TV 2 Play
Min konto

Referat

Kun høydepunkter
Då takkar me for fylgjet herifrå, og håpar på fleire målrike oppgjer på Fosshaugane framover!
Etter ein svært tam fyrste omgang, tok denne kampen seg verkeleg opp! Heile 5 mål i andre omgang, og Sogndal kan vere godt fornøgde med andre omgang.
Der er det slutt på Fosshaugane Campus! Sogndal vinn fullt fortent 4-2!
Kamp slutt Slutt (4-2)
90+3'
Mål!
4-2
Der er det avgjort! Haugen spelar Ramsland på blank og der er det 4-2!
90+2'
Hjørnespark
Haugen skuslar vekk ein kjempesjanse med eit dårleg touch, keeper er oppe på corneren og Sogndal er 4 mot 1, men mistar ballen.
90+2'
Corner til KFUM etter skudd via Sogndal-bein.
90+1'
Spillerbytte
90'
Spillerbytte
90'
Skudd langt over frå KFUM.
89'
Mål!
3-2
Og der sitt den! Ramsland og Soltvedt vinn ballen på høgrekanten og Ramsland får slått inn til Ndour. Han gjer ingen feil og set ballen i mål!
88'
Frispark for KFUM som blir slått inn på bakre, headinga går utanfor.
88'
Roseth er god og får stoppa kontringa til KFUM, hatt ein god dag på jobben.
87'
Haugen får lagt inn på Soltvedt som sleivar den!
86'
Kjempesjanse for KFUM! Der får Larsen stå heilt åleine på bakerste, men Dyngeland reddar!
84'
Kampen sett seg ikkje skikkeleg no, er fortsatt mange lange oppspel som ikkje endar i noko som helst.
83'
Dommar får høyre det frå tribuna, ikkje rart når vi ser reprisa.
82'
Kva er det eigentleg dommartrio gjer her? Utruleg at ein bommar på denne avgjerdsla.
82'
Ndour blir klart teken av keeper! men dommar vel å blåse andre vegen. Horribel avgjerdsle av dommaren.
81'
Kjem det ein sluttspurt frå heimelaget?
81'
Mykje langt frå begge lag her no, blir ikkje etbalert noko spel.
80'
Sogndal tek over igjen.
80'
Ernemann held igjen kaptein Sortevik, frispark.
79'
KFUM har fått ein del farlege balltap her, byrjar dei å bli slitne?
78'
Haugen står i offside når Sogndal kunne fått ein kjempesjanse.
77'
Godt kombinasjonsspel av Sogndal, men siste pasninga er for upresis.
76'
Litt roligare periode i kampen no.
73'
Soltvedt får skutt frå 25 meter! Keeper gir retur men der er ingen!
72'
Store rom for Sogndal å kontre i! Ndour kjem til nytt innlegg men den går rett på keeper.
71'
Kjempesjanse for Haugen! Får stå åleine på 11 meter, men sleivar den utanfor! Der skal det stå 3-2.
70'
No er Sogndal farlig frampå her, kjem seg til gode innleggssituasjonar.
68'
Spillerbytte
68'
Denne kampen har verkeleg teke seg opp i andre omgang.
68'
Frispark til Sogndal i god posisjon.
67'
Mål!
2-2
Der sitt den! Ndour krigar seg ned mot linja og slår inn til Ramsland som sett den kontant i mål!
65'
Spillerbytte
65'
Nære frampå igjen, Basit får nesten kontroll på eit gjennombrot.
64'
KFUM meir med no.
63'
Hjørnespark
Blir dømt frispark til Sogndal på den corneren.
63'
God sjanse for KFUM, skuddet går via Roseth og ut til corner.
63'
Godt slått, keeper ute og slår den ut.
62'
Soltvedt gjer seg klar.
62'
Kontring til Sogndal! Ndour blir felt, og Sogndal får frispark i god posisjon.
61'
KFUM pressar høgt.
61'
KFUM vinn att ballen høgt på Sogndal sin banehalvdel og får ein sjanse etter innlegg! Men headinga snik seg utanfor.
58'
Sogndal fortsetter å presse på, Fredriksen har blitt flytta opp på midtbana og gjer ein god jobb.
57'
Kjempesjanse til Sogndal! Men avblåst for offside.
55'
Mål!
1-2
Og mot spelets gang sitt den for gjestane! Larsen står på bakre og headar den inn etter at ein Sogndalspelar har vore innom ballen.
54'
Sogndal har vore gode i starten av andre omgang!
52'
Mål!
1-1
Og der sitt den! Rindarøy driv framover i bana, og får all tid til å skyte, ballen får ein lei sprett foran keeper og den går inn via hanskane til Skjærstein!
52'
Frispark KFUM på eigen halvdel.
52'
KFUM blir pressa lave, Steiring tek på seg press, men pasninga ut til Birkelund blir upresis.
49'
Flott spel av Sogndal som fører til avslutning frå Haugen, rett på keeper.
48'
Offensiv start av Sogndal.
47'
Hjørnespark
Blir klarert av KFUM.
47'
Ndour igjennom! Kjempesjanse som vert avverga av keeper.
46'
Då er vi i gong. Sogndal gjer to bytte som følgje av den fyrste omgangen.
46'
Ser ut som dei går ut i ein 4-4-2
46'
Spillerbytte
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Ser ut som Sogndal skal gjere 2 bytte i pausa, Soltvedt og Ramsland står klare.
Då nærmar me oss andre omgong, Sogndalspelarane ute på matta igjen, ventar på dommartrio og KFUM no.
