Oppsummering
KFUM går vidare etter straffesparkkonkurranse! Sogndal spelte best i dei første 90 minutta, og unge Stavø scora på heading i heimedebuten. Det såg lenge ut til at dette skulle gå vegen for heimelaget, men så gjer Jendal ein stor tabbe rett før slutt, og slår ballen inn i Njie, og ballen trillar inn i målet. I ekstraomgangane var det KFUM som dominerte, noko som var venta etter at Sogndal hadde bytta innpå fleire som stort sett spelar for Sogndal 2, men det vart ingen mål. Høyland blir den einaste som bommar i straffekonken, og då er KFUM klare for neste runde i cupen.
Referat
Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (1-1)
Straffesparkkonkurranse
Det blir straffesparkkonkurranse etter null scoringar i ekstraomgangane! I førre runde gjekk Sogndal vidare på denne måten. Skal dei klare det igjen, eller blir Lysgård helten i debuten?
Pause Etter ekstraomganger (1-1)
120'
Kjemperedning frå Jendal, og det blir corner.
120'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
119'
Det nærmar seg straffesparkkonkurranse på Fosshaugane.
117'
Nosa prøver seg på ei heading, men den blir for høg.
113'
Flataker prøver seg frå høgre. Går langt over målet. Ein av få gonger Sogndal har fått låne ballen i ekstraomgangane.
112'
Hoseth dreg seg fram, og avsluttar i nettveggen. Mange såg den ballen inne i målet.
110'
Nosa prøver seg frå distanse, men skyt ballen ut av stadion.
108'
Flo gjer ein god jobb, og stoppar Haltvik som er nesten gjennom åleine med Jendal.
107'
Haltvik forsøker eit innlegg, men ingen har gått på løp inn i boksen.
106'
Det er mange slitne spelarar på bana no. Kun 15 minutt på å avgjera det før straffesparkkonkurranse.
Start 2. ekstraomgang Start 2. ekstraomgang (1-1)
Pause Pause ekstraomganger (1-1)
105'
Det er lagt til 2 minutter overtid.
104'
Lysgård slår eit farleg innlegg ut til corner.
98'
Eriksson set seg ned. Må ha hjelp.
97'
Sogndal kontrar, men Harrison gjer ein god jobbar når han stoppar Flataker.
96'
Det er ei veldig nervøs stemning på Fosshaugane. Både på bana og tribuna.
Start 1. ekstraomgang Start 1. ekstraomgang (1-1)
Det står 1-1 etter 90 minutt, og det blir ekstraomgangar på Fosshaugane!
Pause Etter ordinær tid (1-1)
90+4'
Sjølstad forsøker seg får distanse. Rett på Lysgård.
90+2'
Jendal slår reddar ein ball ut til corner.
90+1'
Sjanse for Hoseth! Han prøver seg på halv volley, og treff oppsida tverrliggaren. Den er skummel for Jendal.
90'
Det er lagt til 5 minutter overtid.
87'
Det er framleis tid for KFUM til å score både eitt og to mål, men då må dei vise meir enn dei har gjort so langt.
87'
Feilkast på KFUM. Sogndal sin ball.
86'
Det blir truleg ein del tilleggstid etter fleire byter og skaden til Baidoo.
83'
Baidoo ligg nede i fleire minutt før ballen blir spelt ut av Hoven. Publikum er ikkje nøgde.
82'
Baidoo ligg nede med smerter. KFUM nektar å spele ut ballen.
81'
Nunez prøver å finne nokre medspelarar i boksen, men der finn han berre motspelarar.
81'
Det er 1706 selde billettar til dagens kamp.
78'
Hoven stoppar Hickson som prøver å dra seg inn i boksen.
76'
Baidoo kjem åleine med Lysgård etter ei strålande pasning av Stavø, men keeperen gjer ein god jobb.
75'
Kva skal KFUM gjere no? Har skapt omtrent ingenting so langt.
72'
Sogndal leikar med KFUM etter bytene! Hickson klarar akkurat å klarere eit bra innlegg frå Flataker.
71'
Baidoo viser fram driblingar ein ikkje har sett på Fosshaugane sidan Tommy Øren var aktiv. Avleveringa er ikkje like god.
69'
Eriksson og Haltvik får seg ein smell begge to. Begge kjem seg raskt opp.
66'
Stavø er ein spennande spelar. Har scora hattrick i to kampar for Sogndal 2 i år.
65'
Flataker og Stavø står klare til å kome inn for Sogndal.
62'
Nunez og Hoseth skal inn for KFUM.
57'
Moesgaard er ikkje nøgd med det siste forsøket til bortelaget. Sandal slår vekk ballen når han leiter etter Hickson.
