TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Det blir poengdeling på Fosshaugane. Det såg lyst ut for Kongsvinger til pause då dei leia med eitt mål. Så skulle det verkeleg smelle i andreomgang. Sogndal snur kampen, og dei gav seg ikkje før dei hadde tre mål. Då ser det plutseleg lyst ut for heimelaget, men det skulle heller ikkje vare. Det tok berre litt over eitt minutt før Moberg satt inn reduseringa til 3-2. Fem minuttar seinare stod det 3-3 etter scoring frå Vinjor. Kongsvinger var nære på fleire gonger etter det, men Fij klarte å plukke dei siste sjansane i kampen. Då vart det altså eitt poeng til kvart lag i denne viktige toppkampen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-3)
90+3'
Frispark
Blir klarert av første mann.
90+2'
Gult kort
Sparkar ned Ørjasæter på veg framover.
90'
Offside
Truar bakrom, men går for tidleg.
90'
Holtan dreg seg over halve bana før han kjem seg inn i boksen. Han avsluttar utanfor.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
89'
Frispark
Tek frisparket fort.
87'
Spillerbytte
86'
Hjørnespark
Strömberg plukkar ballen.
85'
Frispark
Slår kort til Sjølstad.
85'
Spillerbytte
85'
Spillerbytte
84'
Hjørnespark
Van der Spa headar vekk.
83'
Vinjor får sjansen til å sende KIL tilbake i leiinga, men Fij reddar.
81'
Frispark
Slår tilbake til forsvaret.
81'
Offside
Det blir offside på eit innlegg frå Hellan.
79'
Hjørnespark
Haakenstad får ballen utanfor boksen. Me har sett han avslutta bra tidlegare i år, men denne gongen gjekk det ikkje like bra.
78'
Spillerbytte
78'
Mål!
3-3
Vinjor utliknar! Det kjem eit innlegg får venstre, og akkurat som på 0-1 står det ein ledig i boksen. Ballen snik seg inn bak Fij. For ei opphenting av KIL.
78'
Det har vore ein hektisk andreomgang. Får me eit mål eller to til før me avsluttar?
77'
Offside
75'
Hjørnespark
Heading frå Holme rett på Fij.
73'
Mål!
3-2
Reduseringa kjem med ein gong! Moberg kjem rett inn frå benken, og skapar liv i kampen. Dei siste 20 minutta blir spennande.
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
72'
Spillerbytte
71'
Mål!
3-1
Nok ein 2003-modell for scoring for Sogndal! Denne gongen er det Ørjasæter. Han får ballen inni boksen, og avsluttar hardt nede i hjørnet. No blir det tungt for bortelaget.
69'
Güven prøver seg frå venstre med innsida. Den går langt utanfor.
66'
Frispark
Frisparket går i muren. Borgthorsson sin retur blir blokkert.
65'
Gult kort
Holme feller Ørjasæter på veg framover. Den er soleklar.
63'
Frispark
Güven forsøker å avslutte, men han står feil veg. Bortefeltet ropte på straffe, men det hadde vore for billeg.
61'
Mål!
2-1
Islendingane gjer det for Sogndal! Oskar Borghtorsson scorar i heimedebuten, og Sogndal snur kampen. Jonsson har ballen ute til høgre, og finn Borgthorsson ute til venstre. Avslutninga går hardt ned i hjørnet.
61'
Det har vore ganske roleg på Fosshaugane fram til no, men no small det skikkeleg. Jubel, roping og kjefting på dommarane frå alle tribunane.
57'
Mål!
1-1
Nessø utliknar for Sogndal. KIL mistar ballen, og Ingimundarson er gjennom til venstre. Han finn Nessø på bakerste stolpe som kan skyte ballen inn i det opne målet. Då er me like langt på Fosshaugane!
56'
Hjørnespark
Sogndal får ballen langt bak i boksen. Jonsson slår ballen ut til utspark.
56'
Ei avslutning frå Borghtorsson går ut til corner.
54'
Frispark
Ballen blir slått inn i boksen, men den blir klarert før nokon får avslutta.
52'
Hjørnespark
Güven headar ballen vekk. Sogndal vinn den igjen, og slår rett inn til Strömberg.
51'
Ørjasæter prøver å curle ballen inn, men Krogh Gerson blokkerar.
48'
Frispark
Ørjasæter prøver seg, men ballen skrur seg vekk frå målet.
48'
Ørjasæter vinn eit frispark i farleg posisjon.
47'
Grodås mistar ballen, og Jonsson er åleine med keeper. Den skal sitje ti av ti gonger, men den går rett på Strömberg denne gongen. Livsfarleg balltap av Grodås.
46'
KIL prøver å gå rett i angrep frå avspark, men dei mistar ballen før det blir farleg.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Bortelaget leiar med eitt mål til pause. Det har ikkje vore mange store sjansar, men Grundt klarte å score på ein av dei. Utanom det har det vore ganske jamspelt, men heimelaget må snu dette viss dei har tenkt å henge med i opprykkskampen. Vegard Hansen er nok ganske nøgd med sine spelarar sjølv om det ikkje vart så alt for mange sjansar.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45+3'
Hjørnespark
Ballen sprett farleg i boksen. Fij får den til slutt.
45+3'
Bortelaget får ein corner rett før pause.
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Twum forsøker seg frå distanse. Ballen går langt over.
44'
Hjørnespark
Ballen går ut til utspark. Hoven går i bakken bak i feltet. Lenger framme i feltet går Grodås ned.