Ein omgang det verkeleg ikkje osa krutt av dette, må satse på at andreomgangen blir meir sjanserik og underhaldande for alle dei betalande tilskodarane.
Ein svak fyrsteomgang av heimelaget. Farleg frampå ved nokre dødballar, ellers er det lite som skjer. Ein svært sjansefattig omgang.
Slutt 1. omgang Pause (0-1)
45'
Dyngeland med viktig jobb når KFUM prøvar å spele gjennom Larsen.
45'
Sogndal farlege på dødballar denne omgangen, men avslutningane er ikkje gode nok.
43'
Hjørnespark
Godt slått igjen! Denne gangen Roseth som får lagt på bakre der Ndour får heada fritt. Headinga går rett på keeper.
43'
Ndour blir spelt gjennom på høgrekanten og vinn ein corner.
42'
Det vil seg ikkje på siste tredel for Sogndal, toucha og pasningane er ikkje gode nok.
41'
Lite bevegelse frå Sogndal når dei har sjansen til å kontre, må etablere seg på nytt.
40'
Roseth med ein god jobb for Sogndal, har vore god så langt.
38'
Gult kort
Ei susande takling frå Mannsverk, er på ball, men den er farleg.
38'
Slurv av Sogndal når dei kan kontre.
37'
Hjørnespark
Ingenting ut av den.
37'
God sjanse til KFUM! Godt jobba av angriparen til KFUM som tråklar seg gjennom feltet, ballen går ut på 20 meter og skudd via Sogndalspelar og ut!
35'
Hjørnespark
God corner, og ein stor sjanse for Sogndal! Men den blir heada utanfor. Den må i mål!
35'
Sigurd Haugen jobbar seg til ein corner.
34'
Langt kast igjen, blir ingenting ut av den.
34'
Blir eit innkast for Sogndal høgt i bana.
33'
Sogndal tek meir og meir over her.
33'
Ndour gjer ein god jobb før han slår ballen inn, ingen Sogndalspelarar nær ballen.
32'
Sogndal farlig frampå her, men siste pasninga er ikkje presis nok.
31'
Blir slått inn, men ballen blir heada rett inn til keeper.
31'
Frispark for Sogndal midt på KFUM sin halvdel.
31'
Schulze kjem til innlegg, går over alle og til utspark.
29'
Basid får altfor god tid inne i feltet til Sogndal, men avslutninga går rett på Dyngeland.
28'
Hjørnespark
Godt slått! Blir stussa gjennom feltet på ein offsideplassert KFUM-spelar.
27'
Lite som skjer her no, mykje av spelet føregår midt på bana.
25'
Sogndal spelar seg inn i feltet, Ndour får ikkje kontroll på ballen og KFUM tek over.
23'
Sigurd Haugen med kjempesjanse! God kontring, men må avslutte frå skrått hald.
23'
Frispark for KFUM i korridor, klarerast av Sogndal.
22'
Sogndal sitt høge press sit ikkje heilt, og KFUM får frispark på eigen halvdel.
21'
Sogndal kontrar med stor fart, men blir teken igjen før dei får lagt inn.
20'
Hjørnespark
Blir slått farleg inn og KFUM får ein god sjanse.
20'
Ikkje store sjansane i starten, sett vekk frå scoringa.
18'
Mykje slurv frå begge lag framover i bana no, ingen som klarar å etablere seg.
17'
Slurv frå KFUM fører til god overgangsmoglegheit for Sogndal, men skuslast vekk.
17'
KFUM er farlege på kontringar med stor fart på topp.
16'
Vinn kast høgt i bana.
16'
Prøvar å slå langt, mislukkast i fyrste omgong, men flytter etter med laget.
15'
Sogndal tek over.
15'
Presset sit ikkje heilt for Sogndal.
14'
KFUM etablerar seg på Sogndal sin banehalvdel, før dei slår langt, vinn ballen tilbake.
13'
Hjørnespark
Godt slått corner blir klarert.
13'
Sogndal spelar seg flott opp mot høgresida og får lagt inn, KFUM klarerar rett ut til Sogndalspelar som skyt via KFUM til corner.
12'
Sogndal kanskje snytt for frispark, og deretter får KFUM frispark, dårleg stemning på tribuna.
11'
Albue frå KFUM sin kaptein gir frispark til Sogndal ved midtbana.
11'
Kjempesjanse på frisparket! Rett i muren, men returen går i stolpen!
9'
Gult kort
9'
Slurv i bakre ledd ved Sogndal fører til frispark frå farleg hold for KFUM.
8'
Kfum trillar rundt i bakre ledd no.
6'
Mål!
0-1
0-1 til bortelaget ved Lars Olden Larsen, kontant i nettet frå 16 meter.
6'
Og når eg skriv at det er ei frisk åpning, smell det i andre enden!
5'
Frisk åpning av heimelaget!
5'
Sogndal spelar seg fint ut og får lagt inn i feltet, blir klarert.
4'
Nytt langt kast frå Sogndal, klarerast ut i farlig område, før Sogndal spelar ballen utover sidelinja.
3'
Kampen er i gang og Sogndal får tidleg ein sjanse på langt innkast som blir klarert ut til kast.
Avspark Start 1. omgang
Heimelaget ligg på ein 13.plass på tabellen med skrale 5 poeng etter dei 6 fyrste kampane. Medan det nyopprykka bortelaget ligg på ein sterk 4.plass med sine 10 poeng.
Hei, og velkommen til dagens kamp mellom Sogndal og KFUM på Fosshaugane Campus. Heimelaget har hatt ein trå start på sesongen, og treng poeng mot eit KFUM som tidvis har imponert i sesongopninga, blant anna sist med 5-0-siger heime mot Jerv.