Referat
Kun høydepunkter
Sogndal vinn 3-0 over Kåffa på Fosshaugane Campus. Heimelaget var det beste laget i store delar av kampane så det var ingenting å seie på at dei drog heim sigeren. Ei nydelig scoring i første omgang vart fulgt opp av to kjappe frå Ndour i andre omgang. Frå der av og ut var ikkje heimelaget trua sjølv om KFUM spelte seg opp og styrte siste del av kampen.
Kamp slutt Slutt (3-0)
90+1'
Fire minutt tillegg.
88'
Har sbsolutt ikkje gitt opp dette Kåffa. Ahr styrt kampen det siste kvarteret og berre udyktigheit i avslutningane har hindra dei ei scoring.
86'
God stemning her når ein høyrer at Øygarden leiar mot Tromsø. Ikkje heilt gitt opp det direkte opprykker her i Sogn.
84'
Kryger har fått seg ein smell i den situasjonen, men er oppe igjen no.
83'
Njie åleine gjennom igjen, men Kryger kastar seg inn og får blokkert skotet som etterkvart trillar inn til Fij.
81'
Sanyang får ein kjempesjanse! Gaye driv inn i boksen og legg ballen ut. Der er kåffaspissen heilt fri på sju meter, men sleivar ballen opp i lufta.
76'
Nije skyt like over.
75'
Tatt over litt her no dei siste minutta Kåffa.
71'
Tatt fullstendig over her no Sogndal.
71'
God sjanse for Sogndal. Mannsverk skyt og Skjærstein må gi retur. Der er Ndour, men får ikkje pirka ballen i mål før Kåffa sin sisteskanse er oppe igjen og fangar ballen.
67'
For ein kamp for Ndour dette som har måtta slite benken i mange kampar no i det siste.
65'
Svindland med Kåffa si første avslutning på mål for dagen. Skotet frå 20 meter er såpass hardt at Fij må gje retur.
62'
Frisparket går gjennom heile feltet og ut til femmeter.
57'
Klarar å få til ei kontring der heimelaget, men Ndour gjer heilt feil val når han skyt i staden for å spele til ein ledig Kupen.
57'
Kåffa speler heimelaget svært låge, men dei kvitkledde får rydda unna.
55'
Svindland misser ballen rett framfor sine eigen sekstenmeter, men får frispark. Heldig der midtbanespelaren.
54'
Og der kommer målsjansen. Mannsverk får endelig til å drive oppover. Tar ballen med heilt opp til sekstementeren, men skotet går rett på Skjærstein. Talentet viser klasse i det som fram til no ikkje har vore nokon god kamp for stortalentet.
53'
Ingen av laga har klart å skapt noko framfor måla i denne omgangen, men mange gode initiativ gjer at det berre er tidsspørsmåla før vi får ein scoringsmoglegheit her.
49'
Nije driv fint oppover og vinn ein corner.
47'
Innlegg frå Kryger som Hammer får heada vekk like framfor Totland.
46'
Sogndal med avspark.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det var det frå den førsteomgangen her på Fosshaugane Campus. Sogndal var best i starten og tok fortent leiinga etter eit mønsterangrep som Totland fekk æra av å avslutte. Sogndal heldt fram trøkket, men det siste kvarteret har Kåffa komme meir og meir inn i kampen. Det kan difor bli ein svært interessant andreomgang når vi er tilbake om 15 minutt.
Slutt 1. omgang Pause (1-0)
43'
Mannsverk driv oppover i kjent stil, men er heldig som får seg eit frispark på det som ser ut som ei grei takling. Kunne blitt ei fin overgang det for dei blåkledde.
40'
God periode no for bortelaget. Sogndal har faktisk lagt seg lågt ette at Kåffa ved fleire høve har klart å spele seg gjennom dei to første pressledda til heimelaget.
38'
Der klarer faktisk Kåffa å spele seg ut, men Lereng stoppar den siste ballen fram mot Moula denne gongen.
35'
Får tilsnakk no Gueye etter nok ein duell mot Kupen.
34'
Kupen er ikkje lett å få has på altså. Ein terrier som ofte får med seg ballen. No må Gueye lage frispark mot han i ein duell midt på bana.
31'
Nije med ein fæl pansing bakover som går til sogndalspissen. Han set fart framover og vrir ballen forbi Skjærstein, men dessverre for heimelaget går ballen i stolpen.
30'
Gode kombinasjonar frå Kåffa, men Roseth får stoppa den siste pasninga fram til Moula.
29'
Slit i pasningsspelet no dei blåkledde. Heimelaget pressar svært godt.
