TV 2 Play
Min konto

Oppsummering

KFUM nærmar seg Eliteserien! Dei gjennomfører ein strålande bortekamp på Fosshaugane der resultatet vart 0-3 til slutt. Nunez hadde den første scoringa tidleg i kampen. Han skulle også vere involvert seinare då han sendte ballen vidare til Hestnes som banka inn 0-2. Sogndal hadde fleire sjansar, men klarte ikkje å utnytte dei. Det skjedde ikkje like mykje etter pause, og Haltvik avgjorde rett før slutt. Då eksploderte det på både benken og bortefeltet. Dersom Kongsvinger ikkje vinn mot Sandnes Ulf, er KFUM Oslo klare for Eliteserien!

Referat

Kun høydepunkter
Kamp slutt Slutt (0-3)
90+3'
Frispark
Slår langt, og dommaren bles av kampen.
90'
Spillerbytte
90'
Frispark
Slår ballen langt.
90'
Det er lagt til 3 minutter overtid.
89'
Mål!
0-3
Haltvik avgjer kampen! Strålande forarbeid av Hjort. Han sender ballen vidare til Haltvik som bankar ballen i mål. Heile benken stormar til bortetribuna for å feire. Dei nærmar seg Eliteseriespel på Ekeberg.
88'
Spillerbytte
88'
Spillerbytte
87'
Hjørnespark
Skrur seg mot målet, men Fij får tak i ballen.
87'
Ny corner til KFUM.
86'
Hjørnespark
Arrocha headar ballen ut av farleg posisjon.
86'
Hoven headar ein ball ut til corner.
84'
Tida renn ut for heimelaget som treng to scoringar for å få med seg poeng.
84'
Frispark
82'
Frispark
Svakt innlegg som blir heada vekk.
82'
Gult kort
Stoppar Skaanes på veg framover. Frispark i god posisjon for heimelaget.
81'
Skaanes slår inn mot Nundal, men årdølen treff ikkje ballen hardt nok med hovudet.
80'
Frispark
Prøver å spele seg fram i bana.
80'
Rasch lagar frispark på midtbana.
79'
Hjørnespark
Ødegaard plukkar ballen.
79'
Bra spel av Sogndal. Vinn ein corner etter blokkering av Njie.
78'
Frispark
Vender spelet mot venstre.
76'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
75'
Spillerbytte
74'
Offside
73'
Frispark
Arrocha står i offside når han får ballen i boksen.
73'
Frispark
Tek frisparket kjapt.
71'
Stor sjanse for bortelaget! Haltvik avsluttar på Fij, men ballen ligg fri i boksen etterpå. Okeke er først på ballen, men treff ikkje målet. Han vart pressa hardt då han skulle avslutte.
70'
Sjølstad dreg seg fram ute til venstre, og slår ballen inn i feltet. Der står kun Ødegaard.
69'
Spillerbytte
68'
Hjørnespark
Flo headar over målet.
67'
Haltvik skal inn for bortelaget.
65'
Spillerbytte
64'
Offside
Han trur han har fått corner, men flagget er oppe.
63'
Skaanes med eit nytt forsøk. Ballen går svakt rett på keeper.
61'
Sjølstad slår inn i boksen, og Skaanes dukkar opp på bakerste stolpe. Hovudspelar er ikkje hans styrke, og ballen går utanfor.
60'
Twum mistar ballen i farleg posisjon, og KFUM utnyttar det. Okeke får ballen ute til venstre, og prøver å legge ballen i motsatt hjørne. Snik seg på utsida.
59'
Sjølstad fekk seg ein trøkk når han vart stoppa på veg framover. Ser ut som at det går bra til slutt.
56'
Offside
Går for tidleg når det kjem ein lang ball i bakrom.
56'
Sogndal har vore veldig upresise i starten av omgangen. Dei klarar ikkje å utnytte det bra nok når dei kjem i gode posisjonar.
53'
Hjørnespark
Ødegaard fangar ballen.
53'
Sjølstad vinn ein corner.
52'
Twum prøver seg frå litt over 20 meter. Veldig svak avslutning som går langt utanfor.
51'
Frispark
Han prøver seg på mål sjølv om det er langt ute. Fij reddar ballen enkelt.
50'
Twum lagar eit unødvendig frispark høgt i bana.
48'
"Vi er på vei til Champions League" syng bortefeltet. Eit opprykk til Eliteserien vil å så fall vere eit stort steg i rett retning.
47'
Frispark
Held ballen i laget.
46'
Jonsson er ferdigspelt, og den unge årdølen Joakim Nundal kjem inn.
46'
Spillerbytte
Start 2. omgang Start 2. omgang
Det kan sjå ut som at Nundal skal inn utifrå den intense oppvarminga med fysisk trenar Knut Ripe.
KFUM leiar fortjent til pause etter scoringar frå Nunez og Hestnes. Sogndal har vore nære eit par gonger, men har ikkje fått uttelling. Venstresida til KFUM med Hjort og Okeke har vore bra. Nunez har herja i boksen. Heimelaget må opp nokre hakk viss det skal vere håp om poeng.
Slutt 1. omgang Pause (0-2)
44'
Frispark
Prøver å ta det raskt, men ballen ligg ikkje i ro. Går betre på forsøk nummer to.
44'
Sjølstad blir spelt gjennom av Ørjasæter, og avsluttar i stolpen! Veldig nære 1-2 rett før pause.
43'
Frispark
Sentrar bakover i bana.
40'
Nessø gjer ein god jobb når han får med seg ballen framover. Han prøver å avslutte med venstrefoten, men ballen sklir av foten.
38'
Skaanes vinn ballen høgt og prøver å skyte medan han vender seg. Skrur seg over målet. Ødegaard har grei sikt heile vegen.
