Referat
Kun høydepunkter
Sogndal tek ein overbevisande siger over Kongsvinger. Heimelaget leia på eit tidspunkt 5-0, men skrudde litt ned på tempoet og Kongsvinger fekk pynta på resultatet. Dagens store mann både metaforisk og i fysisk forstand var Kristoffer Hoven. Fire scoringar sender konnerudingen opp på 15 mål og han er difor no toppscorar i OBOS-ligaen. Sigeren sender også heimelaget opp på toppen av tabellen, mens Kongsvinger framleis er rock-bottom. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve.
Kamp slutt Slutt (5-2)
90+3'
Heading like utafor, men det er dømt offside.
90+3'
Frispark som Kristoffersen skal svinge innover.
90+3'
Meir trøkk i heimepublikum no. Saftkokarane får med seg resten på å hylle sogndalspelarane. Det har vore ein svært solid kamp av heimelaget.
90+1'
Fire minutt tillegg.
89'
Ndour med ei kanonkula som stryk krysset.
88'
No scora rett nok Haugesund tre kjappe på slutten mot Odd i går så me skal kanskje ikkje avskrive hedmarkingane heilt.
85'
Litt meir fart på heimelaget etter byta. Helgesen i fint driv på kanten, men innlegget vert kalrert av Steiring framfor nasa på Ndour.
82'
Bortelaget får låne ballen ein god del her no. Ganske daudt frå heimelaget dei siste minutta.
80'
Det skal nemnast at Langrekken fekk sitt fjerde gule i stad og må stå over laget sin neste kamp.
80'
Langrekken er svært seint ute i ei takling på Kryger og det smell i leggskinna til backen. Skal være forsiktige her kongsvingerspissen som har eit gult kort frå før.
73'
Sjølv om Hoven sitt fjerde mål var på straffespark syns faktisk underteikna at publikum på øvre platå her på Fosshuagane i det minste kunne reist deg opp når han scorar. Er publikum i Sogndal blitt for blasert?
71'
Totland dreg seg elegant fri inne i sekstenmeteren og klinkar til. Glimrande redning av Mandanda som får gitt til corner.
69'
Forferdelig stygt dette no ofr Kongsvinger. Har vore sjanselause i dag, men Sogndal har samtidig vore svært effektive og kontante når dei har hatt sjansen.
60'
Igjen er det Grodås som missar ballen på eigen halvdel. Denne gong er det K. Hoven som snappar og får gitt til Eid som skyt over.
58'
I tillegg til å toppe tabellen er no Kristoffer Hoven målkonge i OBOS-ligaen med 14 mål. Daniel Eid toppar assiststatistikken med 9 målgjevande.
55'
SOgndal vel å spare kaptein Mannsverk framfor dei svært viktige kampane som kjem framover. Til helga er det Ranheim som ventar i Trøndelag og etter det Tromsø på heimebane.
54'
Kongsvinger med eit snev av initiativ i kampen her no.
47'
Steiring ligg nede etter ein duell med Ndour.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Akompanjert til Van Halen og Jump er vi klare for den andre omgangen frå Fosshaugane Campus.
Det har vore fullstendig einvegskjøring i denne omgangen. Heimelaget har styrt det meste og sjølv om det ikkje har vore så mange avslutningar så har Sogndal vore kliniske og effektive når dei har fått sjansen. At bortelaget skal komme tilbake her er like sannsynleg som at det skal begynne å snø her i kveld. Så får vi sjå om mine ord vert gjort til skamme.
Slutt 1. omgang Pause (3-0)
45+2'
Sogndal trillar ball og ventar på at dommar skal blåse av.
45+1'
To minutt tillegg i denne omgangen.
45'
Igjen vinn Sogndal ballen inne på bortelaget sin halvdel. Ndour avsluttar like utafor.
42'
Power-play igjen frå Sogndal som det har vore ved fleire høve i denne omgangen.
41'
Kongsvinger prøver å spele seg ut og dert går ikkje akkurat bra. Sogndal vinn ballen. Mannsverk slår inn på ein umarkert Ndour som frå fem meter bare skal stange ballen i mål. Dessverre for heimelaget bommar han på ballen!
40'
Kongsvinger får låne ballen litt her no og Grundt prøver seg med ein avslutning frå 20 meter. Går eit bra stykke over målet til Fij.
39'
Har vore veldig effektive i denne kampen Sogndal. Eg har notert fire avslutningar og tre av dei har altså blitt mål.
37'
Begge dei skada er no oppe på beina igjen og det ser ut som dei kan halde fram.
36'
Lysgår og Andreas Hoven ligg nede etter ein duell.
30'
Venstreback Victor Grodås har også fleire sesongar bak seg i den kvite drakta.
29'
Stering viser fram stupekunstane når han har Ndour i ryggen. Får utrulig nok frispark. Spørs om dei kunstane er lært her i bygda då Steiring har spela dei tre siste sesongane for Sogndal.
