Referat
Kun høydepunkter
Då takkar me for fylgjet her på Fosshaugane Campus, og ynskjer alle saman velkomne tilbake!
Kampen er slutt og Sogndal vinn 2-1! Sogndal var best i fyrste omgang, men Kongsvinger heva seg volsomt til andre og fekk utligninga. Eit straffespark vart avgjerande i denne kampen, og Hoven blir altså matchvinnar. Sogndal stikk altså fortent av med sigeren, etter svært mange store sjansar.
Kamp slutt Slutt (2-1)
90+4'
Svakt slått.
90+4'
Frispark til Kongsvinger midt på Sogndal sin halvdel, og keeper Ahamada tek turen opp.
90+3'
Ahamada utfordrar skjebna fleire gongar her, men kjem ut med ballen der bake.
90+2'
Ogbu har vore god og vinn omtrent alt av duellar.
90+1'
Jensen gjer ein god job og vinn ballen til Kristoffer Hoven. Hoven slår til sin bror, og Andreas Hoven set Ahamada på prøve. Blir corner.
89'
Kongsvinger må flytte opp laget no.
85'
Hoven blir meia rett ned, men Sogndal får berre corner.
83'
Andreas Hoven kjem seg fri og Ahamada må fram med ei kvalifisert redning. Den er stor!
82'
Den går til utspark.
81'
Kongsvinger får frispark midt på Sogndal sin halvdel.
81'
God redning av Dyngeland etter skudd fra Nguemo.
80'
Langt innkast blir stussa av Antonijevic. Ballen havnar i beina til Hoven som skyt over.
75'
Guven dreg seg inn frå høgre og skyt mot lengste hjørnet, den stryk utanfor stolpen.
73'
Jensen har gått ut på høgre vingback, og Totland har teke plass til høgre i den bakre trearen.
70'
Røer ragar høgast etter eit frispark, men den har Dyngeland god kontroll på.
69'
Dyngeland med meget god inngrepen! Guven spring opp Totland og kjem åleine med Dyngeland, men han får akkurat ei hånd på ballen slik at Guven spelar den ut.
66'
Soltvedt kjem rundt og slår inn til Flo. Han er sterk og vinn corner.
65'
Kongsvinger har absolutt tatt grep i pausa, og ser ut som eit nytt lag.
61'
Kongsvinger har teke fullstendig over og vinn corner.
61'
Tungt for Sogndal ettersom dei har hatt så store sjansar.
56'
Stor sjanse for Sogndal! Nok ein gong frå koridor, Totland slår inn på Schulze som avsluttar rett på keeper.
55'
Marklund med ei susande takling etter at Kongsvinger mister ballen på veg framover. Fredriksen får seg ein liten smell.
53'
Kongsvinger har åpna betre i andre omgang. Klarar å etablere seg høgare i bana no.
51'
Jalasto ragar høgast, men headinga går like utanfor.
50'
Frispark til Kongsvinger høgt på Sogndal sin halvdel. Farleg innleggsposisjon dette.
50'
Endar i klypene til Ahamada.
49'
Langt innkast no.
49'
Soltvedt med nok eit farleg innlegg, men ingen er på bakre stolpe.
47'
Andreas Hoven nære på å kome åleine mked keeper, men fomlar ballen ut av spel.
46'
Schulze kjem til ei farleg heading med ein gong, men keeper har kontroll.
46'
Sogndal startar med ball.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Laga kjem ut frå garderoba i sognesola.
Der bles dommar av for pause! Sogndal har vore det klart beste laget her ute, og bør ha utnytta sjansane sine endå bedre. Kongsvinger slit med å demme opp for Sogndal sine kontringar, og spesielt i sidekoridor. Kongsvinger må fleire hakk opp om dei skal slå tilbake i andre omgang.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
45'
Totland legg inn, men Hoven står i offside når han headar ballen rett utanfor.
45'
Soltvedt tek frisparket, men det går gjennom heile feltet.
44'
Frispark til Sogndal i god innleggsposisjon no.
42'
Glitrande spel frå Sogndal som broderar seg inn i 16-meteren. Får ikkje avslutta og Kongsvinger får frispark til slutt.
39'
Jensen lurar Mafi trill rundt, men innlegget frå Schulze i etterkant er for dårleg.
38'
Sogndal er ekstremt dyktige på å dekke rom, og har vore det klart beste laget hittil.