41'
Hansen bere laget sitt vere tolmodige med ballen. KIL trillar ballen mellom forsvaret og midtbana si no.
37'
Vinjor prøver å slå inn langs bakken, men Fij er nede, og plukkar ballen.
35'
Keeperen er oppe igjen, og spelet kan fortsette.
34'
Strömberg ligg nede. Dette er ikkje bra for bortelaget.
33'
Hjørnespark
Güven får ballen vekk.
33'
Hjørnespark
Ny corner.
33'
Frispark
Trillar ballen til sin stopparkollega.
31'
Frispark
Keeperen slår ballen langt.
30'
Offside
Ørjasæter er fri på kanten, men linjedommaren er oppe med flagget når han får ballen.
28'
Holter har fått noko på auget. Vinjor hjelper han med å fjerne det før spelet kan starte.
26'
Hjørnespark
Van der Spa er høgast, men han headar rett på keeper.
26'
Hoven prøver å finne Ingimundarson i boksen. Innlegget er for høgt.
23'
Frispark
Held ballen i laget.
22'
Så er det Borgthorsson sin tur til å prøve seg frå distanse. Denne går også langt utanfor.
20'
Ørjasæter prøver seg frå 20 meter. Han treff ikkje ballen bra nok, og den går langt utanfor.
19'
Frispark
Held ballen i laget.
19'
Jonsson prøver å slå i bakrom til Ingimundarson, men ballen går for langt fram.
18'
Offside
Han får ballen frå Hoel Andersen, men han kjem frå ein offsideposisjon.
16'
Hjørnespark
Stor sjanse for Grodås. Han får ballen langs bakken, og den triller nokre få centimeter utanfor stolpen.
15'
Frispark
Slår ballen ut til Sjølstad.
13'
Van der Spa slår ballen ut til innkast når Sogndal leiter etter ei opning inn i boksen til bortelaget.
12'
Hjørnespark
Ballen blir heada ut igjen.
10'
Frispark
Ørjasæter tek frisparket kjapt.
8'
Kongsvinger tek altså leiinga til tross for at Sogndal har hatt ballen mest i innleiinga.
7'
Mål!
0-1
Jesper Grundt gjer som i fjor! Han scorar på Fosshaugane. Det kjem eit innlegg frå høgre, og Grundt har lurt seg bak i boksen. Der avsluttar han hardt opp i hjørnet bak Fij.
6'
Hjørnespark
Holter prøver å avslutte, men vinkelen blir for vanskeleg.
6'
KIL speler seg inn i boksen, og vinn ein corner.
4'
Hjørnespark
Strömberg plukkar ballen.
4'
Stor sjanse for Sogndal! Ballen havnar hos Nessø på fem meter, men nok ein gong går avslutninga rett på keeper.
3'
Ørjasæter får kampens første sjanse. Han kjem åleine til venstre, men avslutninga går rett på keeper.
Avspark Start 1. omgang
Saftkokaradn stiller med tifo til dagens kamp. Tifoen viser Sondre Ørjasæter og Erik Flataker. I tillegg står det "For klubb og fedreland. I svart og kvitt me storma fram".
Då er lagoppstillingane klare! Joacim Holtan er tilbake, og startar på benken i dagens kamp. I tillegg ser me at Grundt og Grodås er inne for Moberg og Hellan sidan førre kamp. Sogndal gjer ingen endringar frå tapet på Sparebanken Sør Arena.
Begge lag kjem truleg til å savne det som kanskje er deira beste spelarar i dag. Kasper Skaanes kom til Sogndal før sesongen, og vart fort ein publikumsfavoritt. Han er ikkje med i dag på grunn av ein hamstringskade. Joacim Holtan har vore viktig for KIL tidlegare i år med sine ni mål i ligaen. Så fekk han seg ein alvorleg skade i armen, og vart ute på ubestemt tid. No melder han sjølv på KIL sine nettsider at han straks er klar igjen etter at han slapp å operere.
Hos Kongsvinger har det skjedd mykje meir. Rasmus Christiansen er signert frå Heerenveen. Joacim Holtan vart skada tidlegare i sommar, så dei har også henta inn spissane Elias Myrlid og Mikael Haga. Talentet Elias Tenden har også signert. Den største signeringa er nok Martin Hoel Andersen som kjem tilbake til Kongsvinger på lån etter å ha fått prøvd seg i Sarpsborg 08. Han har allerede fått to mål på tre kampar! I tillegg har mange fått med seg at KIL også prøvde å hente Ruben Alte frå Ranheim, men spelaren sjølv takka nei til den overgangen.
Overgangsvindauget er ope, og klubbane i toppen har no sjansen til å justere troppen før dei avgjerande kampane i haust. Det har vore ganske roleg på Fosshaugane der kun Oskar Borgthorsson har kome inn. Islendingen blir sett på som eit stort talent, og ein har stor tru på at han kan slå til like bra som dei andre islendingane i troppen.
Både Sogndal og Kongsvinger har ambisjonar om å rykke opp, og dagens kamp blir derfor enormt viktig for begge lag. Bortelaget ligg på førsteplass på tabellen med 37 poeng før kampen. Sogndal ligg på femteplass med 30 poeng, men dei har spelt ein kamp mindre enn Kongsvinger. Dette er altså ein viktig kamp for heimelaget dersom dei ikkje vil bli hekta av i opprykkskampen.
Velkommen til livedekning av toppkampen mellom Sogndal og Kongsvinger i OBOS-ligaen!