56'
Sjølstad rotar det voldsomt til i eigen boks. Er heldig når han vinn eit utspark.
53'
Hadzic blokkerer eit innlegg, og lagar nesten sjølvmål. Blir corner.
52'
Haltvik har vist seg fram dei siste minutta, og han scora faktisk her på Fosshaugane i fjor etter ¨å ha kome innpå mot slutten av kampen.
50'
Det skal vere stor forskjell på benkane i dag. Sogndal sin benk består i stor grad av spelarar på andrelaget, medan KFUM sin benk består av fleire nøkkelspelarar. Dette kan fort bli avgjerande når me nærmar oss slutten.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det står 0-0 til pause, og det har ikkje vore ein sjanserik omgang. Sogndal har vore nærmast scoring, og KFUM har hatt ballen mest. Dette kan framleis gå begge vegar.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Det er lagt til 1 minutt overtid.
43'
Hintsa prøver å ein chip frå utsida av boksen, men den går over målet.
41'
Hadzic sparkar ballen ut til hjørnespark.
37'
Nouri slår inn mot Ndiaye, men Jendal fangar ballen.
36'
Twum vinn ballen frå Haltvik, og slår mot Hintsa. Svensken får ikkje eit bra nok mottak, og KFUM vinn ballen att.
33'
Sjølv om bortelaget har hatt ballen mykje, er det nok Sogndal som er mest nøgd med det dei har skapt so langt.
26'
KFUM prøver å spele seg inn i boksen ute til høgre, men speler vekk ballen til slutt.
25'
Twum lagar frispark etter ei tøff takling på Haltvik.
21'
Det har blitt mange pasningar på stopparane til KFUM, men dei lenger framme i bana har ikkje fått låne ballen so mykje enno.
16'
Eriksson slår inn i boksen, og Baidoo er ikkje heilt klar når ballen treff hovudet hans. Går ut til utspark.
13'
Harrison headar vekk eit bra innlegg frå Baidoo som var på veg mot Hintsa.
11'
Lysgård tek ballen i henda heilt på grensa til boksen. Heile Fosshaugane meiner det er hands, men Steinar Hauge er ikkje einig.
9'
Sogndal får den første sjansen, og Lysgård får si første redning for KFUM etter ei avslutning frå Baidoo.
9'
Bortelaget har hatt ballen mest i opninga av kampen.
7'
Nouri leitar etter Ndiaye i boksen, men spissen rotar ballen ut til utspark for keeper.
4'
Eriksson prøver å dra seg inn i boksen, men bortelaget vinn ballen før det skjer noko farleg.
2'
Kampen har starta på Fosshaugane, og Enter Sandman av Metallica blir framleis spelt på anlegget. Speaker får til slutt skrudd av lyden.
Avspark Start 1. omgang
Sogndal gjer to endringar frå kampen mot Bryne. Nundal kjem inn på topp for Flataker, og Twum er inne for Blixt Flaten. KFUM gjer heile sju endringar frå laget som starta mot Brann. Til vanleg speler duoen Hestnes og Rasch på midtbana til KFUM, men i dag får Sandal og Saldaña sjansen mot Sogndal. Lysgård startar som venta i mål. Harrison og Hadzic går inn med Njie som stopparar, og Ndiaye, Haltvik og Njie får sjansen på topp.
Det blir truleg nysigneringa Idar Lysgård som startar i mål for KFUM i dag. Emil Ødegaard måtte ut med hovudskade mot Brann, og KFUM var raske med å finne erstattaren. Lysgård har møtt Sogndal mange gonger tidlegare, og kjenner godt til hans første motstandar for KFUM.
For å kome seg til 3. runde, har Sogndal teke seg forbi Førde og Frøya. Kampen mot Frøya vart ikkje enkel, og ein måtte ut i straffesparkkonkurranse for å slå dei. KFUM har slått Årvoll og Frigg, og har ikkje sluppe inn eit einaste mål i cupen i år.
KFUM er på ingen måte ein draumemotstandar for Sogndal. På 10 kampar i OBOS-ligaen, har Sogndal kun slått dei 3 gonger. Men desse laga har også spelt mot kvarandre i cupen tidlegare. I 2022 stod det 1-1 på Ekeberg etter 120 minutt, og Sogndal gjekk vidare etter straffesparkkonkurranse. Det siste oppgjeret mellom laga, var i runde 28 i OBOS-ligaen i fjor. Då vart resultatet på Fosshaugane heile 0-3 i ein kamp som KFUM dominerte. I år er KFUM Oslo eit Eliteserielag, og må nok leve med å vere favorittar i dagens kamp.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og KFUM i 3. runde i cupen!