Referat
Kun høydepunkter
Sogndal tek tre poeng i det som lenge såg ut til å bli ein enkel siger for sogningane. 3-0 stod det med fem minutt igjen på klokka, men Kåffa fekk pressa inn to kjappe mål som gav svært nervøse siste minutt for heimepublikum. men det blei med dei to måla for bortelaget og dermed tek Sogndal tre nye poeng og nermar seg toppen av OBOS-ligaen. Stig Anders Hauge takkar for seg og ynskjer velkomen tilbake ved eit seinare høve til Fosshaugane Campus.
Kamp slutt Slutt (3-2)
90+5'
Kåffa får ballen inn i boksen igjen, men Sogndal klarer på nytt.
90+5'
Sogndal klarerer.
90+5'
Skal kaste langt.
90+5'
Kåffa får ein siste mulighet her.
90+4'
Eit halvt minutt igjen av overtida.
90+3'
Blir med forsøket for Kåffa. Sogndalforsvaret ryddar opp gong på gong.
90+2'
Kåffa jaktar ei ny redusering no.
90+2'
Litt meir action dei siste fem minutta av denne kampen.
90+1'
Fire minutt tillegg.
89'
Innlegg der Nord til slutt får ballen boksen. Skyt via ein kåffaspelar til corner.
89'
Nord blir lagt i bakken på veg framover. Ogndal får frispark på ca. 30 meter.
88'
Nord testar skotfoten inne i boksen, men Ødegaard held greitt.
84'
Godt Kåffaspel, men Roseth kastar seg inn og blokerer innlegget. Har vore enorm i dag Roseth.
78'
1012 tilskodarar tilstades i kveld. Det kjem nok til å auke framover om Sogndal held fram den gode poengsankinga.
77'
Liknar meir og meir på ein treningskamp dette her no. Ganske lågt tempo.
72'
Klarer å lage litt problem for sogndalforsvaret der Kåffa, men ingen blåkledde er villige til å ofre seg i boksen. Heimelaget får klarert.
70'
Sogndal med svært god kontroll på oppgjøret no. Kåffa har ein del ball, men produserer omtrent ingenting.
67'
Olsen med eit farlig tilbakespel, men Ødegaard når ballen akkurat framføre Andreas Hoven.
63'
Då blir det nok svært vanskelig for KFUM å komme tilbake i denne kampen.
60'
Sjølv om Sogndal leiar ganske komfortabelt 2-0 så flyt det ikkje så godt i heimelaget sitt angrepspel. Uansett ein solid kamp av Sogndal så langt. Spesielt deffansivt.
59'
Sortevik driblar rundt sin eigen akse utafor Sogndal sin sekstenmeter, men avslutninga vert blokkert. Gode i dag sogningane med å demme opp for Kåffa sin brilijante kaptein.
57'
Langt innkast som Adams får heada på Ødegaard. Ingen problem for sisteskansen.
55'
Dette gjer at Kryger misser den viktige kampen mot Start. Ikkje bra dette for midtbanekabalen til Eirik Bakke, men det er uansett rykta at Mathias Blårud kan være tilbake om kort tid.
51'
Innlegg frå Flo som Ødegaard er fint ute og snappar. Egentlig ein god debut detta keeperen så langt. Kunne ikkje gjere noko med måla og ellers har han verka solid.
50'
Sogndal driv framover, men Bakke blir løpt opp og fråtatt ballen av Sortevik. Mann mot gut i den duellen.
49'
Kåffa held oppe trykket og Sortevik slår eit lurt innlegg inn i feltet. Der er derimot keeper Fij som har vore meget solid i dag.
47'
Innlegg mot Adams, men spissen headar ballen over.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Sogndal leiar 2-0 etter 45 minutt på Fosshaugane. Det har vore ein jamn omgang, men Sogndal har vore best framfor dei to måla. Eller rettare sagt, minst dårlige. Begge måla til sogningane kjem etter to store individuelle feil. Først Olsen som beinar ballen upressa i eige mål før Gaye feibereknar eit innlegg fullstendig, noko som gav Flo all verdens tid til å score. Vi får sjå om Kåffa får kontroll på dette i andre omgang eller om Sogndal krusar inn tre nye poeng.
Slutt 1. omgang Pause (2-0)
44'
Adams er igjen sterk. Gir til Kryger som tek ein touch for mykje, men skotet går via ein kåffaspelar til corner.
41'
Ny fin mogelgheit for Kåffa, men kvaliteten i den siste delen er rett og slett elendig. Sanyang får ballen på kanten av femmeter, men tuppar ballen i nettveggen.
39'
Kåffa med flest avslutningar så langt, men kvaliteten framfor begge måla har vore langt under par for bortelaget.
38'
Sanyang med nytt skot, men går ein god meter over.
37'
Kåffa får pressa Sogndal ned mot sekstenmeteren, men det stoppar i granittblokka Roseth.
36'
Tendenser frå bortelaget, men etter fleire gode trekk blir pasningen ut til Sanyang for lang.