28'
Er Sogndal som styrer dette, men Kåffa presser godt og tar dei overgangane som byr seg.
25'
Vel og merke er det ein god del morsomare å sjå på eit lag som faktisk prøver å gjere fotball underhaldande. Trur også Kåffa sin måte å spele er meir utviklande for spelargruppa enn den er for lag som prøver å drepe kampane.
23'
Pressar høgt KFUM også no, men Sogndal er det lille hakket bedre enn motstanderen så dei klarer å spele seg ut.
22'
Kåffa prøver å spele seg ut. Det er slike motstandarar Sogndal elskar. Sleit mykje meir mot eit djuptliggande Lillestrøm på onsdag.
21'
Ei god håndfull som ikkje klarte å styra gleden sin og reiste seg frå plassen sin ved scoringa.
17'
Sogndal på ei kontring, men Skjærstein er fint ute og få klarert.
15'
Sogndal tråklar seg igjennom og Ndour avsluttar utafor igjen.
12'
Høgreving Stavrum får beskjed frå trenar Isnes at han må følge med.
11'
Bra trykk frå heimelaget no, men slit med å omsette innlegga som kjem inn i boksen.
8'
Ser fresh ut her i starten Ndour som får ein sjeldan sjanse frå start.
7'
Ndour åleine mot fire blåkledde, men får til eit godt skot frå 20 meter. Like utafor.
6'
Så er det Kåffa som pressar Sogndal svært høgt. Kan vitne om at det kan bli ein svært morosam kamp dette.
4'
Sogndal pressar KFUM svært høgt her i starten.
3'
Kupen får sjansen i boksen, men vert blokkert.
1'
Kåffa med avspark. Held ballen i laget før den lange kjem. Endar i innkast for Sogndal.
Avspark Start 1. omgang
Berre lov å stå på tribuna i dag når det er tvingande nødvendig i dag blir det opplyst. Eit koronatiltak.....
Ein grå haustdag dette i Sogndal og skyene heng langt ned over fjellsidene. Nesten 10 varmegrader derimot gjer det heilt greitt å sitte ute å sjå fotballkampar i november.
Desse laga hat møttes svært sjeldant. Det er faktisk berre andre gongen KFUM vitjar sognebygda. Første gongen var i fjor og då vann Sogndal 4-2. Det skal også leggast til at ved begge høva der Sogndal har vore på KFUM-Arena så har oslogutta trekt det lengste strået. Seinast no i vår då det enda 4-1.
Då har vi allereie laga klare for dykk og for KFUM er det eit par viktige endringar frå sist kamp. I tillegg til Tavakoli som sonar karantene er både Sortevik og Sanyang borte frå laget som starta sist. Sanyang er på benken, mens svært viktige Sortevik ikkje er med til Sogn. Blir nok eit stort sakn for KFUM i dag den svært kreative midtbanespelaren. For Sogndal får stortalentet Lereng sjansen i Ogbu sitt fråvær og Kristoffersen tar Blårud sin plass på midtbana.
OBOS-laga spelar i dag sin femte kamp på 14 dagar og det blir difor spanande å sjå kven trenarane Bakke og Isnes startar med. For Sogndal veit vi at Blårud og Ogbu er ute med karantene sidan begge fekk sitt sjette gule kort for sesongen mot Lillestrøm. Det samme ser det ut som Tavakoli er siden han fekk sitt fjerde gule i sist kamp mot Ham-Kam. Kven andre som startar veit vi når vi er tilbake med lagoppstillingane ca. 14.30 altså ein god time før kampstart. Vel møtt!
KFUM såg lenge ut til å måtte kjempe i sumpa i år etter ein forferdeleg periode midtvegs i sesongen. Men på dei åtte siste kampane har laget ikkje tapt og plutselig har oslogutta meldt seg på i play-off kampen. Ligg akkurat no på den viktige 6.plassen, men det er mange lag som halsar bak så KFUM treng alle dei poenga dei kan få.
Heimelaget er inne i ein tung periode og har berre tatt fem poeng på dei sju siste kampane. Det har gjort at håpet om direkte opprykk er fordufta etter at Lillestrøm satte skapet på plass med å slå sogningane 1-0 her på onsdag. Hausten og julestrida kan derimot bli hyggjeleg igjen om Eirik Bakke får gutane tilbake på sporet og kaprar den viktige 3.plassen som gir heimekamp i siste play-off kamp. Mykje å spela om framleis for sogningane altså.
Hei og velkomne til Sogndal og Fosshaugane Campus. I dag er det KFUM frå Oslo som kjem på besøk.