28'
Langt kast frå Eid og Mandanda er ute og boksar hol i lufta. Ingen i kvitt får deretter sett ballen mot mål. Litt på skovtur der bortelaget sin sisteskanse.
26'
Kongsvinger prøver gong på gong å spele seg ut. Har ved fleire høve fått farlege brudd mot seg når heimelaget lykkast med sitt høge press.
24'
Daniel Eid sin åttande målgjevande for sesongen.
23'
Kom litt ut av ingenting den scoringa. Sjølv om Sogndal har vore best har dei slitt veldig med å produsere noko framfor mål.
18'
Dette har vore eit av dei mest innhaldslause første kvarterar på Fosshaugane i år. Ei einsleg avslutning og det var Roseth si heading som gjekk rett på Mandanda. Vi håpar på meir action etter kvart.
15'
Bortelaget får låne ballen i ein periode her, men det blir for det meste trilling av ball i bakre rekkjer. Vert stoppa ganske kontant når dei nermar seg Sogndal sin sekstenmeter.
12'
Sogndal held faktisk ballen i laget inne på Kongsvinger sin banehalvdel i fleire minuttar her no. Rein power-play. Utan å komma til nokon gode avslutningar vel og merke.
10'
Bortelaget ligg svært djupt og ventar på Sogndal. Ganske lågt tempo i kampen så langt.
9'
Ndour stel ballen frå Pålerud og tvingar fram ein corner.
6'
Kongsvinger vinn ballen og spelar breitt ut til Güven. Han dreg seg innover i bana, men skotet vert blokkert.
4'
Heimelaget pressar høgt her i starten, men gjestane spelar seg fint ut.
2'
Eid kastar inn på Kristoffer Hoven som blir lagt i bakken av Lysgård. Ingenting meiner dagens dommar Harald SLetner.
1'
Kongsvinger med avspark.
Avspark Start 1. omgang
Ein god og varm haustdag i Sogndal i dag. Det var shortsvér fram til i ettermiddag, men no har det skya litt over og dalatrekken sig nedover. Alikevel flotte speleforhold med ein 15-16 grader. Laga på veg ut på bana no akompanjert til 'stao no pao'. Straks klart for kamp frå Fosshaugane Campus.
Eg syns også det er på sin plass å trekke fram Sogndal sine sidebackar framfor denne kampen. På 18 kampar sålangt har Tomas Olai Totland 5 mål og 2 assist, mens hans makker på høgrebacken Daniel Eid står med 4 mål og 7 assist. Det er ganske imponerande for to backar, men dei som vil pirke kan vel meine at dei to har vore meir vingar enn backar denne sesongen i den offensive revolusjonen Eirik Bakke og hans apparat har sett i gang.
Det blir ofte heimesigrar når desse to laga møtes. I Sogndal viser statistikken 14-0-2 mens på Gjemselunden 11-4-3. Vi blir altså ikkje overraska om det er laget i kvitt som står igjen med dei tre poenga etter dagens kamp. I fjor vart det 2-1 då laga møttest i Sogndal. Kristoffer Hoven avgjorde på straffe like før slutt etter at Adem Güven hadde utlikna Eirik Schülze sitt leiarmål. I oppgjeret på hedemarken for berre ein månad sidan enda det 0-0 i eit langt gjesp av ein fotballkamp.
Sivert Mannsverk har blitt klar for heimelaget til denne kampen og går rett inn i startoppstillinga. Inn for Kupen kjem Andreas Hoven. For bortelaget er det tre endringar. Ei av dei er heilt nødvendig med Skagestad sin suspensjon. Inn kjem Daniel Lysgård. I tillegg er Gjerstrøm og Langrekken satt på bneken og inn kjem Vinjor og Grundt.
Om det er fleire endringar for laga i dette hektiske kampprogrammet får vi svar på når vi er tilbake med lagoppstillinga for dykk ca. ein god time før kampstart. Vel møtt!
For Sogndal er ståa ei heilt anna. 12 kampar på rad utan tap og heimeformen viser 6 sigrar på rad. Dette har ført Eirik Bakke sine disiplar opp på ein andreplass på tabellen og med siger i dag vil dei også innta tabelltopp sidan Tromsø ikkje spelar før i morgon. Men det er venta at Endre Kupen er ute etter ein strekk i 1-0 sigeren mot Øygarden fredag, samt at kaptein Sivert Mannsverk neppe rekk kampen grunna ein liten skade som har heldt han borte frå laget sine to siste kampar.
Bortelaget har hatt ein elendig sesong og ligg rock-bottom på tabellen med berre 13 poeng. Sist vart det eit sviande nederlag på heimebane mot nabo og nedrykksrival Ham-Kam. Der fekk også Edvard Skagestad sitt sjette gule for sesongen og han må difor stå over dagens kamp.
Hei og velkomne til Fosshaugane Campus og den 18. serierunden i årets OBOS-liga. I dag er det Kongsvinger som vitjar sognebygda.