjor gav trenar Bakke klar beskjed at neste år kom desse laga til å byte plass igjen, men det er vel få ting som tyder på dette etter sesongstarten. Ikkje berre har Ranheim imponert i Eliteserien med morosam angrepsfotball, men Sogndal har vore langt under pari dei tre fyrste kampane. Vel og merka har laget endå ikkje tapt, men tre uavgjort og 1-1 i målskilnad er kanskje ikkje imponerande og viser kvar skoen trykkjer for sogningane. Dei scorar ikkje mål og skapar omtrent ingen sjansar. Dette må rettast på om dei skal slå Kongsvinger i dag.
Dagens kamp er mellom to lag som har skuffa ein del i starten av sesongen. Kongsvinger tok sine tre fyrste poeng sist helg så dei slo Jerv 2-0 etter mål av Niklas Castro. Dette førte laget opp på 11. plass på tabellen. Kanskje kan sigeren sist være starten på ein lengre opptur hedmarkingane.
Hei og velkomne til den 4.runden i 1.divisjon. I dag er det Kongsvingen som kjem på besøk til Fosshaugane Campus.