Referat
Kun høydepunkter
Vi takkar for oss og ynskjer vel møtt tilbake på laurdag når Sogndal tek i mot Hødd.
Dermed kan Jerv skryte over at dei ikkje har tapt mot serieleiaren i år. Begge kampane har enda uavgjort. Skotstatistikken viser og at Sogndal bør føle seg snytt då dei vann denne 9-4 med. I skot på mål noterer vi 4-1 i favør heimelaget.
1-1 i Sogndal og Jerv tek sin 8. uavgjort for sesongen. Sogndal er nok svært svært skuffa då dei hadde ein enorm sanse til å avgjere berre 30 sekund før Andersen klinka ballen i mål frå 30 meter.
Kamp slutt Slutt (1-1)
90+4'
Frispark til Sogndal og når dei flyttar opp alle mann så bles dommaren av.
90+3'
Tre minutt tillegg og vi har spelt to av dei.
90+3'
Der rauk nok klubbrekorden til Sogndal og.
90+1'
Skaasheim åleine med keeper, men avsluttar elendig rett på Knutsen.
90'
Jerv med ballen klart mest no. Prøver å komme rundt på kant og få innlegg.
89'
Ligg eit mål til i lufta. Kanskje størst sjans for at det blir på ei sogndalkontring, men Jerv har flytta opp all skyts no.
88'
Sogndal får og nokre store overgangar her, men serieleiaren klarar ikkje å ta dei.
87'
Fine sjansar for Jerv som har flytta opp mange mann. Kjem til innlegg, men i feltet er det Patronen som ragar høgast.
87'
Grodås stormar oppover på ei kontring og skyt i nettveggen.
85'
2407 tilskodarar tilstades denne onsdags kvelden.
84'
Avslutning like over frå Jerv. Hagen som var frampå igjen. Kan sørlendingane klare dette?
82'
Langt frispark opp som Opseth headar like over.
81'
Stor sjanse då Otoo kjem seg til linja og får lagt inn. Knutsen reddar, men ballen blir liggande fri før Glenn Andersen får klarert.
80'
Ti minutt igjen. Skal vi få Sogndal sin 8. strake siger eller skal vi får Jerv sin 8. uavgjort for sesongen.
78'
Lang ball på Opseth i bakrom, men der blir Nils Andersen for rask for målscoraren og midtstopparen headar enkelt tilbake til sin eigen keeper.
76'
Skot eller innlegg frå Grodås? Iallefall så hardt at Knutsen må gje til corner.
74'
Jenssen med stikkar til Myhre, men ballen vert for lang.
73'
Vinn Sogndal denne kampen vert det deira 8. siger på rad og det blir i såfall klubbrekord.
73'
Fuseini med chipp igjennom til Edvardsen, men ballen går heilt inn til Hagerup.
72'
Jerv har ballen ein del no og er heilt klart meir med i kampen enn dei var tidlegare. Finst det håp for sørlendingane?
70'
Fint oppbygd abgrep av Jerv igjen. Denne gong ut på høgre kant der Robstad er komen opp. Innlegget går dessverre rett i armane på Hagerup.
67'
Jenssen slår inn, men Sarr stangar ut.
67'
Jerv får og eit frispark på ca. 30 meter.
66'
Spørs om Jerv høyrde dette. Hagen igjen flott rundt på kant og Fuseini får ei avslutning i boks som vert blokkert av ein sogndalsforsvarar.
65'
Begge laga langt bak skjema i avslutningar på mål. Jerv har hatt ingen, mens Sogndal har berre hatt to.
65'
Innlegg frå Teniste som Patronen headar rett på Knutsen. Patronen var og i offside.
62'
Sogndal med god kontroll. Akkurat no ser det ikkje ut som Jerv skal klare å skape noko som kan få dei tilbake igjen i kampen.
61'
Sogndal har ballen rundt 16-meteren til Jerv, men spelar tre støttepasningar slik at ballen til slutt endar hjå Hagerup.
59'
Opseth er sterk og vinn ballen frå Andersen. Prøver ein stikkar til Strand, men Robstad får kasta seg fram og gjeve til corner.
58'
Litt meir fart her no. Jerv gamblar på ein del brot noko som og gjev Sogndal litt større rom. Men framleis ingen sjansar å snakke om etter scoringa.
