TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

Kåffa stikk av med seieren mot Sogndal. Dei hadde stort sett full kontroll over kampen, og hadde klart flest sjansar. Det var derimot to sjølvmål som skulle til for at dei skulle vinne. Begge kom frå Lereng. Det første er veldig uheldig når eit langskot treff han, og går inn i målet. Det ser ut som at Rasch får det målet sidan det kunne sjå ut som at ballen hadde retning mot målet, men det var avgjerande at Lereng var borti den. Sogndal skulle klare å utlikne i den andre omgangen med Ulrik Mathisen. Meir skulle ikkje Sogndal få til. det avgjerande målet kom frå eit innlegg frå Njie. Lereng klønar det til, og set ballen nok ein gong i målet bak Fij. Presset til Kåffa fungerte strålande mot eit Sogndal som sleit med å få til noko med ballen.

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-2)
90+6'
Ballen går ut til utpsark for Brauti, og det er vel det siste som skjer.
90+5'
Hoven kastar ballen ut over sidelinja. Då har me sett det også.
90+4'
Rasch skyter svakt frå distanse. Truar ikkje Fij.
90+2'
Hjørnespark
Går over alle.
90+1'
Hjørnespark
Van der Spa headar nok ein gong ballen vekk.
90+1'
Frispark
90'
Frispark
Skyt langt opp i bana. Dårleg tid no, Sogndal.
90'
Det blir mykje tilleggstid på grunn av skaden til Hestnes.
90'
Det er lagt til 7 minutter overtid.
90'
Frispark
Van der Spa headar utanfor.
89'
Spillerbytte
89'
Spillerbytte
88'
To spelarar gjer seg klare for å kome inn for Kåffa.
86'
Det ser ikkje bra ut for Hestnes no. Røde Kors er på veg inn på bana. Han har frykteleg vondt i ansiktet.
85'
Gult kort
Får det gule kortet etter situasjonen med Hestnes.
85'
Hestnes går i bakken etter at Twum traff han med foten i ansiktet.
82'
Spillerbytte
82'
Hjørnespark
Sogndal får ballen vekk.
81'
Van der Spa slår langt mot Hoven, men duellen går Kåffa sin veg.
80'
Frispark
77'
Selvmål!
1-2
Endå eit sjølvmål på Lereng! Har du sett? Njie dreg seg fint framover frå venstre, og legg inn. Lereng set innlegget i eiget mål.
76'
Spillerbytte
76'
Sogndal vil ha straffe etter eit langt innkast. Dommaren meiner duellen var heilt grei.
74'
Hjørnespark
Van der Spa headdar vekk.
73'
Langt innkast frå Sogndal. Blir ingenting ut av det.
72'
Delaveris med ein svak avslutning. Det er ikkje utenkeleg at det ligg fleire mål i denne kampen.
71'
Frispark
70'
Kristoffer Hoven går hardt inn i Olsen som får vondt i duellen.
69'
Frispark
69'
Heimefansen prøver å fyre i gong laget sitt no. Kampen kan framleis gå begge vegar.
68'
Spillerbytte
68'
Ny god redning frå Fij. KFUM spelar som Barcelona under Pep, og kjem til ein stor sjanse. Fij gjer det bra.
66'
Frispark
65'
Spillerbytte
64'
Mål!
1-1
Så kjem utlikninga! Ørjasæter dreg seg fint fram på venstresida, og kjem seg inn i boksen. Ballen går vidare til Jonsson som legg igjen til Mathisen. Spelaren frå Lillestrøm sender eit knallhardt skot ned i hjørnet.
62'
Rasch forsøker seg igjen frå distanse. Denne gongen med venstrebeinet. Treff ikkje like bra.
61'
KFUM går rett i angrep igjen, og Dahl avsluttar i nettveggen.
60'
Sogndal roter det til for seg sjølv. Kastar vekk ein stor sjanse.
59'
KFUM kjem seg til ein sjanse, men det blir blokkert. Deretter forsøker dei seg også frå midtbana. Veldig optimistisk.
57'
Frispark
57'
To spelarar får gult kort etter mykje krangling. Dette betyr at Grønner er ute mot Mjøndalen.