37'
Slurv igjen frå Kongsvinger fører til ein kjempesjanse for Sogndal. Andreas Hoven får avslutte upressa frå rundt 11 meter, men blir for dårleg nok ein gong.
34'
Nok ein gong farleg når Soltvedt får ballen på venstrekant. Slår godt inn, men blir klarert til corner.
31'
Andreas Hoven prøvar å slå inn, men blir corner.
30'
Jensen kontrar etter corneren, men når han skal sleppe ballen åleine med keeper blir det for upresist.
28'
Kongsvinger prøver å flytte opp laget no, men slit med å skape noko.
26'
Sogndal er ekstremt dyktige på å utnytte sideromma som oppstår.
26'
Stolpetreff! Dyngeland dunkar ballen opp mot Jensen som slår inn til Soltvedt. Ballen går kontant i stolpen.
25'
Sogndal kombinerar fint og Soltvedt får eit hav av rom og springe i. Slår presist på Schulze, men touchet blir for dårleg i 16-meteren. Burde stått 2-0 der.
23'
Sotr sjanse for Kongsvinger. Blir spelt inn i 16-meteren med millimeterpresisjon, men endar med corner.
22'
Soltvedt har verkeleg fått i gang venstrefoten sin i dag.
17'
Kongsvinger startar bakfrå med risiko kvar gong. Lønnar seg nokre gongar, men kan bli straffa om dei fortsett å slurve.
16'
Soltvedt har starta friskt med sin meget gode venstrefot. Farleg kvar gong han kan slå inn.
15'
Tydeleg at Kongsvinger slit litt med vingbackane til Sogndal. Blir mykje sideforskyving i midtbaneleddet.
13'
Mannsverk sterk og vinn ballen på midten, Sogndal har starta best her.
11'
Kjempesjanse igjen frå Hoven. Tek ned ballen i 16-meteren men ballen sklir av foten. Der bør han treffe mål!
11'
Nysignerte Kristoffer Hoven har starta friskt.
10'
Sogndal gjennom. Kongsvinger slurvar og gir Hoven ein kjempesjanse, men skuddet går utanfor.
9'
Tydeleg at Sogndal vil utnytte vingbackane sine, og Soltvedt fortsett å slå gode innlegg. Blir corner.
8'
Kongsvinger spelar fin fotball og lykkast delvis, men Sogndal er farlege på kontringar.
7'
Nesten kjempebrølar av keeper, men reddar seg inn igjen. Sogndal har starta kampen med eit godt høgt press og stressar.
6'
Sogndal kontrar, men Kongsvinger er gode i returløpet. Godt innlegg frå Soltvedt endar med saftkokaradn etter at Hoven stig høgast.
5'
Kongsvinger rullar opp på kant før dei vrir spelet over. Vinn til slutt eit kast høgt på Sogndal sin halvdel.
4'
Farleg ball tilbake frå Fredriksen, men Ogbu ryddar opp med farta si.
4'
Mannsverk strør frå side til side, men det endar til slutt i utspel.
3'
Sogndal vinn duell høgt i bana, og Soltvedt blir spelt ut på venstre. Skuddet blir blokkert.
1'
Kampen er i gong, og Sogndal får frispark.
Avspark Start 1. omgang
Laga entrar bana og Kongsvinger-supportarane set i gong med svære flagg, medan på motsett side kan ein sjå at saftkokaradn ikkje har møtt opp mannsterke idag.
Sola skin godt over Campus her i Sogndal medan vi ventar på at laga skal entre bana.
Sogndal nyttar seg altså av begge Hovenbrødrene frå start i dag. Blir spennande å sjå dei to saman offensivt idag!
Sogndal har eit godt tak på dagens motstandar på Fosshaugane med 13 sigerar på 15 kampar. Men Kongsvinger tok knekken på Sogndal tidlegare i sesongen med ein solid 3-0 siger heime på Gjemselund stadion.
Dagens kamp er svært viktig for begge lag som ligg på henholdsvis 6. og 7.plass med 30 poeng. Dette betyr at vinnaren av dette oppgjeret vil kunne opparbeide seg ei luke i den viktige kvalikplassen om Eliteseriespel.
Hei, og velkomne til dagens dekking av kampen mellom Sogndal og Kongsvinger på Fosshaugane Campus!