55'
No får vi sjå om det vert litt meir fart i kampen. Jerv må i allefall mykje høgare i bana.
51'
Skot frå Lind som Hagerup slår i stolpen og ut. Dessverre for sørlendingane var det blåst offside på Lind.
50'
Igjen er Jerv framme og luktar på mål. Lind dreg seg forbi Psyché, men innlegget går i armane til Hagerup.
49'
Hagen til linja og legg ut 45 grader, men der er berre Sarr og Sogndal tek over. Fint initiativ der av Hagen.
47'
Sogndal får etterkvart klarert.
46'
Jerv vinn eit innkast høgt i bana. Flyttar opp fleire folk.
46'
Då tittar sola fram og vi håpar at dette er eit godt teikn.
Start 2. omgang Start 2. omgang
Jerv gjer jobben så langt og er også det laget som har den beste sjansen i kampen då Omoijuanfo skyt i krysstolpen. Vi registrerar tre avslutningar for Sogndal i denne fyrsteomgangen. Ein av desse gjekk på mål. Jerv har to avslutningar. Ingen av desse på mål.
Der gjer dommaren dagens beste avgjersle og bles av denne omgangen. Ordet gørrkjedelig kan vel oppsummere det meste.
Slutt 1. omgang Pause (0-0)
45'
Knudsen kjem framover igjen for Jerv og slår inn i boksen. Der har derimot Sogndal kontroll.
43'
Sarr er lei alle pasningane og skyt frå 30 meter. Skotet går ca to meter over og to meter utafor.
42'
Sogndal med power play rundt Jerv sin boks, men sogningane klarar ikkje å skape nokre store sjansar.
40'
Grodås kjem seg rundt på kant og slår inn, men der står Nils Andersen og denger ballen utover. Full kontroll bak så langt i denne kampen Jerv.
36'
I krysstolpen frå Omoijuanfo! Jervspissen får snudd seg rundt på ti meter og klinkar ballen i krysstolpen. Veldig nære for Jerv som og vinn ein corner.
35'
Jerv held lenge på ballen og spelar Sogndal svært låge. Myhre prøver ein hælflikk i bakrom, men ballen går heilt inn til Hagerup.
32'
Hagen med stikkar, men den blir litt for lang for Omoijuanfo.
31'
Knudsen med innlegg, men over alle og ut til 5-meter for Hagerup.
30'
Avslutning frå Strand, men det blir ei lompe til side for mål.
26'
God sjanse for Jerv. Knudsen slår inn og Lind kjem framfor Sogndal sine stopparar. Dessverre for sørlendingane vert avslutninga litt frå skrått hald og Sogndal får klarert.
24'
Langt kast frå Teniste, men Nils Andersen stangar ut.
22'
Ball i bakrom på Myhre som kjem mellom Hagerup og Patronen. Snappar ballen, men det var vistnok med handa. Frispark til Sogndal.
20'
Stor sjanse på frisparket som Strand svingar knallhardt innover. Psyche er centimetrar frå å setje ballen i mål.
19'
Frispark til Sogndal ca. 25 meter frå mål etter at Nils Andersen var høgt oppe med foten.
18'
Vi har ikkje sovna her. Det skjer derimot absolutt ingenting som er verdt å rapportere om.
16'
Jerv stangar ut.
15'
Frispark til Sogndal på kanten av 16-meteren etter at Grodås vart felt.
15'
To upressa paningar over sidelinja i løpet av eit minutt. Fyrst Brekkhus så Fuseini.
14'
Det har vore ei tam innleiinga på denne kampen. Vi ligg bak skjema i avslutningar. Null til begge laga sålangt.
11'
Stikkar til Omoijuanfo, men Patronen les det og snappar ballen.
9'
Verdt å legga merkje til at begge laga sine toppscorarar står med seks mål. Vi snakkar her om Opseth og Lind.
8'
Frisparket frå Grodås vert slått heilt inn i Knutsen sine nevar.
7'
Glenn Andersen held igjen Otoo og får tilsnakk av Steen. Frispark til Sogndal ca. 30 meter frå Jerv sitt mål.
5'
Fin stikkar til Lind, men Hagerup er ute og klarerar over tribunetaket.
5'
Innlegg frå Grodås som Glenn Andersen får klarert framfor Opseth.
