Oppsummering
Kongsvinger er vidare etter ein intens kamp på Fosshaugane! For andre året på rad ryk Sogndal ut i straffesparkkonkurranse framfor eigne supporterar, og Pimenta må sjå gamleklubben feire avansement. Kampen starta med tidleg scoring for Sogndal, men bortelaget klarte å snu kampen før pause. På stillinga 1-3 såg det ut som at det var avgjort, men Sogndal kjempar seg inn i kampen igjen. I ekstraomgangane skjer det ingenting, og då blir det straffesparkkonkurranse. Der bommar Sogndal to gonger, og Kongsvinger kan juble, og feire at dei er vidare til den fjerde runda i NM!
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (3-3)
121'
Det blir straffesparkkonkurranse etter mållause ekstraomgangar! No ligg omtrent samtlege spelarar nede med krampe.
Straffesparkkonkurranse
Pause Etter ekstraomganger (3-3)
120'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
120'
Nundal slår eit farleg innlegg som Gorodovoi slepp ned i bakken. Han klarar å plukke den opp før den skulle gått ut til corner.
117'
Christiansen kjem seg nesten gjennom til Jendal, men Granheim får ein touch på ballen.
113'
Vapne frå distanse! Ballen går ein halvmeter over målet. Han er ofte god frå den distansen.
111'
Corner for Sogndal!
110'
Svakt forsøk frå Dybevik som går rett på Jendal. Sogndal sviktar i presspelet.
109'
Williams forsøker seg mot lengste stolpe, men Jendal strekker seg så langt han kan, og slår ballen vekk.
108'
Vapne får ballen i boksen på eit innkast, og prøver å avslutte medan han vender seg. Då er det vanskeleg å sikte, og ballen går over målet.
106'
Bras beskyttar ballen, og let den gå ut til utspark.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (3-3)
Ingen scoringar i første ekstraomgang. Mange av spelarane er slitne, og det er vanskeleg å få til noko kreativt.
Pause Pause ekstraomganger (3-3)
105+1'
Vinjor skaffar ein corner for Kongsvinger.
105'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
104'
Williams avsluttar, og det blir corner.
103'
Pimenta fyrer opp publikum. Han vil ha folket med seg.
101'
Lars Jendal! Det kjem ei brå avslutning langs bakken som han må reagere kjapt på. Det klarar han, og det er framleis 3-3.
100'
Det har vore ein roleg starte på ekstraomgangane. Mange er slitne.
99'
Williams prøver å slå inn langs bakken, men Jendal les innlegget, og plukkar opp ballen.
96'
Skaanes slår inn mot Hintsa, som stussar ballen rett i armane til Gorodovoi.
94'
Corner til bortelaget ute til høgre.
94'
Williams prøver å utfordre Jendal. Ballen flakkar litt, men Jendal har kontroll.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (3-3)
Det blir ekstraomgangar etter ein intens omgang etter pause! Det er mange tunge bein utpå bana, og alt ligg til rette for meir spenning i kampen.
Pause Etter ordinær tid (3-3)
90+4'
Stopparane til Sogndal er ute av posisjon, men KIL klarar ikkje å utnytte det.
90+1'
Farleg innlegg frå Skaanes! Ballen går gjennom heile feltet.
90+1'
Sogndal klarar å bryte når KIL speler seg ut, men blir stoppa når dei kjem seg inn i boksen.
90'
Frispark til KIL etter eit langt innkast frå Sjølstad.
90'
Det er lagt til 4 minutter overtid.
88'
KIL kjem seg inn i boksen, men Sogndal klarar å slå vekk ballen. Veldig spent stemning no.
86'
Corner til bortelaget!
85'
Skaanes snappar ballen, men klarar ikkje å finne ein medspelar i boksen.
84'
Grundt får sjansen til å setje inn sitt mål nummer to! Bortelaget dreg seg fram ute til venstre, og Grundt får ballen på kort hold. Avslutninga går alt for høgt.
84'
Granheim er sterk i ein duell mot Christiansen, og sørger for eit utspark. 2007-modellen har vore sterk i dag.
81'
No er også Onyango nede. Han kjem seg opp utan behandling. Tommel opp når benken spør om det går bra.
79'
Flataker er oppe igjen, men det er mange som kjenner på noko utpå bana no. Dei siste minutta blir tunge for begge lag.
76'
Flataker ligg nede, og treng behandling.
76'
Onyango rotar det nesten til i eigen boks, men Jendal ryddar opp. Kvar einaste feil kan bli avgjerande no.
74'
Borgthorsson varmar opp med drakt og vest i tilfelle Pedersen må gi seg. Sogndal sin nummer 7 prøver litt til.
71'
Pedersen fekk seg ein kraftig smell tidlegare i kampen, og seier ifrå om at han treng behandling no.
71'
Gjerstrøm forsøker seg frå kanten av sekstenmeteren. Ballen går eit par meter på utsida.
69'
Bortelaget skal gjere eit par endringar.
68'
Skaanes prøver seg på eit innlegg. Gorodovoi plukkar opp ballen.
65'
Vapne og Bras kombinerer ute på sida. Klarar ikkje å slå inn. Bras kunne ha avslutta sjølv.
59'
Svak avslutning frå Pedersen. Skaanes kan skyte sjølv, men sender heller ballen til Pedersen. Går rett i armane på keeper.