35'
Mål!
0-2
Hestnes doblar leiinga! Dei speler seg fram på venstresida, og inn i boksen. Nunez får ballen, og legg den att til Hestnes som kjem på eit seint løp inn i boksen. Skyt knallhardt i målet bak Fij.
33'
Hjørnespark
Stor sjanse etter heading frå Akinyemi! Står heilt åleine på bakerste stolpe, og skal eigentleg berre styre ballen i mål. Svak heading som går utanfor.
33'
Nunez prøver seg. Blir corner.
32'
Frispark
Kapteinen slår frisparket opp mot midten.
32'
Gult kort
Høg fot som treff Ørjasæter i hovudet.
32'
Twum prøver seg frå distanse, men avslutninga blir blokkert av nærmaste motspelar. Ballen sprett roleg inn til Ødegaard.
30'
Kampen har roa seg ned etter scoringa. KFUM er ikkje like intense i presset.
29'
Frispark
Sentrar tilbake til Flo.
27'
Frispark
Tek den kort til Arrocha.
26'
Hjørnespark
Frispark til heimelaget etter ein duell.
24'
Hjørnespark
Kort variant før dei legg inn. Ballen sprett mange gonger i boksen før Jonsson prøver seg på volley. Treff like utanfor.
24'
Sjanse for heimelaget. Ender med corner.
23'
Frispark
Held ballen i laget.
21'
Det er ikkje ufortjent at KFUM tek leiinga. Dei har kome til fleire store sjansar.
19'
Mål!
0-1
Nunez sender KFUM i leiinga! Okeke dreg seg inn i bana, og sender ballen vidare til Nunez. Strålande avslutning som trillar inn i hjørnet.
19'
Duellen mellom Okeke og Hoven blir spennande. Okeke har allereie vist seg fram, og det har vore litt knuffing mellom dei.
17'
Frispark
Nunez får ballen til slutt etter eit par duellar. Han avsluttar, men den går rett i ein motspelar.
16'
KFUM får frispark høgt i bana.
13'
Okeke med dagens første avslutning på mål. Fantastisk dribling i forkant. Fij kastar seg ned i hjørnet og reddar.
12'
Hjort kjem til eit nytt innlegg. Denne gongen er Svindland litt for seint ute til å ta imot. Innkast til heimelaget.
10'
Sogndal prøver å vere direkte og slå i bakrom når dei har ballen. Så langt har dei ikkje lukkast med å skape store sjansar, men dei kjem staid nærmare.
8'
Sogndal kontrar, men blir stoppa når dei kjem fram til boksen.
6'
Hjørnespark
Ballen treff nesten Ingimundarson på bakerste stolpe. Går til slutt ut til utspark for keeper.
6'
Enorm sjanse for bortelaget! Hjort slår inn mot Hestnes som står umarkert på fem meter. Avslutninga går utanfor målet. Det er nesten vanskelegare å bomme enn å treffe der.
5'
Det er KFUM som har hatt ballen mest i opninga.
3'
Nessø kjem nesten til ein sjanse når han blir spelt gjennom av Jonsson. Ødegaard er ute, og stoppar han.
1'
KFUM vinn ballen høgt, men klarar ikkje å kome til noko avslutning.
1'
Sogndal startar med ballen, og speler tilbake til eigen keeper.
Avspark Start 1. omgang
Det er kaldt på Fosshaugane når det nærmar seg kampstart. Publikum er på veg inn på stadion, og det er heile 12 supportarar som har teke turen frå Oslo for å heie på bortelaget.
Sogndal gjer fem endringar sidan kampen mot Hødd. Stopparparet er heilt nytt. Flo og Arrocha er tilbake etter suspensjon. Twum og Nessø kjem inn på midtbana for Borgthorsson og Steinset. Ingimundarson er tilbake frå skade, og startar på topp sjølv om Nundal scora i førre kamp. KFUM stiller med det same laget som dei gjorde sist.
Allereie i første serierunde tok KFUM Oslo imot Sogndal på Ekeberg. Den kampen enda 1-1 etter scoring frå Isaac Twum og utlikning av Thomas Klemetsen Jakobsen like etter. Sogndal har faktisk aldri slått KFUM på Ekeberg i OBOS-ligaen, men Sogndal gjekk vidare i cupen der i fjor etter straffesparkkonkurranse. KFUM har kun slått Sogndal på Fosshaugane, og det var i fjor. Då vart resultatet 1-2 etter scoring frå Robin Rasch og sjølvmål av Eirik Lereng. Ulrik Mathisen scora Sogndal sitt mål. Dette er altså eit oppgjer som stort sett ender med siger for heimelaget.
Det nærmar seg slutten av sesongen, og i dag på Fosshaugane får me ein kamp som er veldig viktig for det som skjer i toppen av tabellen. KFUM nærmar seg opprykk, og må eigentleg berre unngå å snuble i dei tre siste kampane. Dei ligg på andreplass med 51 poeng. Rett under ligg KIL med 46 poeng. Bak der ligg KBK med 44 poeng. Start og Sogndal utgjer resten av kvalifiseringsplassane med 42 poeng. Det er altså veldig jamt i toppen. Denne kampen blir altså veldig viktig for begge lag. KFUM skal forsøke å halde laga bak seg på trygg avstand medan Sogndal må få best mogleg utgangspunkt i ein eventuell kvalifisering til Eliteserien.
Velkommen til livedekning av kampen mellom Sogndal og KFUM Oslo i OBOS-ligaen.