4'
Omoijanfo med fin dragning midt på bana og burde kanskje fått eit frispark der, men dommaren bles ikkje. Friske takter frå jervangriparen i allefall.
3'
Veldig lite som har skjedd i innleiinga utanom nokre kast til kvart av laga midt på bana.
1'
Sogndal med ball her i byrjinga. Jerv ligg kompakt.
Avspark Start 1. omgang
Jerv fekk trekken og Sogndal fekk byrje med ballen.
Andersen og Bolseth skal no bestemme kven som skal ha dalatrekken i ryggen i 1.omgang.
Då er laga på veg inn på bana og om fem minutt er vi i gang frå Fosshaugane Campus. Ikkje så mykje folk endå, men vi får sjå om fleire snik seg inn dei siste minuttane.
I snitt har Sogndal sju avslutningar på mål i løpet av ein heimekamp, mens Jerv har i snitt tre avslutnignar på mål i løpet av sine bortekampar. Så får vi sjå om statistikken stemmer eller vert gjort til skamme ca. kl. 20.45 i kveld.
Jan Jenssen er Jerv sin beste på vår børs med 5.42 på sine 12 kampar. For Sogndal er det Christophe Psyché med 5.60 på 10 kampar som er best.
Jerv har berre tapt to kampar denne sesongen, men har sju uavgjorte på sine 14 kampar. Norsk Tipping held derimot Sogndal som soleklare favorittar med 1.35 i odds. Om Jerv tek sin åttande uavgjorte får du 4.15, mens ein siger til sørlendingane vil gje fin-fine 6.50 ganger pengane.
Møtet tidlegare denne sesongen endå 0-0 på Levermyr. Det betyr at Jerv er ein av dei tre laga som har klart å ta poeng mot Sogndal i år. Kristiansund klarte også uavgjort mot Sogndal, mens Levanger er det einaste laget som har slått serieleiaren.
Sogndal gjer eit bytte frå sist kamp. Bergensaren Kjemhus som herja med Brann går ut, og inn kjem ein annan hordalending nemleg Simen Brekkhus frå Bolstadøyri.
Då har vi endeleg laga klare og vi ser at Jerv stiller uforandra frå kamapen mot Åsane.
Sogndal har i allefall lagt ut troppen sin til dagens kamp, men for Jerv har vi dessverre ikkje funne noko så der får vi vente til kl. 1800 med å sjå kven som startar. Sogndal sin tropp er som følgjer: Stefan Hagerup, Mathias Dyngeland, Eirik Skaasheim, Taijo Teniste, Victor Grodås, Joar Tryti, Christophe Psyché, Hannu Patronen, Babacar Sarr, Rune Bolseth, Lars Christian Kjemhus, Petter Strand, Simen Brekkhus, Jim Johansen, Fredrik Flo, Robin Shroot, Kristian Fardal Opseth, Mahatma Otoo
Det blir og spennande å sjå kva spelarar dei to laga vil stille med i dagens kamp då begge laga spelte på søndag og har nye kampar til helga.
Seinast søndag på Brann Stadion opplevde sogndølene ein av sine største stunder nokon sinne på ein fotballbane då dei vann 4-0 mot storebror Brann. Av mange i miljøet står denne sigeren like høgt som cupfinalen i 1976 og opprykkskampen mot Vålerenga i 2000.
Men sjølv om sørlendingane skulle vinne i dag så vil dei framleis ha 10 poeng opp til suverene Sogndal. Sogningane har hatt ein fantastisk sesong og står med sju strake sigrar i serien.
Sjølv om Jerv ligg på ein 8.plass så vil siger i dag føre dei opp på 2.plass og direkte opprykk. Så tett er det i toppen av 1.divisjon.
Jerv har hat ein glimrande sesong så langt. Laget frå Grimstad vart tippa ned av dei fleste ekspertar, men har gjort alle tips til skamme og ligg no på ein 8.plass med 19 poeng.
Sogndal tek i kveld i mot Jerv frå Grimstad i ein kamp som skulle vore spelt 26. juli, men grunna at Sogndal skal leggje nytt banedekket i sommar, er kampen flytta fram til i dag.
Hei og velkomne til ein tjuvstart på den 16. runden i årets 1. divisjon frå Fosshaugane Campus.