52'
Sandstad vinn ein corner mot Bras.
49'
Granheim blokkerer eit forsøk som går ut til corner.
48'
Holtan prøver seg frå spiss vinkel. Hardt i nettveggen. Vanskeleg å score derifrå.
47'
Williams er inne som venstrekant, og Øverby har gått over til høgre.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Haruna skal inn for Sogndal.
Sogndal tok ei tidleg leiing, men Kongsvinger snudde kampen i ein god periode. Bortelaget har hatt god kontroll etter at heimelaget opna sterkt, og tvinga fram mange feil. Desse feila har KIL rydda opp i, og har ein fot inne i neste runde i NM.
Slutt 1. omgang Pause (1-2)
45'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
45'
Flataker dreg seg framover ute til høgre. Han går inn i bana, og prøver å avslutte med venstrefoten. Ballen sklir av foten, og går ganske langt utanfor.
39'
Det tek litt tid før dei kan ta frisparket sidan Bras treng behandling.
37'
Bras lagar eit frispark etter ein kollisjon med Holtan rett utanfor feltet. Veldig god posisjon til å skyte.
36'
Bortelaget er inne i ein god periode no. Haren involverer seg i midten, og leiter etter løp mellom stopparane til Sogndal. Der har ingen gått, og han slår ballen ut til innspark.
32'
Bras forsøker seg på eit innlegg, men slår rett i armane til Gorodovoi.
31'
Saathof slår ballen rett til Hintsa, men klarar å redde seg sjølv med ei strålande takling.
28'
Arendrup har mykje rom ute til venstre, men slurvar med eit mottak. Innkast til Sogndal.
24'
Hintsa prøver seg i nærmaste hjørne. Redning og corner.
23'
Keeper er langt ute, og Onyango forsøker seg frå midtbana. Ballen går ut til innkast.
20'
Corner til bortelaget. Dei har skapt eit lite trykk dei siste minutta.
18'
Ein person på tribuna jublar høgt når speaker annonserer at Bryne har leiinga 1-0 over Brann. Laget frå Bergen er ikkje spesielt godt likt av dei mest engasjerte på tribuna i Sogndal.
17'
KIL speler seg inn i boksen, og Øverby prøver seg. Avslutninga blir blokkert.
16'
Bortelaget forsøker seg på eit par innlegg, men klarar ikkje å kome seg til større sjansar.
14'
God redning frå Jendal! KIL speler seg fram ute til høgre, og slår inn. Ballen landar hos Taylor som prøver seg frå kort hold, men Jendal les den avslutninga perfekt!
12'
Nok ein gong må Gorodovoi ut av boksen for å stoppe ein lang ball mot Hintsa.
11'
Vapne slår i bakrom mot Hintsa, men Gorodovoi les pasninga, og får stoppa svensken.
8'
Flataker slår inn mot Steinset, men midtbanespelaren treff ikkje ballen. Heimelaget har opna sterkast.
5'
Arendrup slår eit innlegg, og bortelaget får corner.
2'
Hintsa sender Sogndal i føringa før det er spelt to minutt! Granheim slår ein lang ball opp mot Flataker. Dei speler seg fint fram ute til høgre, og Onyango slår inn til Hintsa, som gjer som han ofte har gjort i det siste. Han sender ballen i mål. God start for Sogndal og svensken som er i kjempeform akkurat no!
1'
Heimelaget tek avspark, og kampen har starta.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer tre endringar frå kampen mot Mjøndalen. Flo er tilbake frå start for første gong i år, og Onyango er inne som høgreback. Steinset kjem inn for Pedersen på midtbana, og det betyr at Hagen får prøve seg i rolla som offensiv midtbanespelar. Kongsvinger gjer fem endringar frå tapet mot Ranheim. Saathof og Sandstad er inne i forsvaret. Taylor og Grundt kjem inn som indreløparar. Unge Øverby er inne som venstrekant.
Steinar Hauge er hovuddommar på Fosshaugane i dag. Jim André Dyb og Erland Hareland er assistentar. Markus Lille er fjerdedommar.
Det blir spennande å sjå om det blir mykje rotering på laga, eller om dei startar omtrent likt som i serien. Sogndal har hatt mange skadar i forsvaret, men Per-Egil Flo og Mathias Øren er på veg tilbake. Flo kom inn mot slutten av kampen mot Mjøndalen i helga. For Kongsvinger er det ikkje utenkeleg at 18 år gamle Armand Øverby kjem til å starte. Han scora i kampen mot Elverum i førre runde, og er eit brukbart alternativ om Haren eller Williams må kvilast.
Dette blir ein spesiell dag for Luis Pimenta. Han har gode minner frå den tida han trente Kongsvinger, og tok dei til cupfinalen i 2016. Dette er noko han ønskjer å gjenta med Sogndal, men då må han ta seg forbi sin gamle klubb først.
Fram til no har begga laga møtt lag frå lågare nivå. Sogndal tok seg forbi Volda i den første runda før dei slo ut Sandviken i neste runde. Kongsvinger har møtt Ridabu og Elverum, og dei tok seg komfortabelt forbi begge laga. Dette blir den første store testen i NM i år for desse laga.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og Kongsvinger i den tredje runda i NM!