56'
Gult kort
56'
Gult kort
55'
Hjørnespark
Ender med full krangel etter at Mathisen går inn i Brauti som plukkar ballen.
54'
Hjørnespark
Brauti plukkar ballen, og roar ned spelet.
54'
Gunnarsson avsluttar frå distanse. Corner.
53'
Hjørnespark
Blir klarert.
53'
Nessø vinn ein corner.
52'
KFUM står heilt oppe i Sogndal sine spelarar til ein kvar tid. Vanskeleg å få til noko for heimelaget.
50'
Hjørnespark
Delaveris får ballen, og treff ikkje skikkeleg på avslutninga.
50'
Jonsson blir lagt i bakken, men får ikkje straffe! KFUM kontrar og vinn ein corner.
48'
Dahl bommar på ein gigantisk sjanse! Kjem åleine med Fij, og avsluttar utanfor. Der skal han score.
48'
Frispark
48'
Gult kort
Hindrar ein kontring.
46'
Sogndal gjer eit byte i pausen. Kaptein Flo går ut og offensive Ørjasæter kjem inn. Hoven går ned som back.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Då er det halvspelt på Fosshaugane. KFUM hadde ballen klart mest, men måtte slite med å få avslutningar. Til slutt var det eit langskot frå Rasch som skulle vere løysinga. Ballen traff Lereng, og gjekk i målet bak ein Fij som kunne sjå at han havna på feil side av målet. Etter scoringa var det framleis KFUM som styrte kampen. Dei hadde nokre sjansar der Fij måtte fram med nokre klasseredningar. Presset til bortelaget vart stadig betre, og Sogndal sleit med å gjere noko med ballen på slutten.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Frispark
Skyt langt opp i bana.
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
44'
Hjørnespark
Enorm redning frå Fij på streken! Ballen blir heada frå kort distanse, og nederlendaren er kjapt ute til sida.
44'
Delaveris forsøker igjen. Denne ongen klarte Fij å nå ballen.
44'
Presset til KFUM skapar problem for Sogndal no. Blir ein del skumle pasningar og balltap.
42'
Nok ein gong treff KFUM stolpen! Skyt via ein stoppar. Fij rakk ikkje heilt ut til den.
41'
Frispark
39'
Mål!
0-1
KFUM tek leiinga på eit langskot! Rasch forsøker seg frå distanse, og skyt ballen rett i Lereng som gjer at ballen forandrar retning. Då klarar ikkje Fij å redde den. Endeleg skulle det løsne for KFUM som har leita etter ein veg inn!
38'
Frispark
38'
Gunnarsson skrur inn eit innlegg som treff van der Spa. Han headar ballen like utanfor. Sjansen kom frå eit innøvd trekk på innkast.
37'
Van der Spa hindrar ein kontring. Dahl stod åleine på bakerste stolpe, og kunne fått ein stor sjanse.
34'
Delaveris skrur ballen i tverrliggaren! Det der er nære for KFUM. Skrur den vakkert frå venstre, og går akkurat litt for høgt. Ballen landar på Fij.
30'
KFUM er det laget som har trilla mest ball i det siste, men slit med å kome seg forbi forsvaret.
29'
Ein kan sjå at Twum tilfører Sogndal mykje energi på midtbana. Hjelper mykje til defensivt, og slår gode pasningar.
26'
KFUM stoppar Sogndal to gonger på kort tid på ulovleg vis.
26'
Frispark
25'
Frispark
25'
Fij skal ta imot eit innlegg frå Gaye, men mistar ballen. Van der Spa er vaken og klarerer.
24'
KFUM slit med å få avslutningar dei gongene dei er inne i feltet til Sogndal. Dei har hatt fleire situasjonar som kunne blitt til sjansar.
21'
Offside
Litt for ivrig på løpet sitt.
20'
Første avslutning på mål frå KFUM. Dei kontrar, og kjem til ein stor sjanse som Fij klarar å redde. Der kunne det fort stått 0-1.
19'
Hjørnespark
Blir klarert.
19'
Nok ein gong blir eti skot frå Jonsson blokkert! Nytt bra angrep frå Sogndal.