35'
Litt daudt på Fosshaugane no. Sogndal ligg kompakt og Kåffa har mista litt av det gode spelet dei hadde innleiingsvis.
31'
Eit god angrep frå Sogndal vert avslutta med ein hard markkrypar frå Kristoffer Hoven. Ødegaard er fint nede og reddar skotet.
30'
Bakke viser seg fram på midtbana. Ikkje Mannsverknivå endå, men det ser lovande ut for den unge sogndølen.
28'
Ny god sjanse for Kåffa. Lindquist legg inn å Sanyang styrer ballen like over.
27'
Godt skot av Sanyang. Hardt og med dupp over muren, men Fij les den og held ballen i sikkert grep.
26'
Frispark til Kåffa på ca 25 meter.
26'
Litt av piffen har gått ut av Kåffa no. Hadde ein god del av spelet før scoringane, men det er vel ikkje å ta hardt i å seie at det var to store individuelle feil som har gitt Sogndal ei tomålsleiing.
21'
Bakke på linja ber Bakke på bana slå skikkelige pasningar og det høyrest eit sus av humring rundt Fosshaugane.
20'
Igjen er Sogndal falrig grampå. Kristofffer Hoven får lagt inn, men Ødegaard er ute og snappar.
16'
Adams er råsterk der han bryt seg gjennom. Bør spele Andreas Hoven, men går sjølv før han spelar til ein endå betre plassert Hoven nemleg Kristoffer. Han skyt utrulig nok utafor upressa frå fem meter. Ikkje akkurat toppscorarfakter frå Sogndal sin mestscorande både i fjor og i år.
13'
No skal det også leggast til at bortelaget har bytt ut heile fem mann frå sist kamp og berre har fire innbyttarar med seg.
12'
Kåffa med ballen klart mest så langt denne omgangen. Eit forsiktig Sogndal, men det er vel også naturlig med tanke på dei utskiftingar som dei har hatt sentralt på bana.
12'
Innlegg frå Sanyang som Nunez set like utafor mål. Kampens største sjanse så langt.
8'
Lang bakk i bakrom på Adams, men Olsen vinn duellen mot den sterke spissen.
7'
Kåffa triller ball og Sogndal ligg lågt her på heimebane.
5'
Skot frå Nunez via Salte til corner.
4'
Adams får sjansen inni boksen, men avlsutninga går til kast!
3'
Sogndal prøver seg, men Eid lagar frispark når han prøver å komme seg forbi Dahl.
1'
Kåffa med avspark. Lang ball opp på Sanyang som stussar ballen inn til keeper.
Avspark Start 1. omgang
Sola tittar gjennom skydekke i det laga er på veg ut på bana. Vi er straks klar til kamp frå Fosshaugane!
I den lange pausen har Sogndal nytta høve til å byte gras på Fosshaugane. Så sjølv om det desse ikkje luktar nyslått naturgras så er det i alle fall det nyaste og ypperste innanfor den kunstige varianten. Så får vi sjå om dette også gjer spelet bedre enn kva det har vore tidlegare i år.
Desse laga har faktisk berre møttes her i Sogndal to gonger og det har vore dei to siste åra. Begge gongene har sogningane stukke av med sigeren med ganske klare siffer. I fjor heile 3-0 etter scoringar av Eid, Kryger og Totland. Det skal leggast til at når laga har møttes i Oslo så har Kåffa vunne begge oppgjera. Med andre ord har heimebanefordelen vist seg viktig mellom desse laga så får vi sjå om dette viser seg i kveld også.
Kva andre endringar vi vil sjå på laga etter nesten ein månad utan OBOS-fotball får vi komme tilbake til når lagoppstillingane er klare rundt kl. 1700. Vel møtt!
For Kåffa har «Keeper-Knut», eller Knut André Søyland som hans fulle namn er, blitt solgt til LSK. I fylgja klubben sine heimesider uttaler keepertrenar Miki at Knut kom som ein middels OBOS-spelar og no er han meir enn god nok for Eliteserien. Inn For oslo-laget kjem Emil Ødegård. Han er henta frå nettopp LSK der han har gått gradene gjennom klubben sitt juniorlag. Det blir altså spanande å sjå kva keeperbytte vil gjere for KFUM i dag.
For Sogndal har det vore nokre innhaldsrike veker. Vi oppsumerer med dei to viktigaste hendingane og det er at både Sivert Mannsverk og Kristoffer Valsvik har forlatt klubben. Førstnemnte var forventa, men at Valsvik skulle reise etter berre eit halvt år i klubben kom som lyn frå klar himmel i sognebygda. No vert det spanande å sjå korleis Eirik Bakke har tenkt å utforme midtbana resten av sesongen.
Då er vi endeleg tilbake med OBOS-fotball etter fire veker utan denne herleg uforutsigbare ligaen. I dag er det KFUM som vitjar Fosshaugane og Sogndal Fotball.