18'
Mathisen forsøker seg frå distanse, men ballen går gjennom beina til Grønner og skrur seg vekk.
17'
Sogndal går i angrep frå venstre. Slår motsatt, og der står Jonsson som avsluttar rett på ein motspelar.
15'
KFUM har ein del innlegg utan at det blir store sjansar. På det siste headar Dahl over målet.
13'
Lereng roter det til, men Fij redder han. Sørås var nesten gjennom der.
13'
Lereng klarerer eit innlegg frå Gaye.
10'
Dahl pressar Fij og sørger for at det blir utspark frå keeper.
10'
Nessø får eit skot blokkert etter vakkert spel frå Sogndal. Like etter skyter Mathisen over frå 16 meter.
8'
Offside
Går litt for tidleg.
6'
Hjørnespark
Grønner treff nesten ballen.
5'
Det er forøvrig Hammer og ikkje Rasch som er kaptein slik som fotball.no viser.
4'
Frispark
Speler tilbake til keeper.
4'
Lereng går i bakken etter ein duell mot Dahl.
2'
Frispark
Slår langt opp i bana, og ut til innkast.
2'
Twum forsøker å finne Hoven, men han ender opp med å felle Brauti.
2'
Sogndal startar med eit innlegg som blir klarert.
1'
Kampen er sparka i gang. KFUM sparkar som vanleg ballen ut høgt i bana slik som dei alltid gjer.
Avspark Start 1. omgang
Publikum takkar no av Axel Kryger etter at hans karriere i Sogndal er over. Han var ein viktig del av laget under Bakke, men er ikkje fast i ellevaren etter at Flo har kome inn. No går turen til Bryne.
Som vanleg er juniorsvingen ute på bana før kampstart! Skapar alltid god stemning før laga kjem ut.
Heimelaget har allereie seld Blårud til Ull/Kisa. Alt tyder på at dette er den siste kamptroppen som Kryger er med i. Han skal vera på veg til Bryne.
Då er lagoppstillingane klare! Begge lag har gjort fleire byter sidan sist kamp. Bortelaget sender nysigneringen Aleesami rett inn på laget. Han er broren til Haitam Aleesami som me kjenner godt frå landslaget. Hammer er også inne på stopparplass. Hoseth skal inn som vingback. Sørås og Dahl er på topp i lag med Delaveris. Hestnes går inn sentralt i bana. For heimelaget er det verdt å merke seg at kaptein Flo er tilbake! Hoven er inne for Ingimundarson som betyr at Mathisen skal spele sentralt igjen. Twum får sin første heimekamp for Sogndal.
Kampen i dag kan ha ein del å seie for kven som skal kome på dei seks øverste plassane i ligaen. KFUM og Sogndal står begge med 29 poeng, men KFUM har betre målforskjell. Det fører til at KFUM ligg på ein sjetteplass medan Sogndal ligg rett bak.
Overgangsvindauget har opna, og begge lag har allereie gjort signeringar. Sogndal har henta Isaac Twum frå Mjøndalen for å forsterke midtbana. Det er også ikkje utenkeleg at det kjem fleire forsterkingar både i angrep og i forsvar. KFUM har utvida låneavtalen med Delaveris ut sesongen. Stopparen Ayoub Aleesami er henta inn til KFUM frå Fredrikstad. Det er ein spelar dei tidlegare har forsøkt å henta.
Sogndal og KFUM Oslo skal møtast for tredje gong denne sesongen. Første møtet var i cupen. Då vart det 1-1 etter ekstraomgangane, og Sogndal gjekk vidare på straffesparkkonkuranse. Få dagar etterpå skulle dei møtast igjen i ligaen. Laget frå Oslo stakk av med alle tre poenga etter å ha køyrt over Sogndal i første omgang. Kampen enda 3-2. Førre sesong vart det ein seier på kvar då dei skulle møtast i ligaen. I første kvalifiseringskamp til Eliteserien skulle dei nok ein gong møtast. KFUM slo Sogndal på Intility. Laga har altså spelt ganske mange gonger mot kvarandre dei siste to åra.
Hei og velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og KFUM Oslo!